2 minute read

Diktardagar i Ottadalen

Ivisetekster, skjønnlitteratur og sakprosa syner forfattarar vegval og engasjement.

– Vi vil vise korleis dette har endra seg med tid og tilhøve, og ikkje minst vil vi ha med oss engasjerte forfattar og artistar i dagens samfunn, melder Diktardagar.

Advertisement

Årets arrangement skal gå føre seg frå 31. august til 3. september.

Det er mykje som står på programmet, og det heile startar med ein skuleturné med Anders Totland. Han skal besøkje 6. klassene i Lom, Skjåk og Vågå både torsdag og fredag.

Den 31. august skal biletkunstnar og grafikar Jan Brænde opne måleriutstilling i foajeen i Utgard, og på kveldstid skal Sigrid Moldestad og Regndråpeorkesteret halde familiekonsert i Marlo grendehus. Sigrid Moldestad har lenge hatt eit nært forhold til Jan-Magnus Bruheim sine dikt, og nå har ho fått oppfylt draumen om å lage musikk til nokre av dei fine barnedikta hans.

Fredag 1. september skal det vera seminar for ungdom i Utgard, med journalist og forfattar Åsne Seierstad og forfattar Anders Totland. Åsne Seierstad skal delta på bokbad med to elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Dei skal samtale om boka En av oss. En fortelling om Norge. Dette er ei sakprosabok der tema er 22. juli og Anders Behring Breivik.

Anders Totland skriv skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne, ungdom og barn. På seminaret skal han ha ei formidlingsøkt knytt til den bestseljande romanen Til jord skal du bli.

Dette seminaret er for elevar på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i distriktet.

Åsne Seierstad skal òg gjeste Lom folkebibliotek seinare same dag. Andre namn som publikum kan oppleva denne fredagen er Guri Sørumgård Botheim, som gjestar Vågå bibliotek og Ragnhild Kolden, som gjestar Skjåk folkebibliotek.

Sjølve «opningsseremonien» skal gå føre seg i Vågå kulturhus fredag kveld den 1. september. Det er ordførar Harald Sve Bjørndal som skal stå for den offisielle opninga. Her blir det lausdans ved fire av juniorane i Vågå spel- og dansarlag, Ola Grøsland skal fortelja om hovudtrekk i livet og diktinga til Ragnvald Skrede, Diktarprisen 2023 skal delast ut – og det blir eit lengre Ragnvald Skrede-program med Endre Skjåk, Lars Bakke, Reidar Svare, Ole Foss og

Rune Kjørren. Laurdag 2. september er det litteraturseminar i Utgard. Her blir det både foredrag og anna. Jan Inge Sørbø, Åsne Seierstad, Ragnhild Kolden, Brit Bildøen og Guri Sørumgård Botheim er blant dei som står på gjestelista. Paneldebatt blir det òg. Håvard Teigen er programleiar.

Elevar frå musikk- og kulturskulane skal dag same opptre på sjukeheimane i både Lom, Skjåk og Vågå, og biskop emeritus Erling Pettersen skal halde årets Tor Jonsson-foredrag ved Stuslegstugu, heimplassen til Tor Jonsson. Før livet har tapt. Fredsarbeid i en krigstruet verden er tittelen på foredraget.

For alle musikkglade: Sjølveste Halvdan Sivertsen skal halde konsert i Utgard. Etter eit halvt århundre som artist, har han framleis mykje på hjartet. Halvdan Sivertsen har gjeve ut fleire prisløna album og er ein del av den norske supergruppa Gitarkameratene. I tillegg er musikken hans nytta i både film og teater.

Laurdagskvelden blir avslutta med bokbad på Fossberg Hotell, med Åsne Seierstad, Ragnhild Kolden og Anders Totland. Bademeister er Magnhild Bruheim.

Årets Diktardagar blir avslutta sundag 3. september, med ein

Forfattar Åsne Seierstad er gjest i fleire programpostar.

This article is from: