2 minute read

Odd og ura

Vi startar turen opp ura med ein desemberkveld i 1995.

I svingane vest for Snerle i Ottadalen, på tur for å hente mor si til julefeiring i Skjåk, endra livet til Odd Jakobsen seg. Han mista kontrollen over bilen sin og small inn i bergveggen. Det var ikkje berre bilen som vart smadra. Han vart det sjølv òg.

Advertisement

–Det var meininga at Synne, dotter mi skulle vera med, men av ein eller annan grunn vart det ikkje slik. Og det var på passasjersida at bilen vart mest smadra, fortel han.

Sjølv hugsar han ikkje mykje før og etter ulykka.

– Skadane var massive, lungene kollapsa, eg vart skadd i buken, i levra, bekkenet og ei hofte vart knust. Eg vart liggjande lenge på sjukehus, bevisst og klar nå og da ... Eg hugsar lite.

Odd fortel at kona Anne vart ei enorm støtte for honom i perioden etter ulykka og åra som kom, med opptrening og gradvis attendeføring til sjølve livet.

Den tidlegare læraren og fysioterapeuten har heile tida vore oppteken av fysisk fostring, og kan nok takke ein god skrott og ein vilje stål for at han er der han er i dag. 76 år gamal og sprekare enn mange 50-åringar.

Oppover ura fortel Odd om dramatik- ken, om opptrening på Beitostølen Helsesportsenter og opphald på rehabiliteringssenteret Skogli.

– Eg hadde etter kvart eit mål om å fullføre Uppnose Rundt på sykkel. Det klarte eg fint. Så sette eg meg mål om trippelen i Birken, og det klarte eg i 2004. Da følte eg at eg var i gang att.

Livet, eller rettare døden, skulle likevel slå hardt attende.

– For sju år sidan døydde Anne, etter ein hofteoperasjon – eit rutineinngrep.

Odd blir rørt når han fortel om dette. Det er leitt.

Alt som kunne gå gale, gjekk gale den dagen. Det vart eit oppgjer med sjukehus og helsevesenet som familien vann. Det fekk likevel ikkje Anne attende.

Alle som har møtt motgang og meistring kjenner på båe delar. Odd er naturleg nok ikkje noko unntak, men gjev kanskje uttrykk for kjensler meir enn andre. Han absorberer alt og slepper det ut att. Han ser det store i det små, og er tett på livet på alle vis.

Ura under Øyberget er ein friplass for tanke og refleksjon. Ein plass der han kan fokusere på kvart steg.

– Her får eg mental ut- av- og påkopling, seier han som i snart 20 år har gått opp og ned i Øybergsura eit par hundre gonger.

Pusten og lungekapasiteten spelar kanskje ikkje heilt på lag, men likevel nærast sprett han oppover med ein balanse nokon kvar kan misunne han.

Midt i den store «steinhaugen» når Odd målet. Ein lun plass innved ei einsleg furu, mellom gedigne steinblokker og med innsyn berre frå himmelen har han funne plassen rasteplassen sin. Ein plass det er godt å vera, ein plass å puste ut.

Ein tur i Odds ur kan vera god for nokon kvar.

Sjå filmen om Odd på Fjuken-TV og ta turen sjølv.

HANS ERIK KJOSBAKKEN hans.erik.kjosbakken@fjuken.no

Turen Opp I Ybergsura

Spør i Skjåk for meir detaljert informasjon om du vil ta turen. Ein kan ikkje unngå å sjå ura like ovanfor riksveg 15 cirka 12 kilometer vest for Bismo. Det er ein liten avkøyrsel på utsida av vegen, og Odds rute oppover ura er merka med gult og raudt. Ver merksam på at det kanskje er farlegare å krysse vegen, og køyre ut på vegen att, enn sjølve turen. Likevel, bruk sko med godt feste og ikkje gå turen i regnvêr. Og hugs: Du og berre du har ansvar for eigen tryggleik.

Jakobsen (76) har støtt vore glad i naturen, likt å røre seg, vera aktiv – leike seg. Det var likevel heilt andre grunnar til at han for snart år sidan fann vegen oppover Nord-Europas største naturlege steinur.

This article is from: