2 minute read

Sylvsmeden Liv Anna

Heime på garden Nordigard Forberg stelte ho og storebror Sylfest til leikarstell. Der kosa dei seg og laga gjerne leikene sjølve. Sylfest, eller Sylle som Liv Anna kallar han, vart seinare ein habil treskjerar.

At Liv Anna skulle arbeide med noko kreativt har altså støtt vore «bestemt».

Advertisement

Kor mange bunadsnåler, knappar, belte eller andre smykke ho har laga, har ho ikkje tal på.

Men ho slepp ikkje unna, for det ho tryllar fram av den tynnaste sylvtråd og -plater er fantastiske kunstverk.

– Pinsetten er nok den likaste reiskapen eg brukar.

Det skjønar vi når vi ser resultatet. Dei mange bunadsnålene, knappane, øyrepynten – same kva ho lagar, er det sett saman av ørsmå ringar som blir lodda saman.

– Det er ikkje så smått, da, seier ho roleg.

– Du er netthendt, det kan vi slå fast?

– Ja, eg er vel det.

Liv Anna brukar korkje store ord eller utestemme om arbeidet ho gjer og har gjort.

Tidlegare brukte ho ikkje ein gong lupelampe når ho arbeidde. Ikkje skjønar vi korleis ho klarte det.

Heilt frå ho var lita jenta likte Liv Anna å pusle med småtteri, ho teikna, sydde og kreerte.

– Eg har faktisk den fyrste «nåla» eg laga, seier ho og finn ei ørlita hjertenål – laga av sylvpapir.

Etter realskule i Lom, gjekk vegen til gymnas på Lillehammer der ho tok faga engelsk og kunsthistorie. For å realisere draumen om å lage smykker måtte ho til Tyskland, til Pforzheim sør og vest i Tyskland.

– Der lærte eg det grunnleggjande i gullsmedfaget, men etter at eg var ferdig i Tyskland var det ikkje arbeid å få som lærling så eg gjekk meir skule – i Molde. Der utdanna eg meg til teknisk teiknar og arbeidde med kart og oppmåling i Trondheim i to år.

Men så, så vart det napp hjå ein sylvsmed i Valdres – Knut Fossen Helle. Der fekk ho verkeleg lære faget, fekk fullført utdanninga og utvikla sin ein eigen stil i filigransarbeid.

– Ja, ein kan ikkje kopiere andre sine mønster, eg har prøvd å finne min eigen stil, eigne mønster og min eigen måte å gjera det på.

I løpet av nokre år i Valdres, på Gjøvik og attende i Valdres hadde Liv Anna funne kjærleiken og tre gutar kom på løpande band.

I 1987 flytta familien attende til Skjåk og det vart nokre år med mindre sylvarbeid.

– Eg byrja så smått att i 2004, og har drivi fram til nå, men nå vil eg pensjonere meg, fortel ho.

Ikkje nok med alt sylvet ho har bearbeidd og trylla fram til dei flottaste smykke. Ho har sydd bunadar, plagg og skjorter, tvinna hosoband og meir til. Og det har ho gjort i det stille.

HANS ERIK KJOSBAKKEN hans.erik.kjosbakken@fjuken.no

Filigran

er ein teknikk innan gullsmedfaget som som blir brukt til å lage smykker og andre gjenstandar i gull eller sylv. I Noreg er det i hovudsak bunadssylv som blir laga på denne måten nå til dags. Namnet har latinsk opphav og er bygd opp av orda filum og granum som betyr høvesvis ‘tråd’ og ‘korn’. Dette viser til at gjenstandar utført i denne teknikken i hovudsak er utført ved å bearbeide og kombinere ulike typar tråder og kjørner (kuler/ korn). Teknikkens historie strekker seg fleire tusen år attende i tid. (Wikipedia)

This article is from: