2 minute read
Lamminga legg grunnlaget for økonomien i sauehaldet
Sjølv om inntektene i sauehaldet kjem frå både offentlege tilskot og salsinntekter frå marknaden, er det i lamminga grunnlaget for økonomien vert lagd.
Tekst/foto: Ådne Undheim/May-Linda Schjølberg
Ei vellukka lamming med mange friske og levedyktige lam er avhengig av fleire faktorar:
HALD Den beste måten å vurdera haldet til sauen på, er å ta eit godt grep over ryggen til sauen, framfor krysset og bak ribbeina. Det ein kjenner på denne delen av ryggen, vil vera skinn, bein og feitt. Ein treng difor ikkje lura på om det er musklar.
Ein sau med godt hald er meir robust og har eit sterkare immunforsvar. Det igjen gjer sauen meir motstandsdyktig mot mange vanlege sjukdomar. Gode feittreservar gjer også at sauen har energi nok til å oppretthalda høg mjølkeproduksjon over lang tid, og sauen er mindre utsett for jurbetennelse.
Ein god mjølkesau med to eller tre lam kan tapa hald på sommaren. Har den brukt opp all feittreserve, kan det føre til lågare lammetal året etter.
God fôring frå hausten av, slik at sauen byggjer opp feittreserver igjen, er såleis ei god strategi for å få mange lam som er levedyktige. Å halda haldet stabilt godt, gjev også den mest energiøkonomiske fôringa. Ein brukar 5,5 Fem for å produsere ein kg tilvekst på ein vaksen sau (Nedkvitne JJ, 1998).
OPPFÔRING FØR LAMMING Ein annan faktor er rett fôring i tida før lamming. Oppfôringa må starta 7-8 veker før lamminga, for å venne sauen til kraftfôret han skal ha etter lamming. Mengda kraftfôr er avhengig av talet foster sauen har. For ein sau i normalt hald og med tvillingar bør mengda fôr aukast gradvis frå 0,3 til 0,6 kg i oppfôringstida. Størst auke skjer den siste veka. Etter lamming treng ein sau med tvillingar 1,5 kg kraftfôr i tillegg til normalt godt grovfôr.
EKSTRA E VITAMIN Dei sauene som har 3 eller fleire foster treng ekstra E-vitamin i oppfôringsperioden. Tildelinga av ekstra E-vitamin til desse sauene kan gjerast på to måtar. Den eine er å bruka tilskotsfôret Pluss E-konsentrat. 25 gram per sau og dag dekker trongen i tillegg til å gje Formel Sau. Den andre måten er å gje Formel Sau Ekstra. Den inneheld nok E-vitamin til å dekkja trongen.
Formel Sau og Formel Sau Ekstra er dei beste mjølkeblandingane våre til sau. Dei er også tilpassa tida før lamming ved at dei mellom annan inneheld ekstra tilsetjing av aminosyra metionin. Dette gjev meir levedyktige lam, mindre lammingsvanskar og betre råmjølk.
STØTTEFÔRING FRÅ LAMMEGØYMER TIL VÅRBEITE I vår del av landet skiftar vêret fort, og kva sauen får utav beite varierer med temperaturane og vêr og vind. Samstundes har søyene genetisk sett ulik mjølkeevne. For å sikra tilveksten om våren er støttefôring difor ei god forsikring.
Tidleg tilvenning med Formel Lam i lammegøymer gjer at lamma lærar å eta kraftfôr. Kraftfôret utviklar drøvtyggjarfunksjonen og sikrar tilveksten. Når lamma har lært å eta kraftfôr inne, vil støttefôringa på beite gå greitt om beitetilgangen eller mjølkeevna til søya går ned. Trillinglam vil få ein jamnare tilvekst.
Målet må vera at lamma har ein tilvekst på minst 300 gram dei første 50-60 dagane. Høg tilvekst om våren er den beste garantien for ei god haustvekt og god økonomi.