Sats på Skjåk

Page 17

Høgdepunkt i Skjåk

Foto: Kristen Dagsgard

Foto: Vegard Breie

Foto: Kristen Dagsgard

Dette er berre litt av mangt du kan oppleve i Skjåk. Meir informasjon finn du på skjak.no

Aktivitetar

Årstider

Jakt og fiske

Spenning eller zen. Uteleik eller strengeleik. Fele eller fuzzpedal. Livet i Skjåk byr på eit mangfald av aktivitetar for skjåkvêrar i alle aldre. Skatepark, dans, teater, kino, musikk- og kulturskule, langope bibliotek, jakt, fjellsport, padling, juving, hesteridning, pistolskytebane, kor, friviljugsentral, sjakk, bridge, Tuftepark og andre aktivitetsparkar både i og uttafor sentrum, topptur og randonee, stisykling, motorsport, bortoverski og nedoverski. Valet er ditt, og tilboda er mange. Mangt er gratis. Og alt elles er rimeleg.

Snørike vintrar. Tørre somrar. Skjåk er den perfekte plassen å busetje seg for deg som set pris på ordentlege årstider. Den gjennomsnittlege nedbørsmengda er på nivå med det som kjem i Sahara i løpet av eit år. Men dei livgjevande elvene som renn gjennom dalføret bidreg til å kle bygda i frodig grønt i sommarmånadene. Lite nedbør gjer sitt til at det sjeldan er store snømengder i sentrum. Men så fort du kjem nokre få høgdemeter opp, er det som oftast godt med snø heile vinteren.

Den fiskeinteresserte treng ikkje å kjempe om dei beste plassane når fiskelykka skal prøvast i Skjåk. 250 km med fiskeførande elver og 230 fiskevatn gjev både plass og fisk nok til alle som har lyst på fersk fjell- eller bekkeaure til kvelds. Fleire fiskeplassar både i og uttafor sentrum er lett tilgjengeleg også for den som ikkje er så god til beins. Og for den som har lyst til å kombinere fiske- og topptur, er moglegheitene nærast uendelege.

17


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.