2 minute read
«FROSE I TID» Noregs største utstilling av brearkeologiske funn
I Norsk fjellsenter i Lom kan ein sjå 100 unike og ekstremt vel bevarte funn frå isen i fjella.
Over halvparten av alle arkeologiske funn frå is i heile verda, er gjort i fjella du nå står mellom.
Advertisement
Isen har vore ein trygg skjulestad, som har gøymt spora frå menneska som var her før oss.
Fram til nå. I dag er somrane for varme og vintrane for ustabile.
Forfedrane våre jakta rein på isfonnene. Gjekk med tungt lasta hestar over snødekte fjellpass. Vandra frå vinterhus til sommarbustad med barn og husdyr.
Kor mange pilar mista dei? Kor mange sko la dei att?
Fjella låg der. Isen stoppa tida. Tok til seg det som menneska gjekk frå. Gøymde gjenstandane i fleire tusen år.
Men nå slepper isen taket, og ein må skunde seg å leite. Redde skattane straks dei smeltar fram, før dei blir øydelagde
Dette er verdas best bevarte forhistoriske skipar. Å finne ei fleire tusen år gamal ski, er sjeldan. Å finne eit 1.300 år gamalt skipar med bindingar, er unikt i verdssamanheng. FOTO: VIGDIS KROKEN
Truge til hest. Dette er ei svært godt bevart hestetruge. Truga er funnen på isen i fjellpasset på Lendbreen, nesten 2.000 meter over havet. Ho er laga av bjørk og er om lag 1.750 år gamal. Funnet syner at dei reisande brukte den krevjande og farlege fjellruta sjølv om det var mykje og laus snø. Kanskje gjekk dei over passet til og med om vinteren? Det fortel kor viktig mobilitet, handel og kommunikasjon var for forfedrane våre. FOTO: VIGDIS KROKEN
Vott frå vikingtida. Denne votten vart funnen ved Lendbreen i Breheimen. Votten er laga av saueull som er vove i ein teknikk som kallast firskafta kypert. Votten er sett saman av fleire delar som er sydd saman med dobbel tråd av lin. Dette er den einaste votten ein kjenner til frå viktingtida. FOTO: VIGDIS KROKEN eller forsvinn med vinden.
I utstillinga finn du Noregs eldste pil, eit 1.300 år gamalt skipar, landets einaste vott frå vikingtida, skjelettet av ein hund og 96 andre gjenstandar frå forfedrane våre. Målet med utstillinga, som har fått nam- net «Frose i tid», er å ta dei besøkjande inn i brelandskapet. Mange av gjenstandane er unike i verdssamanheng. I utstillinga får ein kjensla av å gå på eit golv av is, rommet er tapetsert med motiv av is og fjell og det er animasjonar og levande bilde som gjer at dei besøkjande får kjensla av at historia blir levandegjort.
Friluftsmuseum
Opplev unike friluftsmuseum og aktivitetar som henta ut av folkeeventyret i Vågå, Lom og Lesja. Lokalt vertskap formidlar tradisjonar, handverk, måltid og arbeid som har forma dølene og dalen.
Legg
Utstillingane Bøte og Dugurd
På unike Ullinsvin i Vågå formidlar vi handverk, design og matkultur frå gamal og ny tid - og utfordrar til nye formar, tolkingar og innsikter.