1 minute read

Høgdepunkt i Skjåk

Dette er berre litt av mangt du kan oppleve i Skjåk. Meir informasjon finn du på skjak.no

Hytter Ete Trene

Utruleg fin utsikt til to nasjonalparkar. Lett eller sveitt tilgjengeleg - alt etter kva du sjølv ynskjer og maktar. I Skjåk kan du dra på hyttetur og få store opplevingar med små steg eller sjumilssteg som innsats. Gratis dagsturhytte, eller rimeleg fjellhytte. Valet er ditt. Fleire av hyttene er lett tilgjengeleg for alle - uansett form og funksjonsnivå, og uansett om du vil køyre mesteparten av vegen eller gå ein av mange merka stigar for å få både høgdemeter og høgda opplevingar

Matproduksjon har lange tradisjonar i Skjåk. Bygda er kjend for blant anna Skjåkgris, som gjennom årtier har gjeve lokalmatprodusentar og spisestader tilgang til det beste svinekjøttet i landet. Vi har Skjåkbygg, den originale Gudbrandsdalsosten, landets beste kjøttkaker, Gudbrandsdalsegg og andre fantastiske råvarer som blant anna økologiske grønnsaker og næringsrikt mikrogrønt. Skjåk har også fleire gode matstader som gjev deg dei gode Skjåk-smakane.

Enten du trivst best å trene i ditt eige selskap, eller i lag med andre: treningsmoglegheitene er store i Skjåk. Lyst på ureiste treningsopplevingar?

Knytt på deg skoa heime på trappa, og få puls på stig eller bane. Bygda byr på godt utstyrt treningssenter, svømmehall, milevis med skiløyper, supre stier og fjellvegar for stisyklist og terrengsykkelentusiast, friidrettsbane, svømmehall og idrettshall. Berre for å nemne nokre av moglegheitene. Og det beste av alt: mange av treningsfasilitetane treng du ikkje køyre ein einaste meter for å nå.

This article is from: