Utdrag frå
Jernvilje
av Terje Torkildsen
Kolofon Forlag 2024
Side 11–22
HISTORISK
Det er jernalder i Noreg. Vilje har budd saman med mor si i ei steinhole oppe i heia, langt unna bygdefolket i Eikidal. No er mor hans død, og Vilje må klare seg sjølv. Mora bad han alltid om å gøyme seg om eikidølane kom forbi.
Ho meinte at dei ville røve han og gjere han til tenar på storgarden Hove. Etter å ha jakta og drepe ein ulv trassar Vilje åtvaringane og dreg ned i bygda for første gong.
Vilje slengjer ulveskrotten frå seg på den snødekte bakken, stønner høgt og strekkjer ut ryggen. Sjølv om han skar ut magen på beistet før han begynte nedstiginga frå nuten, har vargen vore ei tung bør å bera. Vilje måtte også gå ein lang omveg for å finna ein stad der det var mogleg å renna ned fjellsida utan å risikera livet. No står han på tunet på Hove og saumfer bygningane med blikket. Då han stod oppe ved varden, såg dei ørsmå ut, men no er dei blitt mykje større. Særleg hovudhuset. Gildesalen. Hovdingsetet. Det er det største og gjævaste huset Vilje har sett i løpet av sitt femtenårige liv. Det er fleire mannshøgder frå bakken opp til spissen av mønet og så langt at han knapt ville klart å kasta ein stein frå den eine enden til den andre. Dei andre husa rundt tunet er også lange, men lågare. Hadde det ikkje vore for luktene og røyken frå ljorane, kunne dei vore tekne for å vera livlause, snødekte gravrøyser. Ei ku rautar frå eit av dei låge langhusa og blir etterfølgd av fleire. Det er langt på dag, og dei skal sikkert mjølkast før folk og dyr går til ro for kvelden. Vilje kan også høyra sauer som brekar, og ei lukt fortel at dei også har hestar her på Hove. Sjølv om han og mora aldri hadde hest oppe i helleren, er han ikkje ukjend med dette store dyret. Pelskjøparen frå Sira har kløvhestar, og Vilje har mange gonger fått sitja på kløva. Dei siste åra har han til og med fått ri seg ein tur på eiga hand medan pelskjøparen og Steinbergkjerringa gjorde forretningar. Siste gongen det skjedde, bytte mor hans eit gaupeskinn mot jernkniven som Vilje har i beltet.
Det er mange ulike lukter på Hove. Røyken kjem frå brenning av furu, osp og bjørk, men kor er folka? Han har sett bygdefolk før, sjølv om dei aldri har sett han. Han veit korleis dei ser ut, og at dei snakkar same språk. Og sjølv om Vilje har budd heile livet aleine med Steinbergkjerringa i heia, er han ikkje redd for å prata med framandfolk. Mora gav han alltid ros for det.
– Du har eit vinnande vesen, sa ho.
Han kunne til og med få fjellfolka i tale, sjølv om dei har eit anna tungemål og berre forstår fakter og fingerspråk.
Gjetarjentene på setra kom gjerne frå Eikidal, og dei prata utan stans når dei møtte Steinbergkjerringa. Spurde og grov om kor ho budde, og korleis ho klarte seg aleine i heia. Kan henda bur desse jentene her på Hove? Men det er ingen å sjå, høyra eller sansa på anna vis. Det er vinter og snø over alt kor ein trør, men vêret er då ikkje så dårleg at alle må halda seg innandørs? Kan det vera som mor hans sa, at eikidølane er pestsjuke? Då var det kanskje ikkje så lurt å ta turen ned i dalen likevel?
Vilje bøyer nakken og ser ned. Snøen er hardpakka og nedtrampa der han står. Han set seg ned på huk utan å løysa føtene frå skia og studerer fotspora på bakken. Prøver å skilja dei frå einannan. Både tobeina og firebeina har gått forbi her. Det finst merke etter fleire forskjellige klauver og føter. Dei fleste spora er små. Ingen er så store som hans eigne. Det går i ei dør. Vilje reiser seg raskt opp. Ei gamal kone kjem ryggjande ut frå eit av dei låge langhusa. Ho er så oppteken med seg sjølv og børa si at ho ikkje enser at det står ein framandkar på tunet.
– Ja vel, så det er folk her? roper han.
Kona støkk til, rettar seg opp i ryggen og kikkar seg rundt. Det tek ei lita stund før ho får auge på han. Er openbert svaksynt. Ho set frå seg børa i snøen og tek nokre usikre steg mot han.
– Kven er det som spør?
Vilje smiler og peiker med armen på ulveskrotten framføre føtene.
– Eg er berre ein fredsæl veidemann frå heiene som har skote ein ulv, og så … så har eg høyrt at det finst ein stormann her på Hove, og at kanskje hovdingen ville ha hug …
– Jarl?
Den gamle kona går sakte og forsiktig mot Vilje. Ser undrande og storøygd på han.
– Høyrde eg rett? Er det sant? Er det du, Jarl?
Vilje blir usikker og kikkar seg over akslene.
– Jarl? Eh … eg er Vilje. Eg er veidemann og eg har med denne vargen …
Den gamle kona stoppar opp og blir ståande og måpa. Så er det som ho brått blir biten av ein orm. Ho skrik til av full hals, vender på hælen og spring hylande tilbake dit ho kom frå.
Vilje fiskar fram ei pil frå koggeret, men nøler med å festa henne til bogestrengen. Blir ståande med pila i handa og sjå på alle folka som aular ut av husa. Dei er så mange at det er uråd å telja dei. Ungane piler att og fram mellom dei vaksne og spør og grev. Får beskjed av mødrene om å teia stilt. Dei fleste kvinnene er kledde i brune vadmålsserkar. Somme har sauefellar over akslene. Mennene er få og gamle. Dei ville alle vore sjanselause mot Vilje i ein tvikamp, men det kjem stadig fleire folk ut av døropningane. Vilje står aleine. Det er difor han er budd på å måtta bruka pila. Ein av mennene held eit sverd framføre seg. Er vill i blikket. Han er sikkert tre gonger så gamal som Vilje, men likevel yngre enn dei andre mennene. Er enno ikkje blitt heilt grå i skjegget. Kan han vera hovdingen? Han har ei vakker, blå trøye på overkroppen og nylaga støvlar av garva skinn. Det er likevel kvinna som går ved sida av han, som har dei gildaste kleda. Ho er høgreist og barmfager. Det ljose håret er fletta som ein krans rundt hovudet. Serken er raud som mogne tyttebær og har kvite kanteband av vinterpels frå røyskatt. Ho har ei gild gullspenne på bringa og to store knippe med bronsenøklar i beltet. Ho stansar nokre armlengder frå han og legg hovudet på skakke.
– Er det du? spør ho, nesten uhøyrleg. Vilje svarer ikkje. Blir berre ståande på tå hev. Saumfer den høgreiste kvinna og den storøygde forsamlinga som står ved sida av henne.
– Er det du, Jarl? Svar meg. Eg må høyra røysta di.
Han kremtar.
– Høyr. Eg vil ingen vondt. Eg er berre ein fredsæl veidemann …
– Jarl! Guten min!
Kvinna spring fram og kastar seg om halsen på han med så stor kraft at dei begge går over ende og blir liggjande og kava i snøen ved sida av ulven.
– Fortel meg om Valhall, Jarl. Møtte du nokon av gudane i Åsgard?
Mannen med den blå trøya startar avhøyret med det same Vilje stig over terskelen til gildehallen.
– Gi deg, Haugstall!
Den velkledde kvinna er tydeleg irritert på gubben.
– Lat no guten min få koma til hektene igjen før du byrjar å spørja og grava. Du ser jo korleis han ser ut. Han har hatt ei stri reise tilbake til verda vår.
Ho roper på ei tenestejente som står med bøygd nakke inntil den eine veggen.
– Taus! Finn fram noko godt og varmt å eta til han Jarl. Det beste me har.
Jenta nikkar og går. Vilje blir ståande midt i rommet og sjå seg rundt. Den gjæve gildesalen er opplyst av ein åre: ein open eldstad med eit stort bål under ein open ljore i taket. Det er så høgt opp til mønet at det kunne ha vakse eit tre der inne. Dei grove eikestokkane som held oppe taket, er dekorerte med vakre utskjeringar. Langs veggane står det benkar, bord og senger med tallause ullfellar lagde i høge stablar. Bak det største bordet står det tre store stolar som også er pynta med treskurdar og fargerike teppe. Vilje legg ulveskrotten varsamt frå seg på golvet og set seg ned på ein låg benk attmed åren. Kvinna byrjar å le og peiker på han med strak arm.
– Ja, sjå det, du. Der kan du sitja. Sanneleg eg seier at gudane har klart å krympa deg, seier ho og nikkar mot dei
store stolane. – Før du drog i hærferd, sat du i høgsetet til far din og ville ikkje skåla med nokon. Meinte at din likemann ikkje fanst. No set du deg ned på ein trælebenk.
Vilje reiser seg.
– Å, unnskyld.
Kvinna ler endå høgare.
– Og så unnskyldar du deg etterpå!
Ho bøyer seg framover og må støtta seg til eit bord. Ler til det byrjar å gjera vondt.
Gubben med den blå trøya går inn i lyset frå bålet.
– Eg er så forviten, Jarl. Møtte du nokon av gudane? Korleis var ferda gjennom Nivlheim? Reiste du til lands eller havs? Eller kanskje i lufta?
– Hald kjeft, Haugstall! La guten min vera i fred. Du ser jo at han er i ørska. Er ikkje seg sjølv, knapt til å kjenna igjen. Han treng mat og kvile. Og eit bad. Ser ut som han har levd heile livet i lag med den ulven.
Tenestejenta kjem tilbake inn i hallen og set ei skål med varm mat og eit drikkebeger frå seg på det store bordet framføre den eine av dei tre stolane.
– Bra, og no må du varma vatn til han og gi han eit bad. – Ja, fru Gunnhild.
Jenta nikkar og går ut. Vilje tek nokre usikre steg mot maten og dei store stolane.
– Er det min plass? Skal eg sitja der?
– Hah! Så du er usikker på plassen din, no? Ja, du skulle ikkje ha teke høgsetet til far din før du drog i hærferd, men trælebenken skal du sleppa å sitja på.
Vilje går aktsamt fram mot maten. Han set seg ikkje ned i nokon av stolane, blir berre ståande ved bordet. Bøyer seg
ned over skåla og snusar inn dei gode luktene. Kastar eit blikk på husfrua og får eit bekreftande nikk tilbake. Så tek han tak i skåla med begge hendene, løftar henne til munnen og byrjar å eta som ein ulv.
Vilje følgjer etter tenestejenta ut frå gildehallen. Dei går over tunet til eit av dei låge langhusa. Tausa opnar ei dør og viser han inn i eit dunkelt rom, der det heng ein stor bronsekjele over ein glohaug på åren. Langs den eine veggen er det benkar med tøy og skinnfellar, og i eit hjørne står det ein trestamp som er mange gonger større enn gryta på bålet. Jenta stiller seg inntil stampen og blir ståande der med bøygd nakke. Ho har langt, koparfarga hår samla i ei tjukk flette. Kroppen er liten og sped. Kleda er enkle. Vanskeleg å seia om ho er redd eller berre frys. Vilje kikkar oppi det store karet og stryk fingrane gjennom vatnet. Kanten på stampen rekkjer han nesten til brystet.
– Kva … kva skal eg gjera?
Tenestejenta løftar blikket. Ho har store, mørke auge og ein vakkert andlet. Huda er lys og leppene raude.
– Kva meiner du, min herre?
Vilje sukkar og slår ut med armane.
– Den høge kvinna med dei fine kleda sa at eg skulle lauga meg, men eg har aldri bada inni eit hus før, berre utandørs, og der er vatnet mykje kaldare. Er det trygt å kliva oppi her, eller kan eg risikera å bli kokt? Blir vatnet varmare?
Tausa blir ståande tagal og måpa. Vilje må gjenta spørsmålet.
– Blir det varmare? Kan det vera farleg?
Jenta tek eit steg bakover. Er tydeleg engsteleg.
– Nei, det er ikkje farleg, men eg kan fylla på med meir kaldt vatn viss herren ønskjer det.
Vilje byrjar å ta av seg kleda. Først fjernar han pelshuva og dei tunge ytterkleda av reinsdyrfell. Så surrar han av seg bjørkenevrene på leggane og skinnstøvlane. Dei er fylte med høy og mose som drys ned på golvet. Tausa er rask med å samla opp bosset og kastar det på åren. Dei tørre fjona fatar med det same, og gule flammar sleikjer oppetter den store gryta. Vilje riv av seg skinnbroka og ulltøyet han har inst mot kroppen, og slengjer det frå seg på golvet. Jenta plukkar opp alle plagga hans og legg dei varsamt ned på ein benk inntil veggen.
Vilje er like naken som då han blei fødd. Han går nokre steg bakover, tek sats, spurtar over golvet og jumpar opp i stampen der han landar med eit digert plask. Bølgjer med varmvatn skvulpar over kanten på karet og renn ned på golvet. Jenta må byksa til sides for å ikkje bli blaut. Vilje er som ein våryr bekkeaure i ei bøtte.
– Ah! Dette var herleg. Vil du koma oppi? Det er plass til oss begge.
Tenestejenta bøyer nakken og faldar hendene framføre kjolelivet.
– Viss herren ønskjer det …
– Ja, kom oppi. Dette er ikkje til å tru. Ah, så herleg! Tenk på det: Utanfor veggen er bakken dekt av alner med snø, medan her inne ligg eg og badar i vatn som er varmare enn eg sjølv. Kom. Dette må du vera med på.
Jenta byrjar å kle av seg med rolege rørsler. Ho faldar saman plagga sine og legg dei frå seg i ein ryddig stabel på den nærmaste benken. Vilje reiser seg opp og blir ståande og sjå på henne.
– Du er jo vaksen, jo.
Ho flakkar med blikket og prøver å skjula brysta sine med hendene.
– Kva … Kva meiner du?
– Nei, altså … Du er så lita, så eg trudde du var ei jente, men no ser eg jo at du er ei vaksen kvinne. Kom.
Han grip tausa om livet og løftar henne enkelt opp i stampen. Ho klarer ikkje la vera å hyla, men Vilje berre ler og trykkjer henne ned under vatnet.
– Er det ikkje herleg?
Jenta spratlar med armar og bein. Ho får hovudet over vassyta og gispar etter luft. Ho sparkar Vilje hardt i brystet og grip tak i kanten på stampen med begge hendene. Blir hengjande der og klamra seg fast. Vilje ligg på ryggen i vatnet og ser på henne med ei undrande mine.
– Er du redd?
Ho svarer ikkje. Pustar berre høgt og fort. Vilje formar ei skål med hendene og samlar vatn.
– Men du sa jo sjølv at det ikkje var farleg. At det ikkje kan bli varmare.
Jenta vrir på nakken, men tør ikkje løfta blikket.
– Kven er du?
Vilje smiler og greier blonde hårtjafsar vekk frå andletet med fingrane.
– Er det meg du er redd for? Var det vargen som skremde deg?
Jenta svarer ikkje. Blir berre hengjande over karkanten og pusta som ein hare. Vilje ler høgt og slår ut med armane så spruten står opp etter veggen.
– Ja, eg er herse i heiene og livsfarleg for alt som lever der, men eg har aldri drepe folk, og eg ville aldri ha skada
deg. Du er jo ei kvinne og mjå som eit kje.
Tausa slepper taket i karkanten og snur seg rundt. Sig varsamt ned i vatnet igjen medan ho held eit aktsamt auge med han.
– Kven er du?
Vilje flirer.
– Kven eg er? Eg er meg sjølv, vel. Eg er den eg er.
– Kva heiter du?
– Eg heiter Vilje, men her på Hove kallar dei meg for Jarl.
Og det er kanskje på tide at eg byter namn, men då vil eg heller heita Vilje Vargbane. Kva heiter du?
Tenestejenta svarer ikkje, men rettar i staden fram ein tynn peikefinger og ser skarpt på han med store, mørke auge.
– Haugstall og husfrua seier at du er Jarl, og at du er komen tilbake frå dødsriket, men det trur eg ikkje noko på. Eg har ei anna tru, og eg kjende denne Jarl som dei meiner at du er. Eg har sett han bada i denne stampen mange gonger. Han var hovdingson her på Hove og drog med seg alle mennene herifrå på ei vitlaus hærferd til Kvina. Sidan har ingen sett dei. Du og Jarl er veldig like, men du er ein annan, Vilje Vargbane. Du er ikkje Jarl.
– Det var ein merkeleg hammar.
Vilje løftar varsamt opp det vesle smykket som tausa har hengande i ei lêrreim rundt halsen.
Ho ler og viser fram ei perlerad med kvite tenner.
– Det er ikkje ein hammar, din heidning. Det er ein kross. Eg er kristen.
– Kristen?
– Ja, eg trur på Jesus Kristus, Kvitekrist.
– Kvitekrist?
– Ja. Han er Gud sin einborne son og herre over døden.
Det er difor eg ikkje trudde ein augneblink på at du var komen tilbake frå dødsriket. Jarl er ikkje herre over døden.
Det er det berre Jesus som er.
Vilje slepper tak i anhenget og sig tilbake ned i vatnet.
Blir liggjande og vaka i overflata.
– Du er ikkje herifrå, er du vel? Du har ein annan gud, og tungemålet ditt er heller ikkje som mitt. Du har ein annan song i det, og så bruker du ord som eg ikkje forstår.
Jenta bøyer nakken igjen.
– Ja, unnskyld …, min herre.
Vilje bykser bakover i stampen og kastar store mengder vatn over henne. Ho verjar seg mot dropane ved å leggja handflatene framføre andletet. Han kastar seg over henne, grip tak om livet hennar og trekkjer henne inntil seg. Ho hyler av full hals, men verkar meir overrumpla enn redd.
– Du treng vel ikkje å unnskylda deg fordi om du har eit anna mål og ei anna tru! gaular han og kastar henne opp i lufta.
Tausa landar i stampen igjen med eit digert plask. Vatnet kveler hylet hennar. Vilje ler som ein unge og løftar henne opp igjen.
– Og slutt å kalla meg for herre. Eg heiter Vilje, har eg jo sagt. Vilje Vargbane. Og no må du fortelja meg kva du heiter, elles kastar eg deg ut av stampen.
– Evelyn, seier ho hostande og tørkar seg over munnen med underarmen. – Eg heiter Evelyn, men du får ikkje kalla meg det. Ikkje her.
– Kvifor ikkje?
– Fordi alle dei andre trur at du er Jarl. Han brukte aldri namnet mitt. Storfolk gjer ikkje det. Du må kalla meg taus eller træl.
– Træl?
Vilje slepper taket i henne og sig bakover i vatnet.
– Er du … træl?
Tenestejenta smiler skeivt og reiser seg opp.
– Ja. Sjølvsagt er eg træl. Kva trudde du? At eg ville ha stige naken oppi stampen med deg viss eg ikkje måtte? Kan du løfta meg utor? Eg skal henta meir vatn til deg. Du har spratla så fælt oppi her at det nesten ikkje er meir igjen.
Vilje reiser seg brått opp.
– Nei, bli der du er. Du skal ikkje træla for meg. Eg er mykje større og sterkare enn du er. Kan bera vatnet mitt sjølv.
Han tek tak i karkanten og kliv ut av badestampen. All sprutinga har gjort steingolvet såpeglatt, så han må ta eit støttesteg for å unngå å ramla på rumpa.
– Kor har du bøttene dine?
Evelyn peiker mot døra.
– Der borte.
Vilje trippar bortetter golvet og grabbar med seg to store trespann. Han går over til gryta på åren og fyller bøttene med vatn. Det er så varmt at det nesten koker.
– Pass deg, no! roper han. – Elles skåldar eg deg, Evelyn. Dette vatnet er gloheitt.
Ho trekkjer seg bakover. Vilje tømmer bøttene oppi stampen.
– Eg kan gjerne gå ut og fylla bøttene med snø, viss det blir for varmt.
Evelyn ler.
– Nei, det treng du verkeleg ikkje. Eit par pøser til med varmvatn, så er det akkurat passe. Og så må du ta med ein kam der borte frå benken slik at eg kan kjemma ut flokane frå håret ditt. Viss du skal vera Jarl, så må du sjå ut som han, og han var alltid oppteken av å vera fin på håret.
Vilje ler.
– Ja, då er han Jarl og eg veldig ulike. Mor hadde alltid eit svare strev med å kamma ragget mitt, som ho kalla det. Kunne somme tider sitja heile kvelden for å få det flokefritt.
Han kjem bort til stampen med to nye fulle bøtter og heller dei oppi karet. Evelyn flyttar litt på seg.
– Kva er det, spør ho.
– Kva då?
Vilje ser nedover seg sjølv. Evelyn rettar ein peikefinger mot han.
– Det merket du har på brystet. Det ser ut som eit dyr. Korleis fekk du det?
Han legg høgrehanda på eit stort fødselsmerke like over brystbeinet.
– Dette?
– Ja.
– Det er jerven min. Eg har alltid hatt han.
– Jerven?
– Ja, det ser jo ut som ein jerv.
Evelyn smiler.
– Gjer det? Det slo meg ikkje, men eg har heller aldri sett ein jerv, har du?
Vilje nikkar ivrig.
– Å ja, fleire gonger, men berre på lang avstand. Dei er veldig skye. Nesten umogleg å koma på skothald. Kor var det kammen låg, sa du?
– Borte på den benken ved åren, seier ho og faldar hendene over kanten på karet. – Og, du. Viss det stemmer at du har hatt den jerven på brystet heile livet, så er du i alle fall ikkje Jarl. Han hadde ikkje ein slik. Han var nok dessutan litt høgare enn du er og mykje tjukkare.
Vilje grabbar kammen frå benken.
– Men eg er ikkje Jarl, har eg jo sagt, og eg har heller inga interesse av å vera han.
Evelyn ser på han med eit lurt blikk.
– Det burde du ha.
– Burde eg?
Tausa himlar med auga.
– Ja, sjølvsagt burde du det, for så lenge husfrua og Haugstall trur at du er Jarl, så har du overtaket.
– Kva meiner du?
– Men skjøner du ingenting? Når du er Jarl, kan du bli hovding her på Hove. Husfrua kjem ikkje til å nekta deg det no. Dei hadde ein fæl krangel før han drog i hærferd, fordi
han sette seg i faren sitt sete, men det veit eg at ho angra på. Husbonden hennar, hovdingen Havtor, er daud for lenge sidan. Det har alle skjønt, bortsett frå husfrua. Det er Jarl som er den einaste arvingen her, og det er han, altså du, som skal vera herse på Hove.
Vilje snøftar.
– Men kva om eg ikkje vil vera herse her? Kva om eg vil vera meg sjølv? Hovding over heiene? Den eg er? Min eigen herre? Vilje Vargbane?
Evelyn fnyser, kastar eit blikk til sida og ristar på hovudet. – Du er visst ikkje så glup, du, Vilje Vargbane. Viss husfrua Gunnhild og den sleipe seidmannen Haugstall finn ut at du ikkje er Jarl … Viss dei oppdagar at du berre er ein veidemann som har gitt seg ut for å vera hovdingson … Ja, då blir du i beste fall træl her på Hove resten av livet, og i verste fall … må du træla til evig tid i Helvete.