4 minute read

Ensilermiddel, ei god forsikring

Ensileringsmiddel, ei god forsikring

Mjølkebonde Runar Odland (41) på Varhaug kjem ikkje til å gå ned på bruken av ensileringsmiddel sjølv om prisane har stege med rundt femti prosent. For han, som vil ha mest mogleg grovfôr i kyrne, er ensileringsmiddel ei god forsikring.

Tekst/foto: Bethi Dirdal Jåtun/Anne Linn Olsen

Det er ikkje berre prisane på gjødsel, kraftfôr, straum og gass som har stege den siste tida, det same gjeld for ensileringsmiddel. Ifylgje Ole Tjemsland, som er kategoriansvarleg for ensileringsmiddel i FKRA, har prisane auka med rundt femti prosent.

LEIGER IKKJE MJØLKEKVOTE –Prisauka på GrasAAT og KOFASIL kan fyrst og fremst forklarast med eit underskot i råvarene som nyttast i produsjonen av ensileringsmidla. Kombinert med ei ekstrem auke i fraktprisane, var ikkje ein prisauke til å unngå, seier Torstein Lye i Addcon Nordic, selskapet som leverer ensileringsmidla til FKRA og som saman med Ole Tjemsland er på besøk hjå mjølkebonde Runar Odland på Varhaug ein onsdag i midten av februar.

Odland starta med ein mindre gard på Nærbø i 2003, som han dreiv i samdrift med faren. I dag driv han heimegarden på Varhaug sjølv, med far som ein viktig hjelpar.

Mjølkekvota er på 425.000 liter. I tillegg fôrer han opp stutar og reknar med å slakte vel 50 dette året. Han poengterer at han ikkje leiger mjølkekvoter, som han meiner kostar altfor mykje. Med snautt 350 mål dyrka mark, der han leiger noko av naboen, er han sjøvlforsynt med grovfôr. Dét er viktig for bonden.

EIN HALV MILLION KILO GROVFÔR Til prisauken på femti prosent for ensileringsmidla han nytter i grovfôrproduksjonen, seier han: –Det velter ikkje lasset. Eg ser på ensileringsmiddel som ei god forsikring. I plansiloane mine har eg til saman rundt ein halv million kilo grovfôr. Skulle det gå feilgjæring i dette og eg måtte ha skaffa meg tilsvarande på markedet, hadde det kosta mykje meir.

Langtifrå alle bønder brukar ensileringsmiddel i grovfôret. –Ein del tek sjansen på å la vere, og mange er mindre heldige, noko som gjer at dei må kjøpe meir kraftfôr, påpeikar Ole Tjemsland. Han legg til at mange entreprenørar heller ikkje alltid er så spesielt ivrige på å kjøre i ensileringsmiddel då dei fryktar korrosjonsskader på reiskapen. –Dei som køyrer for oss, med sjølvgåande snittarar, har ikkje problemer med dette. Me har alltid køyrt ensileringsmiddel i fôret, seier Runar Odland og peiker på at ensileringsmidla bidreg til at sukkeret i graset blir ivareteke, noko som aukar fôrkvaliteten.

VANVITTIG GODE FOLK Runar Odland nytter GrasAAT Plus på første- og andreslåtten, som går i kvar sin plansilo. Tredjeslåtten går i rundballar og då vel han KOFASIL framfor GrasAAT fordi det gjev betre effekt i heile rundballen.

Tjemsland og Lye let seg imponere når han oppgjer at han fekk 0.98 fôreiningar per kilo tørrstoff på fyrsteslåtten frå 28. mai i fjor. –Snittet på ein førsteslått i vårt område ligg på cirka 0,90 fôreiningar per kilo tørrstoff, seier Tjemsland. –Målet er jo at kua skal ete mest mogleg av grovfôret så eg slepp å kjøpe så mykje kraftfôr, smiler bonden og skryt av arbeidslaget sitt. –Eg har vanvittig gode folk med meg. Dei kjem akkurat når dei skal og jobber utruleg effektivt. Førsteslåtten la me i på seks timer. På det meste hadde me seks vogner i sving - og to snittarar.

At han så langt ikkje har måtta kvitte seg med noko av grovfôret i plansiloen, takker han arbeidslaget for.

ER NØYE –Dei er svært nøye både når dei køyrer i graset og pakkar i siloane. Mugg og varmgang, spesielt i kantane av siloen, kan vere ei utfordring. Om arbeidet ikkje blir skikkeleg gjort, kan det fort skje, seier han.

Når graset skal haustas, er det først og fremst veret som avgjer.

–Årsaka til at me tok førsteslåtten såpass tidleg i fjor, var meldinga om regn. Det gjekk ikkje meir enn nokre timar frå eg ringde arbeidslaget til dei var på plass, fortel Odland.

Tidspunktet for hausting har mykje å seie for kvaliteten på graset, noko som igjen har mykje å seie for rekneskapet på garden. Det gjeld å ha godt gras, for då treng han mindre kraftfôr.

GOD AVDRÅTT Årsavdråtten til mjølkekyrne på garden på Varhaug ligg no på noko over 11.000 liter. Kraftfôrmengden som varierer frå år til år var i fjor rundt 25 kilo per 100 kilo mjølk, noko bonden er nøgd med. –Vanlegvis ligg kraftfôrandelen på godt over 30 kilo per 100 kilo mjølk, så dette er gode tal, meiner Ole Tjemsland.

Runar Odland, som er nøye med økonomien på garden, er takksam for at dei bygde nytt fjøs for 17 år sidan og ikkje nyleg: –Me investerte rundt fire millionar den gongen. Skulle me ha bygd tilsvarande i dag, måtte me ha betalt 10 millionar. Dei som investerer i dag, får ein heilt annan gjeldsbyrde, meiner han.

TÆRING ETTER NÆRING Nøkkelen til god gardsdrift har for han heile tida vore tæring etter næring. –Eg passer på å ikkje overinvestere. Det gjeld å ha ei nøktern tilnærming til det du gjer. Her kjøper me mykje brukt og køyrer maskinane godt ut. Riktignok har eg fleire traktorar, men dei fleste er køyrde over 10.000 timer. Me har lite kostnader på maskinane og gjer det meste sjølv. Dessutan leiger me lite.

Han har eit godt mannskap på garden i far sin, kona og ungane, og sjølv om fleire av utgiftene på garden nå aukar, held han stø kurs: –Prisauka i år har vore veldig, men fram til nå kjem eg ikkje på at det har vore så forferdelig «ringt», seier han roleg.

I plansiloane mine har eg til saman rundt ein halv million kilo grovfôr. Skulle det gå feilgjæring i dette og eg måtte ha skaffa meg tilsvarande på markedet, hadde det kosta mykje meir.

Runar Odland, mjølkebonde

FV. Torstein Lye, Addcon Nordic, Runar Odland og Ole Tjemsland, salgskonsulent plantekultur.

This article is from: