6 minute read
– Det var viktig for meg å gå min eigen veg, møte verda på min måte Kunst er ikkje noko romantisk liv. Meir beinhardt enn noko anna yrke.
Det er ein av landets fremste kunstnarar, Kjell Erik KilliOlsen, som bur på garden Sandbu nigard sør i Vågå, som seier dette. Eller «på Sandbu» som vagværen seier.
Killi-Olsen er kunstnarven med H. M. Dronning Sonja. I sommar har han invitert dronninga til å vere med og stille ut i Galleri Ullinsvin.
Advertisement
Arbeidsam kunstnar
– Min kollega dronninga og eg er ein kontrast som utfyller kvarandre, seier Kjell Erik KilliOlsen.
Han er stolt over å ha fått Dronning Sonja til bygdas galleri.
Kunstnaren seier at det alltid er ei spenning når ein har halde på med kunsten i eitt og to år og at ein da skal vise det for publikum.
– Det spelar ingen rolle om det er her i Vågå eller i New York. Det er alltid spennande. Det er som ein heil flokk med svaler som har kome inn i magen min. Det trur eg er vanleg. Ein blir aldri van med dette, seier Killi-Olsen.
Dronninga skal stille ut sin kunst i galleriet. Killi-Olsen i den gamle låven vegg i vegg.
– Den gamle låven er eit kunstverk i seg sjølv. Eg tenkjer på korleis den er skapt, i ei tid utan straum. Berre det vekkjer beundring. Men det er ikkje det enklaste rommet å stille ut i, seier han og viser med hendene for å illustrere at tømmerstokkane ikkje går vassrett og beint i utstillingslokalet.
Kjell Erik Killi-Olsen kallar dronninga for ein fabelaktiv arbeidsam kunstnar med sterkt auga.
– Ho er streng med seg sjølv, morosam og usedvanleg dedikert for å få tid til dette. Eg trur det har gjeve henne styrke slik det gjer med alle kunstnarar, å kople av å gå inn ei anna dør
Kjell Erik Killi-Olsen med fuglar av tre, som seinare skal støypast i bronsje. Uttillinga i Ullinsvin er hans femte utstilling i år. FOTO: ARVE DANIELSEN
Kunstnaren framfor inngangen til atelieret på Sandbu. FOTO: ARVE DANIELSEN enn ein vanlegvis gjer. Ein veit aldri kva ein får til, om det blir noko undervegs. Den skjønnheita og språket ein får til undervegs er fascinerande, at ein aldri veit kva som kjem rundt neste sving. Det som er føreseieleg er kjedeleg, seier han.
Mange fine minne
For Kjell Erik Killi-Olsen byrja kunstnarlivet allereie da han var liten trondhjemsgut. – Eg var einebarn. Eg likte å vere einsleg og klarte å lure dei som skulle passe på meg ved å si at «mor og faren min kjem snart», seier han.
Kunstnarlivet fekk sin spede start heime på kjøkkenet der ungguten laga bakverk i forskjellige konditorfargar og krem. Leiken og gleda over sterke fargar har han teke med seg vidare inn i kunsten. KilliOlsen var arving til farfarens og farens handelsbedrift.
– Eg såg at det ikkje var rett veg for meg. Det var viktig for meg å gå min eigen veg, møte verda på min måte. Med all respekt for det mine foreldre og besteforeldre gjorde, dei var ein annan generasjon. Eg var såpass heldig at eg fekk ha mine foreldre såpass lenge at eg fekk møte dei slik dei eigentleg var, sjå kvalitetane i dei siste åra av livet deira. Eg har ingen dårleg samvit og mange fine minne. Som dei seier i Trondheim; «det finst ting i kvar ein gard».
Ikkje ei døgnfluge
Kjell Erik Killi-Olsen fortel at han bana seg veg ut, men det var ikkje lett å koma inn på skular.
Han fortel at han var så heldig å få lov til å gå to år på folkehøgskule, der han møtte kunst, kultur og samhald.
Han byrja på kunstskulen i Trondheim, var innom lærarskulen med forming, kunst og handverk, eitt år i Polen før han kom inn på kunstakademiet.
– Det var som å opne ein stor port. Det gjorde noko med sjølvbildet mitt. Eit fabelaktiv spennande år med flotte kunstnarar, seier Killi-Olsen.
Han flytta til Amerika, pendla litt fram og attende og gjorde ferdig kunstakademiet.
– Så byrja livet. Det vaksne livet. Kunstnarlivet.
Killi-Olsen fortel at det å få inn eit bilde til juleutstillinga på Kunstforeininga i Trondheim, var som å vinne i Lotto.
– Det betydde mykje for at foreldra og besteforeldra mine skulle sjå at eg klarte meg, at kunsten det ikkje berre var ei døgnfluge – ein nostalgisk idé.
Han fortel at det var eit kunstnarisk radikalt miljø, der han i ettertid oppdaga at faren kjøpte Klassekampen for å følgje med på kva sonen dreiv med.
– Dei fortalde det ikkje. Dei var stille med sitt eige liv.
Moder jord
Kjell Erik Killi-Olsen fortel at han alltid har vore tiltrekt av bondemiljøet.
Som ung var han om somrane i Selbu eller Hellandsjøen, der han møtte fantastiske folk som gav mykje kjærleik.
Etter at han brukte noko av farsarven til å kjøpe garden Sandbu, fann han ut at slekta hans kjem frå bygda. Tipp-tipptipp-oldemor hans var frå Øi i Vågå. Killi-namnet kjem frå Dovre.
– Eg har vore mykje i utlandet, følte eit behov for å koma heim. Heim til vinteren som eg likar best av alle årstider. Stille og fred. Når det er frå ti til tjuge kuldegrader er det flott. Alt har sin skjønnheit, men vinteren er mi favoritt-tid.
Det har gått sju år sidan KilliOlsen kjøpte garden Sandbu med 21 hus, inntun og uttun. Fem av desse åra har han budd fast i fjellbygda. Den tusen år gamle borga han hadde i Frankrike, har han seld. I 14 år budde han der.
Kunstnaren har eit stort engasjement for klimaet vårt.
– Eg er oppteken av kva vi gjer med «moder jord». Den vi har ignorert fordi vi har eit begjær etter pengar. Vi har gløymt å sjå rundt oss på kva som skjer. Eg såg det tydeleg i Frankrike der det kunne det bli opp mot 45 varmegrader. Om eg skal attende dit, vil eg aldri ha ein plass der det trengs vatn. Eg ser at mine vener i Frankrike nesten har dårleg samvit når dei går på toalettet. Så lite vatn er det der, seier han alvorleg.
Bygde kunsthus
Kjell Erik Killi-Olsen drøymde om å bruke noko av det han arva etter foreldra sine til å gje noko attende. Han tenkte attende på korleis det var å vere ung kunstnar og at det var lite moglegheiter nord for Oslo. Alt har vore konsentrert til Oslo. Dei siste åra har det opna seg fleire og nye dører i Trondheim. Ei av dørene går inn til Kjøpmannsgata Ung Kunst; K-U-K, som KilliOlsen bygde som ein møteplass for kunst og kultur.
– Eg tenkte i 15-20 år på kva eg skulle gjere. Eg har ei dotter og tre barnebarn. Dei har det dei skal, og dei skal få det dei skal. Ein kan ikkje berre reise frå mange midlar. Difor bygde eg eit kunsthus i Trondheim, som opna hausten 2021. Over hundre tusen har vore innom sidan det opna. Kunsthuset har ope sju dagar i veka. Vi får inga støtte, alt kjem frå meg, fortel han stolt.
For mange kan det vere ein terskel å gå inn i eit galleri. Å kjøpe kunst er ein større terskel. – Folk er ikkje flinke til å kjøpe kunst. Dessverre. Folk kjøper heller usikre aksjar, men kunst har ein for alltid. Eg blir skremt når ser ungar som er på børsen med foreldre som står bak og applauderer, seier Killi-Olsen litt oppgjeven. Men han blir varm i stemma når han pratar om stipendordningar og kunstnarisk støtte, ordningar ein ikkje finn i andre land.
– Vi bur, om ikkje på ei gyllen grein, så i alle fall på ein av dei mest fantastiske plassane på jorda. Derfor må vi ta vare på det, seier Killi-Olsen.
Ei ryggrad å vere stolt over Kvar hentar verdskunstnaren på Sandbu inspirasjonen sin frå?
– Deg til dømes, svarar han kjapt.
– Av og til skulle det vore mindre inspirasjon. Folk spør kvar eg trivst best? Eg trivst der eg kjem. Det handlar litt om nysgjerrigheit. Eg har ikkje møtt eit menneske i mitt liv som har kjeda meg. Aldri. Alle er spennande på ein eller annan måte. Håpar folk ser det, at dei utviklar det, seier han.
– Kva trur du Galleri Ullinsvin betyr for å opne kunstauga til folk i Vågå og bygdene kring?
– Eg håpar folk vil koma for å sjå... kva heiter det... ein slags redsel... det å koma inn i eit galleri treng ikkje å vere det enklaste. Det er ikkje den staden ein går fyrst. Eg trur at Ullinsvin og dei som arbeider der har vore flinke til å få med seg folk i bygda. Når ein ser den jobben som er gjort, alt er frivillig arbeid. Vanlegvis ser ein slik friviljug arbeid i sporten. Dette er kultur og arven som vi skal bringe vidare. Kunsten, handverket og tradisjonen Ullinsvin byggjer på, gjev ei slags ryggrad å vere stolt over. Eg er stolt over det.
Bruk dagen
– Heilt til slutt. Kva råd vil du gje til den som ikkje er nokon typisk kunstpublikummar?
– Ikkje forvente noko, bli overraska. Ikkje gje opp om ein ikkje likar det ein ser. Ofte er det lett å berre snu. Ta deg tid, seier han med entusiasme.
Killi-Olsen har fire-fem store maleri som er komplisert i sitt uttrykk på utstillinga.
– Det er ei myriade av personar og dyr. Det treng ikkje vere det store bilde ein ser. Det kan vere ein liten bit som kan vere det som nokon som synest er tiltrekkjande eller provoserande. Dei fleste kunstnarar håpar på ein dialog, sjølv om ein ikkje pratar med kvarandre. Kanskje det er nok å gå inn å sjå eitt bilde, gå ta ein kaffe og ei lita kake. Sjå dei andre utstillingane, gå opp til Jutulheimen, bruk dagen.
•Innvendig
•Utvendig
•Impregnerte
•Gulvbord
•Listverk
•Skurlast
•VED
Vi
VELKOMEN
OPNINGSTIDER:
Langmorkje