Granittgutta – TikTok-banden av Svein Jarle Åbrekk og Illustrert av Trond Kulterud

Page 1

UTDRAG FRÅ:

76


SPENNING

GRANITTGUTTA – TIKTOK-BANDEN SVEIN JARLE ÅBREKK ILLUSTRERT AV TROND KULTERUD

Kameratane Frank og Kristoffer har endeleg sommarferie. Dei har blitt med far til Frank, Stein, på ein konferanse for geologar. Gutane har vedda med Stein. Klarar dei å få 1 000 visningar av ein TikTok-film, skal dei få 500 kro­ ner kvar. På hotellet forsvinn det ein vikingring frå ein monter, og gutane ser ringen igjen på TikTok. Dei be­ stemmer seg for å løyse mysteriet, og trur at bandittane har ein møtestad i skogen.

Gutane kikka på kvarandre. Det var knappe hundre meter frå gøymestaden deira og bort til den falleferdige hytta som låg halvgøymd bak furutrea. Gutane hadde, ved hjelp av Hjelp 113-appen, funne ut at hytta måtte vere møtestaden. Dei heldt pusten og venta på fleire knekk. Heilt stilt. Linerla hadde funne seg ein leikekamerat og sat no i

77


ein munter samtale i eit tre nokre meter lenger borte. «Der!» Det kom ingen lyd, men Frank kunne lese ordet på leppene til Kristoffer. Peikefingeren viste retninga. Hjartet akselererte inne i brystkassa. Det kom to personar gåande ned bakken mot hytta. Den eine kjende dei igjen med ein gong. Den andre verka også kjend. Frank sjekka Apple-klokka si. 11.49 lyste det frå displayet. «Tidleg ute», mumla han. Kamuflasjekapsfyren stoppa ved kryssa han hadde teikna i vegen, og peika først mot vatnet som låg gøymt inne i skogen, og deretter i retning Strandkanten Hotell. «Kva gjer dei på, og kvifor går dei ikkje berre til hytta?» Kristoffer heiste på begge skuldrene til svar. «Kven er det han snakkar med?» Den andre fyren hadde også kaps. Han verka litt ­eldre enn kamuflasjekapsfyren. «Eg har sett han før», kviskra Kristoffer.

78


Frank leita febrilsk i harddisken etter noko som kunne hjelpe dei med å finne ut kven den andre var. Kristoffer plukka fram mobilen frå lomma og skulle akkurat til å filme då dei to karane begynte å bevege seg. «Dei går feil veg.» Kristoffer kikka undrande på Frank, som også hadde fått med seg at dei gjekk vekk frå hytta. «Var det alt?» Frank såg skuffa mot den tomme vegen etter at dei to karane hadde forsvunne ut av syne. «Godt vi ikkje ringde Korneliussen.» Kristoffer humra for seg sjølv og prøvde å fortrenge skuffelsen. «Vi får bli verande litt til.» Frank viste klokka til ­kameraten. «Er ikkje middagstid heilt enno.» Plutseleg letta fire fuglar frå vegkanten og flaug opp i det næraste treet. Gutane såg fort kva som hadde skremt dei. Kamuflasjekapsfyren og den andre kom traskande tilbake mot gøymeplassen til gutane. Dei gjekk rett forbi gutane og fortsette vidare mot hotellet.

79


«Vaktmeisteren», mumla Frank etter at dei to hadde passert og var utanfor høyrevidde. «Den andre var vaktmeisteren.» Kristoffer gav tommel opp, som teikn på at han hadde sett det same. «Er dette TikTok-banden?» Frank flirte framleis litt av namnet. «Var iallfall ikkje mykje kriminelt å dokumentere her.» Kristoffer verka roleg, men Frank merka at han var irritert i stemma. «Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.» Frank gjorde til stemma si for å etterlikne lektor tørrpinne, ein gammal lærar som hadde jobba på skulen i ein mannsalder. Kristoffer drog på smilebandet. «Vi får satse på at tørrpinnen har rett.»

80


KAPITTEL 14 Det såg ikkje ut som om sola hadde rikka seg på himmelen, men tala på klokkedisplayet viste at ho truleg hadde gjort det likevel. «Middagstida er vel over no», kom det tørt frå Kristoffer mens han tørka vekk sveittedropane som rann ned over ansiktet. «Jepp, men ikkje tysdag ettermiddag», kontra Frank. Kristoffer var vanlegvis den mest tolmodige av dei, men no var det ikkje så mykje igjen. Det hjelpte heller ikkje at høgre rullestolhjul hadde laga ein liten dal i ei svær maurtue. Ikkje alle maurane var like fornøgde med det nye designet. «Ein halvtime til, så stikk vi.» Frank skjøna at kameraten var lei. Var ikkje akkurat i sitt ess sjølv heller. Eit par skyer kom sigande over tretoppane. Den eine av dei likna på gangsterbossen Jabba the Hutt frå Star Wars-filmane – viss ein la godviljen til.

81


«Høyr!» Frank klappa kameraten på skuldra, mens han laga ei trakt framfor øyret for å samle så mykje lyd han kunne. «Bil», kom det roleg frå Kristoffer, som hadde flytta merksemda frå maurtua og over til grusvegen. Eit lite minutt seinare dukka det opp ein bil på toppen av knausen. Kristoffer grøssa litt ved synet. Hendinga frå tidlegare sat enno litt i kroppen. Bilen svinga inn framfor hytta og stoppa. Lyden forsvann likevel ikkje heilt, og nokre sekund seinare kom det ein bil køyrande frå andre kanten. Gutane såg på kvarandre. Auga viste det begge tenkte. No skjer det. Den andre bilen stoppa like bak den første. Begge gutane fiska fram mobilane sine og prøvde å finne ein så god vinkel dei kunne. Det sat to personar i den andre bilen. Begge gjekk ut og lukka døra bak seg. Ingen hadde kome ut av den første bilen, men etter nokre lange sekund opna døra på førarsida seg, og ein mann med kaps kom ut.

82


«Kvifor har alle i denne skogen kaps på seg», kviskra Frank musestilt. «Ikkje alle», flirte Kristoffer og nikka mot den strie hårmanken til Frank, som var gjennomvåt av sveitte. Dei tre personane stod roleg og snakka. Kvart femte sekund kikka dei rundt seg, som om dei var på vakt. «Kven er dei?» Frank svara med eit skuldertrekk. Gutane tviheldt i telefonane for å få så skarpe bilde som mogleg. Dei tre personane flytta seg nokre meter inn mot hytteruinen, så Frank måtte flytte litt på seg for å få god sikt. I det same han flytta den venstre foten, sparka han til ein halvstor stein som sklei ned mot vegen. «Shit!» Frank heiv seg ned på kne, akkurat i det same som dei tre ved hytta snudde seg etter lyden. Gutane heldt pusten. Kristoffer heldt telefonen så roleg han greidde. Det hamra i brystet, og Frank kjende kvalmen kome sigande. Panikk-kvalmen.

83


Dei to karane frå den andre bilen kom gåande roleg mot gøymestaden til gutane. Føraren i den første bilen hadde også snudd seg mot dei, men stod framleis i ro. Mennene kom nærare og nærare, og gutane kunne høyre at dei snakka med kvarandre. Skoa subba i grusen, og avstanden vart mindre og mindre. Frank kikka på kameraten, som sat heilt urørleg i rullestolen. Nokre maur hadde funne vegen heilt opp til ansiktet hans, men Kristoffer sat likevel utan å røre seg. Plutseleg knakk det i ein kvist rett ved, og dei to mennene stoppa. Frank høyrde at dei lo, og at lyden av skritt forsvann lenger og lenger unna. Gutane skvatt til då den same buska ved sida av bevega seg kraftig. Kvalmen gav seg derimot ganske raskt då dei skjøna kvifor dei to karane hadde snudd. Ein liten rådyrbukk, som såg ut til å nyte sommarferien, hoppa småskremt forbi dei. «Eg har aldri vore så glad i dyr før», kviskra Frank og snudde seg mot kameraten. «Kjem litt an på kva dyr det er snakk om.» Kristoffer

84


veiva vekk ein skokk med maur frå ansiktet, mens han prøvde å halde telefonen i ro. Etter nokre minutt small det i bildører, og begge bilane forsvann i den same retninga dei hadde kome frå. «La oss kome oss vekk frå denne maurtua.» Kristoffer manøvrerte seg ut mot vegen, og maurane fekk fred til å restaurere heimen sin.

85


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.