Historia om Erling Braut Haaland av Ørjan Zazzerra Johansen og Illustrert av Thomas Kirkeberg

Page 1

UTDRAG FRÅ:

99


HISTORIA OM ERLING BRAUT HAALAND

SAKPROSA

ØRJAN ZAZZERRA JOHANSEN ILLUSTRERT AV THOMAS Kirkeberg

Speler du dårleg, er det fort gjort å skulda på noko anna. Skorne, kanskje, eller ballen, eller dommaren. Det veit du sikkert? Det er nemleg ikkje alltid så lett å forstå at problemet er deg sjølv. Slik var det med Erling då han var 14 år. Han spelte dårleg og blei fru­ strert. Kva var gale? Noko gildt: Han vaks. Han vaks så mykje at Berntsen måtte nekta han å vera med på trening. Det var vanskeleg for Erling, for han hadde jo så lyst til å spela fotball! Til å skåra nokre mål, lura Tord litt, setta ballen i nettet. Men Berntsen visste at mykje trening når

100


ein veks mykje, kan skada kroppen. Ein treng ein pause. I fleire månadar fekk Erling berre vera med bitte litt. Han var ikkje nøydd, men møtte opp på kvar trening likevel. Han hadde så lyst til å vera med! Av og til fekk han vera med ein halvtime, andre gonger eit kvarter. Men for Erling var desse minutta viktige, litt fotball gav dagen meining. I denne perioden var det uttak til U15-landslaget. Heldigvis hadde kretslagstrenaren følgt med på laget til Erling i mange år og visste kor god han kunne vera. Så då Erling var på landslagssamling og han ikkje trefte målet, kunne kretslagstrenaren heldigvis fortelja landslagstrenarane at dette ikkje var Erling slik han brukte å vera. Han sa at Erling vanlegvis var ein glad gut som lo mykje, at han var eit spesielt talent som burde få vera med vidare. Landslagstrenarane var ikkje overtydd, men heldigvis gjorde dei som kretslagstrenaren foreslo. Erling blei landslagsspelar på første forsøk, sjølv om han var heilt ute av form og hadde veksesmerter som gjorde vondt når han sprang. Då dei møtte til første kamp seinare på året, var han heiltent. Han har fått tilbake kontrollen over kroppen sin. Kroppen vaks framleis mykje og skulle gjera det i fleire år, men den såkalla «vekstspurten»

101


låg bak han, og han var i ferd med å venna seg til den nye kroppen sin. Det hadde nokre fordelar òg. Nå var beina blitt så lange at han fauk over banen med sjumilssteg! På den første landslagssamlinga presenterte han seg slik: «Eg heiter Erling, og eg er løyen.» Det er ikkje sikkert alle lagkameratane visste kva «løyen» betydde. Gjer du det? Det betyr «morosam». Alle som kjenner Erling, er einige i at han er morosam. Du kan til og med sjå det på tv eller internett at andre ler høgt når dei snakkar med Erling. Og den første landskampen? Den var mot Sverige. Slikt triggar Erling. For ein brynebu er det gildaste å slå Viking frå Stavanger. For ein nordmann er det gildast å slå Sverige. Erling brukte berre fem minutt på å skåra i den første landskampen sin! Og 13 minutt seinare skåra han eitt til. Rett nok tapte Noreg 4–2, men Erling hadde skåra begge måla for Noreg. God start på landslagskarrieren! Tre dagar seinare var det ny kamp, og Erling skåra to mål igjen! Denne gongen vann Noreg 3–1. Erling kunne reisa heim til Bryne med fire mål på dei to første landskampane sine. Det eine var til og med frå midtbanen etter eit avspark! Men då han kom på den første treninga etter landskampane, stod Andrea

102


der og gliste, ho òg. Erling visste at ho også hadde spelt to kampar mot Sverige den veka, og nå fekk han høyra at ho hadde gjort som han. Ho hadde skåra tre mål på to kampar for J16-landslaget! Det blei mykje latter og mange svenskevitsar på treninga den dagen. Sverige hadde å passa seg for Bryne-ungdommane! Omtrent samstundes fekk Erling tilbod om å hospitera hos det hardtsatsande Fyllingsdalen FK i Bergen, som hadde ein annan filosofi enn han var van med frå Bryne. Han blei med på nokre turneringar og spelte kampar mot utanlandske toppklubbar. Kombinasjonen såg ut til å gjera han godt. Erling fekk god matching både heime, på landslaget og med Fyllingsdalen. Han blei betre og betre. Han fortsette på landslaget og fekk gode vennar der. To av dei var Erik Botheim og Erik Tobias Sandberg. Saman med dei laga han ein morosam ræpp og spelte inn ein musikkvideo. Sommaren 2016 publiserte dei songen «Kygo Jo» på YouTube. Etter kvart som Erling blei meir kjend, var det fleire og fleire som ville sjå videoen. I dag har rundt ti millionar sett han. Men nå begynte Erling og dei andre på G99 å bli så gamle at dei måtte bestemma seg for kva dei skulle gjera vidare.

103


Erling var jo eitt år yngre enn dei andre og måtte fullføra ungdomsskulen. Han hadde mykje å grubla på, ikkje berre om kva linje på vidaregåande han skulle velja. Skulle han reisa til ein klubb i utlandet eller bli verande i Noreg? Men først skulle han få med seg ein sesong på A-laget i Bryne FK.

104


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.