2 minute read
Velkomen heim
from Sats på Skjåk
by hausbyra
Tett på sentrum. Midt i naturen. Og med den beste utsikten i bygda. Velkomen inn i det som kan bli den nye heimen din!
I Skjåk byr vi på både hjarterom og husrom. Difor har vi teke både byggjekostnader og verditap for deg, og bygd flunkande nye og moderne tomannsboliger som står klare for deg som ynskjer å prøvebu det gode kvardagslivet i Skjåk.
Boligane kan du leige rimeleg i inntil tre år. Etter leigeperioda kan du sjølv bestemme om du vil kjøpe den same boligen til ein svært rimeleg pris, eller finne deg ein annan luggum plass å bu i bygda.
Boligane er bygd i 2023/2024, og har det meste som du treng for å koma godt i gang med det nye livet i Skjåk: godt med plass over to etasjer, kvitevarer, gangavstand til butikkar, nybygd skule, barnehage, kaféar, treningssenter og andre fritidstilbod. Og ikkje minst: utruleg fin utsikt mot inngangsporten til Breheimen.
For å ha moglegheit til å prøvebu i Skjåk må du anten ha tilbod om jobbvikariat på minst 1 år, ha tilbod om fast stilling, eller vera sjølvstendig næringsdrivande.
Og viktigast av alt: du må ha eit ynskje om å bu og arbeide i Skjåk.
Nær sentrum. Nær naturen.
Målet med ordninga er å bidra til å sikre alle dei fine bedriftene i Skjåk tilgang til nok arbeidskraft, noko som i sin tur gjer livet på den nye heimplassen din betre for oss alle.
Velkomen heim!
57 m²
Hovedplan
Bustaden ligg på ei høgde med fin utsikt over bygda og gangavstand til Bismo. Bustadene er ferdigstilt i 2023/2024.
Nytt og moderne interiør. Det totale arealet på etasjane er 57 m 2 og 56,9 m 2 .
Kjøkken og stue er i same rom. Kjøkkenet er utstyrt med kvitevarer. Det er eit stort bad, og soverom med skap og fin utsikt. Romslig innebod, samt bod ved inngangspartiet.
Parkeringsplass til fleire bilar utanfor.
56,9 m²
Underetasje
I underetasjen er det eitt bad og vaskerom, skyvedør skil desse to romma. To store soverom med klesskap og fin utsikt. Det eine soverommet har utgang til platting. To mindre rom. Klesskap på alle soverom.