Fortimus i enga (nynorsk)

Page 1


Fortimus i enga

Hmmm….

Det var fleire ville blomstrar før i tida.

Blomsterengene har ei lang historie. Dei er kulturminne på same måten som gamle hus. Menneska har vore avhengige av plantar til alle tider. Vi har brukt plantane til mat, vinterfôr til husdyra våre, medisinar og andre nyttige føremål. Før fanst det blomsterenger overalt i landet, men no er dei fleste av dei borte. Plantane og dyra som har enga som sin favorittstad, likar dette veldig dårleg. Mange av dei forsvinn. Dette er alvorleg for naturen og menneska. Men vi kan alle vere med på å ta vare på naturen for framtida.

FN sitt berekraftsmål 11.4: Styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda

Urnesløva vandrar langs den gamle steingarden rundt Urnes stavkyrkje. Han er litt tung på labben og støl i kroppen på morgonkvisten. «Eg burde få meg ei madrass å sove på», tenkjer han, «i staden for å liggje på dei harde trebenkane i kyrkja». Han knip auga saman mot sola, som er i ferd med å stå opp. Det er grytidleg ein sommarmorgon, og fuglane har så vidt byrja å syngje frå trea.

Han strekkjer seg for å mjuke opp kroppen og ser opp mot haugen ovanfor kyrkja der han kan hugse at klokketårnet stod ein gong for lenge, lenge sidan. I tårnet hang kyrkjeklokka. Den store, tunge klokka svinga fram og tilbake: dong, dong, dong. Ho hadde ein tung ringjelyd som alle høyrde, hugsar løva.

«Har du teke på deg den finaste blå sommarkjolen din, du?» seier Urnesløva plutseleg. Han ser på ei einsleg blåklokke som står ved steingarden. Blåklokka nikkar med hovudet i den svake vinden. «Men kvifor står du her heilt åleine?» Urnesløva bøyer seg ned mot blåklokka. Ho luktar svakt og svarer ikkje.

Urnesløva ser seg ikring. Det er lenge sidan han har vore ute av stavkyrkja, kanskje nærare hundre år. «Men brukte det ikkje å vere fleire ville blomstrar her, då?» seier Urnesløva til seg sjølv. Han ser føre seg enga med alle villblomstrane, og særleg brukte det å vere mange rundt klokketårnet. «Kvar har dei blitt av alle saman?» undrar han seg.

Så høyrer han noko kome mot seg. Det er ein liten, svart skugge, rask som lynet. Det er Fortimus, flaggermusa med supervernkrefter, som susar rundt han. «Hallooo! Du er tidleg på ‘an i dag?» Løva brummar.

«Er du morgongretten, eller har du hatt mareritt i natt?» Fortimus ser på andletet til Urnesløva at han er uroleg. «Er det noko som trugar stavkyrkja?» spør Fortimus. «Det er villblomstrane», seier løva. «Kvar har dei blitt av?» Fortimus klør seg på ryggen. «Er dei borte, då? Eg ser opptil fleire, eg. Kanskje du har byrja å sjå dårleg», seier Fortimus.

«Det var fleire ville blomstrar før i tida. Eg kjenner på meg at noko alvorleg held på å skje», seier den gamle løva. «Dette må du finne ut av, du som er eit flygande dyr». Urnesløva ser rett på Fortimus. «Du er jo hjelparen min, du og familien din», seier Urnesløva. «Kvar har den gamle blomsterenga blitt av, den som alle insekta elska?» Urnesløva mumlar vidare om humler, villbier og alle dei andre insekta som finn maten sin i dei ville blomstrane.

«Men blomstrane søv jo om natta når vi flaggermus er ute, og det er farleg for oss å vise oss om dagen. Vi veit aldri når ein rovfugl kan slå klørne i oss.»

Fortimus grøssar. «Eg skal ta meg av rovfuglane», seier Urnesløva. «Du veit det, ei løve i Luster kan skremme dei fleste.»

Eg er ein dagsommarfugl. Eg er ute om dagen når sola skin.

Eg flagrar rundt frå blomster til blomster på leiting etter pollen. Maten min finn eg i blomstrane.

Verdt å vite om sommarfuglar:

• Sommarfuglane blir gjerne delte inn i to grupper: nattsommarfuglane og dagsommarfuglane

Vi flaggermus lever av insekt. Yndlingsmaten min er nattsommarfuglar. Dei er ute om natta, akkurat som eg.

• Dei et nektar, ei sukkerhaldig væske som blomstrane lagar

Har du høyrt om pollinatorar?

Sommarfuglar og andre insekt så som humler og bier hjelper blomstrane med å frakte pollen slik at blomstrane kan lage frø som blir til fleire plantar. Desse insekta blir kalla pollinatorar fordi dei fraktar pollen.

VEIT DU KVA?

• Det finst hannplantar og hoplantar, og somme plantar er begge delar

• Pollen kjem frå hanndelen av planten

Fleire og fleire insekt som hjelper til med pollineringa, forsvinn på grunn av klimaendringar og fordi levevilkåra deira endrar seg.

Kva kan du gjere for å hjelpe?

• Lat ville blomstrar vekse i hagen

• Ha ditt eige insektshotell

Neslesommarfugl

Den lyse jordhumla er ein av dei vanlegaste humleartane og finst over heile landet.

Humler er den viktigaste pollinatoren.

Sjekk denne humla med «pollen-sokkar»!

Aaaatsjooo!!! Kanskje eg er allergisk mot pollen?

Gå på leiting!

Kor mange ulike blomstrar kan du finne?

Blomsten gir insektet mat, og insektet hjelper blomsten med å spre pollen slik

blir en ny generasjon blomster.

Vil du lage di eiga vesle blomstereng?

Bruk blomsterengfrø av viltveksande norske artar (NIBIO Landvik). Du får kjøpt slike frø frå www.lahumlesuse.no. Det er ei foreining som jobbar for å ta vare på humlene våre.

Her ser du vanlege blomstrar som finst over store delar av Noreg:

Kan du finne alle blomstrane eg har på hovudet?

Spå med prestekrage:

Napp ut dei kvite blada (randkronene) eitt for eitt medan du ramsar opp ord. Det siste bladet og det siste ordet gjeld. Kva vil du spå?

Prestekrage er favorittblomstren min! Kragen som eg har rundt halsen, blir òg kalla ein prestekrage. Visste du at prestane før i tida brukte ein slik kvit krage av stoff rundt halsen?

Å spå med prestekrage er ein gamal leik. Mange spådde om forelsking: «Gift, ugift, gift, ugift…..», eller «elskar, elskar ikkje, elskar, elskar ikkje…», «Ja, nei, ja, nei….»

Prestekragen er ein vanleg blomster i heile landet.

Insekt ser det som blir kalla ultrafiolett lys. Dette lyset er meir blått. Difor kan ein gul blomster vere blå eller lilla for eit insekt.

Eg ser ikkje fargar, eg.

Kvifor finst det ingen raude blomstrar i enga, tru?

VEIT DU KVA?

Det er mange fargerike blomstrar i enga, men ingen knallraude. Insekt kan nemleg ikkje sjå raudt. Då har naturen ordna det slik at blomstrane har andre fargar slik at insekta kan finne dei.

Blomstrane pyntar seg liksom for insekta. Fargane, formene og lukta seier: «her er eg» i den grøne enga. Nokre blomstrar har til og med landingsstripe for insekt.

MORO

med naturen!

5 tips til ting du kan gjere i naturen:

1) Sjekk om du likar smør. Hald ein smørblomster under haka. Blir du gul?

Engsoleia blir òg kalla smørblomster.

2) Lag skrikelydar med grasstrå. Hald eit grasstrå stramt mellom tomlane, legg munnen attåt og blås. Kva liknar lyden på? Lyden du lagar når du bles i grasstrå, kan minne om skriket til flaggermusa!

3) Lag blomsterbilete på bakken. Plukk blomstrar og legg dei saman til eit bilete.

Eg er nesten 900 år gamal, og eg minnest kva menneska tenkte om plantar i retteleg gamle dagar.

Maria-namn. Kvifor det?

Jomfru Maria var viktig i livet og trua til folk på den tida då kyrkja i Noreg var katolsk (før 1537). I mange kyrkjer stod det Maria-figurar som folk bad til. Figurane var gjerne pynta med sterke fargar og skinande gull,

Segn om marianykleblom

Frå gamalt av blei det fortalt at jomfru Maria miste nyklane sine til himmelporten ned på jorda. På staden der engelen fann dei, vaks det opp marianykleblom.

Foto: Tiril Myhre Pedersen (CC BY 4.0)
Foto: Thorleif Thorsen

Kva er det eigentleg som har hendt med dei gamle blomsterengene?

Det har blitt færre av oss bier. Det er ikkje bra for naturen.

VEIT DU KVA?

• Når frukttrea blomstrar, fraktar humler og bier pollen og sørgjer for at vi får eple og anna frukt. Dei er rett og slett viktige for maten vi et

• No er 17 % av villbiene og humlene truga, og nesten 31 % står på raudlista (Artsdatabanken 2021)

Blomsterengene var viktig for gardsdrifta før i tida. Folk slo graset på engene og hausta det inn som vinterfôr til dyra på garden. Blomsterengene låg gjerne der jorda var mest næringsfattig, på stader som ikkje eigna seg til å dyrke menneskemat, så som korn, poteter og grønsaker. Ville blomstrar, derimot, treivst godt i den næringsfattige jorda.

Jordbruket blei modernisert med større maskiner, og kunstgjødsel blei tilgjengeleg. Då blei det mogleg å dyrke opp jorda der engene låg for å skaffe meir mat til dyra. Dei blomsterengene som låg slik til at det ikkje let seg gjere å dyrke dei opp med store maskiner, blei ofte berre liggjande ubrukte. Mange av dei har grodd att og blitt til skog.

Blomster har latinske navn. Men hva betyr Alcemilla??

VEIT DU KVA?

Marianykleblom står på det som blir kalla raudlista over truga artar. Han blir rekna for ein sårbar art og er sjeldan. Det er ikkje så mange av marianykleblomen no som det var for nokre år sidan. Arten trivst godt i blomsterenga og i område der dyr beiter. (Artsdatabanken 2021)

Om du er heldig, kan du finne plantar med Marianamn. Kanskje du finn ei skogmarihand:

Slektsnamnet til marikåpa, Alchemilla, heng saman med alkymi. «Alkymi» er eit ord som blei brukt om kjemi-faget før det blei ein vitskap. Ein alkymist var ein som jobba med alkymi – altså kjemi. I mellomalderen trudde ein at vassdropane på blada til marikåpa hadde mystiske og magiske krefter som kunne forvandle uedle metall til gull.

Foto: Eli Fremstad (CC BY 4.0)
Foto: Bolette Bele (CC BY 3.0)

Om Fortimus i enga

Flaggermusa Fortimus er Fortidsminneforeininga sin barnemaskot. Han og familien hans hjelper Urnesløva og passar på at kulturminne og naturen dei er ein del av, blir tekne godt vare på. «Fortimus i enga» handlar om å bli kjend med blomsterengene og lære korleis vi kan stelle godt med blomstrar og insekt.

Flugene i blåklokkehatten irriterer meg!! Dei berre surrar!

VEIT DU KVA?

Fluger kan bruke blåklokkene som paraply når det regnar.

Kjelder: Raudlista til Artsdatabanken 2021. Foto av blomster og insekter: Artsdatabanken, lisenser: creativecommons.org/licenses

Foto omslag og innsider: Leif Hauge

Tekst: Astrid Galstad/Fortidsminneforeininga

Fagleg rådgjeving: Liv Norunn Hamre, Høgskulen på Vestlandet Design og illustrasjoner: Miksmaster.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.