Plasticus maritimus

Page 1


Utdrag frå

Plasticus maritimus.

Alt om plast

i havet

av Ana Pêgo, Bernardo P. Carvalho og

Isabel Minhós Martins

Omsett av Øystein Vidnes

Skald 2024

Side 18–27

SAKPROSA

Tittelen på denne boka, Plasticus maritimus, tyder «plast i havet» på latin. Forfattaren undersøker kor all plasten i havet kjem frå, kva han gjer av skade, og kva vi kan gjere med alle desse problema. I utdraget du skal lese, skriv forfattaren om kvifor havet er så viktig for jordkloden og for oss som bur på han.

med havet?

Kvaersåviktig

Kva havet betyr for oss

Vi hugsar ikkje alltid på det, men havet har tre veldig viktige funksjonar for livet på jorda: Det regulerer klimaet, det produserer meir enn halvparten av oksygenet vi pustar inn, og det er heim og matfat for ei stor mengde levande vesen.

jord A s termost A t

Ein termostat er eit apparat som regulerer temperaturen. Vi har mange av dei heime, du finn dei i alle bakaromnar, og vi bruker dei til å styre varmen i husa våre. Jorda har også eit slikt apparat, og det heiter havet. Havet tek imot og lagrar ein stor del av strålinga frå sola, noko som forhindrar at jorda blir altfor varm. I tillegg passar havstraumane på å fordele varmen frå sola rundt om i verda, slik at temperaturen blir behageleg og leveleg for menneske på størstedelen av jorda.

j ord A s lunger

Når vi snakkar om oksygen, tenkjer vi ofte på tre eller skog, som produserer dette stoffet som vi treng for å puste. Det vi kanskje ikkje veit, er at meir enn halvparten av oksygenet vi pustar inn, kjem frå havet. I havet lever enorme mengder ørsmå plantar vi kallar planteplankton eller mikroalgar. Dei gjer akkurat det same som andre plantar: Dei tek imot lyset frå sola og gjer det om til næring dei kan leve av – ein prosess vi kallar fotosyntese. Men medan dei gjer det, gjer dei også noko som er veldig viktig for klimaet på jorda: Dei tek opp i seg karbondioksid og produserer oksygen.

Dersom havet blir fullt av plast og forureining, forsvinn denne massen av mikroalgar fort. Dette skjer ikkje berre fordi giftige stoff i plasten drep ein del av dei, men òg fordi store mengder plast hindrar sollyset å nå fram til dei nede i vatnet. Og utan sollys døyr mikroalgane.

Tal som gjer inntrykk

Mellom 50 % og 70 % av oksygenet vi pustar inn, er laga i havet. Det vil seie at havet produserer meir oksygen enn alle regnskogane på jorda til saman. (Men hugs: Dette betyr slett ikkje at regnskogane er uviktige. Hurra for regnskogane også!)

Tusen takk til mikroalgane!

n æringskjed A i h Avet

Alt som lever, treng næring, og det får dei frå andre levande organismar, enten det er plantar eller dyr. Dei store et dei små. Det er det vi kallar ei næringskjede. I havet begynner alt med mikroalgane, som er dei minste.

1. Nedst i næringskjeda er mikroalgane eller planteplanktonet. Dei er den viktigaste næringa for mange dyr i havet.

2. Dyreplankton er bitte små dyr, som fiskelarvar og små krepsdyr, dei er eitt steg høgare i næringskjeda og er næring for mange slags småfiskar.

3. Deretter kjem dei middels store fiskane, og dei store, og dei gigantiske …

Vi veit at litt av planteplanktonet festar seg til dei bitte små plastbitane som flyt rundt i havet – mikroplasten. Og når vi veit at planteplanktonet er nedst i næringskjeda, veit vi kva som skjer vidare: Alle dyra som et planteplankton, et plasten også. Og dei dyra som et dyra som et planteplankton – dei et plast, dei også! Og ein av desse dyreartane er vi, menneska.

k O nklusj O n: For at jorda skal halde seg frisk, må planteplanktonet i havet også vere friskt. For planktonet er nedst i næringskjeda som store delar av livet på jorda er avhengig av.

SAMSPELET MELLOM

MENNESKET OG HAVET

Mange ting har hendt mellom oss og havet: ekspedisjonar, oppdagingar, utfordringar, avgjerder. Her er nokre av dei viktigaste.

1872 –1876

Den britiske Challengerekspedisjonen reiser jorda rundt og samlar informasjon om temperaturen, straumane og livet i havet.

1943

Jacques Cousteau og Émile Gagnan finn opp det første berbare pusteapparatet som gjer det mogleg å dykke og utforske havdjupa på heilt nye måtar.

1950

Plastavfall begynner å hamne i havet.

1960

Dei første menneska dykkar i ein ubåt ned til botnen av Marianegropa, som er det djupaste punktet i verdshava, 11 000 meter under overflata.

1969

Det første store oljefunnet blir gjort i Nordsjøen: Ekofisk-

1970

Forskarar åtvarar om funn av mikroplast i Nord-Atlanteren.

1973

Dei aller fleste landa i verda som sender skip ut på havet, går saman om å signere den såkalla MARPOLkonvensjonen, ein avtale som set grenser for forsøpling (inkludert plast) frå fartøy.

1992

Satellitten Topex/ Poseidon begynner å kartlegge overflata av verdshava.

1995

Satellitten Geosat begynner å kartlegge botnen av verdshava.

1997

Medan han deltek i ein regatta, oppdagar kaptein Charles Moore ei enorm øy av plast i nordre delen av Stillehavet. Han er ein av dei første som peikar på dette problemet.

2008

FN opprettar Verdas havdag, 8. juni.

2010

Den første offisielle «folketeljinga» av livet i havet blir utført, kalla Census of Marine Life, for å studere mangfaldet og fordelinga av alle artane i havet.

Organisasjonar over heile verda begynner å publisere retningslinjer for å kjempe mot problemet med søppel i havet.

2011

Plastindustrien forpliktar seg til å gjennomføre tiltak for å bidra til å løyse problemet med plast i havet.

2012

Havsøppel er ei av prioriteringane til FN sin konferanse for berekraftig utvikling, Rio+20.

2014

Ordet mikroplast begynner å kome inn i vokabularet vårt.

2015

Fleire og fleire menneske verda over blir medvitne om problemet med havplast og brettar opp ermene for å hjelpe til med å løyse det.

2016

Frankrike er det første landet som forbyr bruk av eingongsplast som ikkje er biologisk nedbrytbar.

Storbritannia forbyr bruk av mikroplast i kosmetikk.

2017

«Plastkvalen» strandar på Sotra med over 40 plastposar i magesekken og opnar auga til mange folk for problemet med plast i havet.

Handelens Miljøfond blir stifta i Noreg, som eit alternativ til ei statleg avgift i samband med EUs plastposedirektiv.

2018

Den europeiske unionen offentleggjer sin strategi for plast: Innan 2030 skal all emballasje i EU vere resirkulerbar eller gjenbrukbar.

2019

Britiske forskarar begynner å kartlegge plasten i hava ved hjelp av satellitt.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.