16sider_Jul2024_trykk

Page 1


KYRKJEBLAD

Skjåk og Nordberg

Nr. 4 • Desember 2024 • 84. årgang

God jul!

Motiv frå måla tavle i Skjåk kyrkje. Foto:Steffen Laursen.

Messeplan

Desember 2024 - April 2025

Sundag 15. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje

Sundag 22. desember kl. 19.30 Nordberg kyrkje. Vi syng og spelar jula inn

Tysdag 24. desember kl. 11.30 Skjåkheimen. Julekveldsmesse.

Vemund Vang deltek. Kl. 16.00 Skjåk kyrkje. Julekveldsmesse

Onsdag 25. desember kl. 11.00 Nordberg kyrkje.

Juledagsmesse

Tysdag 31. desember kl. 11.30 Skjåkheimen. Nyårsmesse

2025

Onsdag 1. januar

kl. 19.00 Nyttårskonsert i Garmo kyrkje. ”Vi lyser i stille grender”

Sundag 12. januar

kl. 19.30 Skjåk kyrkje. Vi syng jula ut. Konfirmantpresentasjon. Kyrkjekaffe.

Sundag 19. januar

kl. 11.00 Nordberg kyrkje.

Messe med barnedåp.

Sundag 26. januar

kl. 11.00 Skjåk kyrkje.

Messe med barnedåp

Sundag 16. februar

kl. 11.00 Nordberg kyrkje

Sundag 23. februar

kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe med barnedåp

Sundag 9. mars

kl. 11.00 Nordberg kyrkje

Sundag 16. mars

kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe med barnedåp

Sundag 23. mars

kl. 11.00 Nordberg kyrkje

ANDAKTER PÅ SKJÅKHEIMEN:

Tysdag 28. januar kl. 11.30

Tysdag 18. februar kl .11.30

Tysdag 25. mars kl. 11.30

Kyrkjelege seremoniar: Dåp/ Konfirmasjon/ ta kontakt med kyrkjekontoret på epost: kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no eller tlf 909 56 437

Vigsel tlf.909 56 437

For å melde dødsfall og gjere avtale om gravferd: ring kyrkjeverje tlf 971 61 560 eller arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR

Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

Skjåk kyrkjelege liv www.skjaak.kyrkja.no

Blomefonda i Nordberg og Skjåk

Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.

Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no

Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543

Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547

Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Nordberg og Skjåk Sokn

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset

Moavegen 30, 2690 Skjåk

Kontoradresse: Skjåk Energi

Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no

Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00

Mobil: 909 56 437 / 948 62 267

Sokneprest

Kåre Gloslie tlf: 970 35 967 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Kyrkjelydsekretær

Kari Ørjasæter kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Kyrkjeverje

Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Kyrkjetenar Nordberg/Skjåk

Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no

Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.

Organist

Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com

Trusopplærar

Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no

Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Siv Jorunn Welve tlf: 415 24 571 sjw_886@hotmail.com

Kyrkjebladredaksjonen: 909 56 437 kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no

Abonnere på kyrkjebladet

Innanbygds: Friviljug kontingent

Utanbygds: Kr. 200,- pr. år

Kontonr: 2085.07.45170

Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»

No er det jamt slutt ... kanskje! Soknepresten

I juni fyller eg 70 år, og da må eg gå over i pensjonistanes rekkjer. Det tyder at eg har sagt opp stillinga mi som sokneprest her i Skjåk frå 1. juni. Stillinga som sokneprest i Skjåk vert lyst i ut løpet av våren.

Det kom brått på, og hovudet mitt er ikkje heilt med på at eg har blitt så gammal at eg må slutte i arbeidet mitt.

Eg kom til Skjåk som fersk og nyutdanna prest i juni 2004. Da var eg den niande vikaren i ein turbulent tid i kyrkjestaben her. Eg vart verande i eit år. I denne tida hadde eg verdas brattaste læringskurve. Brått gjekk det opp for meg at eg skulle ha konfirmantar. Det hadde eg ikkje tenkt igjennom, så eg måtte vri hjerna mi om korleis eg skulle legge opp samlingane. Innhaldsmessig vart det så som så, men alle vart konfirmert. Og det som har vore gledeleg i etterkant, er at eg treffer konfirmantane mine frå den gongen i giftemål og dåp i dag. I det heile har eg blitt kjend med mange trivelege folk her i Skjåk opp gjennom åra.

Etter å ha vore borte i fire år, kom eg attende til Skjåk i 2010. Då fekk eg stilling som fjellprest og prostiprest i Nord-Gudbrandsdal prosti. Denne stillinga hadde eg i to år. Då søkte eg og vart sokneprest her i Skjåk i desember 2012.

I 2013 vart eg enkemann, og eg skal ikkje legge skjul på at tida etterpå vart vanskeleg for meg. Men eg valde å bli her i Skjåk, og i dag trivst eg godt både med arbeidet mitt og med livet mitt.

Å være prest kan være ganske så utfordrande, og til tider synes eg det har vore krevjande. Men heldigvis er dei gode og trivelege stundene i fleir-

Skjåk Tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

tal, og eg har trivst godt i arbeidet mitt som prest.

Eg tenkjer at eg ikkje vil gje meg heilt enno. Når eg vert pensjonist kan eg ta på meg vikariat, og eg ynsker først og fremst å bu heime her i Skjåk og arbeide i NordGudbrandsdalen. Mykje kan gjerast med å kombinere arbeid og hei mekontor i dag.

Men fyrst skal vi feire jul. Eg ynskjer og håper at det vert ei tri veleg jul for oss alle. Og eg tykkjer det er viktig no i den til tider masete førjulstida, at vi tenkjer på at vi skal feire Jesus-barnet i krubba! Vi feirar at vi er ein del av den guddommelege skapinga. At Gud kjem til oss og er med oss som opphavet til livet vårt, og som vår vegvisar og støtte gjennom livet. Det er verdas beste julegåve å få!

Eg ynsker kvar

og ein riktig god jul!

Skjåk Bil AS

Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70

Kyrkjekontoret

informerar

ADVENT-vente på monaleg nokre trivelege stunder og ei tid som mange av oss ser fram til. Ei tid for varme, ljos og omtanke.

Hausten har vore prega av all usikkerheit som har liggje over regionen vår om Fylkeskommunen sitt (meiningslause) val om å legge ned m.a. den vidaregåande skulen i Lom.

Det er eit kollosalt arbeid og engasjement som har vore synt og lagt fram i bygdene våre, ikkje minst frå ungdomen sjølve. Dette vitnar om kva for verdiar som ligg i botnen. Og skal ikkje dette verte vektlagt, så kan ein få stadfesta sine tvil om kva for funksjon som er grunnlaget for fylkeskommunen. Håpet er at dei ansvarlege ser på alt på ein sakleg måte og konkrete tal som ligg på bordet. All honnør og respekt til alle som bidreg til ønskjet om levande bygder og busetnad av folk i alle generasjonar. Grensestolpen ved Ysteriet har iallfall ikkje vore noko skille mellom kommunane i haust, skulesaka er eit godt døme på det.

Elles i det kyrkjelege livet går livet sin vante gang med dei gjeremål som høyrer til.

Det har vore informasjonsmøte for konfirmantane i 2025 og det er stor oppslutnad og ønskje om å konfirmere seg i kyrkja.

Andre sambygdingar har fått liva sine omsnudd, det har vore opplevingar som gjer at livet på det næraste kan stoppe opp. Og vi treng ikkje å sjå så vidt og langt for at ein kan få kjenne på kroppen kva for konsekvensar, det kan føre til når tilbod og teneste av ymse slag vert lagt ned og ”stor samfunnet” ikkje ser utkantNoreg.

Nå kan vi stadfeste at all utrydding av gamalt fuglereir og anna rask er endeleg ute frå loftet i Skjåk kyrkje Det har vore ein lang ryddeprosess. Frå fyrste til siste dugnad er det nok kome ut nærare 1000 storsekker med

alt mogleg skrot/kvist/gamle matter og liknande.

Det er på det næraste ufatteleg kor mykje det hadde samla seg og kva for skade slikt gjer. Alt er rydda, støvsuga og det er lagt isolasjonsduk og matter

i alle skipa.

Når alt vart rydda ut, kom det til syne at innfestinga av baldakinen (taket på preikestolen) var i ein svært dårleg tilstand. Soknepresten fekk difor ”forbod” om gå på preikestolen før dette vart ordna. Baldakinen er nok nærare 200 kg. Men nå er ny stokk og nytt feste på plass. Så sokneprest Kåre kan trygt gå på preikestolen att!

Av og til så kjem det saker som omhandlar GRAVFERD i media og oftast blir det fortalt at alt som omhandlar dette er svært kostbart.

Det er sjeldan at gravferd vert halde utan at ein nyttar eit gravferdsbyrå, men av og til kjem spørsmålet om ein kan ordne ei gravferd sjølv.

Svaret er: Ja, det meste kan ein ordne sjølv med hjelp frå kyrkjelege tilsette eller andre. Valet om dette er det pårørande som tek sjølve.

For mange er det ei stor og god hjelp å kunne velje å kjøpe ei teneste, det er mange avgjersler som må avklarast på stutt tid. Det kan vere fyrste gong at ein må handtere ein slik situasjon, samstundes som at ein kan vere i sjokk og all usikkerheit som fylgjer med dette.

Kyrkje, kyrkjetenar, organist, prest og taking av grav er gratis i den kommune, som du er folkeregistrert i, dersom du er medlem i Den norske kyrkje.

Det som er ei utgift er m.a. kiste og transport, salmeark, annonsering, blomar og evnt.andre innslag ein ønskjer i seremonien. I Skjåk er det t.d.bøker ein kan nytte i staden for å trykke opp salmeark.

Dekkinga av båretransport har ein eigenandel på kr 2868,- dette er begrensa til næraste naturlege gravplass-alternativ er til næraste krematorium, som for Skjåk sin del, er Gjøvik.

For å få støtte til båretransport må den avdøde ha vore medlem i folketrygda ved sin bortgang. Dødsfallet har funne stad i Noreg - transport innan Noregs grenser.

Transportavstand frå dødsstad til gravplass må vere meir enn 20 km.

Ein kan og søke på gravferdstøtte etter gjeldande regler, den er pr i dag opptil 28 677 kroner, dette er ein stønad som er behovsprøvd.

Alle søknadsskjema kan ein finne på nav.no og ein kan sjølv kontakte dei for meir informasjon.

Ansvar for gravplass er ei kommunal oppgåve, men på dei fleste stadar i

Noreg så er det kyrkjeleg fellesråd som er gravplassmynde. Slik det er her, er det Skjåk kyrkjelege fellesråd som gjer dette for Skjåk kommune. Det er og kommunestyret som fastsett storleiken på festeavgift etter innspel frå Skjåk kyrkjelege fellesråd.

I praksis så kan du sjølv velje, kor mykje du vil ha hjelp til frå byrå eller kyrkjekontoret, men hjelp frå kyrkjekontoret og dei tilsette er gratis.

Elles så er det nyleg sendt ut krav om festeavgift kr.180,- pr år sendt for 2 år om gongen

Ei grav er ”gratis” i 30 år på Skjåk kyrkjegard og 20 år på Nordberg kyrkjegard. For urne 20 år.

Det er og betaling frå dag 1 ved reservasjon av grav. Når grava vert teken i bruk, om vert den ”gratis” i tidsroma nemnt over.

Kremasjon om ein er folkeregistrert i Skjåk kr 5.950,-, frakt og adm. kostnad kr 400,-.

Vil elles minne om at det ved kvar gravferd ligg ute liste til Blomefonda, sjølv om det frå pårørande er ynskt gåver til andre føremål.

Blomane som vert teke ut frå blomefonda i Skjåk og Nordberg er støtta med kr.100,- pr.gravminne

Vi er så heldige at det nå er på plass ei ressursgruppe i kyrkjene, noko vi set stor pris på.

TAKK for gåver til blomefonda.

TAKK til nemnda for konfirmantjubilet 2024 for gåve til Kyrkjebladet.

TAKK for gåve frå Rolv Håve si gravferd til Skjåk kyrkje.

TAKK for gåve til vedlikehald av Skjåk kyrkje frå Gunvor Tofte.

TAKK til annonsørar i Kyrkjebladet.

TAKK til dykk alle som kjem til kyrkja og støttar opp om verksemda vår på ein eller annan måte.

Eit år er snart slutt og eit nytt ligg ubrukt framfor oss.

Med ønskje om ei fredfull jul og eit godt nytt år så låner eg diktet Årsskifte av Kolbein Falkeid som har sett ord på dette:

Årsskifte

Nå gløtter tiden på timeglasset:

– Et sandkorn faller.

– Et år forsvinner.

Vi står tilbake og raker sammen en liten gravhaug av gamle minner. Vi raker sammen og ser tilbake.

Tilbakeblikket –hvor tungt det veier! Så kaller tiden fra svingen forut, og vi må vandre med hva vi eier.

Arnborg Teigum

Lugn hvilar sjøn

- Salma sit i ryggmargen og fører meg inn til ro og harmoni. Ein blank og stille sjø i samklang med ord og tonar, seier Mari Brenna og fortel:

- Året var 1968 / 69. Tid for å utvide aksjonsradiusen frå heime og Skjåk. Endeleg låg « den store verda» klar for meg. Frå nå skulle heimbygda berre vera ein plass å koma attende til i feriane og liknande

- Min agenda var å bli sjukepl. Og deretter arbeide på ulike stader og på ulike felt innan faget. Fyrste steg var Elverum Folkehøgskule. Ein skule med mangfald til læring, mestring og personleg utvikling. Internatliv og gode lærekrefter rundt oss heile døgnet. Alle

96 elevane sang i Skulekoret. Øving kvar veke. Ein entusiastisk dirigent fekk oss til å tru vi representerte eit verdenskor. Stoltheit lyste truleg i augo våre. Vi sang det kvar øving og på konsertar på og utanfor skulen.

- Den er sååå vakker!

- « Forever mi salme»

Ps. Eg kom attende til Skjåk i 1977. Er nøgd og stolt for det.

Eg utfordrar Berta Helene Sveen til å skrive om mi salme til neste nummer av kyrkjebladet.

Foto: Fjuken arkiv

Lugn hvilar sjøn

Komponist: Heinrich Pfeil.

Født den 18 desember 1835 i Leipzig. Død 17. april. Han var kjent i Sverige for å ha skrivi denne salma

Lugn vilar sjön. Kring berg och dalar, nu breder natten mildt sin arm, och fågelns röst ej mera talar, han slumrat in vide skogens barm, han slumrat in vid skogens barm.

Lugn vilar sjön. Re’n aftonvinden till ro sig lägger ned vid ön. Nu blomman blygt sitt huvud sänker; hon beder fromt sin aftonbön Hon beder fromt sin aftonbön.

Lugn vilar sjön. Så fridsamt vinka de ljusa stjernor, från det blå. Var tyst, var still, o mänskohjärta!

Snart även du skall friden få Sbart even du skall friden få..

Julenøtter

1. Kven skreiv «Julekveldsvisa»?

2. Kva var namnet til dei tre vise menn?

3. Kva var gåvene dei tre vise menn hadde med til Jesusbarnet?

4. Kva tyder det latinske namnet «advent»?

5. Kva er fargen på mistelteinbæra?

6. Kven syng «Home for Christmas» (norsk artist)?

7. Hva tyder den raude og den kvite fargen vi har på juleljosa?

8. Kvar vart Jesus født?

9. Kva er ei krybbe?

10. Når vart det fyrste julekortet sendt?

11. Når ringer vi jula inn (tidspunkt)?

12. Når – og kvar er det messe julekvelden i Skjåk?

Svar
1. Alf Prøysen
2. Kasper, Baltasar og Melkior
3. Gull, røykjelse og myrra
4. Herrens komme
5. kvit
6. Maria Mena
7. Raud for Kristi blod, kvit for Jesu reinleik
8. Betlehem
9. Trau eller spiltau

Juleandakt 2023

Eit bilete å feste håpet til

«Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i», song ein stor himmelhær over verda julenatt, og over det vesle barnet i krubba.

”Å sjå det store i det små» har vorte eit uttrykk for oss, på mange måtar ein klisjé. Men klisjéar held ofte ei sanning. Og er det noko eg har vorte mint på når eg har reist i heile bispedømmet, er det nettopp å sjå det store i det små. I møte med menneske sine liv og lengsler, og behov for tryggleik og fellesskap lokalt, rører vi ved liv, lengsler og behov i verda. I møte med sørgjande som har mist ein av sine kjære, eller i møte med nybakte foreldre, vekkast kjærleiken og omsorga som er universell. Granskar vi mikroorganismar i naturen, eller

gler oss over ei bie eller ein blome, får vi samstundes ein glimt av universets mysterium og heile det uendelege kosmos. Eg har lært å sjå det store i det små, fordi Gud kom til verda i eit lite barn. Fordi Gud let seg fødast til jorda. Ordet som vart menneske. Kan du sjå det store i det små?

Ordet skapa lyset den morgonen. Gud sa: «Det skal bli lys!» Og det vart lys! Dette Ordet blir fødd på ny og blir lys som skin i mørkeret, ja, som skin for kvart menneske. Slik opnar evangeliet til Johannes. I kunsten kjem dette til syne gjennom måleri av Jesu fødsel. Det finst ikkje lys i stallen. Lyset i måleriet strålar ut frå barnet. Og det er dette lyset som skin på alle dei andre i stallen. På stolte og slitne foreldre. På fattige og litt forskremde gjetarar. På dyr og detaljar i rommet. Det lyser på alt det skapte, og skapar ny verkelegheit. Slik tolkar kunsten den verkelegheita som vert skapt i Jesu fødsel og i Guds kome til verda. «Det som vart til i ham, var liv, og livet var lyset for menneska. Lyset

skin i mørkeret, og mørkeret har ikkje overvunne det».

Jula kjem med ei gåve til oss alle. Den kan verke lita og ubetydeleg. Berre ord? – ei forteljing om ein fødsel? Men Jesus skapar ein skilnad. Juleevangeliet gir oss eit bilete å feste håpet til.

Ser vi det store i det små? Nå som verda feirar jul igjen, møtast vi av evangeliet om nåde, håp og glede. Vågar vi tru det, som gjetarane på markene? Når vi tenner lysa, syng og samlast og et – i kyrkje-rommet og i alle andre rom i høgtida. Over heile verda, der kontrastane er så store at dei nesten ikkje er til å halde ut, og når verkelegheita slår imot oss, ligg det ei bøn og eit levande håp i julefeiringa vår. Eit lys som skin i mørkeret. I Ordet som skapar lyset og livet.

I Gud som kjem – får vi også tru.

Biskop Ole Kristian Bonden. Foto: Lars Martin Bøe
Adoration of the Child av Gerrit van Honthorst avfotografert fra Uffizigalleriet i Firenze. Foto: Hama Bispedømmeråd

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Julehelsing

Det er 1. advent, og eg er så heldig å gå ventetida og nedtellinga fram til jul i lag med to små i hus. Det var stor entusiasme å hente hjå 3-åring når ho såg det var kome stjerner i vindauga og eit par nissar fram.

1-åringen fartar rundt, og tek det heile med knusande ro, enda. Eg er heldig! Det er ikkje noko sjølvfølge å ha det slik. Verda blir stadig meir uroleg, og mange opplev nok å gå eit usikker jul i møte.

Mange stressar nok med både bakst og husvask i tida framover, meg sjølv inkludert. Men på same tid senkar eg skuldrane og tenkjer som så at det er dei ein har rundt seg i jula som er det viktigaste, ikkje at kvar ein krok er støvfri. Jula kjem lell.

Jula for min sin del er og ei tid for ettertanke, der eg tenkjer ekstra på dei som ikkje lenger er rundt oss, men og glede over dei som er tilstade, store som små. Slik trur eg det er for dei fleste av oss.

Ha ei fin førjulstid, ta vare på kvarandre.

God jul.

Helsing Siv Jorunn Welve Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd.

Våre fine konfirmantar

20. november var det innskrivings- og informasjonsmøte for nye konfirmantar i Kraftverket. Vi gler oss over å bli kjent med 16 flotte ungdommar i tida som kjem!

Desse er: Torjus Eiesar-Moen, Celina Bøhle, Bjørnar Melhus Aaboen, Vemund Vang, Ørjan Fallingen, Trine

Tråstad Kvålshagen, Stella Agnete Blien Holand, Rakel Krogstad, Margrethe Sperstad Kveen, Line Fallingen Høiberg, Rikke Røhr Brukveen, Elisabeth SkjåkHidemstrædet, Thyra Isabel Brandsar, Vilde Holø, Jenny Eiesar. Ina Kolstadløkken Bergli var ikkje til stades da biletet vart teke.

Ljos vaken

Også i år vart alle 11 og 12-åringar i bygda invitert til å vera med på kyrkjegardsvandring i Skjåk kyrkja i høve allehelgen. Dette er vårt Ljos vaken-arrangement og har vorte ei populær samling med stor oppslutning. Fyrst har vi ei samtale kring døden og begravelser samt historia bak allehelgen og halloween og kva som er forskjellen på desse. Her kjem det opp mange spørsmål og tankar som det er fint å kunne prate om i lag. Deretter går vi ut på oppdagingsferd på kyrkjegarden med lommelykter for å finne forskjellige symbol og liknande på gravsteinane. Til slutt samlast vi i kyrkjestugu for sjokolademjølk, kake og spøkelseshistorier. Alt i alt ei litt skummel og spanande og samstundes viktig samling. Takk til alle som kom.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Peder Ekroll vart døypt i Nordberg kyrkje 17. november. Foreldre er Synnøve Bustad og Per-Egil Ekroll.

Olve Tjønneland vart døypt i Skjåk kyrkje 6. oktober. Mor er Ingvild Tjønneland.

Retting frå Kyrkjeblad nr. 3

I blad nr 3 hadde namnelista over 60årskonfirmantane fått ein ufriviljug reduksjon. Framme frå v. er Torill Mork Lundemo, Oddbjørg Hyrve Dagsgard, Arnhild Aaboen og Astrid Hove Sandbu.

Maja Øyberg er rett namn på dåpsbarnet som var avbilda i førre nummer.

Ida de Presno vart døypt i Skjåk kyrkje 24. november. Foreldre er Aleksander Garcia de Presno og Mari Prestjordet.

Klypp frå Kyrkjebladet, julenummeret 1985

Klypp frå Kyrkjebladet, julenummeret 1992

Kaffe med ressursgruppa

5. desember, på verdas dag for friviljugheit var det skipa til førjulshygge med ressursgruppa av frivilugje som vi er så heldige å ha i kyrkjene våre.

Ikkje alle kunne kome, men dei som var til stades fekk ei triveleg stund med kaffe og kake, dikt, høgtlesing, ein liten kviss og sjølvsagt mykje god prat.

Vi er heldige som har så mange som vil bruke av tida si til å vera med i det kyrkjelege livet – og det er plass til enda fleire!

Julegåveidé

Kjøp billett til nyttårskonserten i Garmo som er eit felles prosjekt for kyrkja i Lom og Skjåk.

Kunngjeringar

Julehelsing frå Pleieog omsorgstenesta

Vi nærmar oss slutten av året, og vi i Pleie- og omsorgstenesta vil få takke for alle små og store bidrag som vi har motteke, samt alle trivelege besøk i løpet av året. Vi håpar alle får ei god og fredeleg jul, og vi vil ynskje alle eit godt nytt år med dette utdraget av diktet ”Fred” av Jan Magnus Bruheim:

FRED

Ein blåsande julekveld set eg meg ned og undrast korleis vi kan skapa fred.

Eg sit her og tenkjer tru bodskapen når til dei som lyt leva der ufreden rår?

Likevel har eg så barnsleg ei tru, at vi over usemja kan brygge bru.

Gudrun Teigen

Tenesteleiar Heimetenesta

Ingvild Mork

Tenesteleiar Skjåkheimen

Julegåveidé Kjøp eit abonnement på Kyrkjebladet til nokon utanbygds!

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Arbeid som kyrkjetenar?

Er du interessert arbeid i Skjåk kyrkjelege fellesråd?

Da er det plass til ein som vil vere med på arbeidslaget vårt.

Arbeidet er å halde kyrkje og kyrkjegard i orden og å møte menneske i sorg og glede, frå vogge til grav.

Er du omgjengeleg, ryddig, praktisk og ønskjer arbeid?

Ta kontakt med kyrkjekontoret for meir opplysning om stillingstorleik m.m.

Bolleverkstad og fireårsbok

Bolleverkstad og utdeling av fireårsbok i 2025 blir i Kraftverket i Bismo måndag 3. mars. Invitasjon kjem i posten!

Neste nummer av kyrkjebladet kjem før påske 2025. Har du idear til stoff du ynskjer å ha med i bladet, ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf 90 95 6437 innan 10. mars!

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

NYTTÅRSKONSERT I GARMO KYRKJE

Velkomne til fortsetjinga av ein årleg tradisjon med konserten

”Vi lyser i stille grender”

Iselin Aukrust (vokal og fele), Lasse Tronstad (trompet og bukkehorn),

Vemund Olav Aukrust (orgel), Vegar Vårdal (fele), Rasim Ramazanov (piano) og Endre Skjåk (tekst) har sett saman eit program i spennet mellom klassisk og folkemusikk. Her vert det både kjende julesongar og klassiske perler.

ONSDAG 1. JANUAR KL. 19:00 I GARMO KYRKJE

Pris kr 350,- Førehandssal og sal i døra til vipps nr 941609 (Barn under 18 år gratis)

2690 Skjåk tlf 61 21 38 90 www.skjak-trelast.no

Nergård Steinindustri A/S

Tlf: 71 29 98 88 • Ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

POLLFOSS

HOTELL I RESTAURANT En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com • Skjåkvegen 3484, 2693 Nordberg

SKRIFTHUGGEREN AS

v/ Jørn Westby

Inskripsjonar og oppussing av gravminne Tlf. 413 21 075 • post@skrifthuggern.no

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk

Båretransport • Kiste • Stell/Visning

Annonsering • Salmeark • Blomar • Minnesider anne@gravferdlomogskjaak.no • tlf 957 23 671

Skal du feire en stor dag?

HØYFJELLSHOTELL På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper. +47 612 17 474 post@grotli.no

Skjåk Gartneri AS

Tlf. 901 69 255 Fylg oss på Facebook: Skjåk Gartneri

AKANTUS

Bygd og ætt

Frå vogge til grav

NORDBERG SOKN

Døde:

Annbjørg Finnekåsa Aaboen f. 22.08.1945 – d.09 .10.2024

Otto Langleite f. 10.06.1939 – d. 08. 11.2024

Ragnar Peder Banken f.28. 01. 1934 – d. 02. 12.2024

Døypte: 17.11.2024

Peder Ekroll

SKJÅK SOKN

Døde:

Magnhild Solveig Rudsar f. 03.08.1936 – d. 19.10.2024

Irene Kirkestuen Melby f. 28.06.1969 – d.20.10.2024

Ragnar Melby f. 24.12.1936 – d. 11.11.2024

Sølfest Ludvig Guldbakke f. 06.07.1946 – d. 28.11.2024

Døypte: 06.10.2024

Olve Tjønneland

24.11.2024

Ida de Presno

Julekaffe

Skjåk bygdekvinnelag ber inn til julekaffe på Skjåkheimen 28. desember (4. juledag) kl 12.00.

Velkomne!

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Adventsstund i Nordberg kyrkje 8. desember

2. sundag i advent var det familiemesse / adventsstund i Nordberg kyrkje. 2- og 3- åringane våre var inviterte til å få si eiga julebok, og skuleborn var særleg inviterte denne dagen. Etter messa var det tenning og pynting av juletreet ved kyrkjestugu.

Bismo Bilverksted AS

2690 Skjåk Tlf: 90 26 10 12

YX Skjåk

Bygger´n Skjåk, 2690 Skjåk • Tlf 61 21 38 80

2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53 tlf 97 70 08 14 • www. turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

Radon i huset ditt?

Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. Tlf.: 90 68 81 13 bism elektr Tlf 61 28 45 45

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

Garcia Holding AS

Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113

Skjåk TuristheimSkeid Kro epost: sissel@skeidkro.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.