1 minute read

Sommar i Ottadalen

Når vi produserer dette magasinet sit vi inne og sveittar, ute er det så nær tropevarme ein kan koma i Ottadalen, og det er knuskturt i skog og mark. Beint fram litt skummelt - og meteorologane er i ferd med å erklære hetebølgje i landet.

Advertisement

Om det er varmt eller kaldt når du les dette magasinet, om den mangfaldige Ottadalen, veit eg ikkje. Eg håpar likevel at du gjennom reportasjane kan bli litt kjent med området vårt og det vi har å by på. Eg trur innhaldet byr på gode leseopplevingar anten du er abonnent eller har kome over magasinet på ein av dei mange plassane det er å finne i sommar.

Oskar Puschmann er ein av bidragsytarane. Han har levert spennande stoff i magasina våre før. Denne gongen ser han på utviklinga i nokre av setergrendene i Ottadalen. Setring er meir eller mindre utdøyande, og korleis kulturlandskapet rundt setra har endra seg, ser ein på dei mange «før og nå»-bilda som du finn i den store reportasjen.

Elles har sjølvsagt vi i den faste Fjukengjengen bidrege med stort og smått.

Kos deg i Ottadalen i sommar!

Kom gjerne med attendemelding på magasinet til redaksjon@fjuken.no

SOMMAROPNINGSTIDER: Måndag-fredag 11-17

Laurdag 11-16

Skjåkvegen 1656 (Nordberg) - tlf 959 05 037

This article is from: