2 minute read

Det handlar ikkje berre om å bu, – det handlar om å leve.

Next Article
Velkomen heim

Velkomen heim

Flytte til Skjåk?

Er du på leit etter eit godt liv i trygge omgjevnader? Ein stad der tida kan brukast til det som verkeleg betyr noko for deg og dine? Skjåk gjev deg livskvalitet i kvardagen.

1. God plass og god tid

Tid og rom til å leve og oppleve. I Skjåk får du mykje plass for pengane, både inne og ute.

2. Interessante jobbar

Frå kokk til kreatør. Rådgjevar til robottekniker. Skjåk er ei gründerbygd med rikt og variert næringsliv med behov for mange ulike kompetanseområde. Her finn du alt frå gardsgründerar og landskjende lokalmatprodusentar til eit mangfald av reiselivsbedrifter, design- og rådgjevingsfirma.

3. God gründerhjelp

Eit solidt og romsleg næringsfond gjev rom for utvikling og god starthjelp for deg som har ein god idé du vil utvikle. Vi hjelp deg også å koma i kontakt med miljø som kan hjelpe deg på gründerreisa.

4. Barnehagegaranti

I Skjåk slepp du vera usikker på når eller om du får plass til barna dine i ein barnehage. Vi garanterer barnehageplass til alle som treng det.

5. Gratis fritidskort

Vi ynskjer å gjera det mogleg for enda fleire unge å nytte seg av dei mange aktivitetane i bygda. Difor kan barn og unge få gratis fritidskort som gjer dørstokken lågare for å ta del i aktivitetane.

6. Gratis kontorplass

Vi tilbyr gratis kontorplass for næringsdrivande som ynskjer tilgang til eit fint næringsfelleskap.

7. Aktiv fritid

I Skjåk er det aktive miljø innan idrett, friluftsliv, musikk og frivuljuge organisasjonar. Frå bridge til juving, frå kor til gokart. Skjåk har eit rikt idretts- og kulturliv. Her finn du noko for ein kvar smak.

8. Årstider

Snøsikre vintre. Tørre somre. I Skjåk kan du nyte det beste frå kvar av dei fire årstidene. Paraply og regnklede er framandord for oss som bur her. Skjåk ligg i regnskuggen av dei høge fjella som omkransar oss. Dette gjev eit tørt og stabilt klima med 270 mm i året, omtrent som i Sahara.

9. Du trengs

Dugnadsanden lever. I Skjåk har vi for vane å hjelpe kvarandre når det trengs. Det du og dine vil bidra med, stort eller lite, betyr mykje for lokalsamfunnet. Hjå oss er det lett å vera med og gjere ein forskjel – om du vil.

10. Ein del av Nasjonalparkriket

Sov under open himmel. Drikk kaldt vatn frå ein bekk. Plukk bær. Nyt frisk luft. Heile 80 % av Skjåk er verna natur. Bli rik på utsikt eller rik på fridom. I nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen står du fritt til å velje.

11. Unike jakt- og fiskemoglegheitar

Prøv smaken av eigenfiska aure steikt på bål. Kjenn på spenninga på elgpost eller i reinsfjellet. Som innbyggar i Skjåk får du rett til villreinjakt, og med eitt fiskekort kan du fiske i 200 vatn og 250 km elv i Skjåk Almenning.

12. Ski heile året

Fleire grunnar til å bu og leve i Skjåk finn du på skjak.no

Gå på ski i shorts. Skisesongen i Skjåk har ingen start eller slutt. Stort løypenett av oppkøyrde løyper, skiheis, fjellskiturar, frikøyring og sommarskisenter som næraste nabo.

This article is from: