2 minute read

Felemakar og turistvert

Søre Bu. I den nyrestaurerte sveitservillaen finn ein «Violinmakers gjestehus». Verten og felemakaren sjølv, held hus ved sidan av.

Ein skal leite lenge etter ein staselegare stad som Søre Bu, midt i hjarta av Vågåmo.

Advertisement

Helge Bergnord kjøpte Søre Bu og byrja å restaurere husa i 1991.

I hovudhuset har Helge Bergnord hatt felemakarverkstaden sin etter at han var ferdig utdanna som felemakar i Leksand i Dalarna i Sverige. I 1997 tok han meisterbrevet.

Det daglege brød Interessa for felelaging fekk Helge av faren Einar som var møbelsnikkar og treskjerar. Han laga i si tid to hardingfeler og 10-12 vanlege feler.

– Sjølv byrja eg å fuske i faget i 1982, fortel Helge der han står med ei av dei siste felene han har laga.

Han fortel at han ikkje har produsert så mange feler. Det meste av tida går mest til reperasjon.

– Reperasjonar av feler er det som er det daglege brød. Nokre feler har det vorte, men ikkje store mengder. Drivkrafta mi er ikkje talet på feler eg har laga, men kvaliteten, seier Bergnord.

Kva kjenneteiknar ei god fele for felemakaren?

– Fela har sitt å seie, men det er musikaren sjølv som skapar tonen. Skal det vere eit instrument for ein solist, er det viktig at det er mykje overtonar dersom ein skal spele i ein stor sal. Det er overtonen som går langt ut i rommet. Eg er av den meining at det skal vere mjukt og samstundes overtonar. Folkemusikarar vil gjerne ha eit kraf- tig instrument, da får ein byggje instrumentet der etter. Skal ein klassisk musikar sitja i eit orkester, er det ikkje bra at det er for kraftig, men at det er mjukt og lett og spela på - at ein har tonen ved øyra, seier Bergnord.

Levande materiale

Felemakaren fortel at eit strykeinstrument er eit levande materiale som må sjekkast med jamne mellomrom.

– Det er nesten slik at dersom musikaren er i dårleg humør, let ikkje fela noko særleg heller, seier han. Ein service av instrumentet er alt frå å reparere sprekkar, til å justere klangen.

– Eg har fått inn instrument som er overkøyrt med bil. Det kan bli både interessant og slitsamt, seier Bergnord og legg til at kundane hans er både folkemusikarar og klassiske musikarar.

Hardingfelefond

Gjennom koronatida laga Helge Bergnord to feler og to hardingfeler.

– Kvifor har du interessert deg for hardingfeler?

– Hardingfele er eit instrument som kanskje ikkje har vore verdsett skikkeleg. Den har mange moglegheiter. Det finst 22 ulike måtar å stemme ei hardingfele på, seier han.

Før var hardingfela folkemusikken sitt domene. Bergnord er glad for at den er meir brukt i ulike sjangrar.

– Nå er den brukt i populærmusikken. Da blir det eit større bruksområde, seier han.

Felemakaren har starta Norsk hardingfelefond.

Det er mykje arbeid på ei hardingfele, og dei blir ganske dyre. For ein musikar vil ei hardingfele vere kostbart å kjøpe. Ideen til Bergnord er at han lagar instrumenta og låner dei ut til musikarar.

Å vere nøye er ein sjølvsagt ting for ein felemakar.

– Det er seks instrument i fondet. Eg har satsa på å spreie felene i Gudbrandsdalen, døler og folk som driv innan andre sjangrar. Blant anna Martine Kraft på Gjøvik. Dei får ikkje hardingfelene til odel og eige, men brukar instrumentet så lenge dei har behov, fortel Bergnord.

Dei andre som låner harding- fele frå fondet er dølane Astrid Garmo, Bjørn Kåre Odde og Hans Kjorstad, Sivert Andreas Holmen frå Valdres og Jon Brodal frå Oslo.

Historisk gjestehus

Felemakaren i Søre Bu er også turistvert. I den nyrestaurerte sveitservillaen frå 1800-talet har han seks rom til leige.

Sveitservillaen har ei rikhaldig historie og har både vore skule, landhandel og felemakarkafé. Sistnemnde kjenner nok fleire av dei som dei siste åra har vore på kappleik i bygda. Bakgarden i Søre Bu er eit triveleg område som også har vore brukt som konsertarena.

Hardingfela har åtte strenger. Å stemme fela krev tid og eit godt øyra.

Bruk av ordet «violin» i namnet på gjestehuset, gjer at også utlendingar tek vegen for å bu stemningsfullt og historisk midt i Vågåmo.

– Får du tid til å byggje feler i turistsesongen?

– Eg har stadig nye feler på gang.

ARVE DANIELSEN arve.danielsen@fjuken.no

To hardingfeler.

This article is from: