Innhald
Velkommen til mi bakeverd! 7
Kva vil det seie å bake sunnare eller sukkerfritt? 11
Basisvarer du treng for å bake sunnare og sukkerfritt 12
Sukkererstatningane i oppskriftene mine 14
Utstyr som er kjekt å ha på kjøkkenet 22
Korleis gjere oppskriftene allergivennlege? 27
Fint å vite når du skal bake sukkerfritt 28
Nokre siste gode tips før du set i gang! 31
Tips og triks for å lykkast med heimelaga nøttesmør 161
Oversikt over søtingsmiddel 228
Oppskrifter
Bakst 32
Kanelsnurrar med kremostglasur 36
Tynne, sprø havrekjeks 38
Cookies med sjokoladebitar 43
Søte, saftige havrescones 45
Skulebollar på 1, 2, 3 46
Fastelavnsbollar 48
Kardemommeknutar med pistasj 52 Eplescones 54
Kaker 56
Klassisk snickerskake 58
Gulrotkake 60
Saftig sjokoladekake 63
Smuldrepai med jordbær og rabarbra 64
Sitronkake 66
Eplekake med innbakt vaniljekrem 69 Ostekake 70
Rullekake 73
Kladdkake 74
Marsipankake 78
Luksus bananbrød 80
Nøttekake med vaniljefyll 82
Dessertar 84
Vaniljekrem 87
Dronning Maud-dessert 88
Heimelaga yoghurtis på 2 minutt 90
Minismuldrepai med plommer 93
Bringebærgele med vaniljesaus 94
Kake i kopp 97
Panna cotta med bærsaus 98
Vaniljeis 100
Luftig sjokolademousse 103 Bærdessert med ostekrem 105
Snacks og konfekt 106
Vaniljefudge 108
Havre- og peanøttknappar 111
Sjokoladekonfekt med krema mjølkefyll 112
Skiva, brente mandlar 115
Nøttekubar 117
Lakriskuler 121
Sjokoladefudge 122
Salte karamell-popkorn 124
Bounty-havrebar 126
Peanøttsjokkis 129
Crunchy mandelkuler 130
Seige nøttekjeks 134
Kokoskonfekt 137
Mokkakonfekt med karamelliserte nøtter 138
Varme og kalde drikker 140
Sprudlande sitron- og bringebærlimonade 142
Iskaffi 145
Sjokolade-frappuccino 146
Heimelaga iste 148
Sitron- og limelimonade 151
Gløgg 153
Jordbærslush 154
Nydeleg kakao 157
Nøttesmør og syltetøy 158
Mandelsmør – mitt favoritt-nøttesmør! 165
Crunchy peanøttsmør 166
Sjokoladepålegg 169
Nøttesmør utan nøtter – kjernesmør! 171
Rabarbrasyltetøy med vanilje 172
Jordbær- og bringebærsylte med chiafrø 175
Eplesylte med kanel 176
Plommesylte 178
Sunnare søtsaker med frukt som søting 180
Mine beste snickersruter 184
Bananmuffinsar med blåbær 187
Bananis på pinne 189
Jordbærmilkshake 190
Seige cashewkuler 193
Banankjeks 195
Krema fruktsalat 196
Mango- og kokosis 199
Bananvaflar 201
Sjokolade-, banan- og peanøttsmør-milkshake 202
Cookiedeig-snacks 205
Bringebær- og jordbæris på pinne 206
Hurtigbollar med sjokoladebitar 209
Gelegodteri med mango 210
Valnøttbrownies 215
Banan- og peanøttkake med fyldig sjokoladeglasur 217
Kokoskuler med aprikos 218
Fluffy bananlappar 221
Snickersdadlar 223
Bananis 224
Kva vil det seie å bake sunnare eller sukkerfritt?
Det seier seg litt sjølv: Eg kuttar rett og slett ut sukkeret i søtsaker og bruker heller sukkererstatning, eventuelt fersk eller tørka frukt og bær for å gi søtsmak. Med ein gong det næringsfattige sukkeret er bytt ut, blir søtsakene litt betre for oss.
Eg liker òg å gjere litt meir for å gjere dei søte oppskriftene sunnare. Blant anna bruker eg havregryn, havremjøl eller grovt mjøl for å auke fiberinnhaldet. Er det store mengder smør i ei oppskrift, byter eg ut delar av smøret med kesam for å bevare saftigheita, men samtidig kutte ned på mengda metta feitt. I tillegg bruker eg ein del nøtter, frukt og bær, noko vi veit er sunt for oss.
Kvitt, raffinert sukker inneheld mange kaloriar, har ingen næringsstoff, gir høg blodsukkerstigning og er skadeleg for tennene, og eit stort inntak aukar risikoen for ei rekke livsstilssjukdommar. Eg seier ikkje at det er farleg med sukker, for det er det ikkje, men vi skal avgrense inntaket.
Det finst òg ein del variantar av sukker i forkledning. Dei kan høyrest sunnare ut, men eigentleg er dei tilnærma like sukker og mykje dyrare i innkjøp. Eksempel på slike er kokosblomsukker, lønnesirup og honning. Les meir om desse i oversikta over søtingsmiddel bakarst i boka (side 228).
Oppskriftene i dei seks første kapitla i boka er heilt utan tilsett sukker; alt er laga med sukkererstatning. Her får du bakst, kaker, dessertar, snacks og konfekt, nøttesmør og syltetøy, varme og kalde drikker.
Til slutt får du eit større kapittel med søte oppskrifter utan sukkererstatning, men med fersk og tørka frukt eller bær som søting. Her bruker eg berre ingrediensar du finn i matbutikken.
Nokre oppskrifter passar like godt til kvardag og helg, andre oppskrifter pas sar kanskje betre til fest og feiring. Nokre er meir næringsrike enn andre, men fellesnemnaren er at dei er sukkerfrie og/eller eit sunnare alternativ.
Korleis gjere oppskriftene allergivennlege?
Å gjere oppskriftene glutenfrie
Dei aller fleste oppskriftene i kapitla med dessertar, snacks, drikke, nøttesmør, syltetøy og oppskriftene utan helsekostprodukt er naturleg glutenfrie.
I kapitla med kaker og bakst er det ein del oppskrifter med gluten, men fleire av desse er heilt uproblematiske
å lage glutenfrie. Då anbefaler eg å byte speltmjøl eller kveitemjøl ut med ei lys, glutenfri mjølblanding. Sørg òg for at du bruker glutenfritt havremjøl. Har du god erfaring med andre glutenfrie mjøltypar, kan du så klart prøve deg fram med desse òg.
Unntaket er oppskriftene på gjærbakst, der vil det ikkje fungere optimalt å byte ut mjølet med glutenfrie variantar eller mjølblandingar.
Å gjere oppskriftene laktosefrie
Det er heilt uproblematisk å bruke laktosefrie produkt i oppskriftene. Kjøp inn mjølk, fløyte og yoghurt utan laktose, så kan du lage alle oppskriftene laktosefrie utan at det påverkar resultatet (anna enn at det kan bli litt søtare, så reduser eventuelt litt på mengda søting).
Å gjere oppskriftene mjølkefrie
Veldig mange av oppskriftene i boka inneheld mjølk, men no er det så mange gode mjølkefrie produkt på marknaden at det går heilt fint å byte ut mjølkepro dukt med alternativ. Både mjølk, fløyte, yoghurt,
kesam, smør, kremost og sjokolade finst i mjølkefrie og plantebaserte variantar, og her kan du ganske enkelt velje dei alternativa du sjølv liker. Dei plantebaserte variantane påverkar ikkje resultatet på nokon annan måte enn at det kan smake litt annleis.
Å gjere oppskriftene nøttefrie
Solsikkekjernar, graskarkjernar eller eventuelt spira bokkveite kan alltid erstatte nøtter i oppskrifter, men smaken blir naturlegvis ikkje heilt den same, spesielt i oppskrifter der nøtter utgjer ein veldig stor del av tørrvarene. Peanøttsmør og andre typar nøttesmør kan erstattast med Nøttesmør utan nøtter – kjernesmør, som du finn oppskrift på side 171.
Å gjere oppskriftene eggefrie
Eggerstatning er det eg har minst erfaring med og slit mest med å få til like bra som egg. Er du erfaren eggallergikar, så anbefaler eg deg å bruke det du pleier å bruke som erstatning for egg. Det vil variere litt frå oppskrift til oppskrift kva som fungerer best, men noko eg personleg har erfart at fungerer godt, er kikertlake. Då erstattar eg 1 egg med 0,75 dl kikertlake. 2 egg blir då 1,5 dl kikertlake, som omtrent motsvarer laken frå 1 boks.
Fint å vite når du skal bake sukkerfritt
Det er ikkje alltid berre å byte sukker med søting
Sjå for deg at du finn ei kakeoppskrift som ser veldig god ut. Så har du lyst til å lage kaka sukkerfri, og byter ut sukkeret med sukkererstatning. I nokre oppskrifter fungerer det heilt topp, i andre oppskrifter fungerer det ikkje i det heile tatt. Det må ofte fleire tilpassingar og justeringar til. Men prøv deg gjerne fram! Alternativt finn du oppskrifter som allereie er tilpassa og laga sukkerfrie, slik som dei eg har samla i denne boka.
Gjærdeig hevar annleis og ikkje like raskt
Baker du gjærdeig med Sukrin eller Finesse, vil ikkje deigen heve heilt på same måte som med sukker. Eg til set alltid litt honning i deigen (cirka 1 ss i ein stor deig) for å gi næring til gjæren. Det vil seie, gjæren «et opp» honningen for å heve betre. I tillegg treng gjærbaksten lengre hevetid.
Å vispe eggedosis tar litt lengre tid
Når du bruker Sukrin eller Finesse, må du gjerne vispe i 10–15 minutt for å få ein optimal og luftig eggedosis.
Du må ofte redusere litt på steiketida
Søt bakst med Sukrin-variantar treng ofte ikkje steike like lenge som søt bakst med sukker. Det er viktig å følge med og eventuelt sjekke baksten undervegs, så resultatet ikkje blir tørt.
Sukkererstatning bør ikkje utgjere meir enn 20 prosent av oppskrifta
For at resultatet skal bli best mogleg i både smak, kon sistens og saftigheit, bør ikkje sukkererstatninga utgjere meir enn 20 prosent av totalinnhaldet i oppskrifta. Det gjeld særleg når du bruker Sukrin-variantar.
Det er litt annleis med Finesse og Sukrinsirup, men heller ikkje desse bør utgjere for stor del av det totale innhaldet.
Kombiner gjerne to variantar av sukkererstatning I dei fleste av oppskriftene mine kombinerer eg Sukrin gold og Sukrin+ eller Finesse. Det er det eg synest gir best smak og best resultat, spesielt i bakverk, gjærbakst og nokre dessertar og snacksoppskrifter. Eg vil derfor absolutt anbefale dette viss du skal bake på eiga hand.
Elles er det beste tipset mitt å prøve seg fram, bli kjent med sukkererstatningar, finne oppskrifter som du har lyst til å prøve, og ikkje vere redd for å teste noko nytt. Å bake utan sukker er kjekt, kreativt og spennande, og i mange oppskrifter merkar du ikkje at det er brukt eit sukkerfritt alternativ.
I mine oppskrifter er alt tilpassa og beskrive – om du følger ingredienslista og framgangsmåten til punkt og prikke.
Kanelsnurrar med kremostglasur
14–16 stykk
Går det an å lage skikkeleg saftige, søte og gode kanelsnurrar utan sukker? Ja visst!
Dette er ei ny og forbetra oppskrift, med ein deig som er enkel både å lage og å jobbe med.
Ingrediensar
100 g smør
3 dl valfri mjølk
1 egg
500 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
75 g Fiberfin (eller 75 g ekstra mjøl)
50 g Sukrin+ eller Finesse
½ pakke tørrgjær
1 ss flytande honning (næring til gjæren)
1 ts kardemomme
Fyll romtemperert smør, Sukrin+ eller Finesse og kanel
Kremostglasur
200 g kremost naturell
4 ss Sukrinmelis eller 2 ss Finesse
Slik gjer du
1. Smelt smør og ha oppi mjølk. Varm til det er fingervarmt. Ha oppi egget.
2. Ha mjøl, Fiberfin, søting, tørrgjær, honning og kardemomme i ei eltemaskin. Hell oppi det våte.
3. Elt deigen til han er glatt og smidig, cirka 10 minutt. Juster undervegs med litt ekstra mjøl om nødvendig. Dekk til deigen og la han heve til dobbel størrelse, 1–2 timar.
4. Kjevle ut deigen til eit rektangel. Fordel eit tynt lag med smør, Sukrinmelis eller Finesse og kanel. Rull deigen saman og skjer opp i 14–16 bitar.
5. Dekk to steikebrett med bakepapir og legg bollane på bretta. Dekk til og la bollane heve i 1–1,5 time på ein lun plass.
6. Pensle gjerne bollane med vispa egg før steiking. Steik midt i omnen på 200 grader (over- og undervarme) i 10–15 minutt, til bollane er gylne. Avkjøl på rist.
Kremostglasur
Rør kremosten saman med søtinga og smak til. Smør glasuren over bollane før servering.
Tips
Bollane kan fint frysast utan glasur. Tin dei i romtemperatur og varm dei i omnen eller mikroen før servering, så smaker dei akkurat som nysteikte.
Sitronkake
8–12 kakestykke
Sukkerfri sitronkake er noko følgarane mine har ønskt seg oppskrift på i mange år, og då eg først laga og delte ei oppskrift i 2020, hamna ho raskt på toppen blant dei mest populære kakene mine. Til og med eg, som aldri har vore nokon fan av sitronkake, diggar denne!
Ingrediensar
100 g smør, romtemperert
75 g Sukrin+ eller Finesse
50 g Kesam original
2 egg
1,5 dl valfri mjølk
1 ts bakepulver
200 sikta speltmjøl eller kveitemjøl (byt ev. 100 g sikta mjøl med sammale mjøl for ein grovare variant)
1 stor eller 2 små økologiske sitronar, finraspa skal
⅓ ts vaniljepulver eller frø frå 1 vaniljestong (kan sløyfast)
Glasur
150 g kremost naturell
1–3 ss Sukrinmelis eller Sukrin+ eller Finesse litt sitronsaft
½ ts vaniljepulver (kan sløyfast)
Slik gjer du
1. Sett omnen på 175 grader (over- og undervarme). Pisk smør og Sukrin+ eller Finesse med miksmaster til det er lett og luftig.
2. Tilsett resten av ingrediensane utanom mjølet og rør godt. Visp mjølet lett inn til slutt.
3. Bruk ei form på 24 × 18 cm eller ei rund form på 20 cm i diameter. Kle forma med bakepapir og hell i røra.
4. Steik kaka midt i omnen i cirka 25–30 minutt, eller til ho er gjennomsteikt. Sjekk undervegs og avkjøl.
5. Rør saman ingrediensane til glasuren og smak til. Smør over kaka. Server med det same eller oppbevar i kjøleskap. Kaka står seg fint nokre dagar, men kan òg frysast.
Tips
For å unngå bitter smak er det viktig at det berre er det heilt ytste, gule skalet av sitronen du finraspar.
Heimelaga yoghurtispå 2 minutt
2–3 porsjonar
Har du lyst å lage ein superkjapp, sunn og heimelaga is, så har eg oppskrifter og masse inspirasjon til deg her. Denne isen er verkeleg midt i blinken når det er sommarvarmt i vêret og du plutseleg får lyst på is.
Du får 5 om dagen-poeng og kan kose deg med is dagleg om du vil – med verdas beste samvit.
Ingrediensar
400 g frosen frukt eller frosne bær – enten éin type eller ein kombinasjon
Bringebær er min favoritt, enten aleine eller i kombinasjon med jordbær. Elles kan du bruke skogsbærblanding, mango, papaya, ananas, kiwi og blåbær.
250 g valfri yoghurt eller kesam Bruk den typen du sjølv føretrekker.
1–3 ss valfri søting
Eg bruker Sukrinmelis eller Finesse fordi desse løyser seg opp i isen.
Her må du smake til, så du får isen så søt som du vil ha han.
Slik gjer du
1. Ha ingrediensane i ein bolle og køyr alt glatt med stavmiksar. Du kan òg bruke ein foodprosessor eller kraftig blender. Smak til med søting.
2. Ha isen over i porsjonsskåler og topp med det du ønsker. Min favoritt-topping er frisk frukt eller friske bær, crunch frå rista nøtter eller skiva, brente mandlar (oppskrift på side 115).
Tips
Lag gjerne opp ein stor porsjon og frys ned. Tin isen litt i romtemperatur og bruk ei is-skei til å grave ut iskuler.
Luftig sjokolademousse
Dette er faktisk ei av dei aller første sukkerfrie oppskriftene eg eksperimenterte med og laga – tilbake i 2010. Sidan har sjokolademoussen følgt meg, med litt forbetringar etter kvart, og oppskrifta er ein favoritt hos både meg og følgarane mine.
Ingrediensar
200 g gresk yoghurt, naturell yoghurt, kesam eller vaniljekesam
30 g kakao
45 g Sukrin+ eller Finesse
2 gelatinplater
3–4 ss kokande vatn
2 eggekvitar ei god klype salt
Tips
Tilsett gjerne grovhakka sjokoladebitar i sjokolademoussen for ein ekstra luksuriøs variant.
Slik gjer du
1. Bland saman yoghurt eller kesam, kakao og søting i ein bolle.
2. Bløyt gelatinplatene i kaldt vatn i 5 minutt. I mellomtida stivpiskar du eggekvitane til eit luftig, kvitt skum med miksmaster. Du skal kunne snu bollen opp ned utan at eggekvitane sklir ut.
3. Klem ut vatnet av gelatinplatene. Smelt dei i 3–4 ss kokande vatn og rør til gelatinen er oppløyst. Rør inn i yoghurtblandinga.
4. Til slutt vender du inn dei stivpiska eggekvitane med ein slikkepott. Hell sjokolademoussen i ei skål eller 4 porsjonsformer og sett i kjøleskapet. Han er klar til å etast etter cirka 4 timar, men kan fint stå nokre dagar. Server gjerne med friske bær og heimelaga vaniljesaus, sjå oppskrift på side 94.
Til og med eg som ikkje er så veldig glad i lakris, ELSKAR desse lakriskulene! Det er rett og slett daddelkuler med lakrissmak, og hemmelegheita er eit skikkeleg godt lakrispulver. Eg anbefaler verkeleg rålakrispulveret til Helios, det er fantastisk godt på smak. Du får kjøpt det på helsekostbutikkar eller på nettsidene til Helios.
Ingrediensar
200 g saftige dadlar (vekt utan stein)
100 g rista valnøtter (eller andre nøtter om du vil)
2 ss rålakrispulver ei klype salt
Lakriskuler Tips
Lyst på ekstra luksuriøse lakriskuler? Dypp dei i smelta sjokolade og avslutt med eit dryss lakrispulver eller maldonsalt på toppen.
Slik gjer du
1. Begynn med å riste nøttene. Les tips om korleis du gjer det, på side 161.
2. Ha dadlar, nøtter, 1 ss rålakrispulver og salt i ein kraftig blender eller foodprosessor. Køyr til ein jamn og seig masse. Sett han gjerne litt i frysaren, så blir han enklare å jobbe med.
3. Rull ut massen, skjer opp i passelege bitar og trill til kuler mellom hendene.
4. Ha 1 ss rålakrispulver på kjøkkenbenken og rull kulene i pulveret.
5. La stå i frysaren i minst 60 minutt eller i kjøleskapet nokre timar. Eg synest desse smaker best rett frå frysaren og oppbevarer dei derfor der, men dei kan òg oppbevarast i kjøleskap. Dei står seg i månadsvis.
snacks og konfekt
sunnare søtsaker med frukt som søting
Mine beste snickersruter
Cirka 45 bitar
Eg har delt mange ulike snickersoppskrifter gjennom åra, men dette er den desidert mest populære.
Så er òg desse snickersrutene fantastisk gode og utruleg enkle å lage.
Ingrediensar
150 g salte peanøtter
300 g saftige dadlar (vekt utan stein)
50 g havregryn
3 ss kakao
Peanøttsmør-lag
150 g peanøttsmør
75 g salte peanøtter
Sjokoladetopping
50 g valfri mørk sjokolade
1 ts kokosolje (kan sløyfast)
Tips
Slik gjer du
1. Ha ingrediensane i ein foodprosessor. Køyr til ein jamn, smuldrete og klistrete masse du kan forme mellom hendene.
2. Trykk massen ned i ei eldfast form på cirka 25 × 18 cm kledd med bakepapir. Eg bruker først hendene, deretter baksida av ei våt matskei.
3. Fordel peanøttsmør over botnen, dryss over peanøtter og trykk dei ned i peanøttsmøret. Sett gjerne forma i frysaren i minst 30 minutt for at ho skal sette seg litt.
4. Smelt sjokoladen, eventuelt med kokosolje om du har. Fordel han over laget med peanøttsmør pluss peanøtter, gjerne med ein pensel.
5. Sett kjølig, del opp i bitar når sjokoladen er stivna, og oppbevar i kjøleskap eller frysar. Snickersrutene står seg i månadsvis.
Er botnen din for tørr? Då har du enten ikkje brukt saftige nok dadlar eller ikkje køyrt massen godt nok. Køyr massen lenger i foodprosessoren eller tilsett litt væske eller smelta smør for å få han klistrete. Les eventuelt om dadlar på side 183.
I DENNE BOKA får du over 80 oppskrifter på alt du kan tenke deg i den søte sjangeren. Dei seks første kapitla inneheld freistande bakst, kaker, dessertar, snacks og konfekt, nøttesmør og syltetøy, varme og kalde drikker. Oppskriftene i desse kapitla er heilt utan tilsett sukker; alt er laga med sukkererstatning.
Til slutt får du eit større kapittel med sunnare søtsaker der fersk eller tørka frukt er brukt som søting. Her er det altså inga sukkererstatning, og du finn alle ingrediensane i nærmaste matbutikk.
Enten du ønsker å lage sukkerfrie eller sunnare alternativ til det søte, lever på lågkarbo, har diabetes sjølv eller i nær relasjon eller av andre årsaker vil eller må kutte ned på sukkeret, men framleis vil lage søte godsaker – så er dette boka for deg. Kos deg på kjøkkenet!
Linda Stuhaug har bachelor i samfunnsernæring frå OsloMet. I ti år har ho delt sjenerøst av si store matglede til folket med vekt på sunne og enkle oppskrifter. Ho står bak nettsida lindastuhaug.no og har gitt ut to bestseljande kokebøker tidlegare. Du kan finne Linda på Instagram: (@lindastuhaug) og Facebook (lindastuhaug.no).