3 minute read
Boktips
Boktips
Fra biblioteket i Hemsedal
Song til mor av Margreth Olin
Dokumentarfilmen Fedrelandet gjekk på norske kinoar i 2023. Det var Margreth Olin sin film til minne om faren sin. To døgn etter premiera på filmen, døyr mor hennar. Denne boka er til minne om henne. Det er ei vakker, stillfaren bok, som teiknar eit bilete av ei klok, varm og fargerik dame, og er på ein måte bokversjonen av Fedrelandet.
– Baksideteksten på boka seier: "Dette er ei øm forteljing om livslang kjærleik - til naturen, til kunsten, til mor og far". Så fint kan det seiast om kanskje den beste boka eg las i 2024.
Fars rygg av Niels Fredrik Dahl
Forteljaren i denne romanen prøver å finne ut kva for slags liv far hans eigentleg levde. Oppveksten til faren var eksotisk og spesiell. Han og dei norske foreldra budde i Alexandria, nokså isolert frå omverda. Som trettenåring vart faren send heim til Norge, for å bu hos eit heilt framand ektepar som hadde mista sonen sin. Seinare gjekk han på internatskule i Sveits, men skulegangen vart avbroten då krigen kom.
– Ei veldig vakker bok om einsemd og lengt etter fellesskap. Fars rygg fekk Nordisk Råds litteraturpris i år.
Legends and lattes av Travis Baldree
Har du noen gang tenkt at det hadde vært kjekt å være i en fantasy-verden, men det er litt mye styr med alle de episke slagene og onde trollmennene som prøver å ta over verden? Da er dette boka for deg! Møt orken Viv, som etter en lang karriere som leiesoldat har bestemt seg for å legge sverdet på hylla. I stedet vil hun starte en kafe i byen Thune. Med seg på lasset har hun det nye produktet kaffe, som ingen i byen har smakt. Vil Vivs kafe bli en suksess? Det hjelper kanskje at hun har en magisk stein som sies å bringe lykke til den som eier den, men viktigst av alt er vennskapene Viv knytter underveis.
– Dette er en herlig bok i den stadig mer populære «cozy fantasy»-sjangeren, som passer både for voksne og ungdom.
Pepperkakehuset av Gaute Brochmann
Jonas på tretten år er tjukk. Ikkje sånn vanleg tjukk, men såpass at han må ha to sete på bussen. Difor blir han glad når faren og stemora skaffar han plass på ein klinikk. Jonas ventar at klinikken vil by på salatblad og beinhard trim, men tvert imot: Klinikken er som ein stor fornøyelsespark, og maten er veldig god. Jonas stussar jo litt på dette, men får forklart at han er tjukk fordi han er ulykkeleg. Blir han lykkeleg, vil han også bli tynn! Og alle på klinikken er veldig snille. Er dette for godt til å vera sant? Absolutt. Tenk på Hans og Grete...
– Pepperkakehuset er ei spenningsbok, og passar godt for alderen 11-14 år.
Er du tilreisande til Hemsedal? Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime.
Helsing Anne Berit, Camilla, Sønnev og Lissy