KYRKJEBLAD
Skjåk og Nordberg
Nr. 1 • Mars 2024 • 84. årgang
KYRKJEBL AD
for Skjåk og Nordber g
Nr 1 April 2014 74 årgang
Om alle tre var like og alle blomar blå og alle fuglar svar te og alle dyra grå, det tr ur eg ville gjera oss meir enn vondt å sjå
Om vi var like store og gjekk i like klær og om vi alltid hadde kvar dag det same verDet villevera meir enn trist å leva her
KYRKJEBL AD
for Skjåk og Nordber g
Nr 1 April 2014 74 årgang
Foto: Siri Hvitsand
Om alle tre var like -
Foto: Siri Hvitsand
Om alle tre var like
Om alle tre var like og alle blomar blå og alle fuglar svar te og alle dyra grå, det tr ur eg ville gjera oss meir enn vondt å sjå
Om alle hus var like, med same mat på bord og om vi tala saman alltid dei same orddå var t det liten trivnad her nede på vår jord
Om vi var like store og gjekk i like klær og om vi alltid hadde kvar dag det same verDet villevera meir enn trist å leva her.
Nei, dette rike mangfald vi kringom oss kan sjå av ymse dyr og fuglar og tre og blom og stråAt alt er skapt så ulikt, er godt å tenkje på!
Jan-Magnus Br uheim
God påske!
Foto: Kari K. Ørjasæter
Om alle hus var like, med same mat på bord og om vi tala saman alltid dei same orddå var t det liten trivnad her nede på vår jord
Nei, dette rike mangfald vi kringom oss kan sjå av ymse dyr og fuglar og tre og blom og stråAt alt er skapt så ulikt, er godt å tenkje på!
Jan-Magnus Br uheim
Messeplan
Mars -Juli 2024
Sundag 24. mars
kl. 11.00 Skjåk kyrkje.
Palmesundagsmesse med dåp
Torsdag 28. mars
kl. 19.30 Nordberg kyrkje.
Skjærtorsdagsmesse med nattverd
Fredag 29. mars
kl. 11.00 Skjåk kyrkje.
Langfredagsmesse
Sundag 31. mars
kl. 11.00 Lom kyrkje Påskedagsmesse
felles for Skjåk og Lom. Dåp.
Måndag 1. april
kl .11.30 Skjåkheimen. Messe på 2. påskedag
Sundag 14. april
kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe med dåp
Sundag 21. april
kl. 18.00 Nordberg kyrkje.
Tårnagentmesse med 8-åringane våre
Sundag 28. april
kl. 11.00 Skjåk kyrkje
Onsdag 8. mai
Nordberg kyrkje .Markering av frigjerings- og veterandagen
Torsdag 9. mai
kl. 11.30 Skjåkheimen. Messe på helgetorsdag
Fredag 17. mai
Messe i Kraftverket tidspunkt blir annonsert seinare
Sundag 19. mai
kl .11.00 Skjåk kyrkje. Pinsedagsmesse
Måndag 20. mai
kl. 11.30 Skjåkheimen .Messe på 2. pinsedag
Sundag 26. mai
kl. 11. 00 Nordberg kyrkje
Sundag 9. juni
kl. 12.00 Bångråttjønn. Feiring av skaparverkets dag. Utdeling av teikneseriebiblar til 10åringar. Alle konfirmantane deltek.. Kyrkjekafè til Himalpartner.
Sundag 23. juni
kl. 16.00 Messe i Garmokyrkja på Maihaugen
Sundag 30. juni
kl. 11.00 Nordberg kyrkje.
Andakter på Skjåkheimen:
Laurdag 23. mars kl. 11.30
Kaffiservering
Torsdag 25. april kl. 11.30
Torsdag 30. mai kl. 11.30
Torsdag 27. juni kl.11.30
MED ATTERHALD OM ENDRINGAR
Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.
Skjåk kyrkjelege liv
www.skjaak.kyrkja.no
Blomefonda i Nordberg og Skjåk
Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.
Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no
Kontonr.
NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543
Kontonr.
SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547
Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling.
Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.
Nordberg og Skjåk Sokn
Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset
Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no
Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00
Mobil: 909 56 437 / 948 62 267
Sokneprest
Kåre Gloslie tlf: 970 35 967 kare.gloslie@skjaak.kommune.no
Kyrkjelydsekretær
Kari Ørjasæter kari.orjaseter@skjaak.kommune.no
Kyrkjeverje
Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
Kyrkjetenar Nordberg/Skjåk
Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no
Kyrkjetenar Skjåk
Lars Brennhaug (i permisjon) , tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no
Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.
Organist
Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com
Trusopplærar
Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no
Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Siv Jorunn Welve tlf: 415 24 571 sjw_886@hotmail.com
Kyrkjebladredaksjonen: 909 56 437
Epost: kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no
Abonnere på kyrkjebladet
Innanbygds: Friviljug kontingent
Utanbygds: Kr. 200,- pr. år
Kontonr: 2085.07.45170
Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»
Trua på det gode livet
You are the great ”I am”,* the King of Kings. Great rock of ages, my urge to sing. For all eternity I will proclaim you won the victory, I bless your name
/: Shine your light, shine your light, shine your light through me, Jesus. :/
For meg er påska trua på det gode livet! Ei tid der gleda over livet får stor plass! Der ljoset frå Jesus Kristus skin på kvar einskild av oss.
Vi har sunge salma “Shine your light” i kyrkjene våre gjennom openberringstida. Denne salma høyrer til i denne tida i kyrkjeåret. Men salma har jo så fin ein tekst; og ein fin melodi! Den passar inn heile året etter min meinig.
Salma er ein amerikansk gospelsong, som spring ut frå slavetida i USA. Desse songane ber med seg eit håp og ei glede over det som ligg framfor oss. Om livet er
utfordrande og til tider vanske leg, finn vi alltid eit håp om at vi skal kunne legge av oss det som er utfordrande, og gå inn i fram tida med godt mot.
For meg er det denne bodskapen som er påskefeiringa sitt bodskap. Vi feirer livet. Vi feirer at livet er sterkare enn døden. Jesu si oppstode ber med seg ei livskraft som er sterkare enn alt! Eg tenkjer at bak lidinga og døden på krossen opnar det seg opp ein ny verd og eit nytt liv. Eit heilt univers av liv og håp! Vårt andelege univers er ei heil verd med gode utsikter for framtida vår. Det er gospel!
Den vegen gjennom livet som Jesus leier oss på, går inn i dette håpefulle rommet. Ljoset og krafta frå Jesus skin på oss, i oss, og gjennom oss. Det er salma
your light” sitt bodskap. Og det er eit bodskap som passar fint inn i påskefeiringa i kyrkja vår. Og det er eit bodskap som passar utruleg fint inn i liva våre.
Skjåk Bil AS
Kyrkjekontoretinformerar
Nytt år og alt vårjamdøgn like om hjørna og årets fyrste kyrkjeblad er i kjømda
I det kyrkjelege livet har Skjåk kyrkjelege fellesråd konstituert seg og ymse nemnder er valt. Ønskje dei lykke til med arbeidet for å styre kyrkjene i Skjåk og ser fram til eit godt samarbeid. Samansetjing er slik:
Leiar: Siv Jorunn Welve
Nestleiar: Terje Kveen
Messe og trusopplæringsutval/ diakoni: Frida Risheim Hjeltar, Magnhild Teigum, Mona Grimstad, Monica Tuva, Runa Aurmo, Sigurd Mølmen, Ronny Eiesar, Margot Elin Teigen i tillegg til Kåre Gloslie, Endre Skjåk, Kari Ørjasæter og Eirik Matias Urdi frå staben.
Kyrkje/kyrkjegardsutval: Laila
Bårdseng, Eilev Aurstad, Bjørnar Stenersen, Jarnfrid Rustad, Anna Krogstad og Nils Arne Flaten. I tillegg kyrkjetenar og kyrkjeverje.
Admin/forhandlingsutval: Aud
Jotun, Siv Jorunn Welve, Terje Kveen, Kari Ørjasæter og kyrkjeverje.
Kyrkjebladredaksjon: Tilsette på kyrkjekontoret, Aud Jotun, Kristen Dagsgard og Runa Aurmo.
Arbeidsutval: Leiar, nestleiar, sokneprest og kyrkjeverje.
Tilsyn i Skjåk kyrkjestugu: Laila Bårdseng.
Tilsyn i Nordberg kyrkjestugu: Jarnfrid Rustad.
Det har vore messer, konfirmantleir på Lillehammer, . alle konfirmantane har vore på Samefolkets dag i Vågåkyrkja og felles samling i Presthaugen i Lom med tema fasteaksjon. På Kraftverket har det vore bollemåndag med utdeling av 4 års bok og visning av Skjåkspelet frå 2003 på film – nei, aktiviteten er det ikkje noko å si på.
Dagleglivet på kyrkjekontoret omfamnar det meste frå vogge til grav.
Av og til så kjem spørsmålet opp, om sletting av fadrar av ymse årsaker Ein rettesnor for dette er at dette ikkje let seg gjere, utan særs spesielle omstende t.d. overgrepssaker, da kan den døypte sjølv eller den døypte sine foresette be om at ein fadder ikkje lenger skal ha status som fadder. Det er som hovudregel ikkje mogleg å fjerne eller leggje til nye fadrar etter dåpen.
Å vere fadder tyder at du er vitne til at dåpen har funne stad.
Fadrane er historiske vitne på at dåpen har gått føre seg og dette kan derfor ikkje endrast. Fadrar har heller inga juridiske plikt overfor den døypte. Samstundes er det vanleg at fadrane har ei viktig betydning i den døyptes familie. Slike roller kan endre seg i løpet av eit liv. Derfor er det sjølvsagt mogleg at andre personar får fadderliknande roller i det døyp-
te bornet sitt liv, sjølv om dei ikkje vert ført opp i Den norske kyrkje sitt dåpsregister.
Snart så kan ein monaleg starte opp med vårlege syslar og vi vil få minne dykk alle om fjerning av julepynt frå kyrkjegardane og om at alle kan PRØVE å sortere plast, papir og anna frå gravstadene og ikkje legge alt i same søppelkassa.
Blomefondet sitt uttak er nå høgda til kr. 100,- pr gravstad.
Dato for plantedugnad i Nordberg vert annonsert i Fjuken og på plakatar seinare.
Skjåk kyrkjelege fellesråd si årsmelding og årsrekneskap er sendt til revisjon.
Årsrekneskapen syner eit negativt resultat på kr. 286 730,23.
Dette ligg ute på kyrkjekontoret og på heimesida for den som er interessert.
Frå v. Terje Kveen, Frida Risheim Hjeltar, Runa Aurmo, Siv Jorunn Welve med Jørgen på armen, Anna Krogstad (kommunal repr.), Magnhild Teigum, Nils Arne Flaten og
www.skjak-almenning.no
2690
Det vert ofte prata om at vi har det så travelt og at det var betre før i ti`n, ei anna travelheit kanskje, om ein les diktet MOR av Hans Børli
MOR
Der satt du i ei lågloftet stue midt i rimfrostvinteren, tett innåt et vindu hvor roser av blomsterpapir lyste i fôringen av sammenrullet bomull mellom ytter- og innerrutene. Skjønt slitte og ru av tungt arbeid var hendene dine forunderlig reine og fornemme der varsomt de vendte blad i den store boka.
BIBELEN sto det på permen med avflasset gullskrift.
Så hylte en gris, så kokte ei gryte over, så grèt en unge etter mat.
Da la du et julekort inn til bokmerke for å finne att rette stedet om det vart ei stund ledig ved påsketider en gong …
Det går mot ljosare tider og det vårast lite om senn, nyt at naturen vaknar att enda ein gong!
Arnborg Teigum Kyrkjeverje
Mi salme
Siv Jorunn Welve
Ei salme eg tykkjer er fin, og som har vore mykje brukt i barnedåper eg har vore i er salma ”Fylt av glede over livets under”. Det er ei salme som beskriv gleda over eit nytt liv, men og at det framfor oss ligg ei ukjent framtid. Den tek for seg dåpens betydning.
Salma skreiv Svein
Ellingsen til sin son. Han mista si eldste dotter i ei ulykke. Den har derfor ein underliggjande alvorstone da den er skrive i spennet mellom sorgen og saknet etter dottera og gleda over eit nytt barn.
Fylt av glede over livets under
Fylt av glede over livets under, med et nyfødt barn i våre hender, kommer vi til deg som gav oss livet.
Fylt av beven foran ukjent fremtid legger vi vårt barn i dine hender. Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet.
Fylt av undring er vi i din nærhet! Du som bærer verdensrommets dybder, venter på de små og tar imot oss.
Ved ditt verk, ved Kjærlighetens vilje, er vi født på ny til liv i Kristus, til et åpent liv i tro og tillit.
Og ved tidens grense lever fortsatt dine løftes-ord ved døpefonten, dåpens lys forblir når livet slukner.
Større rikdom enn hva ord kan romme, har du gitt oss gjennom dåpens gave. Herre, la vår tro bli fylt av glede!
Svein Ellingsen Nr 586 i Norsk salmebok
Siv Jorunn utfordrar Ivar Bø til å fortelje om ”mi salme” til neste nummer av Kyrkjebladet.
Konfirmantleir
Fyrste helga i februar var konfirmantane i Lom og Skjåk klar for leir i Haakons hall på Lillehammer. I år var også konfirmantane frå Vågå med på same leiren så det vart ein stor delegasjon frå Ottadalen i dølabyen denne helga. Det er ungdomsorganisasjonen HEKTA som organiserer og driftar denne leiren som samlar om lag 700 konfirmantar frå rundt om i heile bispedømmet denne helga. Dei driv også andre leiropplegg som ungdomane kan melde seg på seinare, og det er mogleg å bli med som ungdomsledere. Dette at leiren i stor grad er leda og drive av ungdom sjølv gjer nok sitt til at opplegget treff målgruppa godt.
Etter ein lang busstur frå øverst i
Ottadalen var det innsjekk i hallen før ein fottur opp til Lysgårdsbakkane der OL vart opna for 30 år sidan i år. Her var det storslått opningsseremoni med musikk, taler, fakkeltenning og fyrverkeri. Etterpå var det kveldsshow med band frå scena i hallen før det vart kveldsmat og legging.
Både laurdag og sundag var det diverse aktivitetar ein kunne delta på rundt om i OL-anlegga med både slalåm, bob, aking, ballspill og anna å velge blant. Laurdag var det også eit stort globalmarked der alle konfirmantgruppene på kreativt vis skulle prøve å samle inn pengar som går til organisasjonen Hånd i hånd i Uganda som driv med helsehjelp og undervisning. Sundagen var det også stor
messe frå scena i hallen der dei fleste prestane som var til stades deltok.
Innimellom alt dette fekk konfirmantane mange timar undervisning, både frå den store scena og i mindre grupper leda av andre ungdomar. Her var også god anledning til å bli kjent med nye folk frå både nabokommunane og lengre unna og dette er kanskje det mest minnerike med helga for mange.
Stor takk til friviljuge foreldre som deltok og ikkje minst stor takk til konfirmantane. Det var ein svært fin gjeng å reise på tur med.
TEKST OG FOTO: ENDRE SKJÅK
Kjærkomen gåve til Skjåk kyrkje
Midlar frå ei privat pengegåve set fortgang i vedlikehaldsarbeidet av taket på Skjåk kyrkje.
–At folk har hjarte som bankar for kyrkja og bidreg økonomisk, skal vi vera evig takksame for, kommenterer kyrkjeverje Arnborg Teigum. Det er 93 år gamle Gunvor Tofte som har gjeve den kjærkomne pengegåva til vedlikehald av Skjåk kyrkje. Kor stort beløp det er snakk om, ynskjer ho ikkje å kommentere nå. Folket på Søre Tofte har alltid vore glade i kyrkja si, Skjåk kyrkje. 1. juni 2021 gav Gunvor og systera Klara Tofte eit flott vevarbeid til kyrkja.
Nå er det berre Gunvor som er att etter det som var ein syskenflokk på fire. Dei voks opp på småbruket Søre Tofte, der foreldra dreiv med kyr, ungdyr, gris, geiter, sauer og høner. Dei hadde også eigen hest til dei i 1964 kjøpte traktor. Våningshuset på den velstelte garden er opphavleg frå 1752, bygt same året som Skjåk kyrkje. Huset er seinare både bygt om og bygt på. Gunvor Tofte fortel om ein oppvekst der dei hadde det godt. Men ho hugsar det samstundes som eit strevsamt og nøysameleg liv. Gunvor bur nå i omsorgsbustad samen med sambuaren Birger Holten. Dei treftest i Oslo for fleire tiår sidan og slo lag. Gunvor arbeidde på Norsk Folkemuseum, for det meste i Gudbrandsdalsavdelinga, som ho uttrykkjer det. Ho tykkjer dette var eit arbeid som passa ho godt, med dei interessene ho sjølv har. Gunvor likte bylivet, og saman med sambuaren var dei så ofte på Skjennungstua i Oslo der dei trefte andre gudbrandsdølar. Dei to nytta også mykje av fritida til å dyrke interessa for dans. –Dans var noko av det likaste vi visste, både swing og gammaldans. Vi var blant anna på dansecruise, og det var det artigaste vi har opplevd gjennom dansen, smiler Gunvor Tofte. I feriane var ho ofte heime att i Skjåk, gjerne for å ta eit tak i gardsarbeidet.
Som pensjonist flytta Gunvor heim att til Skjåk der ho i fleire år budde saman med systrene sine. Nå bur det ikkje folk på Søre Tofte.
Etter at helsa svikta, vart det vanskeleg for dei å bu der. Når Gunvor ser seg tilbake, er ho tydeleg på at ho har hatt eit rikt liv. At ho nå har gjeve ei pengegåve til Skjåk kyrkje, kommenterer ho slik: - Å gje noko til kyrkja tykkjer eg er noko av det likaste ein kan gjera.
Pengane skal som nemnt gå til vedlikehald av Skjåk kyrkje. Dei siste åra er det gjort ein god del nødvendig vedlikehald, men det er meir som må gjerast. Det er taket det hastar mest da, da det er utett. Dette er
kostnadskrevjande, og kyrkja sjølv har langt frå nok midlar til dette heilt nødvendige arbeidet.
– Men nå kan vi iallfall gje klarsignal til å starte arbeidet. Vi kan ikkje vente lengre, for etterslep av vedlikehald blir fort utruleg kostbart. Gåva frå Gunvor Tofte er svært kjærkomen. Dette er noko alle vi ha glede av, seier Teigum.
TEKST OG FOTO: ELIAS SPERSTAD
170ar
Prikk til prikk
Teikn ein strek frå 1 til 2 og så vidare. Kva skjuler seg her?
Vitsar
Eit eple spurde ein appelsin:
– Kvifor er det så mørkt her?
– Fordi pæra har gått.
Finn fem feil
Har du høyrt om høna som hadde fått feber?
Ho la berre kokte egg.
Gje barnebladet Barnas til eit barn du er glad i!
Desse oppgåvene er henta frå bladet.
Bestill abonnement på sondagsskolen.no eller 22 08 71 00
Finn 10 sprak
I rutenettet gøymer det seg namnet på 10 forskjellige språk. Leit bortover og nedover. Klarer du å finne alle?
Her snakkar Jesus med ein liten familie. Dei to bileta er nesten heilt like, men kan du finne dei fem feila på biletet til høgre?
Teikning: Chiara Bertelli
4-årsbok
Utdeling av kyrkjebok til 4-åringane er eit av dei eldste barnetiltaka vi har i kyrkja og noko som har pågått i over femti år. I Skjåk har vi no valgt å leggje dette opplegget til fastetida og ba inn til bolleverkstad på kraftverket på dagen før feite-tirsdag. Denne dagen vert også kalla bollemandag og da passar det fint å pynte fastelavensbollar saman. Ein fin liten flokk
kom og laga dei mest kunstferdige bollane du kan tenkje deg. Samtlege kunne fint gjort seg gjeldande på Bakemesterskapet på Nrk. Ellers prata vi litt om Jesus og fasta og lærte ein song, men fyrst og fremst kosa vi oss i lag. Triveleg å kunne bruke lokala på kraftverket til slike uformelle samlingar.
Samefolkets dag
Skjåk, Lom og Vågå prøver å samarbeide meir og meir om ulike arrangement og tysdag 6. februar hadde vi felles markering av Samefolkets dag. Dette vart markert med fellesmesse i Vågå der både Kåre og Cynthia deltok og Arve Danielsen gav oss eit sterkt innblikk i samefolket si historie som minoritet i Norge. I tillegg hadde Sina Husom ein appell til ungdomen. Alle konfirmantane frå dei tre Ottadalskommunane deltok på messa. Etterpå var det kyrkjekaffe der vi blant anna fekk smake kaffe med tørka reinkjøtt. Vågå hadde også ei større markering tidlegare på dagen der barneskulen deltok ved flaggheising av det samiske flagget.
NYTTÅRSKONSERT ”Vi lyser i stille grender”
Fyrste nyttårsdag prøvde kyrkja i Lom og Skjåk for fyrste gong ut å ha kyrkjekonsert i staden for nyttårsmesse. Ut i frå oppslutninga og attendemeldingane vi har fått må dette seiast å ha vore ein stor suksess. Mari Midtli (vokal), Iselin Aukrust (vokal og fele), Lasse Tronstad (trompet og bukkehorn), Vemund Olav Aukrust (orgel), Vegar Vårdal (fele), Eirik Urdi (piano) og Endre Skjåk (tekst) hadde sett saman eit program i spennet mellom det klassiske og folkemusikken. Gjennom 1,5 time vart ei nærast fullsett Nordberg kyrkje med på ei musikalsk reise samanbunde av tekstar som hadde som mål å gje rom for både attendeblikk og refleksjon over året som har gått og tida vi lever i, samt å gje håp og framtidstru i møte med det nye året. Musikalsk spente konserten vidt frå Händel via Abba til lokale folketonar samt fleire allsanginnslag med tradisjonelle julesongar innimellom. Utøvarane har alle lokal tilknyting og det er gledeleg å sjå at ein kan klare å mønstre musikarar på så høgt plan utan å gå utanom nærområdet vårt. Konserten var eit ledd i arbeidet med å få til eit tettare samarbeid mellom kyrkjene i Ottadalen og det er allereie bestemt at det blir nyttårskonsert att neste år, da truleg i Garmo kyrkje. Her bør ein truleg kjenne si besøkelsestid og bestille billett tidleg!
1. Iselin Aukrust og Mari Midtli
2. Lasse Tronstad
3. Endre Skjåk
4. Eirik Urdi
Alle bilete: Arnborg Teigum
RAKARDUGNADER!
Nordberg kyrkjegard måndag 6. mai kl. 18.00
Skjåk kyrkjegard tysdag 7. mai kl. 18.00 Ta med rive og godt humør. Kaffeservering.
KONFIRMANTJUBILEUM 2024
Det blir jubileumsfeiring for dei som var konfirmantar i 1974, 1964 og 1954 laurdag 24. august. Jubileumet startar med messe i Skjåk kyrkje kl. 16.00 med påfylgjande sosial samling. Invitasjon til jubilantar kjem i posten.
Barmedåp
Barnedåp 21.01.24 Nordberg kyrkje av Jørgen Welve
Heggebotn saman med foreldre Siv Jorunn Welve og far Eirik Heggebotn og storesyster Oda. Foto. Amund Hånsnar.
NORDBERG SOKN
Døde:
Rønnaug Ellingbø f. 08.06.1930 – d.13 02.2024
Vigde:
23.12.2023
Martina Grøthe og Gaute Jørgen Sygard
Døypte:
21.01.2024
Jørgen Welve Heggebotn
SKJÅK SOKN
Døde:
Birger Tangstad f. 06.06.1953 – d. 11.01.2024
Eli Kvale Skåre f. 02.10.1936 – d. 12.01.2024
Arnfrid Sperstad f. 12.03.1941 – d. 27.01.2024
TÅRNAGENTAR 2024
Sundag 21. april blir alle åtteåringar i Skjåk inviterte til å vera tårnagentar i Nordberg kyrkje.
Samlinga startar kl. 16.00 og blir avrunda med messe kl. 18.00. Invitasjon til alle agentar kjem i posten!
Tlf:
Magnar Skjelkvåle f. 13.06.1933 – d. 07.02.2024
Åke Aksel Pettersen f. 01.11.1943 – d. 08.02.2024
Ragnhild Aukrust Brandsar f. 01.06.1944 – d. 10.02.2024
Tore J. Odden f. 14.07.1941 – d. 20.02.2024
Påskeandakt Lat viljen din råda
Det tomme mørkeret som fyller langfredag kan vi kjenne oss att i. Kanskje kan vi også kjenne att sorga, omsorga og kjærleiken som blir vekt i oss i møte med den lidande og den døde?
Jesus skal snart takast ned frå krossen og leggast i grava. Og kvinnene ved krossen skal snart kikke inn i grava sitt tomme mørker, fylde av sorg, omsorg og kjærleik. Men kvar er Gud i alt dette meiningslause? Finst det håp?
Jesus bad i Getsemane-hagen, før han vart tatt til fange og krossfest: «Lat viljen din råda.» Vi feirar ikkje påske fordi Jesus døydde på krossen. Vi feirar påske fordi fortsetting følgjer.
Bøna i Getsemane er som eit ekko frå Fadervår: «Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen». Det er ikkje ei stadfesting på at alt som skjer på jorda er Guds plan. Det er ei bøn om at Guds himmelske vilje skal skje, i alt som møter oss på jorda. Også i møte med liding og død. At noko skal nyskapast.
Bismo Bilverksted AS
2690 Skjåk
Tlf:
2690
Kan det finnast ein god Gud, når det er så mykje vondskap i verda? Det spørsmålet står framleis uløyst, men det står ikkje utan svar. Gud er skjult for oss, men Jesus er synleg. Kristus på krossen fortel oss noko om Gud. Vi ser Guds kjærleik spikra på ein kross. Vi ser Guds nærvær i den lidande. Og vi kan kjenne att verdas naud og menneske si liding i Jesu død. Også fortvilinga, einsemda, kjensla av å vere attgløymd av Gud, ropet og stilla. Vi kjenner att døden og dødskreftene.
Men vi kjenner att meir. I den krossfeste Jesus kjenner vi også att evangeliet om skaparen av himmel og jord. Han som gir livet sitt for venene sine. Som byd oss å elske vår neste. Som gjer sjuke friske og reiser opp den som snublar. Han tar til seg menneske som er på utsida, og
forkynner nåde og hjartelag i ord og handling. Han syner oss ein kjærleik som er sterkare enn døden. Etter langfredagen si sorg og mørker kjem påskemorgonen med lys og glede. Det skjer, og livet vert skapt på ny. Fortsetting følgjer.
Gud er nær, og kjærleiken er sterkare enn døden. Den tomme krossen minner oss om døden, men først og sist er det teiknet på den oppstadne Kristus. Livet sigrar. Guds nærleik og kjærleik finst i verda.
God påske!
Ole Kristian Bonden Hamar biskop
2690 Skjåk
tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
Garcia Holding AS
Industrivegen
Skjåk