Foreldrebrosjyre leseskogen nynorsk

Page 1

OPPLEV GODE BØKER SAMAN Eit tipshefte frå Foreningen !les I Leseskogen får barna møte eit univers der dyra i skogen både les og anbefaler bøker. Gjennom å lese høgt for barnet ditt legg du grunnlaget for at barnet skal bli glad i å lese og tileigne seg gode leseferdigheiter. Les du høgt for barnet ditt, gjer du det mogleg for deg og barnet å oppleve gleda ved god litteratur saman. Gå inn på leseskogen.no og få fleire tips til gode høgtlesingsbøker.

Hei, eg heiter Lynx. Eg har mange gode boktips til deg på leseskogen.no


TI GRUNNAR TIL Å LESE HØGT FOR BARNET Også når barnet kan lese sjølv, er det viktig å bli lesen høgt for. Gjennom høgtlesing møter barnet meir kompleks litteratur enn det kan på eiga hand. Dette vil komme barnet til gode på mange område. Det er fint at begge foreldre eller føresette er rollemodellar. Les meir om høgtlesing på leseskogen.no.

4. Høgtlesing bidreg til å auke dei sosiale ferdigheitene til barnet Gjennom litteraturen får barnet erfarin­ gar med situasjonar som det ikkje får er­ faringar med i den vanlege kvardagen. Barnet øver seg også på å leve seg inn i og forstå situasjonen og kjenslene til andre.

1. Høgtlesing er eit godt utgangspunkt for å snakke om livet Når du les høgt for barnet ditt, opnar du for samtalar og diskusjonar. Barnet kan snakke om sine erfaringar med ut­ gangspunkt i det som skjer i bøkene.

5. Høgtlesing stimulerer språkutviklinga til barnet Når vi les høgt for barnet, møter det fleire ord enn det gjer i daglegtalen og i tekstane som barnet les sjølv. Derfor fører høgtlesing til at barnet får eit større ordforråd. Litteraturen er ein effektiv veg til eit rikt språk.

2. Høgtlesing skaper gode relasjonar mellom foreldre og barn Høgtlesing er ein hyggeleg sosial akti­ vitet i ein elles travel kvardag. Møta og samtalane rundt litteraturen skaper fel­ lesskap og gjer at du blir betre kjend med barnet ditt. 3. Høgtlesing stimulerer fantasien og nyfikna til barnet Når du les for barnet, er barnet sjølv med på å dikte i forteljinga og skape sine eigne bilete. Litteratur stimulerer fanta­ sien til barnet og lysta til å vite meir.

6. Høgtlesing fører til betre leseferdigheiter I skulen er lesing det viktigaste kompe­ tanseområdet. Barn som blir lesne for, blir betre lesarar sjølve. Les du høgt for barnet ditt, får det eit godt utgangs­ punkt for å lykkast på skulen. 7. Høgtlesing fører til betre skriveferdigheiter Barn som får høyre eit stort utval forteljin­ gar, blir kjende med den grunnleggjande


oppbygginga av forteljinga. Dette er vik­ tig når ein skal skrive ein tekst. Elevar som blir lesne høgt for, skriv betre tekstar. 8. Høgtlesing trener konsentrasjonsevna til barnet Når du les for barnet, lærer barnet å lytte og konsentrere seg om noko de rettar merksemda mot saman.

9. Barnet får positive erfaringar med lesing God litteratur gir barn og foreldre den spontane gleda ved ei god historie som er godt fortald. 10. Del ei kunstoppleving Når du les for barnet ditt, gir du deg sjølv og barnet ei kunstoppleving.

KORLEIS LEGGJE TIL RETTE FOR LESING? • Ha bøkene lett tilgjengeleg. La barne­ bøkene oppbevarast synleg og i rett høgd for barnet. • Skap ei hyggeleg ramme rundt lesinga,­ og set av tid til å ta barnet aktivt med. La barna stille spørsmål, og la dei undre seg over nye ord. Snakk saman om bileta­ i biletbøkene.

oppleve stor litteratur. • Gjer høgtlesing til ein rutine. Les på faste tidspunkt kvar dag, for eksempel etter middag eller til kveldsmaten. Le­ sing treng ikkje nødvendigvis skje på sengekanten.

• Skap ro rundt lesestunda. Fjern ting som konkurrerer om merksemda, som TV, nettbrett og andre freistingar.

• Teikneseriar er eit godt alternativ til bøker og for mange ein fin inngang til litteraturens verd. Gjennom teikneseriar lærer barna å tolke bilete, ei evne som er grunnleggjande når ein les litteratur.

• Finn ei bok både du og barnet synest verkar interessant. Høgtlesing skal vere gøy for både små og store. Gjennom høgtlesing kan de saman, barn og vaksen,

• Ver ein lesande rollemodell både heime og ute. Vis at du les mens du sit på bussen, eller mens du ventar på barna under fotballtrening.


Vil du ha fleire lesetips både for barn som ikkje vil bli lesne for, og for dei som treng litt ekstra utfordringar? Gå inn på:

WWW.LESESKOGEN.NO OM FORENINGEN !LES Foreningen !les er ein ideell organisasjon som vart etablert i 1997. Vi jobber for å stimulere til lesing i alle lag av samfunnet og er ein viktig formidlar av barne- og ungdomslitteratur i Noreg. Hovudmålet vårt er å inspirere barn og ungdom, men også vaksne til å lese meir. KONTAKT OSS Foreningen !les Øvre Vollgate 15 0158 OSLO

941 29 000 les@foreningenles.no foreningenles.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.