Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter

Page 1

Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter

– Ei historie om å ta godt vare på kulturminne og naturen dei er ein del av.

Foto: Dronegutta

Det var ein gong ei flaggermus i Urnes stavkyrkje

I 2017 blei det oppdaga flaggermuslort i Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn. Det blei sett i gang undersøkingar som viste at lorten kom frå ei flaggermus av arten brunlangøyre.

Dette funnet skapte mykje oppstyr! Fagfolk kom for å undersøkje kva som hadde skjedd. Aviser skreiv om saka. Kvar var flaggermusa, og kva hadde den gjort?

Det viste seg at flaggermusa hadde tissa på ein stolpe inne i kyrkja. Forskarar undersøkjer om dette kan ha skadd treverket i den verdfulle kyrkja, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Med utgangspunkt i denne saka har Fortidsminneforeininga laga barnemaskoten Fortimus og forteljinga «Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter». Den gamle Urnesløva vaknar til live og gir flaggermusa eit viktig oppdrag. Ei lita «vikingbie» blir ein god hjelpar.

Dette er historia om å ta godt vare på kulturminne og naturen dei er ein del av.

Kva gjer ein med ei freda flaggermus som gjer skade i eit freda og umisteleg kulturminne?

Teikn Urnesløva!

Teikn strekar

mellom prikkane.

Trur du løva har fargar?

Eg er Urnesløva.

Har du høyrt om den gode

hjelparen min, flaggermusa Fortimus?

Urnesløva er merket til Fortidsminneforeininga. Den er skoren ut på ein av stolpane inne i Urnes stavkyrkje.

Foto: Jiri Havran

Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter

Fortimus har akkurat teke ein natterunde langs Lustrafjorden og rundar neset ved Ornes. Inn i tretoppane flyg han. Der er yndlingsmaten hans – nattsommarfuglane. Han fangar ein stor møll og ser seg rundt. Det er eit mørkt kyrkjetårn rett framfor han. Fin stad å henge for å ete møllen, tenkjer Fortimus og smett inn ei opning. Det er nattemørkt der inne. Han har floge rett inn i Urnes stavkyrkje, den einaste stavkyrkja på UNESCO si liste over dei viktigaste kulturminna i verda.

Han skrik ut i det mørke rommet. Eit høgt skrik, i ein høg tone. Slik blir kyrkja heilt tydeleg for han. Øyra og auga hans «ser» alt. Han flyg gjennom eit slags gitter, mot fargane. Mot blad, blomstrar, englar og hovud med gullhår. Blomstrane på veggen er dei største han har sett. Er det ein fugl der? Fortimus kvepp til. Nei, det er visst berre eit måla blad på veggen.

Fortimus blir heilt gripen av den vesle, vakre kyrkja. Han er jo så glad i gamle hus! Kanskje han skal bu her i sommar? Eg må sjå meir, tenkjer han og flyg ut i det store rommet. Sjå på alle dei rare skapningane i utskjeringane øvst på stolpane! Kva slags dyr er dette? Han har heilt gløymt møllen han skulle ete.

Foto: Dronegutta

KVA ER

DET DU GJER???

Han flyg rundt, høgt og lågt i den vesle kyrkja. Så kjenner han plutseleg at han må gjere frå seg. Fortimus har jo ete mange møll og andre insekt heile natta. Han må på do! Han gøymer seg ved ein av stolpane og håpar at ingen oppdagar uhellet.

– Kva er det du gjer? seier plutseleg ei djup stemme. I skuggane inne i kyrkja er det ein skapning med hoggtenner og lang tunge. Rørslene til skapningen er katteaktige, og over ryggen svingar noko som liknar på fuglevenger. Kva er dette? Fortimus grøssar!

– Tissar du her fleire gonger, får du med meg å gjere. Skapningen er streng i stemma, og Fortimus kjenner at han skjelv. – Kven er du, eigentleg? spør han forsiktig. – Eg er Urnesløva, seier skapningen. Løve, tenkjer Fortimus. – Synest du at eg er ei rar løve? brummar det frå mørkeret. – Eg har aldri møtt ei løve før, svarer Fortimus forsiktig. – Men har du venger og kan flyge, slik som eg? – Venger? brummar løva. – Åhhh, du meiner den lange halen min med to duskar i enden! Nei, den svingar eg over ryggen for å jage vekk plagsame fluger, seier løva. – Det jo ikkje vanleg med løver i Sogn, held løva fram. – Men eg kom hit i 1130 då kyrkja blei bygd. Eg passar på at den blir bevart til evig tid, seier Urnesløva. Du som kan flyge, du kan jo ta ein kikk på utskjeringa av meg på stolpen der oppe. .

Du må ikkje gjere noko som kan skade gamle Urnes stavkyrkje. Den er freda, høyrer du!

– Du må ikkje gjere noko som kan skade gamle Urnes stavkyrkje. Den er freda, høyrer du! Treverket kan smuldre opp når du tissar på det, seier Urnesløva. Fortimus flyg høgare opp i kyrkja – redd for denne skapningen. Han vil ikkje bli eten opp av ei løve eller kva det no er for noko! Dessutan bør løva passe seg litt, for flaggermus er òg freda. Fortimus er av ein sjeldan art som må takast vare på – nett som den gamle kyrkja. – Eg er òg freda, seier han og set seg på takkrona. – Meg kan du ikkje skade.

– Ei freda flaggermus i ei freda kyrkje – kva skal vi gjere med deg, då? seier Urnesløva.

– Her kan du i alle fall ikkje bu, slik som du et og skit. Løva brummar og tenkjer, halen slår fram og tilbake. – Eg treng hjelp, seier den omsider. – Det er så mykje å passe på med dei gamle bygningane rundt om i landet. Eg byrjar å bli litt sliten etter alle desse åra. Eg treng ein hjelpar som er kjapp og sterk.

Kjapp. Fortimus smiler eit breitt glis med spisse tenner. – Eg er ein Plecotus auritus, berre så du veit det. Eg er ein brunlangøyre. Familien min heiter glattnase. Eg har øyre som er nesten like store som

Foto: Dronegutta

kroppen min, og eg flyg fort i mørkeret. Eg kan hjelpe deg med å passe på, flyge frå stad til stad, men berre om sommaren. Eg søv heile vinteren, så då må du finne nokon andre til å hjelpe deg. – Eg får heller ta vintervakta sjølv, seier Urnesløva.

– Er du sterk, då? Du treng krefter som ei løve. Du anar ikkje kor mange farar som trugar gamle hus! Er det nokon som er redd for ei lita flygande mus, då? Halen til Urnesløva daskar fram og tilbake.

– Ja, det er faktisk mange som synest eg er skikkelig skummel, seier Fortimus. Han ser for seg alle dei gongene folk har blitt skremde når han har sust gjennom hagar på kveldstid. Ein gong flaug han og veslesøster Fiona lågt over eit hagebord der det sat ein familie og åt pølser ein sein kveld. Då blei det mange høge hyl!

– Vi er jo ein heil familie då, seier Fortimus. – Eg kan spørje familien min om dei kan hjelpe til. Vi er veldig glade i gamle hus alle saman. Eg har forresten ei tante som bur på Steinvikholm slott i Trøndelag. Ho er kul. Tante Fresia ser ut som ein riddar frå mellomalderen. Henne må du treffe! Ho har sverd, så ho er noko for ei løve å bryne seg på.

Ein heil familie av flygande vernevennar. Urnesløva knurrar nesten godmodig når den seier: – Avtale.

Krefter som ei løve, tenkjer Fortimus. Hjelp, det har han jo ikkje. Ingen i familien hans heller, sjølv om tante Fresia er steintøff. Men han høyrer godt. Veldig godt. – Eg høyrer betre enn deg, seier han litt kjekt. – Eg er raskare enn deg, held han fram. Løva svarar ikkje. Fortimus ser seg rundt. Skuggen er borte. Det er ingen hale å sjå.

Det er best å kome seg unna dette uhellet ved stolpen, tenkjer Fortimus og stikk ut i skogen. Det er enno nokre timar att av natta. Og han har ei avtale. Med sjølvaste Urnesløva. Han susar vidare, fangar insekt på insekt, flyg i raske svingar og inn i tretoppar. Det er stilt, fuglane søv, han snappar insekt på blad. Så høyrer han noko. Ein surrelyd som er kjend, men som ikkje burde vere her midt på natta. Lyden av ei flygande bie. Han skrik.

Foto: Icephotography

– Eg har floge meg bort, seier ei tynn og redd stemme. – Eg veit ikkje kvar familien min er. Rett framfor seg har Fortimus ei lita bie med ein slags flygehjelm på hovudet. Vengene slår hektisk. Ei surrete bie, tenkjer Fortimus. – Kven er du, då? spør han. – Eg er ei gamal bie. Det vil seie, eg er ikkje gamal, men eg er av ei gamal slekt, seier stemma. – Eg er ei brunbie.

– Er du gamal? spør bia. – Eg, som akkurat har fått i oppdrag å passe på ei kyrkje med utskjeringar frå vikingtida, seier Fortimus. – Vi snakkar nesten tusen år! Det er gamalt! For ikkje å snakke om slekta mi

– den er urgamal! 60 millionar år.

– Slekta mi var faktisk saman med vikingane, seier bia, litt sterkare i stemma. – Somme kallar oss «vikingbier». Kan du forresten hjelpe meg heim til Gaupne? Eg byrjar å bli så trøytt. Fortimus, ganske imponert over den vesle skapningen av vikingslekt, ber bia setje seg på ryggen hans. – Kom, så dreg vi.

– Finn du fram då, det er jo så mørkt? spør bia. – Eg brukar øyra godt, svarar Fortimus.

– Takk for hjelpa. Fortimus slepper av bia ved bikuben i Gaupne. – Du er snillare enn du ser ut til, seier den. – Vent litt, så skal du få styrkegodis av meg. – Ta ein drope! Bia har kome ut av bikuben med noko gyllent og seigtflytande. – Dette er superhonningen til bestemor, seier bia. – Den blir du sterk av.

– Meiner du at ein liten gul drope gir ekstra krefter? Fortimus ser undrande på den vesle bia, som nikkar til svar. Nysgjerrig tek han dropen i munnen. Den smakar søtt, søtare enn alt anna han har ete. Så skjer det noko. Det søte forsvinn, og det kjennest ut som om kroppen veks. Men det raraste av alt er den store styrken han kjenner i hovudet. – Det må vere dette Urnesløva snakka om, ropar han ivrig. – Eg har fått krefter som ei løve!

Og slik gjekk det til at Fortimus blei kjend som flaggermusa med supervernkrefter. Urnesløva sin modige hjelpar som saman med familien sin flyg rundt i nattemørkeret og passar på at gamle hus blir tekne godt vare på. Som skrik ut når nokon vil rive fine, gamle bygningar. Som har ei hemmeleg kjelde av superhonning hos vennen sin, «vikingbia». Det skal berre éin drope til – så lenge vi passar godt på bier og flaggermus.

Foto: Dronegutta

Visste du at brunbia

› Blir kalla «vikingbia» etter funn frå vikingtida i Oslo og York

› Er den eldgamle norske bierasen

› Er ein kritisk truga art som kan forsvinne

› Lagar honning

› Trivst godt i norsk klima

Takk til seniorrådgivar Bjørn Dahle i Norges Birøkterlag og Naturformidling van der Kooij for faglege råd om brunbier og flaggermus. Vi takkar òg litteraturvitar Johanne Stende for litterær rådgiving og hjelp. Tekst: Astrid Galstad, Fortidsminneforeininga. Design: Miksmaster Creative Foto: Anja Laupstad Vatland

Verdt å vite om brunlangøyre

› Kroppen er 4–5 cm lang

› Øyra er nesten like lange som kroppen

› Vengespennet er på 24–28 cm

› Har store auge

› Skrik gjennom nasen

› Går frå lys til mørk tone i eitt skrik

› Jaktar på insekt i trea

› Et gjerne nattsommarfuglar (møll)

Foto: Naturformidling van der Kooij

Prøv å skrike som Fortimus!

Kven trur du er flaggermusa sine fiendar i naturen?

Visste du at norske

flaggermus

› Skrik med ein høgfrekvent lyd

› Brukar høyrsla til å finne fram på nært hald

› Har fem fingrar og fem tær

› Brukar bakbeina som kam og greier seg ofte

› Er eit pattedyr (føder ungar)

› Som regel får 1 unge i året

› Er ei eldgamal dyregruppe – 60 millionar år

› Et insekt og edderkoppdyr (Noreg/Europa)

› Kan ete meir enn 3000 insekt i løpet av ei natt

› Har 24–38 tenner

› Heng opp-ned i dvale om vinteren

› Kan bli 30–40 år gamle

› Er freda i Noreg og Europa

Eg er ein brunlangøyre (Plecotus auritus)

Svar: kattar, ugler, haukar, falkar, mårar

Brett din eigen Fortimus

Veit du om noko som skal passast på for evig og alltid?

At noko er freda betyr

At det skal takast vare på for framtida og at det er verna av lovar og reglar. Både kulturminne, natur og dyr kan vere freda.

Visste du at Fortidsminneforeininga eig Urnes stavkyrkje. Den blei bygd rundt 1130 og er kjend for fantastiske utskjeringar i tre. Urnes er ei av dei eldste og best bevarte stavkyrkjene i landet.

1 9 2 3 5 7

Stavkyrkjequiz

KVA ER EI RAUDLISTE?

Norsk raudliste for artar er ei oversikt over artar som er truga og kan forsvinne frå den norske naturen. På denne lista står alt frå pattedyr, fuglar og fiskar til sommarfuglar og bier.

RAUDLISTA FOR HUS

Fortidsminneforeininga har laga ei eiga liste over gamle hus som er truga og som kan bli rivne.

VERDSARV

Urnes stavkyrkje er særleg verdfull.

I 1979 blei kyrkja ført opp på UNESCO si verdsarvliste. Bygningane og stadene på denne lista er uerstattelege for menneska på jorda.

UNESCO

Er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.

Veit du om andre stader som står på UNESCO si verdsarvliste?

Ein går ut frå at det fanst omkring 1000 stavkyrkjer i Noreg rundt år 1350.

Kor mange av dei norske stavkyrkjene er bevarte i dag?

A) 8 B) 15 C) 58 D) 28

Kor mange stavkyrkjer eig Fortidsminneforeininga?

A) 10 B) 2 C) 28 D) 8

Éi norsk stavkyrkje står oppført på UNESCO si verdsarvliste. Kva for ei?

A) Urnes B) Gol C) Borgund D) Heddal

Svar: 28, 8, Urnes

4 6 8

Fortimus og familien hans

Barn og vaksne frå heile landet har gitt namn til Fortimus og familien hans i ein namnekonkurranse.

Dei er alle saman glade i gamle bygningar. Fetter Flagrus likar livet på landet, gardar og stabbur. Tante Fabula drøymer om alle dei fine kyrkjene. Grandonkel Fredo er den godmodige munken som passar på klosterruinar frå mellomalderen. Fetter Fender likar seg ved sjøen med fyr og fort.

Følg Fortimus, veslesøster Fiona, tøffe tante Fresia og resten av familien på oppdrag og eventyr ved dei historiske eigedomane til Fortidsminneforeininga! www.fortidsminneforeningen.no

Fortimus

-Flaggermusa med supervernkrefter-

Fortidsminneforeininga er ein frivillig kulturvernorganisasjon som sidan 1844 har kjempa for å bevare dei verdfulle kulturminna i landet. Takk for at du ved å vitje eigedomane våre støttar oss i arbeidet med å ta vare på kulturarven for alle – for alltid.

Tante Fresia Veslesøster Fiona Tante Fabula Grandonkel Fredo Fetter Fender Fetter Flagrus
Design og illustrasjon: Miksmaster Creative. www.miksmaster.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.