KYRKJEBLAD
Skjåk og Nordberg
Nr. 3 • Oktober 2024 • 84. årgang
KYRKJEBL AD
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Messeplan
Oktober - Desember 2024
Sundag 6. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe med dåp
Sundag 20. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Sundag 27. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje
Sundag 3. november kl .18.00 Nordberg kyrkje
Helgemesse Kl. 20.00 Skjåk kyrkje Helgemesse
Sundag 17. november kl .11.00 Nordberg kyrkje. Messe med dåp
Sundag 24. november kl. 11.00 Skjåk kyrkje
Sundag 1. desember kl. 11.00 Nordberg kyrkje. 1. sundag i advent. Utdeling av julebok til to- og treåringar
Sundag 15. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje
Sundag 22. desember kl. 19.30 Nordberg kyrkje. Vi syng og spelar jula inn.
ANDAKTER PÅ SKJÅKHEIMEN:
Tysdag 29. oktober kl. 11.30 Tysdag 19. november kl .11.30
Kyrkjelege seremoniar: Dåp/ Konfirmasjon/ ta kontakt med kyrkjekontoret på epost: kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no eller tlf 909 56 437
Vigsel tlf.909 56 437
For å melde dødsfall og gjere avtale om gravferd: ring kyrkjeverje tlf 971 61 560 eller arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
MED ATTERHALD OM ENDRINGAR
Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.
Skjåk kyrkjelege liv www.skjaak.kyrkja.no
Blomefonda i Nordberg og Skjåk
Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.
Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no
Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543
Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547
Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.
Nordberg og Skjåk Sokn
Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Kontoradresse: Skjåk Energi
Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no
Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00
Mobil: 909 56 437 / 948 62 267
Sokneprest
Kåre Gloslie tlf: 970 35 967 kare.gloslie@skjaak.kommune.no
Kyrkjelydsekretær
Kari Ørjasæter kari.orjaseter@skjaak.kommune.no
Kyrkjeverje
Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
Kyrkjetenar Nordberg/Skjåk
Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no
Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.
Organist
Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com
Trusopplærar
Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no
Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Siv Jorunn Welve tlf: 415 24 571 sjw_886@hotmail.com
Kyrkjebladredaksjonen: 909 56 437 kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no
Abonnere på kyrkjebladet
Innanbygds: Friviljug kontingent
Utanbygds: Kr. 200,- pr. år
Kontonr: 2085.07.45170
Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»
Kåre Gloslie
Kjærleik i frå Gud Soknepresten
Kjærleik i frå Gud
den spring like ut som ei kjelde klår og rein. Så i vatnet klart,
(Omsett til nynorsk av Kari Ørjaseter)
Kjærleik er innertiaren i livet vårt. Den er grunnleggjande viktig for å ha eit godt liv. Eg tenkjer ikkje så mykje på den erotiske kjærleiken; den er viktig den òg. Men eg tenkjer på den kjærleiken som gjer at vi har tillit til kvarandre, og som gjer at vi kan omgåast kvarandre på ein slik måte at vi bidreg positivt til liva våre. Og då snakkar eg om respekt og toleranse, rausheit og samhald. Omgrepet ”kjærleik” har mange perspektiv.
”Utan kjærleik er vi ingen ting” seier apostelen Paulus i Korintarbrevet kap 13. Det er ein skarp og sterk påstand, men det er ein påstand vi bør reflektera over. Kvar er eg i livet? Kva har eg gjort ovanfor mine? Har kjærleiken min vore sterk nok til at eg har vore god for mine?
Svaret er ikkje eit rungande og atterhaldslaust ”ja” på slike spørsmål. Som menneske er vi ulike, og vi har ulik evne til å vera empatiske og omsorgsfulle ovanfor kvarandre.
Når det er sagt, så har eg lese ei heil populærvitskapleg bok om at menneske er grunnleggjande vennlege
(”Folk flest er gode” av Rutger Bregman).
Vi vil kvarandre vel, og omsorg og kjærleik er regelen og ikkje unntaket. Slik er det menneskelege vese net. Sjølv om det stadig er nokon som prøver å motbevise påstanden med all krig og dreping vi opplever i nyheitene om dagen.
Jesus sette bodskapen om kjærleiken opp mot dei erfaringane vi gjer når vi møter døden. Ja, Jesus gjekk i døden heilt medvite. Ikkje for å døy, men for å visa oss at ut frå døden er det ein veg vidare. Og Jesus opna porten og viste oss vegen inn til himmelen; til Gud.
Vi kan tenke og tru mykje og mangt om Jesus og kristendommen, men om vi trekkjer ut essensen av Jesu forkynning og lære, så er det det å visa oss vegen til himmelen som er i målet og meininga hans. Og vegen til himmelen er ein veg, som er fylt med kjærleik frå Gud. Og ferda vår på denne vegen byrjar ikkje når vi døyr, men når vi blir døypte. Vi blir knytt til Jesus Kristus i dåpen, og får den
kristne identiteten vår. Der byrjar vegen til himmelen.
Jesus seier: Eg er vegen, sanninga, og livet.
Det er ei tydeleg oppmoding til oss om å følgja Jesus på den livsvegen han har lagt fram for oss. Eller om vi snur på det; at vi lèt Jesus følgje oss på vegen gjennom livet, og lèt han opne porten for oss til det ekte og sanne livet. Og når tida kjem; å la Jesus opne porten for oss til himmelen.
Skjåk Bil AS
Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70
Kyrkjekontoretinformerar
Ny årstid med alle dei vakre fargane som kjem i høene våre, vemod kanskje?
Men triveleg og, kan legge ved på omn, finne seg ei god bok og berre vera, ikkje så dumt det heller!
I kyrkja har det vore travelt, som dykk ser i bladet så har det vore mangt og mykje som har hendt, både i glede og sorg. Kvardagen på kyrkjekontoret speglar livets opp og nedturar og ingen dag er lik. Støtt triveleg å vere med på å gjere kyrkjelege hendingar gode.
Vi hadde ei minnerik messe i Gamle Garmo kyrkje midtsommars, i samband med at det var Skjåk kommune sin tur til å ha arrangement på Maihaugen. Takk til Esben Bjørnstad og Terje Kveen som bidrog med trekkspel i messa.
Regnbogemesse på sygard Grimstad setra vart og ein særmerkt og triveleg dag, på mange måtar.Takk til vertskapet!
Mange gode medhjelparar for å få kabalen i ferietida til å gå opp .Vi er svært takksame for Reidar Svare og Terje Blakarstugun, som er så gode å vende seg til, ved organistbehov.
Likeins har Margrethe Lans Syvertsen vore på orgelkrakken i sumar
Vemund Vang, Frikk Gjeilo og Svein Brennhaug har og gjeve oss flotte musikalske bidrag.
Konfirmantjubileum og samtalemesse i slutten av august og tradisjon med konfirmasjon fyrste og andre helga i september. Også i år var vêret på vår side!
Attpålag i Botn med gokartkøyring for konfirmantane, mat på Dønfoss vart i år sett ut til våren 2025, grunna andre arrangement på planlagt dato for konfirmantane, gjennom skulen.
Stor trafikk har det og vore på kyr-
kjegarden og i kyrkja. Både langvegsfarande og meir stuttreiste turistar er innom gjennom sumaren. Mange berre for å sjå seg rundt eller for å sjå etter slektningar/kjende namn på gravminne.
Noa Hånsnar har vore sumarvikar og vore med på grasklypping.
Skjåk kyrkjelege fellesråd har sett seg føre å prøve å oppfylle to av kyrkja sine mål på strategiplan, før vi skriv 2025.
Mellom anna å bygge ei større ressursgruppe; forsongarane er godt etablerte, men det er plass til fleire. Tekstlesargruppe har kome i gang vi ønskjer og, å kome i kontakt med nokon som kan tenkje seg å vere med å ha ansvar for kyrkjekaffe ved behov. Det har og vore ønskjeleg å kome i kontakt med nokon som kan tenkje seg å ha sjå etter kyrkja sine blomar i sumartida (ikkje på gravene) Så viss nokon kjenner på at dei har overskot til å vere med på eit eller anna, så ta kontakt. Vi vert aldri for mange hjelpande hender!
Skjåk kyrkjelege fellesråd ønsker og å få eit tettare samarbeid skule/kyrkje med utgangspunkt i læreplanen. Kyrkjekontoret vil få oppmode og minne kyrkjelydane om at det kan vere sårande og ikkje minst uhøfleg, å ikkje vise god framferd i gravferd. Det er støtt triveleg å treffe folk og slå av ein prat, men vent med å starte slike samtaler til at alt er ferdig ved grava . Dette har med respekt for alle å gjere, ikkje minst for dei pårørande.
Elles så held vi fram med å køyre ut kyrkjeblad på dugnad, slik det har vore gjort dei siste 2 åra.
Vil avslutte med diktet Våg å være av Hans Olav Mørk
Dette er eit av bidrag, i førestillinga HJEMME som var i Marlo
Grendehus 26.09.
Våg å være ærlig
våg å være fri,
våg å føle det du gjør, si det du vil si.
Kanskje de som holder munn er reddere enn deg.
Der hvor alt er gått i lås må noen åpne vei.
Våg å være sårbar.
Ingen er av stein.
Våg å vise hvor du står.
Stå på egne bein.
Sterk er den som ser seg om og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt er svakest likevel.
Våg å være nykter.
Våg å leve nå.
Syng, om det er det du vil, gråt litt om du må.
Tiden er for kort til flukt.
Bruk den mens du kan.
Noen trenger alt du er, og at du er sann.
Arnborg
Teigum kyrkjeverje
Mi salme
På barneskulen sang vi alltid ei salme om morgonen før vi tok til med skulearbeidet. På den måten lærte vi mange salmer og det er mange av dei som eg set pris på.
Eg vel «Fager kveldsol smiler» som mi salme fordi den betyr svært mykje for meg personleg.
Denne salmen er ofte brukt i gravferd og er nok vel kjent for mange, men for meg vekkjer den gode barndomsminner om ei bestemor sin sang og trygge favn.
Eg er så heldig å ha vokse opp med besteforeldra på garden. Dei var ein naturleg del av kvardagen for meg og systrene mine med sin omtanke og omsorg for oss på besteforeldrevis.
Eg kan enno kjenne på den gleda det var når eg fekk overnatte hjå dei. Da sang bestemor ofte « Fager kveldsol smiler» i desse gode kveldsstundene før vi la oss.
Det er nok fyrst i vaksen alder eg fullt ut har forstått kor verdifull den tida saman med dei har vore for meg.
« Fager kveldsol smiler» er ei salme eg er svært glad i, og den har fulgt meg gjennom heile livet, frå mi bestemor og vidare til mine barn og barnebarn.
Ynskjer alle ein fin haust!
Rannveig Brennhaug
Fager kveldssol smiler
Fager kveldsol smiler over heimen ned, jord og himmel kviler stilt i heilag fred.
Berre bekken brusar frå det bratte fjell, høyr, kor sterkt det susar i den stille kveld!
Ingen kveld kan læra bekken fred og ro, ingi klokke bera honom kvilebod.
Så mitt hjarta stundar, bankande i barm, til eg eingong blunder i Guds faderarm.
Nr 817 i Norsk salmebok
Tekst: A.H.H. von Fallersleben 1837
Omsett til norsk: Peter Hognestad 1904 Musikk: J. Chr. H. Rink 1827
Rannveig Brennhaug sender salmestafettpinnen vidare og vil utfordre Mari Brenna til neste utgåve.
Oliver Sperstad-Fjeld døypt i Skjåk kyrkje 22.09.24. Foreldre: Jorun og Jo-Andre Sperstad-Fjeld Foto:Amund Hånsnar
for Skjåk og Nordberg
Karoline Durucz og Geir Arne Brustad vart vigde i Skjåk kyrkje 31.08.2024. Dottera Nora Durucz Brustad vart døypt i same kyrkje, same dag. Foto:Marit Sletten
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Konfirmantjubileum
Laurdag 24. august var det konfirmantjubileum i Skjåk og Nordberg.
70-årskonfirmantar
1.rad frå v: Hallbjørg Berger, Sigrun Brekkum, Olga Fallingen Gladbakke, Ingeborg Aud Moen, Kari Jøingsli
2. rad frå v: Reidar Luis Skjelkvåle, Kristen Hove, Ola Aanstad, Sverre Forberg
60-års konfirmantar
Bak f.v. Olaus Nygjerdet, Knut Granum, Stig Aaboen, Eldbjørg Sandbakken Arstad, Torill Vigstad, Ruth Forberg, Ola Bøye, Mary Dagsgard, Kristian Hosar, Lars Kveen, Justin Aaboen, Terje Ødegård, Alfred Sperstad, Palmer Høgvoll, Per Bjarne Forberg
Midt f.v Ingrid Teigen, Leiv Morken, Karin Vange, Sigrun Banken Amundsen, Gudrun Hosar Luraas, Torlaug Sofie Aamodt Bråten
Framme f.v Torill Mork Lundemo, Oddbjørg Hyrve Dagsgard, Arnhild
50 års konfirmantar
Bak f. v Jo Tråstad, Anne Lynås, Audhild Åmot Bjerkan, Kari Elin Sperstad, Anne Lise Sletten, Inga Langleite, Runa Aurmo, Torø Vaagaasarøygard, Svein Olav Bersu, Aamund Lien, Terje Gjerdet, Svein Gudbrand Lund
Framme f. v Gry Kveen, Arnborg Teigum, Ingrid Lindsheim, Eva Kari Odden, MayElinor Rusthaug, Grete Bakken, Haldis Skjelkvåle Marsteinstrædet
Bodmannsbøn
Når vi har konfirmantgjestbod om våren, blir den gamle bodsmannsbøna opplese før seremonien startar. Dette skriv vi om i kyrkjebladet, men det er jo berre dei som er til stades i kyrkja som får høyre den. Det har
Bok til
6-åringane
Utdeling av 6 års bok under hausttakk i Nordberg kyrkje
29.9.2024
Frå v. Jo Løkken, Johannes Taraldsrud, Thea Terum Dalen Lien og Adrian Sperstad_Fjeld. Bak sokneprest Kåre Gloslie og trusopplærar Endre Skjåk.
Det blir informasjonsmøte for konfirmantar og føresette i Kraftverket onsdag 20. november kl. 19.00. Invitasjon kjem i posten.
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Symbolikken i ljoskrona i Nordberg kyrkje
Ljoskrona i Nordberg kyrkje er det kanskje ikkje så ofte ein studerer når ein er i kyrkja. Men kanskje burde ein lyfte blikket og sjå litt nærare på den?
I kyrkjeblad nr 9 i 1955 har Reidar Nyrnes som stod for arbeidet med ljoskrona skrivi ned symbolikken som ligg bak utforminga av ljoskrona. Dette er attgjeve her:
Ljoskrona er i stil med kyrkja, bygd opp med ein mengekant som grunnform. Opp frå sidene i sekskanten går det felt som vidar seg ut oppover og er ovantil bunde saman med smijernsboger i retning mot sentrum.
Det var tanken at ljoskrona skulle ha fleire oppgåver.
Ho skulle skaffe kyrkja ljos. Dernest skulle ho med sin symbolikk og innhald vera eit lite stykke kyrkjesoge, og med eit stille språk vera med og tale Guds sak til kyrkjelyden.
For det tredje skulle ho gå inn som ein dekorativ del av kyrkjeinteriøret.
Ornamentet i botnen er Luther-rosa i fri utforming. Ho heiter så fordi det var Luther som hadde skapt symbolikken i henne. Vi ser her eit kors som er planta i eit menneskehjarte. Ut ifrå hjartet veks det fram ein rosett, og kring det heile er det ein ring- evigheitsringen. Etter Luthers tyding skulle korset vera måla svart, hjartet raudt , rosetten kvit, botnet himmelblå og rinken gull. Fargane har eg sett bort frå da det er forma i smijern. Symbolikken kan tydast slik: Korset drep og tyner menneskehjartet – men ikkje heilt, for det spring fram kvite roser som minner om liv. Sjela lever vidare og skal leva evig i himmelen, for det minner den gyldne ringen og den himmelblå farga i botnen om.
Av sidefelta er det tre hovudfelt som som skal tyda Den treeinige Gud.
I feltet Gud Fader har eg tenkt meg eit jordisk felt nederst som mellom anna viser menneskeslekta.
Vi ser ein mann som går nedbøygd og ber eit kors. Til høgre for mannen ser vi ei kvinne som vender seg oppover i bøn. Øvst på feltet ser vi Gud Fader symbolisert ved ei utstrakt hand.
Eg har tenkt meg
Gud Fader oppe i himmelen mellom skyene så berre ein utstrakt arm og litt av åsynet er synleg. For å streke under at det er ei veldig ånd og kraft er det plassert eit spenningsfelt ikring – det stråler ut kraft og varme.
Gud Fader rettar ein frelsande arm nedover fyrst og fremst mot han som går nedtyngd av korset. Korset er tungt å bera, men det står skrive at ein skal ta det opp og bera det. Når tyngslene er størst, er Guds sanne hjelp nærast.
Kvinna til høgre trur på Gud og vender seg mot han i bøn. Ankeret til høgre for kvinna tyder tryggleik og palma tyder siger. Frå tyngslene av korset kan ein ved tru på Gud og bøn til han få siger i Guds rike.
Feltet ”Den gode hyrde” viser Jesus Kristus. Han har hyrdestaven i den eine handa og den andre rettar han mot lammet som står ved sida og ser tillitsfullt opp mot sin Herre. Vinranken til venstre på feltet, som har rike frukter, er og eit symbol på Kristus. Det er det gode vintre.
I feltet ”Den heilage Ande” er anden symbolisert ved elden og dua. Det står
i Bibelen at Den heilage Ande dala ned på disiplane som eldtungar. Dua er og fredssymbolet. Kring dua er det ein glorie som er utforma som eit hjarte. Vi ser fredssymbolet plassert i eit brennande hjarte, og dette kan tydast slik: Når hjartet blir reinsa av Anden, så blir det fred i hjartet.
Figurane nedst på feltet tyder meneskeslekta.
Mannen og kvinna vender åsynet oppover og let Anden verka på seg. Barnet tek det på barnevis og rettar handa opp og vil kjenne på eldtungene. For å fylle ut og gje det heile eit meire himmelsk preg, er det øvst plassert stjerner som sender strålar nedover. I to av dei andre felta er korset og Betlehemsstjerna hovudmotiva. Det er meire kjente symbol og treng inga omtale. Under korset er det utfylt med ”dølablodverk”.
Det tredje av desse felt viser korset og tornebusken. Ein tenkjer gjerne på tornebusken i samband med korset.
Reidar Nyrnes
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
NYTTÅRSKONSERT I GARMO KYRKJE
Velkomne til fortsetjinga av ein årleg tradisjon med konserten
”Vi lyser i stille grender”
Iselin Aukrust (vokal og fele), Lasse Tronstad (trompet og bukkehorn),
Vemund Olav Aukrust (orgel), Vegar Vårdal (fele), Rasim Ramazanov (piano) og Endre Skjåk (tekst) har sett saman eit program i spennet mellom klassisk og folkemusikk. Her vert det både kjende julesongar og klassiske perler.
ONSDAG 1. JANUAR KL. 19:00 I GARMO KYRKJE
Pris kr 350,- Førehandssal og sal i døra til vipps nr 941609 (Barn under 18 år gratis)
Nergård Steinindustri A/S
Tlf: 71 29 98 88 • Ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.
POLLFOSS
HOTELL I RESTAURANT En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com • Skjåkvegen 3484, 2693 Nordberg
SKRIFTHUGGEREN AS
v/ Jørn Westby
Inskripsjonar og oppussing av gravminne Tlf. 413 21 075 • post@skrifthuggern.no
Gravferdshjelpa Lom og Skjåk
Båretransport • Kiste • Stell/Visning
Annonsering • Salmeark • Blomar • Minnesider anne@gravferdlomogskjaak.no • tlf 957 23 671
HØYFJELLSHOTELL
Skal du feire en stor dag?
På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper. +47 612 17 474 post@grotli.no
Skjåk Gartneri AS
Tlf. 901 69 255 Fylg oss på Facebook: Skjåk Gartneri
AKANTUS
Bygd
Frå vogge til grav
NORDBERG SOKN
Døde:
Stein Teigen f. 10.09.1945 – d. 25.06.2024
Ottar Banken f. 27.12.1930 – d. 23.07.2024
Per Brumillom f. 08.02.1940 – d. 23.08.2024
Ola Emil Moen f. 05.11.1932 – d. 23.08.2024
Vigde: 04.07.2024
Silje Kongsrud og Andrè Berg Aaboen 14.07. 2024
Guro Grimstad og Lars Olav Lund
07.09.2024
Julia Pauline Terese Ader og Andreas Åsebø
Døypte: 29.09.2024
Sverre Bustad Heggebotten
SKJÅK SOKN
Døde:
Rolv Håve f. 14.02.1940 – d. 02.07.2024
Birger Paulus Holten f. 29.11.1932 – d. 09.08.2024
Mari Melby f. 20.06.1936 – d. 24.08.2024
Embjørg Ramstad f. 17.07.1943 – d. 27.08.2024
Marit Kveum Hove f. 26.05.1947 – d. 01.09.2024
Vigde: 13.06.2024
Rita Irene Brekkum og
Ove Richard Karlsen
31.08.2024
Karoline Durucz og Geir Arne Brustad
Døypte: 21.07.2024
Maja Øyberg 31.08.2024
Nora Durucz Brustad 22.09.2024
Oliver Sperstad-Fjeld
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Konfirmasjon
Konfirmantar Skjåk kyrkje 1. september
1. rekkje f.v Tuva Prestjordet, Thilde Kveum Bergheim, Ida Steinbakke Hole, Amanda Celine Rustad Sahlsten, sokneprest Kåre Gloslie
2. rekkje f.v. Noa Hånsnar, Esten Brukveen Borgstrøm, Daniel Andersbakken, Jonas Aanstad Rønningen, Isak Hyrve Bosmen 3. rekkje f.v. Håkon Jakobsen, Oliver Marcus Sørhage Forberg, Brage Aurmo, Heming Aaboen
Konfirmantar Nordberg kyrkje 8. september f. v. Iver Eiesar-Moen, Hedda Teigen, sokneprest Kåre Gloslie
Båe foto: Espen Andre Skjaak
Bismo Bilverksted AS
2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00 / 922 13 597
YX Skjåk
Bygger´n Skjåk, 2690 Skjåk • Tlf 61 21 38 80
2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53 tlf 97 70 08 14 • www. turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
Radon i huset ditt?
Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. Tlf.: 90 68 81 13
2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
Garcia Holding AS
Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113
Tlf 61 28 45 45
Skjåk TuristheimSkeid Kro epost: sissel@skeidkro.no