Fjuken - sommarmagasin 2024

Page 1


SOMMAR Lom, Skjåk, Vågå 2024 MAGASIN

GRATIS MAGASIN
God sommar, helsing frå

God sommar!

Ottadalen. Indrefileten. Fjell-Noreg. Dalenes dal. Midt i smørauget. Mat. Identitet. Kultur. Kulturlandskap.

Lista over positive ord ein kan bruke om Ottadalen og kommunane Vågå, Lom og Skjåk er uendeleg. Dei er ikkje flosklar eller klisjear – dei er relle.

Noko av alt det flotte vi har å by på gjev vi ein liten smakebit på i dette sommarmagasinet.

Som gjest i bygdene våre håpar vi at du både blir nokre dagar, spreier gode ord til vener og familie og vi håpar sjølvsagt at du kjem att for å oppleva meir.

Sjekk også kva annonsørane i dette magasinet har å by på. Det er beint fram ikkje måte på kor rikt næringsliv vi har i Ottadalen.

UTGJEVAR: FJUKEN/ SKJÅK MEDIAUTVIKLING AS, BOKS 83, 2694 SKJÅK. ANSVARLEG REDAKTØR: HANS ERIK KJOSBAKKEN.

Opplev Ullinsvin i sommar

Det

er mykje å oppleve i det stemningsfulle prestegardstunet i Vågåmo.

«To kunstutstillingar, fotoutstilling, ullfestival og fiberrik utstilling om tekstilet lin. Historisk hage, lokalmatutsal og galleributikk. Alt samla kring eit stemningsfullt prestegardstun yrande av liv: Vågåsommaren 2024 må berre opplevast!»

er klare for ein ny innhaldsrik sommar i Ullinsvin i

Slik blir Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå marknadsført.

Ullinsvin ligg rett ovanfor sentrum og består av i alt 13 historiske bygningar - dei fleste freda og fylt med utstillingar, aktivitetar, servering og levande bygdeliv.

Sommarutstillingar

Galleri Ullinsvin har sommar og haust skiftande kunstutstillingar. I tillegg til utstillingsbygget Galleri Ullinsvin som vart opna i 2019, er også den gamle låven, fjøset og stabburet i tunet på Ullinsvin sett i stand til utstillingslokale. Til saman gjev desse

lokala mange moglegheiter for ulike utstillingar med formidling av kunst, kultur og handverk.

I Fjoset og Fjostrevet har Gudbrandsdalsmusea temautstillinga «LIN. Frå frø til tråd», og på Stabburet har fotograf Orsolya Haarberg salsutstillinga «Stille natur».

Sommarutstilingane er opne fram til 8. september.

I fjor sommar var det rekordbesøk i galleriet, da dronning Sonja hadde separatutstilling med grafiske verk og keramikk. Sommaren 2024 er galleriet fylt med ei gruppeutstilling. «Håndlagde historier» er namnet på utstillinga, der ni internasjonalt anerkjende kunstnarar frå Innlandet syner fram smykke, glaskunst, tekstil og keramikk - kunst som fortel deira historier. Utstillinga rommar til saman 73 kunstverk. Ei anna utstilling det er verd å få med seg er separatutstillinga på låven: «Assosiasjoner og meditasjoner over Peer Gynt», av biletkunstnar Tone Dietrichson. I utstillinga undersøkjer Dietrichson dei djupare laga i Peer Gynt. Dietrichson går nye kunstneriske vegar gjennom installasjonar, skulpturar og materialarbeid i tillegg til måleri og grafikk.

«Gul stakk» av kunstnaren Torbjørn Kvasbø er blant verka du kan sjå i galleriet i sommar. FOTO: THOMAS TVETER
Dei
Vågå. Frå venstre: Tora Sandbu,

Prestegardshagen

I Ullinsvin kan du elles besøke den historiske og autentiske Prestegardshagen, som består av urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. .

Vågå Husflidslag har både salsutstilling, demonstrasjonar av handverksteknikkar og barneaktivitetar i Ullinsvin gjennom sommaren.

Ved høgst dag kvar torsdag blir det dessutan levande musikk i det stemningsfulle tunet. Lokalmatutsal og Café Edvard held også ope kvar dag fram til 8. september.

Ullfestival

4.-7. juli blir Ullinsvin Ullfestival arrangert - ein festival for deg som likar handverk i saueull. Her blir det kurs, foredrag og marknad relatert til ull, garn, strikking og broderi. Kursa finn stad i Ullinsvin prestegard, medan foredrag, marknad og måltid er i Jutulheimen, berre eit spasertur unna.

TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no

Kai Valbjør, Hege Lorentzen, Kristin Akslen Hagen og Live Hosar. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD
Galleriet i Ullinsvin vart opna i 2019, og kvar sommar og haust er det nye utstillingar i galleriet. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD

Kai Valbjør har stelt på eit gamalt vindauge og glaset på få ein ekstra puss.

Frøydis Ake Øvsteng lukar eit bed for ugras.

Om lag halvparten av dei friviljuge samla. Desse gjer ein stor innsats gjennom sesongen i den historiske hagen i Ullinsvin. Frå venstre står Svein Vole, Kari Hølmo Holen, Frøydis Axe Øvsteng, Ingjerd Håkenstad, Kai Valbjør, Randi Bøhn, Bjørnhild Rindal Øvsteng, Hanne Bakke, Anne Grøsland, Marie Skeidsvoll, Lene Andersen Gott, Mathias Øvsteng, Jens Hagen, Kari Brustuen Vole og Kjell Løkken. ALLE FOTO: ARVE DANIELSEN

Innsatsen frå dei friviljuge held

Prestegardshagen i Vågå levande

Det er mange som finn stor glede med å rusle i den historiske hagen i Ullinsvin. Bak kvar blome og urter ligg ein stor innsats frå friviljuge.

Vågå har ein av landets eldste prestegardar. I førkristen tid var dette ein kultstad, med namn etter guden Ullin. Det er Vågå historielag som eig Ullinsvin, der freda hus og galleri gjev ei fin ramme til den historiske hagen.

Prestegardshagen er eit levande kulturminne som gjev både glede og inspirasjon. Arbeidet med å gjenskape den historiske hagen starta i 2012, eit arbeid Unn og Bir-

ger Bostad skal ha æra for. Dei fekk Vågå kommune sin kulturpris for denne innsatsen.

Ei vidareføring av den historiske hagen har vore umogleg utan den store innsatsen som mellom 30 og 40 friviljuge gjer. Hagelaget under Vågå historielag har eit styre på tre, med leiar Kari Hølmo Holen, Magnhild Råstad og Ågot Råstad. Hagelaget er delt inn i grupper som har ansvar kvar fjerde veke. Vidare er det ei gruppe som har særleg ansvar for plen og

Kari Brustuen Vole svingar hekksaksa.

Delar av tunet med den tidlegare prestebustaden i Ullinsvin.

Vi sel avleggjarar og det «dryp inn» litt mest kvar dag. Det er slett ikkje gratis å drifte ein slik hage, seier Kari Hølmo Holen. Leiaren av hagelaget står framfor lysthuset frå 1810.

kantklypping.

– Det er ingenting som kjem av seg sjølv. Der støtt noko å gjera i hagen. Vi tek med glede imot fleire, seier Kari Hølmo Holen. Hagen er delt i fire delar. Fjellhagen, der ein del av denne er inspirert frå arbeidet som Resvollsystrene Hanna og Tekla gjorde. Dei to Vågåjentene var pionerar i si tid innan botanisk forsking fyrst på 1900-talet.

Vidare har ein rosebedet og staudebedet.

Urtehagen er laga etter mønster frå den tida Christine – oldemor til Edvard Munch, var prestekone i Vågå frå 1776 til 1786. Urtehagen er delt opp i bed med geometriske former, slik det skal vera i ein renessanseog barokkhage. I beda her er det dyrka nyttevekster og prydplantar om kvarandre.

Det er mange som nyttar hagen, og det er laga fint til med bord og stolar der folk kan kvile, eta nista si og kose seg. Det kan også bestillast guiding i hagen.

I sommarsesongen er galleriet og kafeen opne. Det er utstillingar både i fjøs og fjøstrev, utstilling av gamal reiskap på låvetrevet, sal av lokalmat og husflid. Kvar torsdag i sesongen er det musikk på tunet.

ARVE DANIELSEN redaksjon@fjuken.no

Mathias Øvsteng har snart gjort unna dagens dont med plenklypparen.
Jakup Skjedsvoll ryddar opp etter vinteren i rosene.
Anne Grøsland og Hanne Bakke lukar i blomsterbedet.

eller FRAM OPP

START

Ein kan parkera eller fram, byrjar

På turane passerar

BISPBERGET

Ein luftig og bratt tur opp til Bispberget

Denne turen er merka med raude merke, tur - retur, eller ein kan gå ned att om òg er merka. Utsikta på toppen er særs Lom og Hestbrepiggane.

...i Skjåk FRAM

parkera ved Skjåk kjøpesenter. Sjølve turen - om det er opp byrjar ved den gamle brannstasjonen i Bismo. passerar du Fjuken - både elva og kontoret!

BISPBERGET om Skåret

Bispberget er nok ikkje for alle. merke, og kan enten gåast om Skeidsholet - ei rute som særs fin, både over Skjåk, mot

HARSHEIMLIA FRAM

80 min 3 km

Tur / retur

Sjølv om det totalt sett er stigning på ein del meter, er denne turen ein enkel og fin tur langs brei og god stig, perfekt for små og store med eventyrlyst. Turen kan vera så lang som turfylgjet sjølv ynsker, snu når du vil!

Galleri Mathilde

Skjåkutstillinga 2024

MÅLERI, AKVARELL, KERAMIKK, TRE, GLAS, FOTO

OPNING

LAURDAG 6. JULI

KL 13.00.

Opning ved Marianne Stensgård Servering

UTSTILLARAR

Ida Sperstad • Anne Sperstad Jacobsen

Anna Grande Melhus • Odd Pareli Olsen

Kari Utgaard • Marit Grande Haugen

Bodil Daae • Karl Heldal • Turid Sæten

Ingolf Hagen • Martha Rice Skogen

Oddbjørn Ramstad • Brit Morken

Sjur-Magnus Aaboen • Ragnhild Slåen

Terje Kveen • Randi Venke Flækøy Terje Solvang • Elin Åmodt

Ingvild Tjønneland • Silje M. Sperstad

Ope 6. juli - 3. august

Sundag 7. juli: 13-16

Måndag-fredag: 11-16

Laurdag 11-14

Gratis inngang. Velkomen!

Skjåkvegen

URTEHAGE – GARDSBUTIKK – SERVERING Utstilling i Hågåhuset:

«Heimfjellheilagt». Salsutstilling med bilete av den lokale målaren Wilhelm Bjertnes. Utstillingsopning laurdag 6. juli kl. 12. 00

Aukrust-originalar

Utstilling om Kjell, Olav, Ludvig og andre Aukrust-originalar.

Bio.dynamisk landbruk 100 år!

Vi feirar med ulike arr. fyrst i august, kurs om medisinske urter, kulturlandskap, konsertar. Ta kontakt for meir info.

Gardskafe med kaffe – te, økologisk is, vaffel.

Gardsbutikk med landets største utval av økologisk te og krydder, eigne spekepølser, Grønt etter sesong. Vakre hagar. Grupper kan avtale omvisning / matservering, gjerne via epost.

Vi har ope kvar dag 11 – 17.00 frå 29. juni til 10. august. Velkomen til gards!

Herbgarden - shop - local food. Visit our ecological farm and garden.

Open every day 11.00 -17.00, from the 29. of June til the 10. of August. Welcome to our farm!

Tlf. 61211215 • aukr@online.no aukrust-nordgard.no

Sommaropningstider: måndag-fredag 11-17 Laurdag 11-16

Ellinors landhandel i Skjåk

LOKAL MAT • LOKALT HANDVERK

Følg oss på Facebook: Aukrust Gard og Urteri

•Vel mellom 230 vatn og over 250 km med elv

•Mange spennande små og store vatn for garn- og stongfiske

•Alternativ frå 360–1800 moh.

•Alt inkludert i eitt og same fiskekort

•Kjøp fiskekort, og få gode tips via www.inatur.no

Ring 61 21 39 00 for ein hyggeleg prat! www.skjak-almenning.no

•Vel mellom 18 ulike hytter, godt utstyrte

•Unike utgangspunkt for friluftsliv, familieliv, fiske, jakt, og toppturar

•Turterreng og alternativ som kan passe for alle

•Leig hyttene sjølv via www.inatur.no

- Vi reparerer alle bilmerker - Lette og tunge kjøretøy - Periodisk kjøretøykontroll - Vi presser hydraulikkslanger - Karosseri- og lakkverkstad - Frontrutereparasjon og -skifte - Dekksalg - Deler/Rekvisita

Bilberging

VAKTTELEFON: 952 95 640

Det nye vertskapet på Røisheim stortrivst

– Vi har vore her sidan midten av april, for å vaske rom, kjøpe inn varer, ordne skjenkebevilling og mykje anna administrativt. Nå er i vi endeleg i gang.

– Vi stortrivst!

Det nye vertskapet på Røisheim Hotell i Bøverdalen, Maja Hyldal og Tage Kock Jensen, tek imot Fjuken med opne armar og tilbod om kaffe.

På kjøkenet er det hektisk aktivitet og høg musikk. Unge tilsette, som er vener og kjende av vertskapet frå mellom anna Danmark, Tjekkia og Slovakia, pratar engelsk saman.

– Vi har vore svært heldige med dei tilsette. Å få dei til å trivast er det aller viktigaste for oss som vertskap. Når folk trivst, kjenner dei seg trygge. Når folk kjenner seg trygge, tek dei ansvar. Og det gjer dei, rosar det danske vertskapet, som slår fast at dei derfor ikkje treng å vera på plass døgnet rundt.

Dei har stor tillit til arbeidsstokken sin.

Maja Hyldal er utdanna kokk med erfaring frå restaurant og hotelldrift i Frankrike og Danmark. På Røisheim vil Maja primært ta seg av gjestane og hotelldrifta.

Tage Kock Jensen er utdanna kokk i Danmark og Frankrike. Han har erfaring frå

den femstjernes restauranten Resumé i Svendborg og frå Kleivstua i Noreg. Kock Jensen har arbeidd på kjøkenet på Røisheim før, og er derfor godt kjend på staden.

At det skal vera god mat på Røisheim er dei båe svært opptekne av.

– Vi brukar mange lokale råvarer. Mellom anna samarbeider vi godt med Bøverdalen veksthage og Aukrust gard og urteri. Vi har ofte fisk på menyen, som laks og kveite. Elles brukar vi reinsdyr, hjort og litt av kvart. Vi vil nok prøve oss ein del på vegetariske rettar òg, for dette er noko som gjestane etterspør i større grad enn før, fortel Kock Jensen.

Det er allereie ein del gjestar på Røisheim, og fleire blir det.

– Frå midten av juni er det nok full fres her. Vi skal ha ope ut september.

Tage Koch Jensen og Maja Hydal er båe utdanna kokkar. FOTO: VIGDIS KROKEN

– Er det stort sett nordmenn som gjestar Røisheim?

– Gjestane så langt har kome frå USA, Sverige, Finland, Tyskland og Frankrike, i tillegg til nordmennene. Somme kjem i små grupper, andre kjem som par. Somme vil gå på Galdhøpiggen og på andre fjellturar, medan andre helst vil sitja på tunet og kose seg der. Vi har gjestar av alle slag. Fleire gjestar kjem òg som eit resultat av at Røisheim Hotell er ein del av «De historiske hotell». Det blir stilt høge krav for å bli medlem og for å få tildelt dette kvalitetsstempelet. «De historiske» er ein unik medlemsorganisasjon som består av mange av landets mest sjarmerande hotell og spisestader.

Både Røisheim Hotell, Røisheim Hotell og Hindsæter fjellhotell i Sjodalen er ein del av «De historiske».

Ettersom så mange gjestar er opptekne av fjellturar, spesielt til Galdhøpiggen, er det naturleg å spørja om vertskapet har vore der sjølve ...

Vi skjønar fort at det har dei ikkje, ettersom båe ser ned i bordet og bryt ut i ein litt flau latter.

– Vi har ikkje det, og det kan faktisk vera ganske utfordrande når turistane spør om turen turen er slik eller slik, og om det til dømes er bratt, keitt og slitsamt. Da må vi berre seia som sant er at vi ikkje har vore der, men eg har jo høyrt mange andre beskrive turen, så eg seier det eg har høyrt frå dei. Men, altså: Vi må berre få gått den turen snart! seier Maja og ser bestemt på kollegaen.

– Ja, det må vi, svarar han.

– Når vi får tid.

Det er i alt 26 rom på Røisheim Hotell,

med plass til i alt 55-60 gjestar. Garden Røisheim har røter attende til vikingtida og er nemnt i historiske dokument frå 1600-talet. Dei eldste av bygga er datert attende til 1700-talet. Bygga og tunet vart freda i 1923.

For over hundre år sidan, på veg over Sognefjellet, var det vanleg at både turistar, embetsmenn og handelsreisande stoppa på Røisheim for å kvile. Røisheim var skysstasjon frå 1858 og bidrog til sømn og kvile for både reisande, kuskar og hestar. Skysstasjonen gjekk gradvis over til ein kvilestad for fjellturistar og reisande, anten dei reiste mellom aust og vest eller gjekk på ein av dei mange toppane i Jotunheimen.

VIGDIS KROKEN vigdis.kroken@fjuken.no

– Velkomne til Røisheim! inviterer Maja Hydal og Tage Koch Jensen. FOTO: VIGDIS KROKEN

Smakar frå Italia

Denne gongen har Helene teke inspirasjon frå Italia

HELENE

GNOCCHI

(FIRE PERS.)

1 kg potet, gjerne mandelpotet

2 eggeplommer

4 ss reven parmesan

150 g sikta kveitemjøl (gjerne fint pastamjøl)

2 ts salt

½ ts peppar

¼ ts malen muskat -

Durumkveite når ein skal behandle deigen

-

1 ts salt til koking av pasta

-

2 ss olivenolje

Skrell poteter og kok i usalta vatn.

Hell av vatnet og sett kjelen attende på plata og damp bort resten av vatnet.

La potetene stå på benken og avkjøle litt.

Dei skal ikkje vera for varme, og ikkje kalde.

Mos eller riv potetene til ein fin masse, og lag ei fordjuping midt i haugen.

Ha oppi eggeplommer og parmesan.

Bland saman mjøl, salt, pepar og muskat, og ha det meste opp i fordjupinga.

Bland saman med hendene. Deigen vil vera laus i starten.

Ha i litt og litt mjølblanding til du får ein smidig deig.

Tilsett meir mjøl om deigen er for laus.

Del deigen i mindre bitar som du rullar til lange pølser.

Del deretter opp i mindre bitar.

Bruk ein gaffel og klem forsiktig putene så dei får gnocchimønster. Bruk litt ekstra mjøl undervegs.

Kok ein stor kjele med salta vatn.

Legg i gnocchiputene, nokre av gongen.

Når dei flyt opp er dei ferdige.

Plukk dei opp med ei holsleiv og ha på litt olivenolje.

PESTO

2 friske basilikumplanter

2 ss pinjekjerner

3 ss cashewnøtter

4 fedd kvitlauk

2 dl god olivenolje

80 g parmesan

Salt/pepar Sitronsaft

Bland saman basilikum, kvitlauk, og nøtter i ein foodprosessor.

Tilsett olje i ei tynn stråle under køyring.

Rør inn parmesan og smak til med salt, pepar og sitronsaft.

Anrett gnocchi med pesto, og f.eks. parmesan, oliven, cherrytomat og steikt bacon.

TIRAMISU PÅ GLAS

(6 GLAS)

2 dl espresso, avkjølt

2 ss likør, (f.eks. amaretto, rom, konjakk eller marsala)

12 fingerkjeks

3 eggeplommer

3 ss melis

1 vaniljestang, frøa

250 g mascarponeost

1 dl kremfløyte

½ sitron, finreve skal

kakaopulver sjokolade bringebær

Visp eggeplommer, melis og vaniljefrø til eggedosis.

Ha mascarpone i ein annan bolle og rør den jamn.

Tilsett kremfløyte og visp til ein jamnn og luftig krem.

Finriv skalet av ein reinvaska sitron, og rør det inn i mascarponekremen.

Bland eggedosis og mascarponekrem saman, og køyr til ein mjuk krem.

BRUSCHETTA MED RØYKELAKSKREM (TO PERS.)

200 g røykt laks

1 dl Crème fraîche

2 ss majones

1 ss fersk dill, hakka (eller krydder)

1 ts sitronsaft

½ ts sitronskal, finreve

1 klype salt

1 klype pepar

1 baguette

Grovhakk røykelaks.

Bland inn Crème fraîche, majones, dill, sitronskal og sitronsaft.

Smak til med salt og pepar.

Skjer baguetten i skiver.

Rist dei gyldne i brødristar, eller steik med olivenolje og litt flaksalt i steikepanne.

Ha røykelakskrem på toppen og server.

Kremen kan du gjerne lage dagen før.

Blir berre betre til lengre den står.

Finn fram glas som du skal anrette i, og tilpass fingerkjeksene til glasa.

Ha avkjølt espresso + likør i ei skål, og dypp kjeksa i kaffen.

Legg lagvis kjeks og krem i glasa. To lag.

Legg over plast og la stå kjøleg i 3-4 timar.

Før servering så siktar du over kakaopulver og riv

litt sjokolade over desserten.

Pynt f.eks med bær.

Det er mange fiskemoglegheiter i Ottadalen. Barn fiskar gratis. FOTO: ARVE DANIELSEN/ARKIV

Alt dette kan du gjera heilt gratis

Kommunane Skjåk,

Lom

og Vågå har mykje å by på av gratisaktivitetar.

Ikkje alle ynskjer å bruke mykje pengar på aktivitetar når dei er på ferie. Da er det fint at det finst mykje ein kan gjera og vera med på, som ikkje kostar ei einaste krone.

Her gjev vi deg ei oversikt over ein del av aktivitetane i kommunane Skjåk, Lom og Vågå som er heilt gratis for både bygdefolk og turistar.

Oversikta er utarbeidd i samarbeid med kommunane, og er altså berre eit utval. Det finst også ei rekkje betalingsaktivitetar i Skjåk, Lom og Vågå. Vi tek atterhald om feil i oversikta.

SKJÅK:

• Bading: Det er flotte badekulpar og fjellvatn overalt, mellom anna

Bångråttjønn

• Turstigar etter merka turkart, og ulike naturstigar

• Fjellgeita: Turorientering for barnefamiliar, med 10 ulike turar

• Idrettsbana i Bismo: Friidrettsbane og fotballbane

• Sommarope bibliotek i Bismo

• Sykling: Ein kan utføre mange flotte sykkelturar på dei mange vegane i bygda

• Skateparken i Bismo

• Diskgolfbane på Moar

• «Skjåkutstillinga» på Galleri Mathilde i Bismo: Utstilling av kunstnarar som har tilknyting til Skjåk

• Fisking: Det er gratis å fiske i 200 fiskevatn for barn i Skjåk

• Sandvolleyballbane ved Dønfoss

• Geocaching: Orientering med GPS. Det er mange «cachar» i Skjåk

• Naturstig: Uppnose elgfangstanlegg ved Dønfoss

• Kulturstigen «Vatnet i Skjåk» på Aursjoen

• Kulturstigar på Billingen: Diktarstigen og Steinbrurunden

• Naturstig for barn på Sota Sæter

• Heilt nytt klatrefelt aust for Bismo: Forberget klatrefelt

LOM:

• Fossheim Steinsenter: Utstilling, «gratistippen», vandring gjennom sentrum med meir

• Diskgolf på eiga bane i Bøverdalen

• Sommarope bibliotek med bokkafé. «Sommarles» for barn i 1.-7. klasse. Premiering til alle deltakarar

• Grilling i grillhytta ved Skim, gjerne kombinert med fisking. Barn fiskar gratis

• Ein køyretur over den nasjonale turistvegen Sognefjellet, gjerne kombinert med ein sykkeltur innover Høydalen

• Bading ved Liabrua eller Tesse

Skateparken ved Skjåk barne- og ungdomsskule i Bismo er berre éin av stadene der du kan «rase av deg» i sommarferien heilt gratis. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD

gratis i Ottadalen i sommar

• Norsk Fjellsenter (nasjonalparkinformasjon og butikk i fellesområdet). Inngang til utstillinga er gratis for barn under 3 år

• «Selfie-tur» til Kvilarsteinen og Lomseggen for ungar som er i god form, og ikkje har særleg høgdeskrekk

• Tur til bygdemuseet Presthaugen for å sjå på friluftsbygningane, leike ved dammen, og gå Rådyrtrakket eller Bordvassvegen

• Fugletårn ved Tesseosen

• Leikeplass og sandvolleyballbane på Nordal turistsenter

• Kulturstigen til Skutlan, med Kusletta som utkikkspunkt

• Lom idrettslag sitt flotte treningsanlegg i Grov

• Stolpejakt i og utanfor Lom sentrum

• Kul tur med biblioteket: Sentrumsvandring med ti postar på Bergom

VÅGÅ:

• Dompe aktivitetspark i sentrum:

Ballbane, leikeutstyr, diskgolf og gapahuk

• Hulderstigen i Sjodalen: Kultur- og naturstig i fin fjellskog, lett terreng som passerer elver og tjern

• Munch-vandring: Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans i Vågå. Total lengde 1,3 km. Ruta er godt merka, og byrjar i Vågå sentrum

• Moajordet Aktivitetspark i Vågå sentrum: Her er det ulike leikeapparat, sand- volleyballbane og skate- og sykkelpark

• Kalven Seter ved Lemonsjøen: Energikampaktivitetar for barn og unge

• Kvennberget på Lalm: Merka stig i fint skogsterreng

• Ulike merka ruter ut frå Vågå sentrum: Vanglandsrunda, Hølenrunda og andre

• Sykling: Fleire merka ruter

• Prestegardshagen i Ullinsvin: Restaurert historisk hage

• Fisking: Gratis fisking i Vågå for dei

under 16 år

• Jutulheimen Bygdamuseum

• Rulleski- og idrettsbane på Lalm

• Diskgolfbane ved idrettsplassen på Lalm. Det er gratis utlån av utstyr til diskgolf på utstyrssentralen knytt til Vågå bibliotek i Vågå sentrum. Her er det også mykje anna utstyr til utlån, til dømes kanoar, friluftsutstyr og el-syklar. Utlån gjennom Vågå bibliotek sine opningstider

• Bading i ulike fjellvatn/elvar i Finndalen, Jønndalen, Flatningen, Vågåvatnet med fleire

• Tennisbane og to multisportbanar (ballspel) på Halland i Vågåmo med gratis utlån av utstyr

• Tennisbane og aktivitetsplass/ leikeplass ved Sjårdalen samfunnshus Badeplass ved Smedsmodammen

Klatrefelt i Skjåk – eit tilbod for folk i alle aldrar

– Det er artig å kunne si at vi nå er ferdige og at feltet er opna for bruk for alle, både bygdefolk og tilreisande.

Det seier paret

Anne Lise Østenseth og Kai Rune Kveen i Skjåk. I starten av juni kunne initiativtakarane og hobbyklatrarane opne det som er bygdas einaste klatrefelt.

Klatrefeltet ligg eit par kilometer aust for kommunesente-

ret Bismo, og har fått namnet Forberget klatrefelt. Bakgrunnen for namnevalet er at feltet ligg rett ovanfor garden Nordstun Forberg.

Anne Lise og Kai Rune fortel om bakgrunnen for etableringa av klatrefeltet i Skjåk, som er godt synleg frå riksveg 15.

– Vi har båe drive med klatring opp gjennom åra, på hob-

bybasis. Skjåk har ikkje hatt noko klatrefelt, og vi har vore mykje i Lom der dei har eit kjempebra felt. I fjor sommar fann vi ut at det hadde vore artig å ha eit eige felt i Skjåk, som eit supplement til det i Lom, seier paret.

– Kvifor vart klatrefeltet nettopp her?

– Eg hugsa at eg gjekk forbi denne veggen ved berget da eg var på jakt i dette området for nokre år sidan. Så da ideen kom tok eg meg ein tur attende og fann att veggen, og da byrja kverna å gå. Eg tok kontakt med grunneigar og spurde om det

var greitt at eg tok med meg ein dreven klatrar på synfaring der. Og det var greitt. Deretter vart det møte og synfaring med grunneigarar, og så var vi i gang, seier Kai Rune, og rosar grunneigaren.

Sidan arbeidet med etableringa av klatrefeltet tok til i fjor sommar, og fram til opninga i juni i år, har det vore brukt ufatteleg mange dugnadstimar på vegetasjonsrydding, reinsking, spyling, bolting, planering og anna i klatrefeltet i Skjåk. Østenseth og Kveen har hatt god hjelp av friviljuge heile vegen, og har fått god støtte til prosjektet,

Forberget klatrefelt i Skjåk byr på utfordringar for hobbyklatrarar i alle aldrar. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD

Initiativtakarane Kai Rune Kveen og Anne Lise Østenseth har realisert tankane om å etablere eit eige klatrefelt i Skjåk. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD

er om lag 100 meter brei.

Så langt er tre ruter ferdig bolta, men fleire ruter vil koma fortløpande. FOTO: TOM

både fysisk og finansielt. Anne Lise Østenseth og Kai Rune Kveen fortel at Forberget klatrefelt passar for folk i alle aldrar.

Ufatteleg mange dugnadstimar ligg bak arbeidet med klatrefeltet. FOTO: PRIVAT

Forberget klatrefelt er open og kan nyttast av alle, både bygdefolk og turistar. FOTO: TOM

Den store klatreveggen har fleire ferdige ruter. FOTO: TOM

– Så langt er tre ruter ferdig bolta, og fleire ruter vil koma fortløpande. Vi håpar mange vil benytte seg av det splitter nye klatrefeltet, både bygdefolk og tilreisande, seier paret.

til gardsvegen opp til klatrefeltet. Ein kan også parkere ved Ofossen Mølle.

Om du skal besøke Forberget klatrefelt og kjem med bil, er det eigen parkeringsplass ved riksveg 15 rett aust for oppkøyringa til gardsvegen til Nordstun Forberg. Frå parkeringsplassen er det gang- og sykkelveg heilt

TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no

Klatreveggen
FOTO: TOM ERIK SOLSTAD
ERIK SOLSTAD
ERIK SOLSTAD
ERIK SOLSTAD

– Sjå på denne utsikta, seier Bernt Jo Vole.

ein plass

dei

for å nyte panoramaet

Gjendes nye storstugu

– Det er ei drøymeverd å sitte her og sjå utover vatn og fjell. Kan ein få det betre? Eg gler meg til å ønskje folk velkomne hit.

Det seier Bernt

Jo Vole med entusiasme og ein stor porsjon stoltheit. 8. juni kunne han opne døra inn til Gjende si nye storstugu, og 19. juni var det offisiell opning av det nye praktbygget ved Gjendeosen.

Driftsavtale

– Det er stas å få starte opp dette her, seier Vole. Han søkte, og fekk, driftsavtale med Statens vegvesen for sju år, med moglegheit til å forlenge avtalen med ytterlegare fem år.

Det er Vole sitt selskap Visit

Gjende AS som har kontrakten med å drifte det nye servicebygget med Café Gjendeosen. I tillegg driftar han Valdresflye kafé og parkeringsplassen på Gjendeosen og Reinsvangen langs den nasjonale turistvegen Valdresflye.

Krona på verket Sju år etter det første spadestikket er arbeidet med å lyfte Gjende og Reinsvangen til eit fullverdig nasjonalt turistanlegg endeleg ferdig. Det er bygd ny brygge i betong og bryggehus med lager for Gjendebåten, Memurubu og Gjendebu, og benk under tak for dei som ventar på båten.

På Gjendeosen har naturen overteke for parkeringa som er flytta til Reinsvangen der det også er oppført eit nytt servicebygg med toalett, tilrettelagt for shuttlebuss og sykkelparkering under tak for utleigesyklar. Ved Gjendeosen er det kortidsparkering, parkering for bedriftene ved Gjende og for fiskarar.

Det nye servicebygget ved Gjendeosen er sjølve krona på verket.

Panoramautsikt

Kva kan så folk vente seg når dei kjem til Gjende i sommar?

Vole fortel at det er 70 sitjeplassar inne og 60 sitjeplassar ute i det som har fått namnet Café Gjendeosen.

– Eg trur det vil bli ein populær plass, seier han.

Spesielt populære blir nok dei ti godstolane ved dei store vindaugo, der besøkjande kan nyte lokalmat og drikke med panoramautsikt til Gjendevatnet og fjella.

– Her blir det kamp om

plassane, Vatn gjer noko med ein. Å sitja så nær vatnet og la tankane gå er noko av det mest avslappande ein kan gjera. Det er ei drøymeverd å sitte her og sjå utover vatn og fjell. Ein kan ikkje ha det betre, slår Bernt Jo Vole fast.

Fjellfolk må også ha mat. Vole fortel at menyen har eit utval folk kan kjenne seg att i. Meir lokal og stuttreist kan ein ikkje få det med aure frå Gjende. Kjøkenet ligg så nære vatnet at fisken nesten kan hoppe rett opp i steikepanna.

Personleg preg

Etternamnet røpar at Bernt Jo Vole har fjellblodet i årene. På borda av skifer inne i Café Gjendeosen har han sett sitt personlege preg ved å gravere inn kjente namn på personar og fjell ved Gjende og Sjodalen. Erfarne fjellfolk vil nikke attkjennande til desse namna. Andre får nok høyre historia om dei spør verten.

Om lag 18 personar vil i som-

Han trur det blir kamp om å sikre seg
ved
store vindaugo
mot Gjende og fjella. ALLE FOTO: ARVE DANIELSEN

Gjende si nye

mar vera i sving på Gjendeosen og Reinsvangen for å leggje til rette for at turistane og bygdefolket som kjem skal få ei fin oppleving.

Det kokar på Reinsvangen når 900 bilar skal parkere. På ein godvêrsdag i fjor sommar var det att berre fem ledige plassar.

Men verten sjølv lovar at trafikken vil flytte. Shuttlebussen byrjar å gå ein time før fyrste båten om morgonen og går til alle har kome ned att frå Besseggen.

– Den gamle stigen mellom Reinsvangen og Gjendeosen er utbetra. Det er fritt for å gå eller

ta bussen, seier Vole.

Konsert og marknad

Det brukar å vere liv og røre ved Gjende om somrane. Men, Bernt Jo Vole vil ha enda meir liv og røre. Fredag 26. juli blir det konsert med gruppa Vamp. Og laurdag 3. august har han invitert folk frå Gudbrandsdalen og Valdres som har noko å selja til å delta på Gjendemarknad med gratis stand. – Ein må skape liv rundt seg, avsluttar Vole.

ARVE DANIELSEN redaksjon@fjuken.no

Framfor nybygget blir det sitteplassar til 60 personar.
Slik ser nybygget ut i delen som vender mot vatnet.
I vår vart det lagt ny steintrapp opp til stigen mot Besseggen.
storstugu.

SOMMARKOS

HUMØR

HUMRE

IKKJENY

For barn

Fasit

Sommar 1. Abbey Road 2. 29. juli 3. «Summer of Sam» 4. Vi skrur den ein time mot komande sommar (ein time fram) 5. Sangria 6. Balearane 7. 31 dagar 8. Malin (Reitan) 9. Den må vere over 10⁰C 10. «Mange lever kun for penger, som de faktisk ikke trenger» TV, film og bøker 1. «Frost»-filmane 2. Willy Wonka 3. Ross, Rachel, Phoebe, Chandler, Monica og Joey 4. J.K. Rowling 5. «The Voice» 6. «Snøfall 2» 7. Løveungen og Frøken Kanin 8. Bibelen Kor er dette? Munchmuseet, biletet er tatt frå inngangen Kva er dette? Crème brûlée Kven er dette? Asterix (ven av Obelix)

SOMMaR

1. På kva for eit The Beatles-album finn vi songen «Here comes the sun»?

2. Olsok er på sommaren, men på kva for ein dato?

3. Kva heiter dramathrilleren frå 1999 som handlar om seriemordaren «Son of Sam»?

4. Kva for ein veg skrur vi klokka når vi skal førebu oss til sommartid?

5. Kva heiter punchdrinken frå Spania/Portugal som blir laga med vin, ulike fruktbitar og kolsyrevatn?

6. Kva for ei øygruppe høyrer Mallorca og Menorca til?

7. Utan å sjekke: kor mange dagar har august?

8. Kven song MGPjr-songen «Sommer og skolefri»?

9. Kva må døgnmiddeltemperaturen vere over for at det skal bli klassifisert som sommar i klimatologisk samanheng?

10. Kan du dei fyrste strofene i deLillos’ «Smak av sommer»?

LOT LE NE

FOLEN

STANKAR TELGER RTET

PISSOARET

HANDELSBANK TGSTABEN

SOTRKO TERRITORIUM

Kor er dette? kva er dette?

For vaksne

TV, film og bøker

- for dei yngre

1. I kva filmar blir vi kjent med Anna, Olaf, Elsa og Kristoffer?

2. Kven eig sjokoladefabrikken som Charlie får besøke i boka «Charlie og sjokoladefabrikken» av Roald Dahl?

3. Sjølv om serien «Friends» er eldgamal, er den framleis populær. Kan du namnet på nokon av dei 6 venene?

4. Veit du kven som skreiv bøkene om Harry Potter?

5. Kva heiter konkurransen på TV2 kor eit dommarpanel berre får høyre songstemmene til deltakarane før dei avgjer om dei er med vidare?

6. Kva for ein julekalenderserie gjekk på NRK førre jul?

7. Kva heiter kosedyra til Karsten og Petra?

8. Kva for ei bok er verdas mest selde?

Fellesnemnar

1. Ada Hegerberg, Megan Rapinoe og Alexia Putellas?

2. Perth, Adelaide og Brisbane?

3. 2,7182, 3,1415 og 1,6180?

4. Christian Bale, Ben Affleck og Michael Keaton?

5. «Aldri i livet», «Mil etter mil» og «San Francisco»?

6. Lesotho, San Marino og Vatikanstaten?

7. Delano, Fitzgerald og Hussein?

8. Fedtmule, Goofy og Pippo?

9. Blizzard, Rockstar og Ubisoft?

10. Gregers Werle, Hjalmar Ekdal og doktor Relling?

STAILUJARTEND

ARNESILETRUE

AUGUSTBERIS

JNSEIOTENE

AUSETSRAM

NSIKERIB

RAMMI AISKER UNOLYBE

P RI MIA VÅAR

Finn fem feil på nedste biletet: Det manglar ei stjerne på pannebåndet til dama, ho har og ei stjerne meir på underdelen, Supermann foran har ulik farge på belteknappen, den grøne figuren har ein svart prikk på det raude beltet, den raude figuren har gul prikk på magen.

10. Dei er karakterar i Henrik Ibsens «Vildanden»

9. Dei er speleselskap

7. Dei er alle mellomnamn til amerikanske presidentar (Eisenhower, Kennedy og Obama)

6. Dei er enklavar (land som er omringa av eit anna land)

5. Dei fekk 0 poeng i Eurovision Song Contest

4. Dei har portrettert Batman/Bruce Wayne på film

3. Dei er alle matematiske konstantar (e, π og Φ)

2. Byar i Australia

1. Dei er alle vinnarar av «Gullballen»

8. Det er Langbein på høvesvis dansk, engelsk og italiensk

Fellesnemnar

- i virvaret av bokstavar Vassrett, loddrett, på skrå og baklengs.

Lom - eit berekraftig reisemål

Dei tilsette i Visit Jotunheimen kan juble over at Lom kommune har fått utdelt «Merket for berekraftig reisemål». Det synlege beviset vart delt ut av Innovasjon Norge Innlandet tidlegare i sommar.

Overrekkinga av «Merket for berekraftig reisemål» skjedde på Visit Jotunheimen sitt årsmøte.

Ei berg- og dalbane

Arbeidsprosessen som starta i 2021 har gjennom tre år omfatta mellom anna å svare ut 84 indikatorar, gjennomføre ei rekkje innspelsmøte og undersøkingar.

Fjellseljar Marit Tangvik har leia arbeidet for Visit Jotunheimen, med brei involvering av både næring, lokalsamfunn og kommune.

– Det har vore ei berg- og dalbane. Vi visste ikkje heilt kva vi gav oss ut på. Hadde eg vore klar over omfanget på førehand, er eg neimen ikkje sikker på om eg hadde sagt ja til prosjektleiarrolla, seier Tangvik.

Nå med «merket i boks», er ho ikkje i tvil om at det har vore verd alt arbeidet.

– Prosessen har gjeve oss utruleg god oversikt over samhandlinga på reisemålet. Vi har fått på plass ein heilskapleg og langsiktig strategi for utviklinga av reiselivet, og etablert ei samansett reisemålsleiing som saman skal følgje opp strategien og halde framdrift i utviklinga på reisemålet, seier prosjektleiaren, og sender ein gedigen takk til alle som har vore involvert.

Remerkast kvart tredje år – De har jobba med miljø, samfunn, økonomi, klima, og kopla dette mot FNs berekraftmål. Her er det ein godkjenningsprosess, som blir skildra som unik, og lyfta fram ved hjelp av veldig god organisering, sa direktør i Innovasjon Norge Innlandet, Sverre Bjørnstad, da han

delte ut det offisielle diplomet til jentene i Visit Jotunheimen.

Visit Jotunheimen opplyser at vidare framover skal oppgåvene knytt til berekraftig reisemål, og tiltaka i den nye reisemålsstrategien implementerast i den daglege drifta i Visit Jotunheimen. Det blir stilt krav til årleg rapportering på berekraft-arbeidet, og kvart tredje år skal reisemålet remerkast.

Ordførar Kristian Frisvold var også til stades under overrekkinga som gjekk føre seg på Nordal. FOTO: INGRID GARMO

Lom er tildelt «Merket for berekraftig reisemål». Fremst f.v.: Grete Moe (kunderådgjevar reiseliv, Innovasjon Norge Innlandet), Marit Tangvik (fjellseljar, Visit Jotunheimen) og Mari Arnøygard Wedum (dagleg leiar, Visit Jotunheimen). Bak f.v.: Sverre Bjørnstad (direktør Innovasjon Norge Innlandet) og Øyvind Rusten (styreleiar, Visit Jotunheimen). FOTO: INGRID GARMO

Merket for berekraftig reisemål Merkeordninga for berekraftig reisemål er eit verkty i regi av Innovasjon Norge for reisemål som ynskjer å jobbe langsiktig og fokusert med berekraft i reiselivet. Å kvalifisere for merket betyr ikkje at ein er berekraftig, men at ein forpliktar seg til å jobbe med berekraftig utvikling over tid. Gjennomføringa av prosessen er avhengig av god forankring og lokal involvering.

Både næring, lokalsamfunn og kommune involverast i prosessen.

I rapporten frå kontrolløren for berekraftsordninga står mellom anna dette når det gjeld godkjenninga av Lom som berekraftig reisemål:

«Et relativt lite reisemål ift. verdiskaping, men særdeles velfungerende destinasjonsselskap til tross for kun 2 ansatte, og med medlemmer og kommune som alle «snak-

ker samme språk» og i stor grad tenker og agerer likt og sammen. Reisemålet godkjennes på bakgrunn av en samlet sett solid leveranse».

Ottadalen er omkransa av nasjonalparkane Jotumheimen, Breheimen og Reinheimen. ILL: MILJØDIREKTORATET

Nasjonalparkane våre

Noreg har 48 nasjonalparkar.
Du finn tre av dei på alle kantar same kvar du er i Ottadalen.

Om du besøker ein nasjonalpark, eller er ute andre stader for den saks skuld - du er gjest i naturen. Naturen skal vera like fin når vi forlet den, som da vi kom.

JOTUNHEIMEN

Jotunheimen er eit eldorado for topptursamlarar, med alle norske fjelltoppar over 2.300 moh.

Jotunheimen ligg midt i Sør-Noreg, firefem timars køyretur frå Oslo, Trondheim eller Bergen. Nasjonalparken ligg i kommunane Lom, Vågå og Vang i Innlandet fylke, og Luster og Årdal i Vestland fylke.

Galdhøpiggen (2.469 moh.) er den høgaste og mest besøkte toppen i Jotunheimen, medan Hurrungane byr på legendariske klatretoppar, med Store Skagastølstind i spissen.

Fjellturismen i Jotunheimen starta allereie for 200 år sidan, og det er i dag eit godt utvikla rutenett med overnattingsmoglegheiter på kjende turisthytter som Gjendebu, Glitterheim, Memurubu, Skogadalsbøen, Olavsbu og Fannaråkhytta.

Her er også urørte soner utan merka ruter, der du sjølv må finne vegen.

Frå Breheimen mot Jotunheimen. FOTO: HANS ERIK KJOSBAKKEN

Utsyn vestover, Sekkebrean til høgre.

FOTO: HANS ERIK KJOSBAKKEN

Tverrådalskyrkja i bakgrunnen midt på bildet er kanskje den mest kjende toppen i Breheimen. Nasjonalparken er svært variert og byr på opplevin gar for einkvar smak.

FOTO: HANS ERIK KJOSBAKKEN

Nasjonalparken har høge toppar, frodige fjelldalar og fjellvatn der du kan prøve fiskelykka.

Smaragdgrønne Gjende blir av mange rekna som vakraste innsjøen, og hit kjem kvart år mange for å gå den berømte fjellturen over Besseggen.

Mange fjellplanter har høgderekorden sin her, og i dei bratte fjellskrentane finn fleire rovfuglar hekkeplass. Landskapet har spor etter eldre fangstkultur med dyregraver og buplassar, og beitebruk og seterdrift har lange tradisjonar.

Juli og august er høgsesong for fjellvandring, men stadig fleire brukar fjellet til alle årstider.

Vårskiløping og toppturar på ski er særleg populært frå Valdresflye i aust og frå Sognefjellsvegen mot Smørstabbtindane, Fannaråki og Hurrungane i nordvest.

Dei mest populære dagsturane er Besseggen og Galdhøpiggen.

For brevandring og klatring er det mogleg å melde seg på guida turar i spektakulær natur.

BREHEIMEN

I Breheimen finn du både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet.

Breheimen nasjonalpark finn du mellom riksveg 15 over Strynefjellet og fylkesveg 55 over Sognefjellet. Nasjonalparken ligg i Lom, Skjåk og Luster kommunar.

Området spenner frå nesten havnivå til godt over 2.000 meter. Landskapet er forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusenvis av år.

I dag finn du alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.

Folket som bur kring Breheimen nasjonalpark har gjennom tidene vore sterkt knytte til fjellet, med jakt, fiske, stølsdrift og gjennom ferd-

Frå Sauhøe ser ein over mot Storbrean, med Leirdalen mellom. FOTO: HANS ERIK KJOSBAKKEN

sel mellom Aust- og Vestlandet.

Breheimen har i mange år lokka fotturistar inn i fjellheimen. Mange av turane er blant dei meir krevjande turane i Sør-Noreg, mellom anna fordi området er noko mindre tilrettelagt med stigar, og turisthyttene er stort sett sjølvbetjente.

På fottur i Breheimen opplever ein stilla i naturen, med dalar, vidder og tindar. På dei mange stølane kan du møte beitedyr om sommaren.

Det er fleire stigar som er merka, og det er også sjølvbetjente turisthytter her. Nørdre Hestbrepiggane (2.172 moh.) er det høgaste fjellet i Breheimen, men Tverrådalskyrkja (2.088 moh.) er kanskje det mest kjende fjellet, der det ruvar like ved ei av turrutene frå Sota til Nørdstedalseter. Ynskjer du å fiske aure i elver som er omkransa av 2.000 meter-toppar og store isbrear, ja da er Breheimen eit godt utgangspunkt. Mellom fjelltoppane er det også store dalar med fine fiskeelver.

REINHEIMEN

Reinheimen er eit av dei største urørte høgfjellsområda i Sør-Noreg, der villmark med spor etter gamal fangstkultur pregar fjellområdet.

Reinheimen ligg midt i Sør-Noreg, firefem timars køyretur frå Oslo eller Trondheim, og berre to-tre timer frå Ålesund eller Molde i vest. Nasjonalparken ligg i kommunane Lesja, Skjåk, Vågå og Lom i Innlandet fylke, og Fjord og Rauma kommunar i Møre og Romsdal fylke.

Dei høgste fjella er over 2.000 moh, medan det lågaste punktet ligg i Romsdalen om lag 130 moh.

I sør og aust er terrenget slakt med avrunda formar, vidder og rolege flyer. Her har området stor verdi for jakt, fiske og

beitebruk, og er i liten grad tilrettelagt for turistar.

I Tafjordfjella, vest i nasjonalparken, er terrenget brattare, og tilrettelagt med merka turstigar og overnattingsmoglegheiter på turisthytter.

I nordvest er landskapet dramatisk med Trollstigen og dei bratte Trolltindane, der Trollveggen er kjent som ein av Europas høgaste loddrette klatrerute, 1.700 meter opp frå dalbotn.

Nasjonalparken har mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper.

Reinheimen er særleg rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten, med fangstgroper, massefangstanlegg, bogestel-

le og restar av gamle buplassar til fangstfolka. Landskapsvernområda er verdifulle kulturlandskap, med rikt artsmangfald knytt til seterdrift, slått og beitebruk.

Sommar og haust er ei fin tid for fjellvandring, og området kan by på rike naturopplevingar til fots, men du bør setja av god tid, da det er store avstandar.

Dagsturar er også mogleg. Gode alternativ til dagsturar er å besøke innfallsportane som til dømes Billingen i Skjåk, Tussheim på Lesja, Tunga bru i Brøstdalen (Rauma), Trollstigen i Rauma og Zakariasdammen i Tafjord.

(KJELDE: NORGESNASJONALPARKER.NO)

Landskapet i Reinheimen bur på avrunda former og vidder med frodig vegetasjon. FOTO: HANS ERIK KJOSBAKKEN
Ingen Reinheim utan rein. FOTO: HANS ERIK KJOSBAKKEN

FOSSHEIM STEINSENTER MUSEUM OG BUTIKK

- MED SAL AV MINERAL, SMYKKER OG FOSSIL

Ope alle dagar i vår, sommar og haust: 10-16

Høgsesong: 10 -18

Fossheim Steinsenter AS Tlf: 61 21 14 60

Mail: steinsenteretlom@gmail.com Bergomsvegen 30, 2686 Lom

Vi tek på oss:

BIOKLYPPING/FLISHUGGING:

• Rydding av beiter, veg- og jordekanter

• Nydyrking, krattrydding og kantslått

KYRKJENE I LOM SOMMAREN 2024

SUNDAG 30. JUNI: Kl. 11.00. Garmo kyrkje.

SUNDAG 7. JULI: Kl. 19.00. Bøverdal kyrkje

SUNDAG 14. JULI: Kl. 12.00. Grimstadsetra ved Sota Sæter i Skjåk.

SUNDAG 21. JULI: Kl. 11.00. Lom kyrkje.

MONDAG 29. JULI: Kl. 18.00. Lom kyrkje. Olsokmesse. Før messa er det gratis omvising i kyrkja.

SUNDAG 4. AUGUST: Kl. 11.00. Garmo gamle kyrkjegard.

SUNDAG 18. AUGUST: Kl. 12.00. Prestehytta ved Dalsvatnet.

• Leigekjøring med flishogger

DET MESTE INNAN LANDBRUK:

• Slått, såing, steinplukking, slangespredning av møkk m.m.

(Vyrke blir flisa og kjørt til Otta Biovarme) TA KONTAKT FOR TILBUD OG BEFARING!

Møter i Jotunheimen

Jøran S Sveahaugen: 905 47 406 • Hermod Skålsveen: 959 69 944

Med: Anne Heidi Kvam Hillestad, Endre Skjåk og Lasse Tronstad Uteserveringa på Nordal Turistsenter i Lom 4. - 6. juli. BILLETTAR VED INNGANGEN OG PÅ HOOPLA.NO. Meir info: sjå Jotunheimen Underholdning på Facebook. - ei musikalsk ellreise.

Sommar i Ullinsvin

Vågå 22. juni - 8. september 2024

Kunstutstillingar

Håndlagde historier - Ni kunstnarar frå Innlandet

Assosiasjoner og meditasjoner over Peer GyntTone Dietrichson

Fotoutstilling

Stille natur - Orsolya Haarberg

Historiske utstillingar

LIN. Frå frø til tråd | Tinga taler

Historisk hage

Munch i Vågå

Historiske bygningar

Galleributikk

Husflidsutsal

Lokalmatutsal

Cafè Edvard Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågå ullinsvin.no

Sommarprogram

Gudbrandsdalsmusea

Når Kva Kvar

Ons 10.7 19:30 Kveldseto: Historia om Presthaugen med servering.

Laur 20.7 11:00Opning av utstillinga BØTE

12:00Håvard Teigen

13:00Konsert med elevar frå Kulturskulen

Mån 29.7 Olsok

Mån 29.7 til fre 2.8

Glømsdalsstugu

Stallen

Glømsdalsstugu

Glømsdalsstugu

17:30Omvising i Lomskyrkja Lomskyrkja

18:00Messe i Lomskyrkja Lomskyrkja

19:30 Olsokfeiring Glømsdalsstugu

10:3016:00 Utstillinga BØTEtekstil før og no

12:00Nils Teigen viser og fortel om historia til husa i Presthaugen

Laur 3.812:00Musikkforedrag: Sylvelin Hege Sevilhaug og Karolina Westling

13:0015:00 Aktiviteter i Tunet For store og små

Stallen

Presthaugen

Setra

Tunet

Utstillinga BØTE er ope kvar dag det er aktivitet gjennom sommaren. For booking av guiding ta kontakt med Nils Teigen på mobil: 977 18 812.

I notida er det ein trend at fleire vender attende til å reparere eigne klær. Gjerne med eit synleg avtrykk, som ein motreaksjon mot tekstilindustrien og forbrukssamfunnet.

I tidlegare tider handla bøting og reparasjon om å sjå nytte av brukte plagg til andre formål. Om optimal ressursbruk under trange kår, måtehald og godt handverk. I Glømsdalsstugu i Presthaugen i Lom kan publikum oppleva historiske plagg i møte med moderne tekstil, slik dei blir reparert i dag.

Vågå

Når Kva Kvar

Lør 22.614:00Opning sommarutstillinger

15:00Sofasamtale LIN. Tekstilindustrien i det grøne klesskiftet

19:00Konsert VETRA | Ragnhild Hemsing

Sønd 23.6 11:00Kunstnar Tone Dietrichson i samtale med Morten Krogvold

Galleri Ullinsvin

Fjoset, Ullinsvin

Vågå Kulturhus

Låven, Ullinsvin

Tors 4.7 - søn 7.7Festival: Ullinsvin Ullfestival Ullinsvin og Jutulheimen

Lør 6.7 18:00 og 20:30 Konsert: Sigrid Moldestadmed kjærleik frå Breim. Jutulheimen

Ons 24.719:00Kveldseto: LIN. Frå frø til tråd Jutulheimen

Laurd 27.7 14:00Kunstnar Tone Dietrichson i samtale med Ellen Horn Låven, Ullinsvin

Ons 31.719:00 Kveldseto: Ei lov for landet i 750 år ved Jakup Skjedsvoll Jutulheimen

Tysd 6.8 14:00Kunstnar Tone Dietrichson i samtale med Elisabeth Thorsen

Låven, Ullinsvin

Laur 10.819:00Konsert og hagefest: Bech og Skeidsvoll. Ullinsvin

Ons 14.819:00Kveldseto: Omvising i Sælatunga Hagebruk Sælatunga, Vågå

Stuttreist. Slitesterk. Staseleg. Frå dei gamle egyptiske faraoene, via kongeleg luksus og magiske ritual til levande kulturtradisjonar i Gudbrandsdalen, går bruken av tekstilet lin som ei renning gjennom kulturhistoria - og inn i det grøne klesskiftet.

Utstillinga LIN. Frå frø til tråd vev saman dei mange trådane spunne ut av vår eldste kulturplante – med publikumsaktiviteter og foredrag, dyrking og slått, spinning og søm, marknad og seminar.

Utstillinga LIN er ope kvar dag i Ullinsvin gamle prestegard i Vågå.

AKANTUS BLOMSTER

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

Tlf: 61 21 40 55 / 920 66 205

Hele Nordens elektrogigant

Skjåk kjøpesenter

Skjåkvegen 1230

Opningstider:

Måndag-fredag: 9-17

Laurdag: 9-14

Din lokale rørlegger

I dagens samfunn er energi en dyrebar ressurs og effektive rørtekniske anlegg er avgjørende for å utnytte mest mulig av energien som tilføres et bygg.

GK leverer både små og store rørtekniske installasjoner innen sanitær, varme, sprinkler, kjøl og gass. Vi utfører oppdrag for både privat- og proffkunder, og vårt fokus er å levere rasjonelle og energieffektive løsninger på alle typer bygg – enten det er næringsbygg, offentlige bygg, industri eller privatboliger.

Vi er allsidig, tilgjengelig og best på service!

Kontakt GK i Vågå, tlf: 61 23 94 40 eller GK i Otta, tlf: 61 21 09 80

TØFF OG ROMSLEG SUV

Nå lanserer vi Torres EVX – ein romsleg og elektrisk SUV med tøft design, god plass, 1.500 kg hengarvekt og høg kvalitetsfølelse.

Vi har bilar på lager og du kan få ny bil til sommarferien.

Ta kontakt for prøvekøyring og ein triveleg bilprat.

• Innbytte • Leasing

• Finansiering

Med rekkevidde frå 462-635 km (WLTP urban/ kombinert) på ei enkelt lading, passer den godt for både stuttare kvardagskøyring og langturar.

Mork Tlf 413 34 773

Magne
Kristo

Skrivande meistrar frå Ottadalen

Skjåk, Lom og Vågå har fostra mange store diktarar - ikkje alle hadde sitt virke her, men vi er stolte av og kalle dei våre.

KNUT HAMSUN (1859 - 1952)

For mange er nok denne forfattaren like kjend for sine politiske val kring andre verdskrig, da han talte nazismens sak.

Dei tre fyrste leveåra budde Hamsun i Garmo. Om det var der eller i Vågå han vart fødd, er dei lærde ikkje heilt einige om.

Da han var tre år, reiste familien til Hamarøy i Nordland. Ni år gamal gjekk ferda for hans eigen del attende til Lom der han også vart konfirmert.

og det var da han oppdaga forteljarevna si.

Dei fyrste bøkene gav Hamsun ut i 1878, Et gjensyn og Bjørger. Sistnemnde på eit dialektnært språk (lomvær). Det var fyrst med Sult i 1890 at han fekk merksemd og anerkjenning.

Markens Grøde i 1917 gjorde Hamsun internasjonalt kjent, og tre år seinare fekk han Nobels litteraturpris for boka. Seinare kom den eine boka etter den andre.

Bøkene er framleis populære og ein viktig del av norsk litteraturhistorie. SKRIVANDE MEISTRAR FRÅ OTTADALEN

Seinare arbeidde han som handelsbetjent i Tranøy, han prøvde seg som snikkar- og skomakarlærling og han reiste rundt som farande kremmar og tok tilfeldige jobbar. Han var også ei tid lærar,

TORE ØRJASÆTER (1886 - 1968)

Bråtå i Skjåk heiter grenda Ørjasæter vaks opp. Ørjasæter debuterte som forfattar i 1908 og gav i alt ut 12 diktsamlingar, fire drama, ein roman og to reiseskildringar.

Det var med Gudbrand Langleite i 1913 at Ørjasæter verkeleg vart anerkjent som forfattar. Han inkluderte denne samlinga med Brumillom og Skuggen og denne «trilogien» er rekna som eit hovudverk i norsk dikting på 1900-talet.

Ørjasæter skreiv òg drama, og var med på å fornye norsk teater etter ein tung Ibsen-periode.

Det meste av diktinga til Ørjasæter har bakgrunn i det gamle ættesamfunnet, som på slutten av 1800-talet vart meir og

OLAV AUKRUST

(1883 - 1929)

Aukrust kom frå Lom og nådde ikkje å gjeva ut meir enn to diktsamlingar før han døydde 46 år gamal. To diktsamlingar og ei artikkel- og brevsamling vart gjeve ut etter han var død. Han fekk statens diktarløn berre to månader før han døydde.

Likevel er han sett på som ein av dei store forfattarane i Noreg, og mange av dikta hans har framleis gjennomslagskraft.

Aukrust hadde store evner innan fleire felt. Han tok fleire skular sjølv om han streva mykje med sjukdom. Han tok lærarskulen og arbeidde som lærar før han ofra seg fullt og heilt for diktinga. Ei tid ville han bli fiolinist, men fekk leddtu-

berkulose og måtte amputere ein finger.

Det fyrste verket, Himmelvarden, kom ut i 1916. Hamar i hellom kom i 1926. Boka han omtala som hovudverket, Solrenning, fekk han ikkje oppleva utgjeve - det kom fyrst året etter han døydde.

Diktinga til Aukrust kviler på fire pilarar; gudbrandsdalsmålet, bonde- og bygdabakgrunn, natur og det åndelege/religiøse.

Av dei mest kjende, og underhaldande, dikta hans kan vi nemne Bilbeistet og Aksion på Tande.

meir oppløyst. Denne oppløysinga skapte sosiale og personlege problem både for bygdesamfunnet generelt og Ørjasæter spesielt.

Eitt av skodespela han skreiv, Jo Gjende, omhandlar ein bygdeoriginal - eit menneske mange hevdar Ørjasæter kjende seg i slekt med på mange måtar.

Mykje av det han skreiv kan vera tung lesnad med mange ord som krev tid og tankeverksemd.

Ørjasæter reiste mykje utanlands og synte etter kvart at han hadde enorme kunnskapar.

I 1921 busette han seg i Øyre og stifta familie, men han var framleis mykje heime i Bråtå, ei grend han var svært glad i.

JAN-MAGNUS BRUHEIM

(1914 - 1988)

Bruheim var frå Skjåk. Han gav ut nær 40 bøker gjennom om lag like mange år.

Han budde i Skjåk heile livet, med unntak av nokre år på Vestlandet. Han arbeidde på heimgarden og som lærar før han vart forfattar på heiltid.

27 år gamal debuterte han med diktsamlinga Stengd dør, som handla om kjærleikslengt og einsemd.

I seinare bøker vart diktinga prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt.

Bruheim var naturvernar, han var aktiv i fredsarbeid og arbeid mot atomvåpen, og var aldri redd for å seia meininga si. Sjølv om orda hans var milde, var dei likevel sterke.

Han skreiv mest lyrikk og barnebøker, men skreiv også i ulike lokalhistoriske bøker. Han skreiv romanen Broren og var ivrig med ytringar i aviser og tidsskrift.

Barneboka Reinsbukken frå Karasjok var eit særmerkt prosjekt - ho vart utgjeve både på norsk og samisk.

Bruheim reiste mykje i Noreg og fekk ei rekkje prisar for bøkene sine.

TOR JONSSON

(1916 - 1951)

Lomværen Jonsson tok til å skrive forteljingar og dikt tidleg, og allereie som 16-åring stod orda han på trykk i Arbeidermagasinet. Elleve år seinare kom den fyrste diktsamlinga Mogning i mørkret. Seinare kom fire samlingar til. Han etterlet seg fleire lause dikt, prega av det dystre. Det dystre prega diktinga heilt til han tok sitt eige liv.

Ei tid arbeidde Jonsson som journalist i Dølenes blad på Otta og han var eit tid redaktør i Hallingdølen. Han skreiv òg ei rekkje

artiklar i Bygdeungdomen, Arbeiderbladet og Dagbladet. Han gav uttrykk for eit sterkt sosialt engasjement med kvasse åtak på urett og undertrykking. Han var òg kritisk til romantiseringa av bygdesamfunnet. Artiklane vart samla og gjeve ut i to bind, Nesler.

Tor Jonsson braut tidleg opp frå bygda, men skreiv likevel heile tida om bygda - oftast negativt, men med positive innslag. Det var fattigdomen og avmakta til den lågaste klassa i det sterkt klassedelte som Jonsson meinte regjerte i Lom under oppveksten som opptok diktinga hans.

VERA HENRIKSEN (1927

- 2016)

Forfattaren Henriksen gjorde, saman med familien, lomvær av seg i 1978 etter å ha feriert i bygda i mange år. Da hadde ho allereie slege gjennom som ein av landets høgst respekterte og mest lesne forfattarar.

I 1961 debuterte ho med Sølvhammeren. Handlinga i boka er frå det 11. århundre med hovudpersonen Sigrid frå Bjarkøy, syster til Tore Hund. Boka fekk strålande kritikkar.

Deretter gjekk det slag i slag, fyrst fullførte ho trilogien om Sigrid på tre år. Fem bøker med handling frå Lom etter

reformasjonen var neste prosjekt. På 1980-talet var hovudverket ein trilogi der handlinga er lagt til Island i den blodige tida da heidenskap og kristendom kjempa om å ha overtaket i sinn og samfunn.

Henriksen skreiv ikkje berre historiske romanar, men òg barne- og ungdomsbøker, samtidsromanar, fagbøker frå sagatida og drama.

RAGNVALD SKREDE (1904 - 1983)

Skrede var frå Vågå, men byrja seint med forfattarskapen, ikkje før i 1949 og lenge etter han flytta frå heimbygda.

Bakgrunnen for at han reiste frå Vågå, var at han som lærar i 1936 vart dømt for utuktig åtferd mot tre jenter.

Han vart raskt ein respektert forfattar og litteraturkritikar.

Som lyrikar brukte han ofte klassiske og regelfaste strofeformer, og forfatterskapen hans er prega av store idehistoriske kunnskapar.

I etterkrigsåra arbeidde Skrede som journalist og litteraturkritikar i Dagbladet og Verdens Gang. Fleire av dikta hans har vorte tonesett av Geirr Tveitt.

RAGNHILD KOLDEN (1956)

Kolden er frå Bøverdalen i Lom, men bur i Oslo. Ho debuterte med diktsamlinga Ho inni meg før ho 2010 kom med fyrste bind i ein kritikarrost trilogi om krigsåra.

Ho har gjeve ut to andre romanar, og fleire krimbøker saman med Fjuken-journalist Vigdis Kroken.

FINN SANDUM (1948)

Sandum er fødd i Vågå, men har mesteparten av livet budd i Skjåk. Han arbeidde som lærar og rektor før han i 2011 gav ut den fyrste diktsamlinga Sol i skuggeskog. Dikta i denne samlinga er også tonesett og har nådd ut til eit stort publikum.

Dikta hans når mange, han skriv enkelt og forståeleg og klarer å uttrykkje det mange kjenner på, men ikkje seier. Sandum er ein svært omtykt diktar i Ottadalen.

Helsing

Vil du ta med ei helsing til fjella

Du som ennå er lett på tå

Vil du helse til reinlav og røslyng

Der min fot ikkje lenger kan gå

Vil du sende meg bud nå du er der

Vil du nøre din eld ved mitt tjønn

Vil du sovne på steinen eg låg der

Vil du gje dei mi siste bøn

At dei kanskje kan hugse eg var der

At eg levde mitt liv der ein gong

Takke for alt eg fekk der

Syng dei min siste song

Vil du ta med deg helsing til fjella

Vil du helse og takke frå meg

Vil du be dei å slette gjelda

Min rikdom eg stal steg for steg

Vil du ta med deg helsing til fjella?

Tre myter om bubil(isme)

Det er snart 60.000 registrerte bubilar i Noreg, og dei tre nordiske landa Finland, Sverige og Noreg har den høgaste tettleiken av både bubilar og campingvogner i Europa. Kvar 100. nordmann har bubil, noko som skulle tilseie at det er minst 100 av dei registrert her i Ottadalen.

Sesongen er i gang for lengst, og vi nordmenn vil få selskap av mange frå andre land i år. Tal frå litt lengre nord i landet, seier at det er selt dobbelt så mange ferjebrikker til Tyskland i år, og ein møter bubilar i alle variantar, med skilt i alle regnbogens farger om ein rek etter vegen.

Tidlegare så vart camping ofte stempla som litt «harry», kven hugsar ikkje songar som «Kongen av campingplassen» og «Danske med campingvogn». Eigne TVprogram med meir eller mindre dokumentarisk verdi har vore laga om livsstilen, og det hendte at ein vart «sett i bås» når ein kom rekande med «huset hengande bak» eller «med huset på ryggen».

Heldigvis har ferieforma vorte meir akseptert og «stugurein» dei seinare åra. Det meste toppa seg under Koronasommarane 2020 og 2021, der forhandlarar av vogner og bubilar samt campingplassane opplevde ekstrem interesse. Trass i at utlendingane ikkje kom til landet, nordmenn fekk heller ikkje reist til Syden og drog på ferie i Noreg. Det er framleis trendy å dra på camping, taktelt til (el)-bilar, mini-campingvogner i offroaddesign og bybubilar vil vi sjå mange av i sommar. Grilldressane frå 80og 90-talet er også attende. Dette er høgaste mote slik underteikna (som er svært så lite motebevisst) har skjønt det.

Vel, sidan det har skjedd ei haldningsendring til campingfolket er det kanskje på tide å gå nokre «etablerte» sanningar også etter i saumane:

Er det verkeleg slik at alle bubilar køyrer maksimalt 50 kilometer i timen og held seg midt i vegen det meste av tida?

Er det sant at bubilturistar har med all maten sin frå heime og ikkje legg att ei krone på butikkar eller serveringsstader?

Og, er det slik at alle bubilistar helst vil parkere gratis, stjele straum frå motorvarmarkontakter, tøme toaletta sine i vassdraga og badeplassane våre og kaste att søppelet sitt i norsk natur?

Dette kan knappast kallast forskning, i så fall må den kallast «superenkel», men vi har spurt eit knippe bubilistar vi trefte langs vegen i Ottadalen nokre dagar før høgsesongen og fellesferien er i gang:

Rune og Hege Norevik frå Bergen treffer vi ved rasteplassen ved Heggebottvatnet i Skjåk. Dei har køyrt via Sogn og er no på ferd nordover landet. Med omlag 140 døgn i bilen siste år, er dei erfarne bubilistar som set stor pris på det frie livet dette er.

som er litt meir romsleg enn den dei har i bilen. Ein må også få tømt tankar og fyllt gass og vatn innimellom. Klesvask er også greit å få gjort unna slik når vi skal vere borte såpass lenge. Elles et dei ofte på stader langs med vegen som fristar med noko godt. Elgburgar frå Nasjonalparkkiosken vart dagens middag.

– Eg har inntrykk av at folk som ferdast etter vegen som oss, generelt har vorte svært så opptekne av å halde orden. Det er sjeldan vi ser søppel som ligg att etter bubilfolk, og rasteplassar og andre stader vi brukar å stoppe er reine og pene, seier Hege.

Dei to har sett ein del slike stader, dei siste åra har dei køyrt mellom 15 og 20.000 kilometer i året med bubilen sin.

– Vi hadde tidlegare båt, men kjøpte denne bilen i 2018. Sidan har vi farta mykje rundt og er rett og slett heilfrelste, smiler dei to som tek turen som den kjem. Vi er pensjonistar og har god tid. Brukar å si at vi ikkje behøver ein plan, vi berre kosar oss. Nå er aktuelle reisemål Tromsø, Sørøya, Hammerfest og Karasjok via Sverige, men om det tek ei veke eller ti nordover veit vi ikkje. Kanskje snur vi og, det er så mykje fint å sjå. Noreg er eit utruleg flott land, legg dei til.

Dei ordnar seg vanlegvis med middag i bilen, og er glad i fricamping. Aller helst nær havet eller ein innsjø. Men det er godt å kome innom ein campingplass, treffe andre campinginteresserte og bruke ein dusj

– Vi campar også vinterstid, men da blir det ikkje så lange turar. Vi er nokre par med felles interesse av dette som ofte samlast i helgene med bilane, spelar kort og pratar tullprat. Dette har vorte ein livsstil for oss, seier dei to at dei kom heim frå førre tur for berre omlag ei veke sidan.

– I dag er dei fleste bubilar såpass godt motorisert at dei fylgjer trafikken godt. Prøver så godt eg kan å fyljge med bakover og svinge til sides for å sleppe forbi om eg ser at det blir kø bak meg. Men, eg har inntrykk av at kanskje spesielt tyskarar ikkje er så flinke til dette. Min teori er at køyring på til dømes Autobahn set full fokus på farten og sikta framover, så dei tenkjer ikkje over det som kjem bak dei. Det er sik-

Hege og Rune Norevik brukar bubilen sin 140 døgn i året.

kert også mange tyskarar som leiger seg bubil og kanskje er litt uvant med å køyre såpass stor bil. Samstundes så har vi jo eit flott land og det er mykje å sjå etter vegen, smiler Rune.

Bernhard Lange kjem frå ein liten stad nær Leipzig i Tyskland og er på ein 16 dagars tur til Sør-Noreg i leigd bybubil. Han har vore i Noreg mange gongar før, og har leigd bubil og campingvogner for slike turar i over tredve år. Eg har også vore mykje i nabolandet Sverige. Norden er fantastisk, seier Bernhard. Vi treffer han på Billingen i Skjåk, der han har parkert bilen for eit par dagar. Han har vore i Måløy og på Vestkapp, og no skal han slappe av litt før han tek på heimveg.

– Eg har hatt nokre overnattingar på campingplassar undervegs, men også noko fricamping som her. Vil tru at det fordelar seg omlag 50/50 seier den joviale tyskaren og skryter uhemma av vaflene på Billingen Seterpensjonat som ligg rett over brua for rasteplassen der Bernhard har slått seg til. Med seg i bilen har han noko tysk tørrmat og ikkje minst det tyske favorittølet.

– Eg handlar ein del her i Noreg, men maten er dyrare enn heime i Tyskland. Ferskvarer, brød og mjølk må ein da kjøpe her. Vil tru at halve provianten på ein slik tur blir kjøpt langs med vegen der eg fer, seier Bernhard. Med ein relativt liten bubil og lang røynsle i handtering er han ikkje einig i at han er ei sinke i trafikken.

– Det er ingen racerbil dette, så eg svingar til sides og slepper forbi om det trengs, men det er ikkje ofte det skjer, avsluttar Bernhard smilande. Til fosseduren frå Tora ynskjer vi han god tur heimover.

Gerlinda og Chris Krämer kjem frå regionen Westphalia sentralt i tidlegare Vest-Tysk-

land. Dei kom til Noreg med ferja frå Hirtshals til Kristiansand før dei brukte nokre dagar langs med Sørlandskysten og innover Oslofjorden til hovudstaden. Dei er båe svært opptekne av geologi og natur og har vore innom fleire aktuelle stader undervegs. Nå skal dei ha nokre dagar i området rundt Jostedalsbreen og sidearmar av denne. Vi treffer dei på den vesle rasteplassen like aust for Heillstuguvatnet på Gamle Strynsfjellvegen i Skjåk. Dei har køyrt heilt frå Oslo og er slitne etter den lange turen. På rasteplassbordet er primusen montert, det luktar godt av putrande gryterett og paret har ofra på seg kvar si tyske ølflaske av lageret som finst i bilen.

– Vi har med litt matvarer, men kjøper inn det meste undervegs. Øl har vi med rikeleg

av, norsk øl er ikkje godt, smiler Chris og fortel at dei har vore mange gonger i Noreg før. Vi har vore i Nord-Noreg og sett dei fleste av dei kjende destinasjonane. På denne turen er det breear vi skal sjå på, vi kjem nok til å gå ein del i fjellet rundt her, legg han til.

– Vi er ofte innom på campingplassar undervegs, men trivst også med fricamping. Heime i Tyskland er alt meir organisert og tilrettelagt, her er det meir friheit. Men, ein skal ha respekt for allemannsretten. Vi brukar til dømes ikkje eigne bord og stolar når vi er på slike plassar som denne, seier Cris og Gerlinda.

Bilen dei har er litt over seks meter lang. Den smale og svingete grusvegen over Gamle Strynefjellet skremmer ikkje sjåføren.

– Denne bilen er som å køyre ein ordinær personbil, berre ein hugsar høgd og lengda på den. Om eit par dagar går turen vidare til Nordfjord og Olden og etterkvart vidare vestover mot Flåm der paret skal treffe sonen sin.

TERJE RANDEN terje.randen@fjuken.no

• Skrivande journalist kan kanskje ikkje kallast objektiv, han har hatt bubilar og campingvogner det meste av sitt vaksne liv og er ofte ute på vegen.

Gerlinda og Chris Krämer kokar middag med utsikt frå rasteplassen på bikken aust for Heillstuguvatnet i Skjåk.

Bernhard Lange frå Leipzig i tidlegare Aust-Tyskland har hatt mange turar i Noreg dei siste 30 åra.

OPP

START

SKYTTARPALLEN OPP

180 min 9.3 km

eller FRAM

Startpunkt for turen ved brygga i Vanglandet. Fin utsikt utover Vågåvatnet. Gå mot aust for flat tur, eller mot vest for bratt tur. Tur / retur

Følg Nedre Nordheradsveg ei stykke til Lye. Følg skiltinga til Lindalen. Turen går i kulturlandskapet i Nordherad. Kryssar Øvre Nordheradsveg. Følg merkinga til Bronsdalen. Frå bustadfeltet på Kvarbergåsen følg Øvre Nordheradsveg ned til sentrum. Flott utsikt frå Skyttarpallen. Passerer Jutulporten og Ullinsvin.

...i Vågå FRAM

VÅGÅMO

Lett runde til sentrum av Vågåmo. Frå start følg stigen langs Vågåvatnet til Sundbrua og langs Ottaelva. Følg stigen opp lang elva Finna der ein endar opp ved Vågåkyrkja. Frå her er det valfrie gater attende til startpunkt.

Ein blå tråd i Skjåk

«Vil Vårherre gje oss sol, ska oss sjølve skaffe væte» er eit gamalt ordtak frå bygdene våre. Utan kunstig vatning kan det ikkje dyrkast mykje i dei nedbørfattige bygdene.

Ein som verkeleg sette sitt preg på vatningskulturen var «Vass-Per».

Peder Pedersen Dagsgardsødegård(1782-1846) var ein oppfinnsam kar frå Skjåk og ein ekspert til å berekne vassvegane i distriktet. Sidan Skjåk har svært låg nedbørsmengd, gjerne så lite som 300 millimeter i året, er kunstige vatningssystem heilt nød-

vendig for å kunne drive jordbruk i bygda. Berre i Skjåk er det registrert om lag 300 kilometer med kunstige vassvegar for å forsyne gardane med vatn. Vassvegane går gjerne heilt opp til brekanten, der smeltevatnet blir samla i ein dam, sidan grøvene (bekkane) som fører smeltevatn ned til gardane raskt turkar opp.

Etternamnet Dagsgardsødegård fekk Vass-Per etter garden han budde på da han

døydde. Kanskje var han gardbruker på Dagsgardsøygarden, men det er usikkert. Ifølgje lokalhistorikaren Ivar Kleiven skal Vass-Per ha vore «någå oroleg» og «han budde sålest på mange stee før han endeleg ga se i ro». Han skal ei tid ha vore kvernmeister ved Vollungsbrue i Skjåk og plassmann på husmannsplassen Smedsmoen i nærleiken der. Seinare skal han også ha vært bruker av garden Øyberget i Nordberg i Skjåk før han slo seg til på Dagsgardsøygarden.

«Peder Pedersen» var son av ugifte Per Østensen Lund og Torø Guttormsdatter Lund. Vass-Per gifta seg i 1803 med Anne Jakobsdatter Langleite, og dei fekk fire barn.

Det er usikkert kor mange av vatningsannlegga i Lom og Skjåk Vass-Per faktisk

Gardbrukarane i Ottadalen har gjennom alle tider vore avhengig av vatnet frå fjellet for i det heile tatt å kunne dyrke noko som helst.
ALLE FOTO: HANS ERIK KJOSBAKKEN

I dag er det appstyrte vassvogner som ordnar vatning, men vatnet er like nødvendig for jordbruket.

– I Gamleheimstrædet kan Skjåk verkeleg markere identitet ved å gjera meir ut av området, meiner lokalpolitikaren Morten Kielland.

stod bak. Det er klart at han i ettertid har fått æra for mange vassvegar som han ikkje laga.

Gregor Kummen og Ivar Teigum skriv om minna etter Vass-Per: «Hans namn er knytt til Stensgårdsgrové, Kluftåteføynné, Kvitingjé, Bjøynnaskriu, Skriugrové, Hundsjogrové». Alle desse stadnamna gjeld Skjåk. «I Lom arbeidde han det store vasstaket frå Soleil og vasstaket frå Bol på sørsida av Eiggjé» (Lomseggen).

Det sistnemnde anlegget, Bordvassvegen, er spesielt godt dokumentert ved ei bevart kontrakt. Den vart bygd av Vass-Per og sonen hans. Kontrakta vart signert 1. april 1833, og lova Vass-Per 200 spesiedaler om han klarte å skaffe vatn.

Bordvassvegen er eit spesielt imponerande arbeid, da den startar 1.450 moh og

ender ved 450 moh - eit fall på 1.000 meter. Vass-Per måtte ikkje berre forsikre at nok vatn kom fram - han måtte også ordne det slik at det ikkje komfor mykje vatn, noko som ville føre til at åkrane vart oversvømt. Bordvassvegen vart siste gong brukt i 1986. I dag blir stigen langs vassvegen brukt som tursti, men ein kan finne att vatnet frå denne vassvegen i bygdatunet Presthaugen.

Vass-Per fann opp et nivelleringsverktøy (vatervåg) for å finne ut kva veg neste bakke hella. Han er også ein av fleire som har fått æra for å ha utvikla eller vidareutvikla den lomske såmaskina.

Kring 1840 oppdaga Vass-Per, og sikra seg rettane til, malmforekomster fleire stader i Skjåk-fjella. Den eine staden, i fjellet mellom Skjåk og Lesja, kom det også i gang utvinning av krom. Men drifta vart ulønsam og kortvarig. Panteregisteret syner at VassPer i 1842 selde rettane sine for 60 spesiedaler.

(Kjelde: Lokalhistoriewiki)

Gamleheimstrædet

Morten Kielland i Skjåk ynskjer å sterkare markere Vass-Per og vatnet i Skjåk ved tiltak i Gamleheimstrædet i Bismo.

Gamleheimstrædet er eit uteområde med naturleg amfi som ligg skjerma til sentrum-

snært i Bismo. Tidlegare vart dette staden for 17. mai-feiring og konsertar i Skjåk. Den siste tida er området mykje brukt av skule og barnehage, men mykje av installasjonane, som benker og scene, står nå til nedfalls. – Dette området er som skapt til å markere «ein blå tråd» for Skjåk. Her renn det vatnet som kjem frå bekken Fjuken i det fri og her kan ein på fleire vis få synt fram vatningskulturen som bygda er kjent for. Vi kan byggje identitet rundt Vass-Per, vatningskultur og jordbruk, seier lokalpolitikaren Morten Kielland.

Han meiner området er ideelt også i folkehelsesamanheng.

– Med enkle tiltak kan området tilretteleggjast, og knytast saman med Bismorunda (ein turstig på sørsida av sentrum, nå lagt oppå den nye flaumvollen, journ. merk).

Ikkje nok med dette. Kielland meiner området også etter kvart kan huse eit bygdatun.

– Dette er plassen ein kan ta vare på gamle hus i Skjåk. Ein kan byrje i det små, ein må sjå dette i eit lengre perspektiv. Start med å fjerne rotne og øydelagde konstruksjonar, rydd langs Fjuken og knyt området saman med Bismorunda, meiner han.

HANS ERIK KJOSBAKKEN hans.erik.kjosbakken@fjuken.no

SOMMARKOS

Fargerikt svar

- alle svara inneheld ein farge

1. Kva heiter den amerikanske restaurantkjeda som har hummar som hovudfokus?

2. Kva for ein song av Alf Prøysen og Finn Ludt startar med strofa «Nå ligg steinrøysa solvarm med fingerstrå»?

Ser du mønsteret?

Kva for ein bokstav skal erstatte spørjeteiknet?

teologi, ein av de sju dødssyndene. Kan du eit anna namn på denne synda (som inneheld ein farge)?

7. Kva er det svenske namnet på Pippis hest?

8. Kva heiter teikneseriefiguren Nemis beste venninne?

3. Kva heiter karakteren Heisenberg frå «Breaking Bad»-serien eigentleg?

4. Kva heiter Noregs nest største isbre?

5. Kva heiter området på ein golfbane kor hòlet er?

6. «Avaritia» er, ifølge katolsk

R T Y ? I O P Å

Mat og

drikke

- for dei yngre

1. Kva et ein dersom ein får i seg carolina reaper, jalapeño eller habanero?

2. Kva for ein brus har slagordet «Taste the feeling»?

3. Kva for eit dyr lagar ein pinnekjøtt av?

4. Veks lauk over eller under jorda? 5. Kva treng du om du skal lage marengs?

puslekryss

9. Kven nekta, i 1955, å gi frå seg bussetet sitt til ein kvit passasjer – og blei dermed eit symbol på raseskilleprotesten i USA?

10. Kva heiter lagmannsretten som har sitt virke i Rogaland og Vestland?

Fyll inn orda i dei tomme rutene. Lukke til!

2 bokstavar: LE, LA, UT, TT, SE

3 bokstavar: PAI, ANN, NEK, LEI, GLI, BEK

4 bokstavar: LAUE, BIKK, EKLE, ENSE, PUST

5 bokstavar: DISIG

7 bokstavar: ALDELES, STIKKER, APPLAUS, SNEKKER

FOR STORE OG SMÅ

Varmt og kaldt

1. Kva for ein song (basslinje) har Vanilla Ice brukt i songen «Ice Ice Baby»?

2. På kva for eit temperaturpunkt er måleiningane celsius og fahrenheit likt?

3. Og kva er det same som 0⁰ Kelvin?

4. Kva for ein fribrytar og skodespelar hadde kallenamnet «Stone Cold»?

5. Dei ville ikkje spele saman igjen før «helvete frøys til is», og gjorde nettopp dette med albumet «Hell

Freezes Over». Kven tenkjer vi på?

6. I 1970 hadde Nesbyen varmerekord i Noreg. Kor varmt var det?

7. Og kor i Noreg har det vore kaldast (– 51,4 ⁰C)?

8. Kva for noko søtt vert gjerne kalla «sundae» på engelsk?

9. Kva meiner ein med uttrykket «ei varm potet»?

10. Kva for eit vesen (frå finsk barnelitteratur) spreier frykt og kulde - og etterlet eit felt av is der ho har vore?

For barn

V. Bokstaven +3 i alfabetet (A+3=D. D+3=G osb.)

stav manglar, grøn ring?

Kva for ein bok-

1. Arsenal FC 2. Skihopp 3. Golf 4. 16 brikker 5. Sverige

Sport og spel

Kva for ein bokstav manglar, raud ring? M (for mars) Rekkefølga er forbokstaven til månadane frå august til februar

– 40 ⁰C og – 40 ⁰F 3. – 273,15 ⁰C (det absolutte nullpunkt) 4. Steve Austin 5. Eagles 6. 35,6 ⁰C (!) 7. Karasjok 8. Softis 9. Det er eit vanskeleg, eller pinleg tema 10. «Hufsa» frå Tove Janssons Mummitroll-univers

«Under Pressure» av Queen

Varmt og kaldt

Sport

og spel - for dei yngre

1. På kva for eit fotballag er Martin Ødegaard kaptein?

2. Gamle folk seier ofte «å hoppe etter Wirkola», men i kva for ein idrett var han ein meister i?

3. Kva for ein sport driv du med når du høyrer ord som «caddie», «birdie», «green» og «driver»?

4. Kor mange kvite brikker bruker ein i sjakk?

S HA GAL ÅLEL

5. Frå kva land kjem spelet «Minecraft»?

For vaksne

FINN 7 FARGaR

- i virvaret av bokstavar

Vassrett, loddrett, på skrå og baklengs

Tårnet på toppen av Blåhø reiser seg majestetisk opp av skodda. Frå toppen er det panoramautsikt til fire nasjonalparkar; Jotunheimen, Reinheimen, Dovrefjell og Rondane. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Biltur på taket av Noreg

Vegen til Blåhø er den tredje høgste bilvegen i Norge og ein av dei mest spektakulære bilturane ein kan gjere her i landet. Frå toppen av Blåhø er det panoramautsikt i alle himmelretningar.

ARVE DANIELSEN redaksjon@fjuken.no

Ein treng korkje å vere fjellklatrar eller kjøre bil med firehjulstrekk om ein vil høgt til fjells i Ottadalen. Halve året kan ein kjøre opp til Juvasshytta i Lom som ligg 1.841 meter over havet eller opp på Blåhø i Vågå som ligg 1.618 meter over havet. Om ein vil ha med seg dei tre høgstliggjande vegane i landet, ligg nummer to på lista i Østerdalen: Tronfjellet i Alvdal med sine 1.666 meter over havet. Høgare kjem du ikkje med bil i Skandinavia.

Sju prestegjeld

Blåhø er den tredje høgste bilvegen i Norge. Frå toppen av Blåhø er det panorama-

utsikt til fire nasjonalparkar; Jotunheimen, Reinheimen, Dovrefjell og Rondane. Det heiter seg at ein kan sjå sju prestegjeld frå toppen. Vegen opp til Blåhø startar i Vågåmo og det er 15 kilometer til toppen. Vegen går opp Øygardane og ved Sandbakken er det elektronisk bom. Det kostar 30 kroner (2011) for personbilar å kjøre etter vegen. Vegen har grusdekke, er smal og standarden varierer. Vaskebrett i svingane er noko som høyrer med i prisen.

Avstikkar

Når ein har kome opp dei brattaste bakkane, kan ein anbefale ein avstikkar ut på Vole med flott utsikt over Vågåmo og dalføret. Vole er startplass for Riksenteret for hanggliding og paragliding og det kan tidvis vere stor trafikk av bilkjørande pilotar langs denne vegen.

For dei med høgdeskrekk kan Jettjønn vere ein flott plass å stoppe på. Dei som vågar seg vidare byr vegen på eit luftig parti den siste bratte stigninga mot toppen av Blåhø. I klarver har ein tårnet på toppen i sikte undervegs.

Blåleg

Vegen til toppen av Blåhø vart bygd fyrst på 1960-talet, i samband med utbygginga av sendaren som stod ferdig i 1963. Jettasendaren er 67,5 meter høg og det

gjekk med 1.500 kubikk betong under bygginga. Berre antenna vog 40 tonn. Jettasendaren sender telekommunikasjon samt TV- og radiosignal til Nord- og MidtGudbrandsdalen.

Namnet Blåhø er brukt i Ottadalen. På Dovre blir toppen kalla Jetta. Blåhø er eit vanleg fjellnamn og er ofte brukt på fjell som er avrunda og som på avstand verkar «blålege».

Panorama

I løpet av sommaren (2011) blir det sett opp tre informasjonsskilt på toppen av Blåhø. Skilta skal ha panoramafotografi mot dei tre himmelretningane Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen. Her blir det namn på fjelltoppar ein kan sjå med høgdemeter, informasjon om nasjonalparkane og områda rundt.

NB! Denne teksta og bileta sto fyrst publisert i Fjuken sitt sommarmagasin i 2011. Vegen ligg der enda, men vi gjer merksam på at den stundom kan vere i dårleg forfatning. Det er lurt med ein høg bil, gjerne med firehjulsdrift.

Gjer du sommarhandelen lokalt?

Bruker du lokale verksemder - og sikrar lokale arbeidsplassar?

Legg du handelen din til butikkane i nærmiljøet du ferdast i til dagleg?

Bruk butikkar og kulturtilbod, kanskje er det lurt å tenkje litt ekstra før du handlar?

Desse verksemdene i Vågå er med i mediehuset Fjuken sitt lokalengasjementprosjekt ”Heimkjær” og gjer seg ekstra synlege gjennom lokalavisa på papir og nett.

Vil du også vera med, ring oss i marknadsavdelinga på tlf 61213860 eller send oss ein epost på annonse@fjuken.no

Byggern Vågå

www.byggern.no

Vågå Bilservice AS

Industrivegen 40, 2680 Vågå Tlf 61 23 79 50 post@vagabilservice.no

Coop Byggmix Vågå

Vågåvegen 47, 2680 Vågå Tlf 992 11 680 vaagaa.byggmix@coop.no

- litt ditt!

Extra Vågå

Vågåvegen 47, 2680 Vågå Tlf 992 11 686 extra.vaagaa@coop.no

- litt ditt!

Eidefoss Strøm

Skogen Bil AS

Industrivegen 42, 2680 Vågå Tlf 61 23 22 22 firmapost@skogenbil.no www.skogenbil.no

Edvard Stormsveg 4. Vågå Tlf 61 23 82 00 firmapost@eidefoss.no www.eidefoss.no

Tenk fornybart med oss!

Sparebank 1 Lom og Skjåk

Moavegen 20b, 2680 Vågå Tlf 61 21 90 00 bankpost@sb1ls.no www.sb1ls.no

Fjellbanken

GK Rør Vågå

CoopRandsverkMarked Sesongbutikk

Fjellvegen 1972, 2683 Tessanden Tlf 97503081 randsverk.marked@coop.no

- litt ditt!

Skrotten AS

Vågåvegen 51B, 2680 Vågå Tlf 413 25 823 info@skrotten.no www.skrotten.no

Friskvern, kosthold og massasje

kultur

handel

næringsliv

engasjement

Proel

Industrivegen 31, 2680 Vågå Tlf 61 23 24 40 post@proel.no www.proel.no

Smarte og trygge løysingar til rett pris

Ottadalen Mølle

Bergomsvegen 49, 2686 Lom Industrivegen 33, 2680 Vågå Tlf 61 21 18 20 • 61 23 70 72 post@ottadalen.norgesfor.no www.norgesfor.no/ottadalen

Alltid der for deg

Coop Prix Lalm

Kolbottvegen 2A, 2682 Lalm Tlf 992 11 695 prix.lalm@coop.no

- litt ditt!

Nordplan avd Gudbrandsdalen

Vågåvegen 35, 2680 Vågå Tlf 67 88 55 00 vaga@nordplan.no www.nordplan.no

Tverrfagleg prosjektering sidan 1987

Power Vågå

Brennvegen 6E, 2680 Vågå Tlf 992 11 690 vaga@power.no - litt ditt!

Industrivegen 4A, Vågå Tlf 61 23 20 62 info@vaga.byggern.no
Enkelt for deg - bra for bilen

Gjer du sommarhandelen lokalt?

Bruker du lokale verksemder - og sikrar lokale arbeidsplassar? Legg du handelen din til butikkane i nærmiljøet du ferdast i til dagleg?

Bruk butikkar og kulturtilbod, kanskje er det lurt å tenkje litt ekstra før du handlar?

Desse verksemdene i Skjåk er med i mediehuset Fjuken sitt lokalengasjementprosjekt ”Heimkjær” og gjer seg ekstra synlege gjennom lokalavisa på papir og nett.

Vil du også vera med, ring oss i marknadsavdelinga på tlf 61213860 eller send oss ein epost på annonse@fjuken.no

Bismo

kultur • handel • næringsliv

engasjement

Aurmo Transport På veien for deg i 90 år!

Stryvo Bismo

Industrivegen 57, 2690 Skjåk Tlf 57 87 28 00 post@stryvo.no www.stryvo.no

Skjåkvegen 1245, 2690 Skjåk Tlf 468 29 564 mathilde.skamsar@gmail.com Gaver, garn, interiør, tekstiler og galleri

Skeimoplassen 10, 2690 Skjåk Tlf 61 21 40 65 skeimo.extra@coop.no www.coop.no/extra Extra Skeimo Extra

Sparebank 1 Lom og Skjåk

Skjåkvegen 1208, 2690 Skjåk Tlf 61 21 90 00 bankpost@sb1ls.no www.sb1ls.no

Skjåk Turistheim Skeid Kro

Skjåkvegen 1184, 2690 Skjåk Tlf 61 21 40 24 / 61 21 43 33 post@skeidkro.no www.skeidkro.no

Et deg mett og bli meire verdt

Byggern Skjåk

Industrivegen 12, Skjåk Tlf 61 21 38 80 info@skjak.byggern.no www.byggern.no

Fjellbanken

SEBB AS

Vassverkvegen 10, 2690 Skjåk Tlf 61 21 35 70 post@sebb.no • www.sebb.no

Lokal entreprenør frå idé til bygg

YX Skjåk

Skjåkvegen 1212, 2690 Skjåk Tlf 61 21 41 53 skjak@st.yx.no facebook.com/yxskjaak

Power Skjåk

Skjåkvegen 1230, 2690 Skjåk

Skjåk kjøpesenter Tlf 992 11 663 martin.aabakken@power.no

- litt ditt!

Coop Prix Bruvoll

Bråtåvegen 6, 2693 Nordberg Tlf 992 11 645 prix.bruvoll@coop.no

- litt ditt!

Skjåk Almenning

Industrivegen 10, 2690 Skjåk Tlf 61 21 39 00 firmapost@skjak-almenning.no www.skjak-almenning.no

Team Verksted Skjåk

Industrivegen 2, 2690 Skjåk Tlf 61 21 36 70 lars.alfred.aanstad@teamverksted.no www.teamverksted.no

Din bilverkstad i Skjåk

Skjåkvegen 5383, 2695 Grotli Tlf 61 21 74 74 post@grotli.no www.grotli.no

- ærlig - historisk

Industrivegen
En del av E.A. Smith

Byggern Lom

Sognefjellsvegen 20, Lom Tlf 992 11 660 info@lom.byggern.no www.byggern.no

En del av E.A. Smith

2. etasje, Koopbygget i Lom Tlf 992 11 670 liv.turtum@coop.no

- litt ditt!

Ditt firma her?

annonse@fjuken.no

Europris Lom

Stupulvegen 11, 2686 Lom Tlf 976 42 021 ep340@europris.no www.europris.no

Meir til overs

Extra Lom

Sognefjellsvegen 2, 2686 Lom Tlf 992 11 665 lom.extra@coop.no

- litt ditt!

Spiterstulen turisthytte

Visdalsvegen 1710. 2687 Bøverdalen Tlf 97 99 80 00 post@spiterstulen.no www.spiterstulen.no

Gjer du sommarhandelen lokalt?

Bruker du lokale verksemder - og sikrar lokale arbeidsplassar?

Legg du handelen din til butikkane i nærmiljøet du ferdast i til dagleg?

Bruk butikkar og kulturtilbod, kanskje er det lurt å tenkje litt ekstra før du handlar?

Kiwi Lom

Stupulvegen 9, 2686 Lom Tlf 61 21 10 76 kiwi.lom@ngbutikk.no www.kiwi.no

Kiwi presser prisane

KL Rørlegger AS

Stupulvegen 5, 2686 Lom Tlf 61 21 10 04 post@klror.no www.klror.no

Vatn, varme og energi

Coop Prix Bøverdalen

Sognefjellsvegen 1943, 2687 Bøverdalen Tlf 992 11 655 prix.boverdalen@coop.no

- litt ditt!

Ditt firma her?

annonse@fjuken.no

Ottadalen Mølle

Bergomsvegen 49, 2686 Lom Industrivegen 33, 2680 Vågå Tlf 61 21 18 20 • 61 23 70 72 post@ottadalen.norgesfor.no www.norgesfor.no/ottadalen

Alltid der for deg

Steinar Skaansar & Sønn

Stupulvegen 7, 2686 Lom Tlf 61 21 10 41 sskaansa@online.no www.skaansar.no

Fjell og Fritid

Sognefjellsvegen 5, 2686 Lom Tlf 61 21 17 99 post@fjellogfritid.no www.fjellogfritid.no

Sportsbutikk for høgfjell og lågland

Sparebank 1 Lom og Skjåk

Sognefjellsvegen 4, 2686 Lom Tlf 61 21 90 00 bankpost@sb1ls.no www.sb1ls.no

Fjellbanken

Sport1 Lom

Liavegen 5, 2686 Lom Tlf 61 21 29 29 lom@sport1.no www.sport1.no

Desse verksemdene i Lom er med i mediehuset Fjuken sitt lokalengasjementprosjekt ”Heimkjær” og gjer seg ekstra synlege gjennom lokalavisa på papir og nett.

Vil du også vera med, ring oss i marknadsavdelinga på tlf 61213860 eller send oss ein epost på annonse@fjuken.no

- LOM - SKJÅK

• kultur

• handel

• næringsliv • engasjement

Vi gir hverdagen et pusterom!

Sykkelreperatøren er sjølvlært i faget. Det er ikkje noko hinder til at folk kjem langvegsfrå for å få fiska syklane sine. Bak Jørn Tore ser ein kjøpmannsdisken der forskjellige matvarer i dag er bytta ut med sykkeldelar.

Sykkelverkstad mot all fornuft

Det er ikkje berre lokale syklistar som tek turen til JT-Sykkel. Også turistar som får problem med sykkelen finn vegen til sykkelreperatøren i baksida på Lalm.

Jørn Tore Mikalsen

starta i 2002 opp med sykkelverkstad i dei tidlegare butikklokala i baksida på Lalm. I seks år dreiv han med sykkelbutikk og verkstad på fritida.

– I 2008 sa eg opp som vaktmeister i Vågå kommune. Det var ikkje noko enkelt val, men eg kunne ikkje vera to plassar samstundes. Eg følte eg hadde to alternativ. Anten legge ned dette her og fortsetja som vaktmeister, eller satse for fullt og si opp den faste jobben. Eg syntest det var for gale å kutte ut dette her da eg såg at det hadde livets rett, seier Jørn Tore Mikalsen.

Han legg til at han ville hatt meir fritid om han hadde halde fram som vaktmeister, med fast arbeidstid og fri kvar kveld og

helg. Men det var dette han hadde drøymt om. Dette han ville.

Hyttefolk og turistar

Det er ikkje berre lokalbefolkninga som er kundar hjå sykkelreperatøren som brukar forbokstavane i fornamna sine som bedriftsnamn. Også hyttefolk og turistar stikk innom med syklar der kanskje bremsene skrik etter hjelp.

– Mange kommenterer at det er ein artig butikk og dei ikkje forstår at det går an å leve av dette på ein slik liten plass. Eg har opplevd fleire gonger at folk som stoppar ute her, blir forundra når dei kjem inn. «Åssen går det an her?» Den kommentaren har eg høyrt mange gonger. Kven hadde førestilt seg dette i baksida på Lalm? Det er nesten

Jørn Tore Mikalsen har i 22 år drive butikk- og sykkelverkstad i lokalet til ein tidlegare «glåmsøygde» når dei kjem inn. «Går dette an her», er omkvedet blant folk. ALLE FOTO: ARVE DANIELSEN

mot all sunn fornuft, seier Jørn Tore.

Han fortel at det er mange sportsbutikkar som ikkje satsar på reparasjonar av syklar. Da sender dei kundane vidare til JTSykkel. Hit kjem både ferierande nordmenn og utlendingar. Denne dagen reddar Jørn Tore ferien til ei finsk kvinne som hadde fått hydraulikk-lekkasje på bremsene.

– Bremser er ein gjengangar. Mange med skivebremser køyrer alt for lenge og da blir det metall mot metall, seier han.

Sjølvlært

– Korleis har du lært faget?

– Eg er sjølvlært. Eg har skrudd på det meste sidan eg var gutunge. Alt frå syklar til moped og motorsykkel. Hatt det i fingrane. Viss ein skal lære

Jørn Tore fortel at han ikkje brukar ei krone på marknadsføring. Det har ikkje vore nødvendig. – Mange som er innom her legg inn kommentarar på nettet. Det er god reklame. Det er ikkje noko hokus pokus å skape nøgde kundar. Ein må berre oppføre seg som folk. Og så må ein kunne faget. Må vite kva ein driv med. Gjer ein fjaskearbeid da blir det slik, seier han og knipsar med fingrane opp i lufta.

daglegvarebutikk i baksida på Lalm. Mange som kjem hit for fyrste gong, blir

På veggen i verkstaden, midt mellom sykkeldelar og verktøy, heng eit bilde av Jørn Tore Mikalsen frå sykkelrittet Trondheim - Oslo. Her sette syklisten frå Ottadalen Sykkelklubb ny pers med 15 timar og 27 minutt.

Ein hydraulikkslange til bremsene blir fiksa, og sykkelferien til ei finsk kvinne er berga.

sykkel, må ein ha interesse. Det er ikkje noko minus at eg har vore syklist sjølv i mange år, både på landeveg og terreng, seier Jørn Tore.

Han har sykla Den store styrkeprøva mellom Trondheim og Oslo 25 gonger. Racersykkelen er «parkert», men i august stiller han opp i Birken på terrengsykkel. 26 startar her har resultert i 25 merke.

– In må eigentleg sitja på sykkelen støtt for å få nok mil, men eg har fri berre sundagar. I takt med at ein blir eldre, blir det òg berre pes. Unødig stress og mas. Nå syklar eg når det passar. Sykkel som livsstil

63-åringen har ingen planar om å trappe ned, så lenge behovet er der.

– Eg har nok å drive med. Det har vorte ein livsstil. Ingen ting kjem av seg sjølv. Skal ein lukkast i dag må ein opp om morgonen og drive på. Eg har halde meg i god fysisk form på sykkelen. Det heng saman dette med sykkelen som livsstil.

ARVE DANIELSEN redaksjon@fjuken.no

I butikken står nye syklar på rekkje og rad og ventar på nye eigarar.

Har du hytteplaner, eller har hytta behov for rehabilitering?

Ta utgangspunkt i hytte fra våre kataloger, flytt en vegg, juster et vindu eller har du kanskje behov for et ekstra rom?

Våre arkitekter hjelper deg med å gjøre disse ideene til en realitet.

Vi bygger det du vil ha! Les om oss på norgeshus.no

FemundenBlomsterenga

Ring oss gjerne på 905 93 446

Bestill gratis hus- og hyttekatalog på norgeshus.no

Norgeshus Tessand Byggservice AS / 2680 Vågå

Du finn oss langs riksveg 15, 7 km frå Vågåmo sentrum, 23 km frå Otta, og 37 km fra Lom.

Hytter med dusj og toalett, 2 soverom eller enkle hytter uten innlagt vann. Gratis fiske på området.

2680 Vågå Tlf. 906 62 895 www.holungsoy-camping.no

Papiravisateksomvanlegferieiveke30og31,detbetyringaavisipostka Fjukenerlikevel«på»!

VidekkjersommareniOttadalen!

Papirversjonen av Fjuken kjem ikkje i veke 30 og 31, men nettavisa vår www.fjuken.no

blir oppdatert i heile sommar.

NyttavåreteratFjukenheiletidaharein journalistpåvaktsomvilhaldenettsidaogfacebookoppdatert

Skjer det noko - tips oss! Tlf 61 21 38 60 - redaksjon@fjuken.no

AV GODT MALMEN FURU PRODUSERER

VI:

•Innvendig standardpanel

•Innvendig spesialpanel

•Utvendig kledning

•Impregnerte materialer

•Gulvbord

•Listverk og utforing

•Skurlast

•VED og FLIS

Vi har utleigehytter!

VELKOMEN INNOM!

OPNINGSTIDER: MÅN-FRE 07-15

Langmorkje Almenning

Sjodalsvegen 139 - 2683 Tessanden Tlf 61 23 94 00 post@langmorkje.no www.langmorkje.no

Traktorsamlinga til

RAGNAR RAMSTAD

Sidan tidleg på syttitalet har Ragnar Ramstad samla på traktorar, helst sjeldne variantar frå alle stader i verda. Heime i Nordberg i Skjåk står traktorane utstilt på rekkje og rad - over 30 forskjellige typar! Traktorane har han reist land og strand for å få tak i, han har til og med bytt til seg traktorar frå andre land.

Dei oppstilte traktorane på andre sida av vegen for Nordberg kyrkje er eit særs populært blikkfang: – Det stansar folk her til kvar einaste dag om sommaren for å sjå på traktorar!

Ragnar sit med ein utruleg detaljkunnskap om kvar einaste maskin han har: 86-åringen med traktorane er reine leksikonet når det gjeld traktorar!

Her ser du nokre av «traktorkorta» du kan få med deg om du har ærend gjennom Skjåk i sommar!

År:

BOLINDER MUNKTELL

År:1950

Land: Sverige

Motor:2 syl

Effekt: 20 hk

Drivstoff:Diesel

År:1952

Land: Tyskland

Motor:2 syl

Effekt: 18 hk

Drivstoff:Diesel

År:1956

Land: Tyskland

Motor:2 syl

Effekt: 17 hk

Drivstoff:Diesel

eller FRAM OPP

Om det er fram eller opp du vil, er startpunktet din ved Tronoddbrua like nord for Lom sentrum. det parkeringsplass like etter at du kjem

SKIMHYTTA FRAM

Denne turer er eit særs populært turmål for menneske i alle aldrar. God stig, flatt og fint terreng. Målet er Skimhytta, ei flott hytte med grillmoglegheiter. Dette er og eit populært område for fisking. Hugs fiskekort!

Det er er skikkeleg

...i lom FRAM

startpunktet for turen sentrum. Her er kjem over brua.

TRONODDBERGET

er kanskje ikkje så langt opp til Tronoddberget, men det skikkeleg bratt! Det er ikkje mange minutta ein skal gå før pulsen går jamt. Ikkje gløym å drikk vatn på tur oppover! På toppen er det det duka for premie: Nydeleg utsikt utover Lomnaboane Skjåk og Vågå.

22.juni kl. 18.00 Ingeborg Dalheim og Britt Pernille Frøholm17.august kl. 13.00 Ingeborg Dalheim og Petter Richter

Re-Store: Weather 22.juni - 16.august

utstilling av masterprosjekter fra Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

For konsertbilletter og middagsreservasjon: +47 982 86 400 - post@budsjord.no - www.budsjord.no - facebook OVERNATTING - MIDDAGSSERVERING - ARRANGEMENT åpningstider : 22.juni - 16.august kl.12.00 - 18.00

«Kunst i min hage»

NYTT FOR SOMMEREN; Selvbetjeningsbod med salg av lokale bær og grønnsaker mm som det til enhver tid er sesong for.

Killi Kunst og Dekormaling

Blæstervegen 46, 2660 Dombås Mobil: 90 69 91 19

E-post: killi.atelier@gmail.com

Facebook: Inger Synnøve Killi Instagram: ingerkilli www.killikunstogdekormaling.no

Ta bussen til fjells i sommar!

Med Innlandstrafikk kan du ta bussen til Jotunheimen, Rondane, Valdres og Gudbrandsdalen. Sjå rutetider på www.innlandstrafikk.no/fjellruter

I heile juli kostar det berre 10 kroner for enkeltbillettar på alle våre linjer!

Billettar

Billettar og utfyllande informasjon på nettsida: www.diktardagar.no

Restbillettar blir selde ved inngangen og kan betalast med VIPPS

Festivalpass 1500 kr Gjeld ikkje

Diktardagarmiddagen og turen søndag.

Oppdatert på nett

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Eventuelle endringar blir varsla på nettsidavår.

Overnatting

Visit Jotunheimen, tlf 61 21 29 90 info@visitjotunheimen.no. www.visitjotunheimen.no

Heim –det å høyre til

Kva betyr det å høyre til? Eller det å ikkje høyre til? Kvar kjenner vi oss heime? Temaet er aktuelt som aldri før. Krig gjer folk heimlause i Gaza, Ukraina og andre stader. Mange må søkje ein ny heim. Overalt leiter ungdom og vaksne etter ein stad eller eit miljø å slå rot og kjenne seg heime i. Temaet vil gå att i fleire av programpostane under Diktardagar i år.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til Diktardagar 202 4.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.