1 minute read
Snart blir det moderne bomstasjonar på fjellvegane
Blåhøvegen har det. Snart får vegane i Heimfjellet og ved Tesse også automatisk bomstasjon.
Fleire vegar i Ottadalen har teke i bruk automatisk bomstasjon med kamera for skiltgjenkjenning ved passering.
Advertisement
Sotvegen i Skjåk, Galdhøpiggvegen og Visdalen i Lom, Slådalsvegen mellom Vågå og Lesja, vegen til Blåhø i Vågå og Griningsdalsvegen i Sjodalen. Alle desse har bomløysing med kamera og skiltgjenkjenning.
Snart får også vegane i Heimfjellet i Vågå og vegen frå Garmo til og langs Tesse, ny måte for bompassering og betaling.
Arbeidet med fundament, graving og legging av straumkabel er i gang. I alle fall vil dei nye bomstasjonane vere i drift til neste sommar.
I Heimfjellet blir det bomstasjonar ved Sandranden, Bergeen- den, Darthus og Reiregrenda. Her vart det innført betaling med Vipps i fjor.
For Tesseområdet blir det bomstasjonar ved Bjørgen i Garmo, nord for Brimi fjellstue, før brua over Ylva og ved Nåvårsetervegen. På desse plassane er det betaling på den gamledagse måten og med Vipps i dag.
Dersom ein køyrer gjennom ein slik bomstasjon på ein av fjellvegane, har ein 48 timar på seg frå passeringstidspunktet til å betale for å unngå fakturagebyr. Betalinga skjer over nettet, eller ein kan registrere seg med automatisk fakturering.
Eit lite tips til slutt:
Køyrer du for nære bomstasjonen for å snu eller for å lese kva som står på skiltet, blir du registrert. Kanskje greitt å vite dersom ein vil unngå ei overraskande rekning i posten.
ARVE DANIELSEN arve.danielsen@fjuken.no