4 minute read
Liten og intim, likevel så stor
Talet på tilreisande vart ikkje som før, men arrangørane var likevel godt nøgde med festivalane både i 1990 og i 1991. Festivalen i 1992 vart baugskotet for fleire countryfestivalar i Bismo. Ei tragisk ulykke der ein festivaldeltakar omkom var sjølvsagt det mest dramatiske, men også tendensane ein hadde sett midt på 1980-talet var på veg attende.
I 1993 blir Countryfestivalen flytta til Vinstra, der Alf Hosarøygard og Egil Håvard Moen la grunnlaget for den festivalen som framleis blir arrangert der.
Advertisement
Sjølv om Countryfestivalen i Skjåk vart arrangert for fyrste gong på Nørdre Skjåkøygard i 1998, må vi heilt attende til 1984 for å finne den aller fyrste utgåva av festivalen.
Mange besøkande
Bannskapet over gamaldansen sommaren 1983 får fylgjer som skal forme livsvegen vidare for den unge elektrikaren Alf Hosarøygard på Skjåk kraftverk. Han går i kompaniskap med fotballkompisen Egil Håvard Moen, tek opp lån med pant i huset og set i gang.
Idrettslag og skulemusikk er naturlege samarbeidspartnarar og blir hyra inn for vakthald og kiosksal. Den gamle utescena i Gamleheimstrædet i kommunesenteret Bismo blir sett i stand. Kontakt med artistar har Alf frå før.
Dei mest kjende norske country- og westernartistane som Teddy Nelson, Lillian Askeland og Ottar «Big Hand» Johansen, vert sett på plakaten på historias aller fyrste coutryfestival i Skjåk sommaren 1984.
Under dei fyrste countryfestivalane var det «heilt Texas» i Bismo.
Den fyrste festivalen i 1984 hadde 5.000–6.000 besøkande. Året etter, i 1985, var det 20.000 besøkande på Countryfestivalen i Skjåk. Festivalen i 1986 hadde
12.000 besøkande, og i 1987 besøkte 15.000 personar festivalen.
Kor mykje folk som eigentleg var i bygda desse dagane er det vel ingen som veit, og det er sagt både 20.000 og 30.000. Mange heldt seg på campingplassane eller i sentrum og vart aldri med på nokon billettstatistikk. Fleire av åra var det camping på kvar ein ledig bit både i og rundt heile Bismo. Til og med i hagane i sentrum vart det campingplass.
Arrangørane fann ut at Bismo ikkje var den ideelle staden for eit slikt arrangement som Countryfestivalen. Sjølv med vaktar og politifolk nær sagt overalt, vart det for uoversiktleg, og åra 1988 og 1989 vart det ikkje arrangert festival i Skjåk.
Prøvde att
I 1990 vart det på nytt festival i Bismo. Arrangørane hadde gjort mange tiltak for å få betre kontroll over publikum og oversikta i Bismo. Mellom anna vart ikkje arrrangemenetet marknadsført i landsdelar der ein hadde hatt «problemfolk» frå i 1987. Vakthaldet både i sentrum og på campingplassane var styrka og Skjåkhallen var ikkje lenger brukt, alt gjekk føre seg inne i Gamleheimstrædet som stemneplassen i Bismo heiter på folkemunne.
I 1998 skil Alf og Egil Håvard lag. Egil Håvard held fram på Vinstra, medan Alf og kona Elin startar opp i Skjåk. Ei leigeavtale med eigaren av det fråflytta gardstunet Nørdre Skjåkøygard i Nordberg var på plass. Det fyrste arrangørane gjorde var å køyre bort 13 store høgkarma traktorhengarar med kuruver og annan gjødsel som hadde samla seg på tunet sidan det var fråflytta midt på 1960-talet. Elles måtte det meste byggjast og tilpassast.
Det vart på nytt countryfestival i Skjåk. 4.000 personar besøker den aller fyrste countryfestivalen på Skjåkøygard i 1998. Becky Hobbs, Jason Petty, Davis Daniel, Inger Nordstrøm, Vassendgutane og The Tramps er blant artistane.
Tunet på Skjåkøygard er truleg den mest spesielle og rustikke festivalarenaen du finn i heile landet. Her er bygd scener og toalettanlegg, kjøken og boder. Den gamle låven er konsertlokale. I våningshuset er det butikk. Innmarka på Skjåkøygard blir brukt som festivalcamping, med plass til eit tusentals vogner og andre einingar.
Publikumstala for festivalane har vore varierande opp gjennom åra på Nørdre Skjåkøygard, men har lege på mellom 4.000 og 10.000.
&
Vidareføring av festivalen
I 2011 står Alf og Elin Hosarøygard som arrangør av sin siste festival, og i 2012 tok ekteparet Lena Jenny og Geir Ove Melby over som festivalarrangørar.
Paret har ikkje angra ein dag på at dei greip denne moglegheita.
– Da eg var lita jente dreiv mamma og pappa ein countryklubb på Sørlandet, noko eg heile tida i oppveksten drøymde om å få gjera ein gong. Da eg saman med Geir Ove fekk tilbod om å ta over Countryfestivalen i Skjåk, var det ikkje noko å tenkje på, seier Lena Jenny.
– Eg har gjort mykje rart opp gjennom åra, men det å ta over ein stor og veletablert festival som kvart år dreg fleire tusen gjestar, ja det er det største eg nokon gong har teke på meg. Men dette ville vi ikkje vore forutan. Det er ei stor glede å få drive Countryfestivalen i Skjåk, smilar Geir Ove.
Etter to år med koronapandemi var det svært folksamt på festivalarenaen i fjor. Tunet på Nørdre Skjåkøygard er truleg den mest spesielle og rustikke festivalarenaen du finn i heile landet.
I år arrangerer ekteparet Melby sin tiande festival på Skjåkøygarden. I 2020 og 2021 vart festivalen avlyst grunna koronapandemien.
Årets festival går av stabelen 29. juni-2. juli, med musikk frå tre scener. Shane Worley, Lee Matthews, Too Far Gone, VON, Get Rhythm, Hilljacks, Spelloppmaker, Sivert Bjørdal, Country Queens, Arthur Stulien, Mike Teardrop Trio, Fat Fred & The Possumhunters, Jan A. Ytterland og Frode Haarstad er årets artistar.
Om lag 150 personar er i sving og hjelper til kvart døgn under festivalen. Dette er alt frå serveringspersonell og vaktar til vaske- og ryddehjelp.
Countryfestivalen i Skjåk trekkjer gjestar frå store delar av landet, og folk kjem att år etter år.
– Vi får mykje skryt for miljøet inne på festivalarenaen. Her er det lite og intimt, men likevel så stort, seier Lena Jenny Melby, som saman med mannen Geir Ove nok ein gong er klar for å ynskje fleire tusen festivalgjestar velkomne til Nørdre Skjåkøygard i månadsskiftet juni/juli.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Finn
Kva for ein bokstav skal erstatte
Forfattarar
1. Mora til Jon hadde tre barn. Det fyrste barnet heitte Mai, det andre heitte Juni. Kva heitte det tredje barnet?
2. To fly tar av på same tidspunkt. Begge flyr over Atlanterhavet. Det eine tar av frå New York, og flyr med ein fart på 800 km/t mot Milano. Det andre flyet tar av frå Milano, og flyr i ein fart på 700 km/t (grunna motvind) mot New York. Kva for eit fly vil vere nærmast Paris når dei møtes?
3. Han som lagar det, sel det. Han som kjøper det, bruker det ikkje, men han som bruker det, er ikkje klar over at han bruker det. Kva er det?
Puslekryss
Fyll inn orda i dei tomme rutene. Lukke til!
2 bokstavar: LE, NÅ, NT, ÅR, AT, KU
3 bokstavar: UER, ERT, RIS, TET, ARI, ILE
4 bokstavar: AKER, ARIE, NISE
5 bokstavar: JENTE, EIKER, NISTE
7 bokstavar: ERTERIS, KANSKJE, KANTINE
Godteri
1. Kva heiter sjokoladen frå Freia som har bitar av hasselnøtter i?
2. Kva for ein type fabrikk eig Willy Wonka?
3. Kva heiter sitronkaramellane som har blått papir og berre tre bokstavar i namnet?
4. Veit du kva marsipan er laga av?
5. Dei er kvite, svært mjuke og blir ekstra god dersom du grillar dei på bålet. Kva snakkar vi om?