1 minute read

Høgdepunkt i Skjåk

Dette er berre litt av mangt du kan oppleve i Skjåk. Meir informasjon finn du på skjak.no

Idrettslag Handel

Skjåk Idrettslag gjev deg moglegheit til å delta på både handball, fotball, ski, svømming, kampsport, padling, friidrett, turn og allidrett saman med andre. Gjennom tilbodet «Fjellgeita» kan du også delta på eit lågterskeltilbod for turinteresserte. Naturen gjev tilgang til eit enormt tur- og løypenett, og er ein av dei viktigaste aktivitetsareanene til idrettslaget. Men vi har også ein svømmehall, friidrettsanlegg med ei av landets raskaste løpebaner, og idrettshall.

Skjåk har ikkje det største kjøpesenteret. Såpass må vi vera ærlege på. Men vi har truleg dei trivelegaste landhandlane. Vi har fleire daglegvarebutikkar, deriblant ein døgnopen butikk. Vi har elektrobutikk, blomsterbutikk, butikkar som sel klær, sportsbutikk, optiker, byggjevarehandel, garn-, tekstil- og interiørbutikk, frisør, bilrekvisitabutikk og meire til.

Nasjonalparkar

Skjåk er Norges største nasjonalparkkommune. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev deg tilgang til store opplevingar året rundt, og best av alt: her treng du ikkje gå i kø for å nyte dei store naturopplevingane. I Skjåk er det også stutt veg til Jostedalsbreen og Jotunheimen nasjonalparkar.

This article is from: