KYRKJEBLAD
Skjåk og Nordberg
Nr. 2 • Juni 2024 • 84. årgang
KYRKJEBL AD
for Skjåk
Nr 1 A
Om alle
Om alle tre var like og alle blomar blå og alle fuglar svar te og alle dyra grå, det tr ur eg ville gjera oss meir enn vondt å sjå
Om vi var like store og gjekk i like klær og om vi alltid hadde kvar dag det same verDet villevera meir enn trist å leva her
KYRKJEBL AD
alltid dei same ord då var t det liten trivnad her nede på vår jord
det tr ur eg ville gjera oss meir enn vondt å sjå
– Vil vår Herre gje oss sol, skal vi sjølve skaffe væte!
Om vi var like store og gjekk i like klær og om vi alltid hadde kvar dag det same verDet villevera meir enn trist å leva her.
Nei, dette rike mangfald vi kringom oss kan sjå av ymse dyr og fuglar og tre og blom og stråAt alt er skapt så ulikt, er godt å tenkje på!
Jan-Magnus Br uheim
Nordber g
årgang
Foto: Kristen Haugen Dagsgard
Om alle hus var like, med same mat på bord og om vi tala saman alltid dei same orddå var t det liten trivnad her nede på vår jord
Nei, dette rike mangfald vi kringom oss kan sjå av ymse dyr og fuglar
og tre og blom og strå -
Vi ønskjer god sumar!
At alt er skapt så ulikt, er godt å tenkje på!
Jan-Magnus Br uheim r like -
Messeplan
Juli - Oktober 2024
Sundag 30. juni kl. 11.00 Nordberg kyrkje.
Sundag 14. juli
kl. 12.00 Grimstadsetra på Sota. Regnbogemesse felles for Ottadalen
Sundag 21. juli kl.11.00 Skjåk kyrkje. Messe med dåp.
Måndag 29. juli
kl. 18.00 Lomskyrkja. Olsokmesse felles for Skjåk og Lom
Sundag 4. august kl. 11.00 Gamle Garmo kyrkjetomt. Felles for Skjåk og Lom. Ta med stol
Sundag 11. august kl .19.30 Nordberg kyrkje
Laurdag 24. august kl. 16.00 Skjåk kyrkje. Samtalemesse og konfirmantjubileum
Sundag 1. september kl.11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse
Sundag 8. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmasjonsmesse
Sundag 22. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje
Sundag 29. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Hausttakkemesse. Utdeling av 6-årsbok.
Sundag 6. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje
ANDAKTER PÅ SKJÅKHEIMEN:
Torsdag 27. juni kl.11.30
Tysdag 27. august kl. 11.30
Tysdag 24. september kl. 11.30
Kyrkjelege seremoniar: Dåp/ Konfirmasjon/ ta kontakt med kyrkjekontoret på epost: kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no eller tlf 909 56 437
Vigsel tlf.909 56 437
For å melde dødsfall og gjere avtale om gravferd: ring kyrkjeverje tlf 971 61 560 eller arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
MED ATTERHALD OM ENDRINGAR
Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.
Skjåk kyrkjelege liv www.skjaak.kyrkja.no
Blomefonda i Nordberg og Skjåk
Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.
Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no
Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543
Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547
Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Nordberg og Skjåk Sokn
Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Kontoradresse: Skjåk Energi
Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no
Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00
Mobil: 909 56 437 / 948 62 267
Sokneprest
Kåre Gloslie tlf: 970 35 967 kare.gloslie@skjaak.kommune.no
Kyrkjelydsekretær
Kari Ørjasæter kari.orjaseter@skjaak.kommune.no
Kyrkjeverje
Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
Kyrkjetenar Nordberg/Skjåk
Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no
Kyrkjetenar Skjåk
Lars Brennhaug (i permisjon), tlf. 482 68 809, lbrennha@online.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.
Organist
Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com
Trusopplærar
Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no
Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Siv Jorunn Welve tlf: 415 24 571 sjw_886@hotmail.com
Kyrkjebladredaksjonen: 909 56 437 kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no
Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 200,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170
Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»
Det er sumar! Soknepresten
Vi har hatt mange veker med strålande flott vær! Og det er godt å vera til for alt levande i naturen! Og det er godt å vera til for oss menneske! Det er freistande å henta fram ein salmetekst som fortel med gode ord om sumartida:
I denne fagre sumarstid gå ut, mi sjel, og gled deg i vår Herres store under!
Sjå hagen prydd med blomeseng, sjå garden med si grøne eng, og skog med li og lundar!
Eg har vore ute i den grøne sumarnaturen! Eg har gått pilegrimsvandring med 5.klassingane på Otta barneskule, og 5. og 6. klassetrinnet på Heidal skule. Den fyrste turen gjekk over Sels-myrane langs pilegrimsleia som går gjennom Jørungard til kyrkja på Nord-Sel. Pilegrimsleia går vidare derifrå over Dovre til Nidaros. Å gå pilegrimsvandring er å gå mot eit mål, og målet er ein heilagstad. Vårt mål på denne turen var kyrkja på Nord-Sel.
I Heidal gjekk vi frå Kalvelykkja og opp i Øverbygda, før vi gjekk ned til Bjølstadkapellet, som var det heilage målet for denne turen.
Desse opplevingane har fylt hovudet mitt med historia om HeilagOlav. Nærmar vi oss temaet pilegrimsvandring i Noreg, så kjem vi ikkje utanom Heilag-Olav og Nidarosdomen. Desse har vore og er fortsett heilt sentrale i dette temaet. Dei fleste pilegrimsleiar i Noreg endar opp i Nidaros.
Det er to hendingar knytt til HeilagOlav som eg synes er interessante. Den fyrste er innføringa av Kristenretten i Noreg. Heilag-Olav heitte kong Olav Haraldsson, då han var konge frå 1015 til 1028. Han var
2690 Skjåk Tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no
den tredje norske kongen som prøvde å innføre kristendomen som alle sin religion i Noreg. Kristentrua var eit særs høveleg verkty å knyte til kongemakta. Det ville gje både åndeleg og verdsleg makt. Dette hadde Olav lært i sine opphald i Europa og i England. Olav var fyrst og fremst ein krigarkonge, og han vann kongemakta i Noreg med få menn, men med mykje sølv og gull han hadde med seg frå røvartokta sine nede i Europa. For å styrke makta si innførte han kristenretten i Noreg. Med dei biskopane han hadde med seg frå England, bygde han systematisk opp kyrkjer og presteembete. Han skreiv og ei lovtekst som skulle regulere kyrkjelivet. Lovteksta vart vedteke på ei samling ved kyrkja på Moster ein gong mellom 1022 og 1024.
For nokre veker sidan var det ei stor markering på Moster, for å markere 1000-års jubileet for Kristenretten i Noreg. Markeringa hadde denne overskrifta: Kristendomen med sine kristne verdiar med nestekjærleiken som sentrum, har vore særs godt for utviklinga av det norske samfunnet.
Så til det andre temaet eg tykkjer er interessant: Kristninga av folket i Noreg slo ikkje ordentleg rot før Olav fall i slaget på Stiklestad i 1030. Året
Velkomen til triveleg handel! Skjåk Kjøpesenter
Kåre Gloslie
etter vart han kåra til helgen, og det vart starten på pilegrimsvandringa mot Nidaros og etter kvart bygginga av Nidarosdomen. Folk kom frå alle kantar, og mange langvegsfrå, for å komme så nært som mogleg til kista til Heilag-Olav. Frå kista strålte det lekande krefter, som gjorde folk friske frå sjukdom og plager. Pilegrimsvandringa var lekande både for kropp og sjel.
Så det vert eit nytt 1000-årsjubileum i 2030. Då skal vi feire arven etter Heilag-Olav. Olavsarven er eit noko utydeleg omgrep, men det har eit stort og viktig innhald for oss. Samfunnet vårt er forankra i kristne verdiar og tradisjonar, som har bidrege godt til utviklinga. I dag har vi eit ope folkestyre med pliktar og rettigheitar som gjer oss godt. Vi får leva i eit av verdas beste land å bu i!
Kong Olav Haraldsson var ofte på reise. Det måtte han for å halde på makta si. Han måtte vitje dei mennene som var lokale høvdingar og lojale til Olav. Slik er det mange spor etter Heilag-Olav i Gudbrandsdalen.
Her i Skjåk har vi Heilag-Olav sitt fotspor i skogen i Nordberg. Vel verd eit besøk no i sumar! Gå ut i den vakre naturen vi har her i Skjåk! God sumar!
Skjåk Bil AS
Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70
Skjåk Kjøpesenter - alt du treng!
Kyrkjekontoretinformerar
– Skal du ha ferie?, spørsmålet kjem ofte på denne tida av året og rett etter kjem det: – kvar skal du ?
Ja, kvar skal ein … Eit uttrykk seier at berre det er pent vær, så er det fint alle stader.
Men, det er fullt mogleg å vere heime, men samstundes vere på veg på ein eller annan måte. I det indre liv, det er mange som kjenner på ei uro etter noko anna. Så kanskje difor, vil det vere ein god ferie å vere i nærmiljøet og leite etter den indre ro og monaleg finne denne!
Den kyrkjelege aktiviteten er iallfall høg, det er vel ikkje mange arbeidsplassar som har så store forskjellar innan sitt arbeidsområde som i kyrkja.
Det er triveleg at mange kjem på tilboda våre, siste kvartalet har det vore gledeleg mange dåpar, konfirmantbryllaup, messer og vigslar. Diverre har det og vore mange gravferder. Kyrkjegardane er også godt besøkt, ein kan vel seie at det nå er høgsesong. Folk har mange slags ærend, men planting og vatning er nok dei viktigaste. Når det er tilsette på arbeid, så står kyrkjedøra open for dei som vil kome inn.
Eg hadde ei tante som ein gong sa,
Frå kyrkjeleg årsstatistikk tek vi med:
Aktivitet
2021 2022 2023
Messer i Nordberg kyrkje / andre stader 16 22 23
Besøkande 572 818 1012
Dåp i Nordberg kyrkje 6 3 8
Gravferder i Nordberg kyrkje 20 8 8
Konfirmerte i Nordberg kyrkje 5 10 8
Messer i Skjåk kyrkje / andre stader 25 18 18
Besøkande 1245 1177 1062
Gravferder i Skjåk kyrkje 20 21 11
Konfirmerte i Skjåk kyrkje 15 14 7
at ho ikkje kjente nokon som ikkje hadde hatt bruk for ein kyrkjegard nokon gong. Og i det ligg det mykje sanning. På kyrkjegarden kjem folk om dei trur på det eine eller det andre eller ikkje trur på noko som helst.
Skjåk kyrkjelege fellesråd har fått forslag frå Nordplan for korleis ein kan utforme minnelund på båe kyrkjegardane våre. Dette vart det m.a. orientert om på Kyrkja sitt årsmøte i Nordberg kyrkjestugu 26.05.24 Det vart og lagt fram forslag til levegg/ lydskjerm mot rv.15 forbi Nordberg kyrkje.
Vil og informere om at alle tilbod vi har i kyrkja er eit lågterskeltilbod. Alt er gratis for dei mellom 0-18 år med unntak av konfirmanttida. Det er mange høve i sumar til å besøkje ei kyrkje i Ottadalen. Det kan vere fint å reise til ei ein ikkje har vore i før.
Hjartesukk frå kyrkjetenar: Kan alle PRØVE å sortere plast, papir og jord frå gravstadene. Jord legg du i
trillebåra eller kompostbingen. Plast i merka dunk. Ikkje legg alt i same dunken!
Til slutt vil eg ønskje god sumar til alle lesarane av Kyrkjebladet med diktet Den Draumen som vart kåra til Norges beste dikt i 2016 og er frå Dropar i austvind. Og kanskje vert din sumar slik:
DEN DRAUMEN av Olav H.Hauge
Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skjeat tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springaat draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um
Arnborg Teigum Kyrkjeverje
Ivar Bø
Fagert er landet
Anders Hovden, fødd og oppvaksen mellom fjell og fjord i Hovdebygda i Ørsta skreiv salmen om dette fagre landet vårt. Salmen vart til da Anders Hovden var prest i Krødsherad. Ein stjerneklar vinterkveld gjekk han på ski ved Krøderen, og blei djupt gripen av naturen. Han skreiv salmen då han kom inn. Denne salmen er ein av våre kjæraste og mest brukte nasjonale songar. I teksten ligg det noko som grip meg. Teksten er vakker, lett å forstå, lett å synge og er tydeleg skriven i rein og skjær glede over at Norge er eit vakkert land. Fagert er landet er ein høgstemt og jordnær salme som hyllar skaparverket og folk sin vilje til å stå på og arbeide for felleskapet. Denne salmen osar også av vilje. Hovden skreiv songen like etter Unions-oppløysinga i 1905, og tematiserer ei sterk, positiv nasjonalkjensle gjennom skildringa av norsk natur og Vårherre. Eg likar spesielt godt ”Tidi ho renn som elv mot os”. Synes det er eit godt bilde på den strømmen av tid vi alle flyter av gårde med. Salmen får også ein ekstra dimensjon når ein veit at Anders Hovden var spesielt oppteken av å kjempe mot intoleranse, hykleri, det å ikkje døme andre og vere oppteken av dei svake i samfunnet. Dette er verdiar vi også treng ha med oss i dagens samfunn.
Ivar Bø
«Fagert er landet» er en salme og nasjonalhymne med tekst av Anders Hovden.
Fagert er landet du oss gav,
Herre vår Gud og vår Fader, fagert det stig av blåe hav, soli ho sprett og ho glader.
Signar vårt land i nord og sud, såleis di åsyn lyser, Gud, over vårt Noreg i nåde.
Tidi ho renn som elv mot os, fort skifter sumar med vetter, Fader, ver alltid Noregs los radt til dei seinaste ætter.
Herre, vår Gud, vårt Nores Gud, varda vårt land frå fjell til flu, lær oss å gå dine vegar.
Signa då Gud vårt folk og land, signa vårt strev og vår møda, signa kvar ærleg arbeidshand, signa vår åker med grøda.
Gud, utan deg den vesle urt, veiknar og visnar, bleiknar burt.
Ver du oss ljoset og livet.
Nr 759 i Norsk salmebok (5 vers)
Ivar Bø sender salmestafettpinnen vidare og vil utfordre Stig Banken til neste utgåve.
A: Dåp Skjåk kyrkje 28.04.24 Aron Berger, foreldre Anne Gudrun Aamodt og Thomas Berger. Foto: Amund Hånsnar
B: June Bakke vart døypt på Billingen Sæterpensjonat 09.06.24, foreldre Magnhild Forberg og Øyvind Bakke. Prest Cynthia Slomp Renaa. Foto: Privat.
C: Dåp Skjåk kyrkje 24.03.24 Tiril Bråten, foreldre: Ragnhild Melby og Tore Bråten. Foto: Amund Hånsnar
D: Dåp Nordberg kyrkje 26.05.24, Ella Eiesar, foreldre: Annine S.Stadsvold og Pål Eiesar. Foto: Amund Hånsnar
E: Dåp 14.04.24 Ingeborg Kveum Aamodt, foreldre Merete Kveum Kvalheim og Remi Aamodt. Foto: Terje Kveen
F: Dåp 14.04.24 Turi Jøingsli Jære, foreldre Anita Sørhus Jære og Tor Gaute Jøingsli Foto: Terje Kveen
G: Dåp 14.04.24 Aurora Eiesar, foreldre Helene Eiesar og Paul Hallvard Eiesar. Foto: Terje Kveen
H: Hedda Teigen vart døypt i Skjåk kyrkje 12. juni. Foto: Arnborg Teigum.
I: Noa Hånsar vart døypt i Skjåk kyrkje 12. juni. Foto: Arnborg Teigum.
Konfirmantar i Skjåk kyrkje
1. september kl. 11.00
Noa Hånsnar
Amanda Celine Rustad Sahlsten
Daniel Andersbakken
Brage Aurmo
Håkon Jakobsen
Tuva Prestjordet
Thilde Kveum Bergheim
Esten Brukveen Borgstrøm
Jonas Aanstad Rønningen
Ida Steinbakke Hole
Heming Aaboen
Isak Hyrve Bosmen
Oliver Marcus Sørhage Forberg
Konfirmantar i Nordberg kyrkje
8. september kl. 11.00
Iver Eiesar-Moen
Hedda Teigen
KONFIRMANTJUBILEUM 2024
Det blir jubileumsfeiring for dei som var konfirmantar i 1974, 1964 og 1954 LAURDAG 24. AUGUST.
Jubileumet startar med messe i Skjåk kyrkje kl. 16.00 med påfylgjande sosial samling. Invitasjon til jubilantar er sendt ut.
Om du er jubilant og ikkje har motteke invitasjonen, gjer vel og ta kontakt med kyrkjekontoret!
Konfirmantkokkene
Denne vinteren har dei komande konfirmantane vore så heldige å få servert mat av to trivelege og erfarne kokker når dei, rett frå skulen, har kome til konfirmantførebuingane på Kraftverket og i kyrkjene.
Arnhild Lyngved og Mari Teigum har stilt som friviljuge og sørga for at ungdomane har fått energipåfyll før dei har teke til med undervisninga.
Korleis kom dette i gang?
-Det var Endre som spurde og vi sa «lykkeleg JA», ler MAri
Det er artig å vera med på noko når ein har så god tid, seier Arnhild Begge roser ungdomen som er så trivelege – ja, rydde etter seg gjer dei og`!
Kva hugsar dei frå si eiga konfirmasjonstid?
Are
Arnhild: Vi hadde konfirmasjonsundervisning i Marlo og dit måtte vi sykle. Presten var Knut Hoel. Vi måtte pugge salmevers – ja, dei salmane hugsar eg enno. Vi hadde rømmegraut, heimelaga kjøtkaker og riskrem til
middag. Dengong var det vanleg å gje 5 kr som pengegave, men ein fekk andre gaver også. Alle jentene hadde rondastakk – ingenhadde bunad den gongen.
Mari: Eg vart konfirmert i Heidal og der varte konfirmasjonsundervisninga i 3 veker .Samanhengande - kvar dag bortsett frå i helgene. Vi måtte også pugge salmevers, men eg er usikker på om kor mange av dei eg hugsar no, ler ho. Vi hadde rømmegraut og snitter til middag. Ein10ar var vanleg i pengegave da eg konfirmerte meg.Eg hugsar eg fekk 90kr av nokre eldre slekningar og det var ei heil formue ! Vi hadde også rondastakk.
Arnhild og Mari stod også for pynting og servering under konfirmantbryllaupet onsdag 12.juni.
Der vart det servert rømmegraut, spekemat og bløtkake.
TEKST OG FOTO: RUNA AURMO
Frigjørings- og veterandagen 8. mai i Nordberg
Også i år var det 8. mai markering med kransepålegging på bautaen ved Nordberg kyrkje. Veteranar frå FN-styrkane og konfirmantane våre var og med. Her er talen eg heldt:
”Kjære alle dere som har kommet til årets markering av 8. mai her ved Nordberg kyrkje. Spesielt velkommen til konfirmantene våre, som har blitt invitert til å delta. Dere er invitert fordi vi har kristen etikk som tema på en av samlingene våre.
Dagen markering er en markering det er enkelt å knytte kristen etikk til; for etikk handler om verdier, og hvilke valg vi gjør ut fra verdiene våre. Alt har verdi, så spørsmålet er ikke om dagens markering har verdi, men mer å reflektere over de verdiene som ligger til grunn for markeringen.
Dette blir forsterket gjennom konserten i kirka vår, der Elias og Veronica Akselsen skal fortelle og synge om de reisendes kår i Norge.
Om vi tar det første først: 8. mai er en minnedag over fredsdagen i 1945 da den andre verdenskrig var over her i Norge. Etter 5 år med mange utfordringer for det norske samfunnet, åpnet det seg en herlig mulighet til å leve i fredelige kår uten at nordmenn skulle bli utsatt for undertrykking, vilkårlige maktovergrep, krigshandlinger, frykt for eget og andres liv, og alt det som krig fører med seg. Historiene fra den andre verdenskrigen er mange, og i de siste årene er det laget flere kinofilmer med historier fra krigen.
I dag legger vi ned krans her ved bautaen, der vi minnes de to her fra Skjåk som omkom i utenriksfarten under den andre verdenskrig.
Men krigene stoppet ikke opp. Det har vært mange og grusomme kriger i verden etter den andre verdenskrigen, og vi har jo flere aktive kriger å forholde oss til også i dag.
Norge har bidratt til mange av disse krigene med fredsbevarende styrker. Allerede i 1947 stilte vi mannskap til Tysklandsbrigaden, som gjennom flere år bidro til fred og ro i Tyskland etter
krigen. Senere ble de fredsbevarende styrkene opprettet gjennom FN-systemet, og Norge sendte kontingenter bl.a. til Libanon og Balkan.
Med denne bakgrunnen ønsker vi i dag på 8. mai å markere veteranene fra de fredsbevarende styrkene, som bor her i Skjåk. De har gjort en viktig innsats for freden der de har tjenestegjort, der de bidro til å gjenopprette ro og orden i krigsskadde områder.
Norge har en historie og en tradisjon ved å legge vekt på gode humanistiske verdier. Hva er godt for oss mennesker? Hvordan er det mulig å skape gode samfunn der vi kan leve i fred og fordragelighet?
Jeg tenker at vi som samfunn bygger gode systemer der vi blir tatt med på råd, og får anledning til å være med på å bestemme hvordan samfunnet vårt skal være. Vi har et åpent og demokratisk politisk system her i landet, der vi alle har anledning til å delta i samfunnsdebatten.
Kransnedlegging ved bautaen i Nordberg. Konfirmantane deltok.
Og det er her i denne smeltedigelen av ulike meninger vi former samfunnet vårt. Inn i den politiske diskusjonen bringer vi med oss våre egne verdier og oppfatninger. Vi kan selv være med i diskusjonen.
Resultatet av slike prosesser blir oftest vedtak som er resultat av kompromisser, som favner flest mulig mennesker.
Det å ha et slikt åpent samfunn har en uvurderlig verdi! Dette er et system som bidrar til at Norge faktisk er verdens femte beste land å leve i!
I fåmannsvelde og i diktaturer er det helt annerledes. Der er det færre mennesker som bestemmer, og der er det mer vanlig at de som styrer sørger mest for seg selv, og lar landets borgere komme i bakgrunnen. Dette fører til motstand og konflikter, kamp og undertrykkelse.
I Norge er det tyngden av de kristne og humanistiske verdiene som er styrende for oss. Og dette er verdier som handler om å ville hverandre vel, og kjernen i kristentrua vår er å sette søkelys på vår nestes ve og vel.
Men det er fortsatt grupperinger i landet vårt som opplever seg tilsidesatt og undertrykket. Sannhets- og forsoningskommisjonen kom med sin
rapport i juni i fjor, som omhandlet samer, kvener, og skogfinner. Disse gruppene har vært utsatt for fornorskningspolitikken i Norge, der resultatet ble at kulturen og språket deres har blitt undertrykt og skambelagt.
Staten har selv bidratt til å rette opp i disse historiske feilgrepene, og sannhetsog forsoningskommisjonens rapport har gitt et stort og godt grunnlag å arbeide ut ifra, i det fortsatte arbeidet for likeverdighet. For likeverdighet er også en verdi som vi liker å sette høyt. Tatere, sigøynere, reisende, romanifolk, romfolk er og en gruppe mennesker i Norge som har vært utsatt for mye diskriminering og vilkårligheter ifm. deres opphav, språk og kultur. Dette vil vi lære mer om under konserten til Elias og Veronica. Denne gruppen ble ikke behandlet i sannhets- og forsoningskommisjonen.
I dag på 8. mai heiser vi flagget, vi feirer nasjonen vår, og vi feirer den gode friheten og freden som vi lever med her i landet vårt. Det viktige ved å minnes og se tilbake på tidligere hendelser, er at vi bruker erfaringene våre til å skape en god framtid; ikke for noen, men for alle!”
Kåre Gloslie
Fastesamling i Presthaugen
Som eit samarbeid mellom kyrkjene i Lom, Skjåk og Vågå har vi prøvd oss med ei felles samling for konfirmantane i forkant av fasteaksjonen før påske. I fjor hadde vi eit opplegg med Lom og skjåk og i år vart alle tre bygdene med så det var ein god gjeng som møttest i Lom stavkyrkje. Her deltok vi på ei felles messe og fekk ei kort omvisning før vi gjekk opp i Presthaugen. Her samla vi oss kring den nye grillplassen og fekk servert heilgrilla lammelår i brød. Ei fin påminning om Jesu siste måltid. Deretter bevega vi oss ned på ungdomsskulen der vi fekk informasjon om fasteaksjonen alle konfirmantane deltok på i veka etter. Totalt kom det i år inn nærare 33 millionar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med å skaffe reint vatn ulike stader i verda. Til slutt såg vi ein film som omhandla det å vera på søken etter noko større i livet. Takk for ein fin dag saman, takk til Mogard i Skjåk for eit godt måltid og takk til konfirmantane for ein fin innsats under innsamlingsaksjonen.
Skaparverkets dag
Sundag 9. juni vart Skaparverkets dag feira i Nordberg kyrkje
Desse flotte tiåringane fekk sin eigen teikneseriebibel under messa. Alle konfirmantane var med denne dagen, og nokre føresette stod for eigen kyrkjekafè i kyrkjestugu der inntekta gjekk til Himalpartner som kyrkjelydane i Skjåk og Nordberg har misjonsavtale med.
FOTO: ENDRE SKJÅK
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Tårnagentar i Nordberg
Alle 8-åringane i Skjåk har vore invitert på tårnagentsamling i Nordberg. Her fekk alle vera agentar og ta del i oppnøstinga av eit mysterium gjennom ei oppdagingsferd i kyrkja som blant anna tok oss opp i tårnet. Til slutt fann alle gruppene fram til løysinga som var namnet på ei dokke som så vart ”døypt” i tårnagentmessa. Ei fin samling med mange ivrige frammøtte som både fekk utforska og vorte betre kjende i kyrkjebygget og lært litt om kva som skjer i ein dåp.
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Gjestebod
Tradisjonen tru avslutta konfirmantane undervisinga si i vår med gjestbodsfeiring.
Bodsmannsbøna vart formidla av Endre Skjåk, som og las dikt i seremonien.
Rikard Melhus Dahl bidrog musikalsk.
Tuva Prestjordet og Heming Aaboen var ”brurfolk” som lova kvarandre evig venskap. Vitne til dette var Esten Brukveen Borgstrøm og Thilde Kveum Bergheim.
Etter seremonien i kyrkja vart det festmåltid i kyrkjestugu med rumgraut og spekemat og sjølvsagt blautkake til dessert.
Neste samling for konfirmantane er messeverkstad, der dei førebur samtalemessa.
FOTO: ENDRE SKJÅK
Nergård Steinindustri A/S
Tlf: 71 29 98 88 • Ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.
POLLFOSS
HOTELL I RESTAURANT En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com • Skjåkvegen 3484, 2693 Nordberg
SKRIFTHUGGEREN AS
v/ Jørn Westby
Inskripsjonar og oppussing av gravminne Tlf. 413 21 075 • post@skrifthuggern.no
Gravferdshjelpa Lom og Skjåk
Båretransport • Kiste • Stell/Visning
Annonsering • Salmeark • Blomar • Minnesider anne@gravferdlomogskjaak.no • tlf 957 23 671
2690 Skjåk tlf 61 21 38 90 www.skjak-trelast.no
Skal du feire en stor dag?
Bygd
Frå vogge til grav
NORDBERG SOKN
Døde:
Erik Bustad f. 10.01.1957 – d. 09.05.2024
Vigde: 15.06.2024
Floor Hendrika Helena Lintjens og Erlend Stuart Serendahl
Døypte: 26.05.2024
Ella Eiesar
09.06.2024
June Bakke
SKJÅK
SOKN
Døde:
Kari Krogstad f. 06.05.1934 – d. 12.03.2024
Tove Forberg f. 12.01.1952 – d. 26. 03. 2024
Arne Odden f. 11.11.1951 – 02. 04. 2024
Roald Skåre f. 17. 01. 1928 – d. 11. 04. 2024
Ragnhild Ulen f. 29.05.1944 – d. 28.10.2023
Annonser_kyrkjebladet.indd
Urne sett ned på Skjåk kyrkjegard 31.05.2024
Sigurd Sveen f.11.02.1956 -d. 24.05.2024
Atle Andreassen f. 20.06.1947 – d. 12.06.2024
Eivind Brandsar f. 10.11.1940 – d. 20.06.2024
Vigde:
01.06.2024 Nina Kvalheim Kveum og Stein Are Bergheim
Døypte: 24.03.2024
+47 612 17 474 post@grotli.no
HØYFJELLSHOTELL På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper.
Skjåk Gartneri AS
Tlf. 901 69 255
Fylg oss på Facebook: Skjåk Gartneri
AKANTUS
Tiril Bråten 14.04.2024
Aurora Eiesar
Turi Jøingsli Jære
Ingeborg Kveum Aamodt 28.04.2024
Aron Berger 12.06.2024
Noa Hånsnar
Hedda Teigen
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
God sommar
Gode sambygdingar og lesarar av kyrkjebladet i Skjåk
I år fekk vi ein tidleg smak av sommaren, med gode temperaturar og rikt lauv alt til den 17.mai.
Det er mykje forventningar hjå dei fleste til denne årstida. Forventningar som er tufta på eigne erfaringar, men og forventningar frå omverda vi lever i. Dei aller fleste har noko meir frie tidsrammer nå i sommarmånadane, andre har den mest hektiske tida på året. Uansett travle eller late dagar, må vi håpe på ein god sommar for alle.
Eg hadde akkurat besøk på kontoret av ein ungdom som gleda seg på skulefri og sommarjobb. Ferietid er å gjera noko anna enn til dagleg, og for mange av ungdommane våre er det einstydande med sommarjobb. Ein del an ungdommane våre arbeider gjennom sommarjobbsatsinga som Skjåk kommune har hatt sidan 2003. Tiltaket er for ungdom mellom 14 og 18 år. Dei ulike bedriftene tilset ungdommar, og får støtte frå Skjåk kommune utrekna på vekesverk. I 2023 var det rapportert 161 vekesverk fordelt på 32 ungdomar blant dei 10 verksemdene som deltok. Attendemeldingane frå bedrifter og ungdom er særs gode.
For ein tenåring kan skuleferien bli lang, da er det godt å ha ein arbeids-
Bismo Bilverksted AS
2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00 / 922 13 597
YX Skjåk
plass å gå til. Det er mykje verdifull læring og nytte i dette prosjektet. Det er mange av oss som har vår fyrste erfaring som arbeidstakar nettopp gjennom sommararbeid, helgearbeid og elles når det var skulefri. Nyttig erfaring, om det kunne vera tøffe tak enkelte gongar når det var mykje som skulle lærast og gjerast på kort tid. Eg vil nytte høvet til å takke alle verksemder som tek inn ungdommar i arbeidslivet, og med dette legg eit fundament for framtidig arbeidskraft. Takk!
Eit av mine sommarminne er frå kristen sommarleir på Kirketeigen i Kvam. Ein sommarleir med musikk, song og glede i eit fellesskap for nokre dagar. Eit godt barndomsminne!
Bygger´n Skjåk, 2690 Skjåk • Tlf 61 21 38 80
2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53 tlf 97 70 08 14 • www. turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
Radon i huset ditt?
Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. Tlf.: 90 68 81 13
Foto: Fjuken/arkiv
Musikk og song er ein del av forteljartradisjonen vår som vi må verdsette høgt. Ein nær kjenning av meg seier det slik at ein har mykje glede den som har musikken i seg, og det fellesskapet som musikken kan gjeva. Så blir kanskje det ei oppfordring til oss alle i sommar; finn din sommarmelodi og del den med andre, for slik å spreie glede.
God sommar!
Edel Kveen, ordførar
2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
Garcia Holding AS
Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113
Tlf 61 28 45 45
Skjåk TuristheimSkeid Kro epost: sissel@skeidkro.no