LAURDAG 30. 06. 2012
ANNONSAR 19
TAMBARSKJELVAR IL Velkommen til
TRIATHLON Sanden, Naustdal 7. juli 2012 PÅMELDING SNARAST TIDSPUNKT START: Born kl. 12.00 Lag/vaksne kl. 14.00 STARTKONTINGENT: Born kr. 100,Vaksne individuelt kr. 350,Vaksne lag kr. 900,-
Påmelding: www.sunnfjordtriathlon.no Reglar for deltaking i trihatlonkonkurransar og info elles finn du der.
DANS på Sanden kl. 20.00
Foto Odd Haugsbakk
Opus AS
LAURDAG 30. 06. 2012
20 ANNONSAR
TRIATHLON 2012 Laurdag 7. juli, Sanden, Naustdal
Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal:
Velkommen til Naustdal! Laurdag 7. juli vert det for tredje gong arrangert triathlon i Naustdal. Arrangementa har hatt stor oppslutnad og vi har fått en ny og årviss festdag der det vert lagt til rette for aktivitet og underholdning for heile familien. Dagen vert fylt med liv og røre med triatlon både for barn og vaksne. Arrangør er Tambarskjelvar idrettslag. Tambarskjelvar Idrettslag er viden kjent for både breddeidrett og for å fostre utøvarar som har
utmerka seg nasjonalt så vel som internasjonalt. Idrettslaget er som eit fyrtårn i omdømmebygging av kommunen og viser veg når det gjeld å arrangere gjennom dugnad.
Eg vil ønskje alle velkommen til Naustdal og eg er sikker på at det blir ei flott og underhaldande dag for heile familien! Helsing Håkon Myrvang Ordførar
Sunnfjord Triathlon avløyser Naustdalsstafetten. Stafetten har vore ein kjær tradisjon med røter tilbake til 1955. Sunnfjord Triathlon byggjer vidare på denne. Laurdag 7. juli vert det òg fest om kvelden.
Arne Grimseth, org.leiar i Tambarskjelvar idrettslag:
Naustdal Triathlon! Med Sunnfjord Triathlon tek Tambarskjelvar IL mål av seg til å lage eit nytt arrangement som avløysing for Naustdalstafettane. Naustdalstafettane vart første gang arrangert i 1955 og siste gang i 2008. Det tek tid å innarbeide eit nytt arrangement. Mykje tyder på at triathlon har framtida framfor seg. Vi har derfor tru på at det kan verte ein verdig etterfølgar til naustdalstafettane som eit framtidig arrangemment i Naustdal. Tambarskjelvar IL har frå starten i 1905 vore oppteken av å vere eit tilbod til alle i pakt med tida. Det har alltid vore eit mål at det skal vere plass for både topp og breidde. Dette er hovedgrunnen til at Tambarskjelvar har vore og er ein viktig samfunnsaktør. Tambarskjelvar ser med glede på signala om auka satsing på fysiske aktivitetar og vil vere med å legge til rette for dette. Tambarskjelvar har i dag godt over 1000 medlemer og er den største frivillige organisa-
2010 Foto Odd Haugsbakk
sjonen i Naustdal. Det som i si tid starta med turn, friidrett og ski har etter kvart utvikla seg til stadig nye idrettar. Idrettslaget Tambarskjelvar har i dag 8 særgrupper og fleire er på veg inn. Dette er ilustrerande for den breidde Tambarskjelvar står for. Noko er rein mosjon, ein del er sosialt, men det er også plass til idrett i nasjonal og nordisk/europeisk toppklasse. For å makte å gje dette tilbodet trengst det anlegg. Tambarskjelvar har som samfunnsaktør ikkje vore redd for å ta kampen for å skaffe desse anlegga, til felles beste for innbyggarane og som eit trekkplaster for dei som skal velge bustad for framtida. Idrettsbane og hall er to eksempel på dette. Etter mykje og langvarig strid kom begge deler på plass. I dag er det vel knapt nokon som kan tenke seg Naustdal uten desse tilboda. Nett no står vi framfor fullføringa av
2. byggesteg på idrettsbana der det skal leggast fast dekke på løpebana. Responsen frå innbyggarane er den beste drivkraft vi som tillitsvalde har for vidare engasjemment. Til desse anlegga er det samla inn over 2 mill. i kontantar og fleire tusen dugnadstimar. Dette varmar og gjer at vi får pågangsmot til vidare satsing. Helsing Tambarskjelvar IL Arne Grimseth Org.leiar
Løypekart 2012 born: Symjing ca. 40 m til øya, svart farge. Sykkel ca. 2 km, raud farge Løping ca. 400 m, grøn farge
LAURDAG 30. 06. 2012
ANNONSAR
21
2011. Foto Lilli Ann Seljeseth
Stemneleiar/leiar TIL Dag Rune Mallasvik:
Idrettsfest! Tambarskjelvar IL byr for tredje år på rad inn til idrettsfest på Sanden i Naustdal, Sunnfjord Triathlon. Det hadde vi aldri greidd utan gode støttespelarar, bygdefolk som stiller opp, kommune og sponsorar som er velvillige. Dette er vi utruleg glade og stolte over. Vi har Sunnfjords flottaste utandørs badeanlegg, så kvifor ikkje lage eit arrangement rundt Sanden område. Suksessen dei to føregåande åra viser at dette var riktig. Tambarskjelvar ynskjer å skape ei breiddemønstring der det skal vere rom for alle å delta, samstundes som det seriøse vert ivareteke. Vi startar med barnetriathlon kl. 1200, der barn mellom 10 og 14 år kan konkurrere i symjing, sykling og løping i
Alle vekslingar blir på Sanden, slik at arrangementet blir mest mulig publikumsvenleg. Om du ikkje vil stille på alle etappane aleine, så få med venner, kollegaer, familie eller andre og still med eit lag. Her er god plass for alle, og for mange er ikkje det å vinne det viktigaste, men å delta! Dette skal vere leik, moro og litt alvor. korte og publikumsvennlege etappar. Kl. 1400 går starten på Triathlon for vaksne, både individuelt eller som lag. Øvingane her er symjing ca. 500 m ”rundt øya”, ca. 23 km på sykkel i vakker natur oppover Naustedalen og det heile vert avslutta med ein fin løpetur på 3,7 km rundt sentrum av Naustdal.
Som dei førre åra blir det sett opp telt nede på området Sanden/båthamna. Her blir det servering av mat og drikke, om kvelden blir det i tillegg levande musikk og forhåpentlegvis god stemning! Så til alle deltakarar, funksjonærar, sponsorar og publikum: Kom og bli
Laurdag 7. juli 2012 Kl. 12.00 Start born, 10–14 år Kl. 14.00 Start lag/vaksne. 15–17 år, 18–39 år, 40–49 år, 50–59 år ... Kl. 20.00 Sommardans på Sanden m/pianoentertainer KJETIL GRODÅS Startkontingent born 100,–, vaksne 350,–, lag 900,–. Påmelding SNARAST.
Løypekart 2012 vaksne: Symjing 500 m, svart farge Sykkel 23 km, raud farge Løping 3,7 km, grøn farge Symjeetappen går rundt øya på Sanden. Det er gangveg langs heile øya slik at publikum kan gå og fylgje symjarane på heile etappen.
Ordførar og varaordførar skal køyre leiebil på sykkeletappen – då skulle alle vere i trygge hender!
NAUSTDAL
Undal
HENNING KVAME
Elektronikkservise MASKINENTREPRENØR
NAUSTDAL BYGG A/S
med og gjer laurdag 7. juli til ein stor festdag i Naustdal! Med Sportsleg helsing Dag-Rune Mallasvik Stemneleiar/leiar TIL
LAURDAG 30. 06. 2012
22 ANNONSAR
Tobarnsfamilie nyt sitt nye liv mellom fjell og fjord
Foto: Privat
Dei som buset seg ved Førdefjorden i Naustdal får enkel tilgang til mange verdfulle kvalitetar. Det har familien Slettehaug og Gillestad erfart.
Fjordlandsbyen er eit eineståande samarbeid mellom fem entreprenørar og kommunen om å skape grunnlaget for meir enn 400 moderne heimar.
Sambuarparet Kristine Slettehaug og Vegard Gillestad, og borna deira Thalie (2) og Lotta (1), er blant familiane som den siste tida har etablert seg i Naustdal. Dei fortel at fridomskjensla kanskje er den viktigaste årsaka til at dei valde å busetje seg i nettopp her. I løpet av ein dag rekk den vesle familien fint ein tur på fjorden og i fjellet - utan å ha køyrt ein einaste meter i bil:
Felles for alle bustadane i Fjordlandsbyen er at dei ligg i trygge og sunne omgjevnader like ved Førdefjorden, nær sentrum, lakseelva Nausta, og friluftsområdet og badelagunen på Sanden – og med eigen kaiplass for dei som ønskjer det. Andre goder er at kommunen har full barnehagedekning, og gjev fritak for eigedomsskatt for nybyggjarar dei første fem åra.
– Det å kunne spasere rett ut døra og inn i noko av det beste naturen har å by på, sommar som vinter, er gull verdt og gir ei herleg kjensle, seier Kristine entusiastisk. Men dei vaksne i huset set også stor pris på ein god prat med naboen, eller slarving med gode vener på ein av kaféane i Førde.
I hjartet av Fjordlandsbyen rår landsbylivet, men i sentrum får ein likevel dekt basisbehova. Her ligg kommunehuset, Naustdal barne- og ungdomsskule med kring 300 elevar, og to barnehagar med til saman ni avdelingar. I sentrum ligg også bensinstasjon, to matbutikkar, bank, frisør, hagesenter og bussterminal.
– Planen var alltid å vende tilbake til Sunnfjord etter å ha utvida horisontane i Bergen. Tilgang på tomt i Naustdal var avgjerande, seier Kristine. Til liks med andre inn- og tilbakeflyttarar i same situasjon har dei lagt vekt kva regionen kan tilby dei som familie, som arbeidstakarar og som enkeltindivid med varierte fritidsinteresser.
Stor arbeidsmarknad Berre ti-femten minutt frå Naustdal ligg fylkets største handelssentrum, byen Førde, med eit utal butikkar, tenester, kulturtilbod, ein stor arbeidsmarknad og sentralsjukehus. 35 minutt med bil andre vegen kjem du til kystbyen Florø som også gjev tilgang til ein stor arbeidsmarknad både på land og i Nordsjøen. Begge byane har flyplass.
– Vi har begge utdanningar som opnar for gode karrieremoglegheiter i Sunnfjord. Eg har jobba seks år i reklamebyrået Inform Media i Førde. Vegard har mastergrad i informatikk, og utviklar webløysingar for energibransjen i bedrifta Elis i Dale i Fjaler.
Dans kl. 20.00 laurdag 7. juli på Sanden med P I A N O E N T E R T A I N E R
Kjetil Grodås Billett kr 200,–
Bredbånd? Uansett hvilken bredbåndsleverandør du velger foretar vi installasjonene inne i boligen din! os s n ne r Du fi le landet he over al lle sim Mak lse av and dbå ytte utn er bre typ
Vi samarbeider med alle seriøse leverandører og sørger for at du får maksimal utnyttelse av bredbåndet ditt. Vi forlater deg ikke før du er online og alt fungerer 100% !
Enkelt å finne draumeheimen Lettaste inngangen til ein heim og eit liv ved fjorden i Naustdal er nettstaden fjordlandsbyen.no. Storsatsinga
Sentralbord 02121 www.relacom.no
B R E D B Å N D S I N S T A L L A T Ø R E N E
MASKINENTREPRENØR
Hogne Bjørkelund
Naustdal kommune