Utdanning Firda
tema
tema
Torsdag 26. januar 2017
Har du tips eller idear om aktuelle temasaker? Kontakt oss på telefon, e-post, Facebook, Twitter eller Instagram. Du kan også tipse oss med video. Ferskaste nytt finn du på firda.no. E-post: redaksjon@firda.no SMS/MMS: fptips til 2005
11
Tips oss!
57 83 33 33
Dei vil bli lege, økonom, advokat, sjukepleiar og musikar
Går gjerne fleire rundar
Kvar går vegen vidare? F.v.: Anders Økland, Synnøve Angelshaug og Astrid Småbrekke diskuterer kva for studiealternativ dei har.
Utdanning: Å velje studieretning er eitt av dei første, store vala ein 18-åring skal ta. Synnøve Angelshaug har svaret klart: ho skal bli lege. Charlotte Prydz Ottesen charlotte.ottesen@firdaposten.no 957 30 860
Det store utdanningsvalet var det som prega tredjeklasse-elevane på Flora vidaregåande skule ein fredag i midten av januar. For å hjelpe elevane på vegen arrangerer skulen «orienteringsdag» der utdanningsinstitusjonar frå heile landet kjem og presenterer sine tilbod. Det vrimla av ungdom samla som bar på store bunkar med studiekatalogar. Og med eit hav
han. At ungdommen har gjort sin del «research» er det med andre ord ingen tvil om.
av studiemoglegheiter, er det vanleg at dei som står i desse vala går både ein, to og tre rundar med seg sjølve før dei bestemmer seg.
Militær og musikk
Skal bli lege På eit grupperom sit 18-åringane Synnøve Angelshaug, Anders Økland, Iver Bakke Nydal, Stine Nesje, Torleif Strømgren og Astrid Småbrekke. Fleirtalet av dei har allereie bestemt seg kvar vegen går vidare. Ei av dei er Synnøve Angelshaug. Ho skal bli lege. – Medisinstudiet i Bergen er førstevalet mitt. Eg håpar eg kjem inn, men eg er realistisk også. Eg veit godt det er høgt karaktersnitt på studiet. Går det ikkje, så vurderer eg å dra til utlandet. Medisin blir det uansett, seier ho bestemt. Å bli lege kunne også Anders
Foto: Charlotte Ottesen
Har planane klare: To vil bli lege, ein økonom, ein advokat, ein sjukepleiar og ein musikar. Økland tenke seg: – Det er planen. Ja, med mindre det blir industriell økonomi og teknologiledelse på NTNU då. Det er der dei har best fagmiljø, seier Økland.
Han legg til at han også kunne tenke seg å studere i utlandet: – Då trur eg det blir i Skandinavia. Det kostar det same som å studere i Norge, så det er mest lønsamt økonomisk, forklarar
Astrid Småbrekke skal først eit år i militæret, medan fløytespelar Iver Bakke Nydal skal eit år på folkehøgskule for å finne ut om musikken er noko han vil satse på vidare. Ein ting har dei alle til felles: Ønsket om å flytte på seg: – Eg er veldig glad i heimbyen min, men det er på tide å komme seg ut i verda og sjå noko anna enn Florø, seier Anders Økland medan dei andre nikkar og er einige. Likevel er ungdommen opne for å flytte heim på sikt. Søknadsfristen er ikkje før 15. april, men noko fortel oss at denne gjengen sender av garde søknadane sine lenge før den tid.