Utdrag frå
Gunnars rekordbok
av Anders Totland
Vigmostad Bjørke 2024
Side 70–77
DRAMA
Mor til Gunnar er død, og far til Gunnar er så lei seg at han berre ligg heime på sofaen. Gunnar er også lei seg, men han må gå på skulen som vanleg. Det hjelper å ha ein bestekompis som heiter Sivert, og det hjelper å sjå på Vilde i klassen. Når ho smiler med heile ansiktet, pumpar hjartet til Gunnar raskare i brystet på han. Gunnar veit mykje om Vilde. Han veit til dømes at ho har ei mor som er lege, og at ho beundrar ein fyr som heiter Magnus, fordi han er verdsmeister i klatring. Men Gunnar veit ikkje korleis han skal fortelje Vilde kor godt han likar ho.
kaPITTel 15
Sivert og eg går saman til halloweenfesten. Allereie før me kjem inn i huset, blir me møtte av utskorne graskar med levande lys og kunstig spindelvev som er trekt over inngangspartiet som ein gjennomsiktig duk. Frå dei store trea rundt huset heng det lamper og pynt som glitrar i lyset.
Det var litt vanskeleg å finna kostyme, men til slutt fann eg nokre slitne klede på vaskerommet som eg kunne riva opp. Eg fann nokre restar av sminka til mamma på badet og smurde meg inn i ansiktet. Då eg gjekk ut for å møta Sivert så me kunne gå saman til festen, såg eg nesten ut som ein
heilt ekte zombie. Ein levande død, måla i mamma sine fargar.
Foreldra til Birger har laga ekle og rare matrettar av pølser som ser ut som avkappa fingrar, og edderkoppmuffins og masse greier som Birger serverer med eit stort glis og nokre dårlege vitsar.
Etter maten går me ut i hagen for å spela spel. Eg kastar frisbee med Sivert. Me sender det tynne brettet mellom oss. Det er ganske gøy.
Eg skal berre prøva meg på eit triks eg har øvd på, då brettet kjem ut av kurs. I staden for å fyka rett mot Sivert, slik eg har tenkt, skrår det oppover og landar på taket.
«Søren heller», seier Birger. «Eg har berre det eine brettet.»
«Eg kan henta det», seier Vilde.
Ho spring bort til treet som står nærmast huset. Med lette steg nærmast sprett ho oppover trestamma og finn vegen ut på ei tjukk grein som strekker seg mot taket. Det er heilt
rått å sjå korleis ho får det til. Vilde må vera verdas tøffaste jente.
Ho nappar til seg brettet og kastar det ned mot oss.
Birger jublar.
Eg smiler.
Me speler vidare og skal snart til å avslutta
då Sivert klarer å gjera den same tabben.
Berre at denne gongen hamnar ikkje frisbeen på taket, men heilt i toppen av eit gammalt tre som ser ut som om det kan velta kva tid som helst.
«Eg veit ikkje om eg kjem meg opp dit», seier Vilde og ser på Birger. «Det ser ikkje heilt trygt ut.»
Eg ser opp på treet og tilbake på Vilde.
Tenker på blikket til Vilde då ho snakka om han Magnus som blei verdsmeister, kor mykje ho gledde seg til å møta han. Korleis det glitra i auga hennar.
Før eg rekk å tenka meg om, spring eg bort til treet og begynner å klatra.
Eg ser meg ikkje tilbake. Klatrar berre frå grein til grein, ser kor eg kan ta tak, og kjenner med beina etter feste. Det kitlar litt i magen då eg til slutt ser ned og oppdagar kor høgt eg har komme. Men eg klarer det.
Frå bakken høyrer eg stemma til Birger som heiar, og Vilde som seier at eg ikkje bør klatra så høgt. Sivert er heilt stille.
«Det kan vera farleg», seier Vilde.
Men livet er farleg. Heilt plutseleg kan ein berre døy. Her oppe køddar i alle fall ikkje hjartet det til. Det berre kitlar litt. Og eg kan høyra i stemma til Vilde at ho er imponert.
Eg klatrar og klatrar, som om eg aldri har gjort noko anna, og høyrer applausen frå bakken då eg strekker meg og tar tak i frisbeen frå toppen av treet.
Eg har berre eit par greiner igjen mot bakken då greina eg trør på, gjev etter. Eg rekk ikkje å ta meg for eller nokon ting. Ser berre skjelettet og daudingskallane som pyntar opp husveggen, før eg dett som eit lik mot bakken.
kaPITTel 16
«Så …» Mor til Vilde set seg på ein kontorstol og rullar bort til meg. «Kva kan eg hjelpa denne karen med i kveld?»
Eigentleg ville eg ikkje til legen, men foreldra til Birger insisterte. Dei ville ringa til ambulansen og få meg av garde til sjukehuset med blålys og sirener og alt saman. Men eg orka ikkje tanken på ambulansen og sjukehuset, så eg klarte heldigvis å stoppa dei.
Men eg måtte til legevakta. Noko anna gjekk ikkje foreldra til Birger med på. Og
Sivert skulle vera med, noko anna gjekk ikkje han med på.
Foreldra til Birger prøvde å ringa pappa òg, men han tok ikkje telefonen. Så dei sende ei melding og skreiv kva som hadde skjedd.
No sit far til Birger på venterommet med Sivert. Festen er sikkert uansett over.
«Det gjer litt vondt i den høgre foten», seier eg.
«Mhm», seier mor til Vilde.
Ho ber meg om å legga meg på ein benk så ho kan kjenna litt etter og sjå kor alvorleg det er.
«Korleis skjedde dette, då?»
«Det var ei grein som knakk», seier eg. «Men eg var ikkje så høgt oppe. Det var berre nokre få greiner igjen ned mot bakken.»
«Så du har begynt å klatra, du òg, altså?»
Mor til Vilde smiler.
«Eigentleg ikkje», seier eg. «Eg skulle berre henta noko.»
«Sånn kan det gå», seier mor til Vilde.
Eg ser rundt meg i rommet medan ho fortset å kjenna etter. Innimellom spør ho
om det gjer vondt, men det er ikkje så ille.
Å detta ned frå treet medan alle såg på, var mest flautt.
På veggen heng det ei tavle med fiskekrokar. Eg hugsar kva mor til Vilde forklarte ein gong eg var her for fleire år sidan, då eg hadde vore på tur med mamma og sklidd og slått hovudet. Kvart einaste år er det nokon som hektar fiskekroken i seg sjølv, og så må dei til legevakta for å få hjelp til å få kroken ut igjen.
Det heng eit grillspyd der òg. Eg lurer på korleis det hamna der. Men eg spør ikkje.
«Bortsett frå greina du stod på, har du i alle fall ikkje knekt noko», seier mor til Vilde då ho til slutt legg foten min ned og rullar litt tilbake med stolen. «Dette kjem nok til å gå over av seg sjølv. Berre gje det litt tid. OK?»
Eg nikkar.
«Takk for hjelpa.»
Mor til Vilde stoppar litt og smiler. Ho er litt rar i stemma, sjølv om eg høyrer at ho prøver å snakka heilt vanleg.
«Vil du at eg skal køyra deg heim?»
«Du treng ikkje det», seier eg.
Mor til Vilde smiler igjen.
«Eg er uansett ferdig her no. Det er ingen andre pasientar som ventar.»
«Det går bra», seier eg. «Far til Birger har sagt at han skal køyra meg og Sivert heim.»
«OK», seier mor til Vilde. «Men hugs å vera litt forsiktig, då. Viss du skal ut og klatra igjen, meiner eg.»