Sats på 1
Skjåk
Å flytte til Skjåk er eit val av livsstil. Eit val om å bu på ein stad der du har meir tid til å leve. Eit val om å bu på ein plass som gjev deg og dine trygge og gode opplevingar gjennom heile livet. Du kan gå på ski til arbeid. Sjå ein villreinflokk frå kontorglaset. Nyte synet av ein stor stjernehimmel på veg til treningssenteret. I Skjåk får du magiske augeblikk kvar dag - heile året! Bur du i Skjåk har du moglegheit til å utgjere ein forskjell for mange menneske, enten det er på arbeid eller i fritida. Her er kvar person viktig, og alle kan bidra for å skape trivsel og gode opplevingar for seg sjølv og andre.
Utgjevar: Skjåk kommune, 2023 Tekst og design: Haus Byrå Forsidefoto: Cathrine Dokken Foto: Vegard Breie, Augeblikk Studio, Jarle Hvidsten, Cathrine Dokken, Bjørnar Hansen, Adobe Stock
2
For deg, for oss, for alle.
3
Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke. Du veit ikkje kva ho inneheld, og kvar gong er det like spennande å opne ho.
Foto: Vegard Breie
Jan-Magnus Bruheim
4
PRØVEBU I SKJÅK Dette gjer vi fordi vi veit at det å flytte er eit stort steg å ta i livet. Det er ikkje berre lett å hoppe i det og bygge seg eit hus utan at ein kjenner staden og menneska. I Skjåk ynskjer vi å gjere terskelen lågare. Og det gjer vi blant anna med «Prøvebu i Skjåk». Eit tilbod som gjev deg moglegheit til å realisere draumen trygt, enkelt og rimeleg ved å prøve korleis det er å bu og leve i bygda vår.
Drøymer du om eit liv på bygda med meir tid og meir plass, og ein kvardag der du kan gjera ting som du vanlegvis berre gjer i ferien? I Skjåk kan du prøvebu bygdelivet trygt og rimeleg i splitter ny bolig før du bestemmer deg for om du skal bli verande eller ikkje. Og når du endeleg bestemmer deg for å bli skjåkvêr på heiltid, får du moglegheit til å kjøpe den same boligen til ein svært låg pris - eller få hjelp til å finne ei luggum tomt eller ein annan bolig som kan bli den heimen din.
Velkomen til Skjåk! Vi gler oss til å bli kjende med deg.
5
Velkomen heim
Foto: Skjåk Kommune
Tett på sentrum. Midt i naturen. Og med den beste utsikten i bygda. Velkomen inn i det som kan bli den nye heimen din!
I Skjåk byr vi på både hjarterom og husrom. Difor har vi teke både byggjekostnader og verditap for deg, og bygd flunkande nye og moderne tomannsboliger som står klare for deg som ynskjer å prøvebu det gode kvardagslivet i Skjåk. Boligane kan du leige rimeleg i inntil tre år. Etter leigeperioda kan du sjølv bestemme om du vil kjøpe den same boligen til ein gunstig pris, eller finne deg ein annan luggum plass å bu i bygda. Boligane er bygd i 2023/2024, og har det meste som du treng for å koma godt i gang med det nye livet i Skjåk: godt med plass over to etasjer, kvitevarer, gangavstand til butikkar, nybygd skule, barnehage, kaféar, treningssenter og andre fritidstilbod. Og ikkje minst: utruleg fin utsikt mot inngangsporten til Breheimen.
For å ha moglegheit til å prøvebu i Skjåk må du anten ha tilbod om jobbvikariat på minst 1 år, ha tilbod om fast stilling, eller vera sjølvstendig næringsdrivande. Og viktigast av alt: du må ha eit ynskje om å bu og arbeide i Skjåk. Målet med ordninga er å bidra til å sikre alle dei fine bedriftene i Skjåk tilgang til nok arbeidskraft, noko som i sin tur gjer livet på den nye heimplassen din betre for oss alle. Velkomen heim!
7
Nær sentrum. Nær naturen.
Hovedplan Lyst til å vite meir om boligane? Kontakt oss på email: satspaskjak@skjaak.kommune.no
57 m²
Hovedplan
Bustaden ligg på ei høgde med fin utsikt over bygda og gangavstand til Bismo. Bustadene er ferdigstilt i 2023/2024. Nytt og moderne interiør. Det totale arealet på etasjane er 57 m2 og 56,9 m2. Kjøkken og stue er i same rom. Kjøkkenet er utstyrt med kvitevarer. Det er eit stort bad, og soverom med skap og fin utsikt. Romslig innebod, samt bod ved inngangspartiet. Parkeringsplass til fleire bilar utanfor.
8
Underetasje Lyst til å vite meir om boligane? Kontakt oss på email: satspaskjak@skjaak.kommune.no
56,9 m²
Underetasje
I underetasjen er det eitt bad og vaskerom, skyvedør skil desse to romma. To store soverom med klesskap og fin utsikt. Det eine soverommet har utgang til platting. To mindre rom. Klesskap på alle soverom.
9
10 Foto: Vegard Breie
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Bjørnar Hansen
Foto: Augeblikk Studio
Det handlar ikkje berre om å bu, – det handlar om å leve.
11
Flytte til Skjåk?
Foto: Vegard Breie
Er du på leit etter eit godt liv i trygge omgjevnader? Ein stad der tida kan brukast til det som verkeleg betyr noko for deg og dine? Skjåk gjev deg livskvalitet i kvardagen.
12
1. God plass og god tid
6. Gratis kontorplass
9. Du trengs
Tid og rom til å leve og oppleve. I Skjåk får du mykje plass for pengane, både inne og ute.
Vi tilbyr gratis kontorplass for næringsdrivande som ynskjer tilgang til eit fint næringsfelleskap.
2. Interessante jobbar
7. Aktiv fritid
Dugnadsanden lever. I Skjåk har vi for vane å hjelpe kvarandre når det trengs. Det du og dine vil bidra med, stort eller lite, betyr mykje for lokalsamfunnet. Hjå oss er det lett å vera med og gjere ein forskjel – om du vil.
Frå kokk til kreatør. Rådgjevar til robottekniker. Skjåk er ei gründerbygd med rikt og variert næringsliv med behov for mange ulike kompetanseområde. Her finn du alt frå gardsgründerar og landskjende lokalmatprodusentar til eit mangfald av reiselivsbedrifter, design- og rådgjevingsfirma.
I Skjåk er det aktive miljø innan idrett, friluftsliv, musikk og frivuljuge organisasjonar. Frå bridge til juving, frå kor til gokart. Skjåk har eit rikt idretts- og kulturliv. Her finn du noko for ein kvar smak.
10. Ein del av Nasjonalparkriket
3. God gründerhjelp
Snøsikre vintre. Tørre somre. I Skjåk kan du nyte det beste frå kvar av dei fire årstidene. Paraply og regnklede er framandord for oss som bur her. Skjåk ligg i regnskuggen av dei høge fjella som omkransar oss. Dette gjev eit tørt og stabilt klima med 270 mm i året, omtrent som i Sahara.
Eit solidt og romsleg næringsfond gjev rom for utvikling og god starthjelp for deg som har ein god idé du vil utvikle. Vi hjelp deg også å koma i kontakt med miljø som kan hjelpe deg på gründerreisa.
8. Årstider
4. Barnehagegaranti I Skjåk slepp du vera usikker på når eller om du får plass til barna dine i ein barnehage. Vi garanterer barnehageplass til alle som treng det.
5. Gratis fritidskort
Fleire grunnar til å bu og leve i Skjåk finn du på skjak.no
Vi ynskjer å gjera det mogleg for enda fleire unge å nytte seg av dei mange aktivitetane i bygda. Difor kan barn og unge få gratis fritidskort som gjer dørstokken lågare for å ta del i aktivitetane.
Sov under open himmel. Drikk kaldt vatn frå ein bekk. Plukk bær. Nyt frisk luft. Heile 80 % av Skjåk er verna natur. Bli rik på utsikt eller rik på fridom. I nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen står du fritt til å velje.
11. Unike jakt- og fiskemoglegheitar Prøv smaken av eigenfiska aure steikt på bål. Kjenn på spenninga på elgpost eller i reinsfjellet. Som innbyggar i Skjåk får du rett til villreinjakt, og med eitt fiskekort kan du fiske i 200 vatn og 250 km elv i Skjåk Almenning.
12. Ski heile året Gå på ski i shorts. Skisesongen i Skjåk har ingen start eller slutt. Stort løypenett av oppkøyrde løyper, skiheis, fjellskiturar, frikøyring og sommarskisenter som næraste nabo.
13
14 Foto: Augeblikk Studio
Høgdepunkt i Skjåk
Foto: Jarle Hvidsten
Foto: Kjell Stålevik
Foto: Jarle Hvidsten
Dette er berre litt av mangt du kan oppleve i Skjåk. Meir informasjon finn du på skjak.no
Hytter
Mat
Trene
Utruleg fin utsikt til to nasjonalparkar. Lett eller sveitt tilgjengeleg - alt etter kva du sjølv ynskjer og maktar. I Skjåk kan du dra på hyttetur og få store opplevingar med små steg eller sjumilssteg som innsats. Gratis dagsturhytte, eller rimeleg fjellhytte. Valet er ditt. Fleire av hyttene er lett tilgjengeleg for alle - uansett form og funksjonsnivå, og uansett om du vil køyre mesteparten av vegen eller gå ein av mange merka stigar for å få både høgdemeter og høgda opplevingar
Matproduksjon har lange tradisjonar i Skjåk. Bygda er kjend for blant anna Skjåkgris, som gjennom årtier har gjeve lokalmatprodusentar og spisestader tilgang til det beste svinekjøttet i landet. Vi har Skjåkbygg, den originale Gudbrandsdalsosten, landets beste kjøttkaker, Gudbrandsdalsegg og andre fantastiske råvarer som blant anna økologiske grønnsaker og næringsrikt mikrogrønt. Skjåk har også fleire gode matstader som gjev deg dei gode Skjåk-smakane.
Enten du trivst best å trene i ditt eige selskap, eller i lag med andre: treningsmoglegheitene er store i Skjåk. Lyst på ureiste treningsopplevingar? Knytt på deg skoa heime på trappa, og få puls på stig eller bane. Bygda byr på godt utstyrt treningssenter, svømmehall, milevis med skiløyper, supre stier og fjellvegar for stisyklist og terrengsykkelentusiast, friidrettsbane, svømmehall og idrettshall. Berre for å nemne nokre av moglegheitene. Og det beste av alt: mange av treningsfasilitetane treng du ikkje køyre ein einaste meter for å nå.
15
Høgdepunkt i Skjåk
Foto: Fjuken
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Kristen Dagsgard
Dette er berre litt av mangt du kan oppleve i Skjåk. Meir informasjon finn du på skjak.no
Idrettslag
Handel
Nasjonalparkar
Skjåk Idrettslag gjev deg moglegheit til å delta på både handball, fotball, ski, svømming, kampsport, padling, friidrett, turn og allidrett saman med andre. Gjennom tilbodet «Fjellgeita» kan du også delta på eit lågterskeltilbod for turinteresserte. Naturen gjev tilgang til eit enormt tur- og løypenett, og er ein av dei viktigaste aktivitetsareanene til idrettslaget. Men vi har også ein svømmehall, friidrettsanlegg med ei av landets raskaste løpebaner, og idrettshall.
Skjåk har ikkje det største kjøpesenteret. Såpass må vi vera ærlege på. Men vi har truleg dei trivelegaste landhandlane. Vi har fleire daglegvarebutikkar, deriblant ein døgnopen butikk. Vi har elektrobutikk, blomsterbutikk, butikkar som sel klær, sportsbutikk, optiker, byggjevarehandel, garn-, tekstil- og interiørbutikk, frisør, bilrekvisitabutikk og meire til.
Skjåk er Norges største nasjonalparkkommune. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev deg tilgang til store opplevingar året rundt, og best av alt: her treng du ikkje gå i kø for å nyte dei store naturopplevingane. I Skjåk er det også stutt veg til Jostedalsbreen og Jotunheimen nasjonalparkar.
16
Høgdepunkt i Skjåk
Foto: Kristen Dagsgard
Foto: Vegard Breie
Foto: Kristen Dagsgard
Dette er berre litt av mangt du kan oppleve i Skjåk. Meir informasjon finn du på skjak.no
Aktivitetar
Årstider
Jakt og fiske
Spenning eller zen. Uteleik eller strengeleik. Fele eller fuzzpedal. Livet i Skjåk byr på eit mangfald av aktivitetar for skjåkvêrar i alle aldre. Skatepark, dans, teater, kino, musikk- og kulturskule, langope bibliotek, jakt, fjellsport, padling, juving, hesteridning, pistolskytebane, kor, friviljugsentral, sjakk, bridge, Tuftepark og andre aktivitetsparkar både i og uttafor sentrum, topptur og randonee, stisykling, motorsport, bortoverski og nedoverski. Valet er ditt, og tilboda er mange. Mangt er gratis. Og alt elles er rimeleg.
Snørike vintrar. Tørre somrar. Skjåk er den perfekte plassen å busetje seg for deg som set pris på ordentlege årstider. Den gjennomsnittlege nedbørsmengda er på nivå med det som kjem i Sahara i løpet av eit år. Men dei livgjevande elvene som renn gjennom dalføret bidreg til å kle bygda i frodig grønt i sommarmånadene. Lite nedbør gjer sitt til at det sjeldan er store snømengder i sentrum. Men så fort du kjem nokre få høgdemeter opp, er det som oftast godt med snø heile vinteren.
Den fiskeinteresserte treng ikkje å kjempe om dei beste plassane når fiskelykka skal prøvast i Skjåk. 250 km med fiskeførande elver og 230 fiskevatn gjev både plass og fisk nok til alle som har lyst på fersk fjell- eller bekkeaure til kvelds. Fleire fiskeplassar både i og uttafor sentrum er lett tilgjengeleg også for den som ikkje er så god til beins. Og for den som har lyst til å kombinere fiske- og topptur, er moglegheitene nærast uendelege.
17
18 Foto: Bjørnar Hansen/Fishspot
Vi hjelp deg viare på vegen Vi håpar du nå har fått ein liten forsmak som også gjev meirsmak på livet i Skjåk. Men ei lita brosjyre kan ikkje gje svaret på alt. Kanskje du ynskjer å høyre meir om jobbmoglegheiter? Treng du hjelp til å kome i dialog med ei bedrift som kan ha nytte av kompetansen din? Vi hjelp deg viare på vegen.
Kontakt oss på epost: satspaskjak@skjaak.kommune.no
19
Vil du prøvebu i Skjåk? Har du lyst til å prøvebu det gode og trygge livet i Skjåk, eller kanskje du allereie nå veit at du vil busetje deg i bygda? Vi hjelp deg gjerne på vegen viare.
Kontakt oss på epost: satspaskjak@skjaak.kommune.no
20
Foto: Augeblikk Studio
Skjåk Åpent, luftig, moderne.
21
Men, samtidig intimt.
Kontakt oss: satspaskjak@skjaak.kommune.no 22