1 minute read

JUST IN CASE

Som om det ikkje er travelt nok å vera sin eigen arbeidsgjevar som skogsmaskinførar, har Ivar Garmo ei interesse som tek all tid, og litt til: Traktor. Med nær 30 traktorar på garden kan han nok ikkje lyge frå seg interessa. Nå er det kanskje på det beste litt upresist dette med traktor, for som Ivar sjølv seier det:

Advertisement

– Det må vera International da. Eller Case. Eller McCormick. Kjært barn har mange namn!

Det er ikkje berre ei interesse for sjølve traktorane Ivar har. Det handlar om å få traktorane i så god stand som mogleg. Dei snart 30 Internationalane han eig har alle vore plukka heilt frå kvarandre, restaurert, lakka og sett saman att! Det betyr mange timar i verkstaden, timar Ivar eigentleg ikkje har.

– Sjå på dette førarhuset, det vart introdusert i 1981, og var med heilt til 1997! Porsche var med og designa førarhuset forresten.

Ivar blir ivrig når han fortel om detaljane til traktorane sine. Den traktoren som får behandling i verkstaden akkurat nå er ein 1981-modell, med nettopp dette førarhuset. Det er ikkje kva som helst til traktormodell som får plass i samlinga hans. Helst må det vera sjeldan vare, eller noko som gjer at modellen er unik. International, eller Case om du vil, var tidleg ute med mykje rart. Trinnlause girkasser er eit av mange døme Ivar tek fram. Det er ingen tvil om anna enn at han er begeistra for International Case. tre heitJuni. barnet? tidsAtlanterNew 800 andre flyein motfor eit når sel det, han klar Kva

– Kvifor akkurat IH Case, Ivar?

– … Nei, det var nå det som var på garden når eg vaks opp, da! Ser du den Magnumen lengst til høgre der? Den kom på garden når eg var på skuletur til Bjørnsund. Når eg kom att, stod denne stastraktoren heime…ei fanstastisk kjensle!

This article is from: