Senter for helseforsking - forskningsmagasin 2012

Page 1

UNIKT FORSKINGSMILJØ På lettbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde sit eit av Noregs fremste fagmiljø på fedme og overvekt. På kvar sine kontor sit fagpersonar frå Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tekst: Eva Marie Felde Dei forskar på overvektsoperasjonane som blir gjort ved Førde sentralsjukehus og livsstilsbehandlinga ved Hauglandssenteret. Dei granskar om behandlingane fungerer, kva konsekvensane av operasjonane og livsstilsbehandlinga er, korleis kroppen blir påverka og korleis pasientane har det i det lange løp. Forskargruppa har ei spennande samansetning, med bakgrunn frå fysioterapi, kirurgi, indremedisin, pediatri, sjukepleie, idrettspedagogikk, samfunnsvitskap, kjemi og ernæring. – Eg vil påstå at det er eit unikt tverrfagleg miljø. Breidda i kompetansen gjer at vi kan ta opp store spørsmål og sjå på desse spørsmåla frå mange ulike vinklar. Slik trur eg forskinga blir betre, og det er ein styrke for pasienten, seier

leiar ved Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane, Marit Solheim.

Senter for helseforsking Senteret er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet er å styrkje utvikling og forsking innan helsetenestene i fylket, og sørgje for at det blir arbeidd opp mot både nasjonalt og lokalt prioriterte område. – Vi ynskjer å auke samarbeidet mellom desse institusjonane, få opp aktiviteten og heve kvaliteten på arbeidet. Då vert det også meir interessant for andre å samarbeide med oss! Vi ynskjer også å bidra til eit felles fagmiljø innan helseforsking i fylket, og gjere arbeidsplassane i desse institusjonane meir attraktive, seier Solheim. Forsking på fedme og overvekt er ei strategisk satsing. I tillegg forskar mange på andre langvarige lidingar, der vi ser på pasientar og pårørande sin livssituasjon, og helsetenesta dei får. Førebygging, både for folk flest og hos sjuke, er eit felles trekk ved fleire av forskingsemna. – Mykje forsking handlar om den akutte fasen. Vi ser på andre delar av pasientforløpet og helsetenestene i desse fasane, seier Solheim.

Med samhandlingsreforma på plass vert kommunehelsetenesta ein endå viktigare del av helsetenesta. – Ei av årsakene til denne reforma er at det vert brukt for mykje ressursar på spesialisthelsetenesta i høve til kommunehelsetenesta, og det vert satsa for lite på førebygging og tiltak, og utvikling av tenester som bidreg til meistring av livet med sjukdom og funksjonssvikt. Dette gjeld både for yngre og eldre. Her er det eit særs stort behov for forsking og innovasjon, seier Solheim.

senter for

HELSEFORSKING tema: forsking på sjukleg overvekt

Samhandlingsreforma vektlegg derfor behovet for å utvide og styrkje forskings- og utviklingsarbeidet i den kommunale helse- og omsorgssektoren, og det vert stilt krav til at kommunane skal medverke til forsking. Marit Solheim trur at det vil bli ein stor auke i samarbeidsprosjekt med kommunane. – Min visjon er at sjukepleiarar, legar og fysioterapeutar i kommunen også utviklar forskingskompetanse, at vi forskar saman. Skal vi få svar på om forskinga vår verkeleg nyttar og kjem pasientane til gode, må forskinga skje så nært pasienten som mogleg, avsluttar Solheim.

Treng kommunane med på laget

LES MEIR:

Førde sentralsjukeshus

www.hisf.no www.helse-forde.no www.helseforsking.no www.fordeutviklingssenter.no www.issuu.com/helseforskning

KONTAKT: Marit Solheim, leiar marit.solheim@helse-forde.no marit.solheim@hisf.no 57 72 25 31 / 400 46 114 Geir Kåre Resaland, forskingskoordinator geir.kare.resaland@hisf.no 57 67 60 97 / 416 21 333

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Senter for helseforsking

Runar Tengel Hovland, seniorrådgjevar runar.tengel.hovland@helse-forde.no 57 72 25 66 / 402 28 142

Kunnskapen er lett å bere Han som starta det heile Kunsten å drive psykoterapi Førebygging endra skulekvardagen

Foto: Finn Ove Njøsen Presentasjon av utvalde forskingsprosjekt i Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane

Forskingsmagasin 2012


innhald

om magasinet REDAKSJON

4 - KUNNSKAPEN ER LETT Å BERE

- Målet må vere at framtidas helsearbeidarar blir meir opptekne av kunnskap og får omsett denne i praksis i større grad enn det vi ser no. Praksis må vi alltid halde fast, men akademia med si forsking og kunnskapsbygging må få større plass og påverknad, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad. Eva Marie Halvorsen nikkar samtykkande.

REDAKTØR Marit Solheim

STRATEGISK FORSKINGSSATSING INNAN SJUKLEG OVERVEKT

TEKST Eva Marie Felde

6 - Han som starta det heile. 8 - Forskar for å kunne sjå kven som får helseproblem i framtida. 10 - Opersjon påverkar genene. 11 - Kan ein trene av seg kiloane? 14 - Kva kan vi lære av pasientane sine historier?

DESIGN OG LAYOUT Runar Tengel Hovland KONSULENT Finn Ove Njøsen Kommunikasjonsavdelinga, Helse Førde

16 - KUNSTEN Å DRIVE PSYKOTERAPI

Nokre er flinkare i jobben sin enn andre, også i helsesektoren. I Helse Førde sit det ein psykolog som lurer på kvifor. Han har allereie funne nokre svar på kva som gjer at nokre terapeutar er betre enn andre. Snart skal han jakte på endå fleire svar.

18 - HABILITERINGSARBEID FOR BARN OG UNGE

Det er brei politisk semje om at habilitering er viktig. Likevel er det uklart kva desse tenestene skal innehalde, koordinering av tenestene er mindre god og status på arbeidet og pasientgruppa er låg. Kanskje det er kompleksiteten og utfordringa som har gjort at Rolf Horne vil bruke tre år på å fordjupe seg i temaet som verkeleg engasjerer han.

OPPLAG 1000 TRYKK Husabø Prenteverk, Leikanger

Foto: Runar T. Hovland Stad: Laboratoriet Førde sentralsjukeshus SENTER FOR HELSEFORSKING

Senteret er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet er å styrkje utvikling og forsking innan helsetenestene i fylket, og sørgje for at det blir arbeidd opp mot både nasjonalt og lokalt prioriterte område.

Hausten 2011 har alle kommunane i fylket vorte inviterte til å delta i ei kartleggingsundersøking av folkehelse hjå barn og unge. Målsettinga er å få oversikt over korleis helse, livsstil og levekår er for skuleelevar i 6. og 8. klasse, og kva faktorar som bidreg til å skape og oppretthalde eventuelle helseskilnadar i fylket.

MARIT SOLHEIM - Vi kan ikkje reparere og plastre oss ut av dårleg helse. Førebygging ved hjelp av fysisk aktivitet er det viktigaste vi kan bidra med om vi ynskjer å halde oss friske, seier Geir Kåre Resaland. Gjennom doktorgradsarbeidet sitt sådde han spiren som gjer at ein skule i Sogndal har endra undervisinga.

UTGITT AV Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane

FORSIDEFOTO Deler av miljøet knytt til den strategiske forskingssatsinga innan sjukleg overvekt.

20 - FOLKEHELSE I SOGN OG FJORDANE

22 - FØREBYGGING ENDRA SKULEKVARDAGEN

SENTER FOR HELSEFORSKING 6807 Førde Tlf : 57 72 25 31/66

– Vi ynskjer å auke samarbeidet mellom desse institusjonane, få opp aktiviteten og heve kvaliteten på arbeidet. Då vert det også meir interessant for andre å samarbeide med oss! Vi ynskjer også å bidra til eit felles fagmiljø innan helseforsking i fylket, og gjere arbeidsplassane i desse institusjonane meir attraktive, seier Marit Solheim, leiar for senteret. Les meir på siste sida.

23 - PASIENTEN SOM FORSKAR

Nærare 370 000 menneske i Noreg har KOLS, ein sjukdom som gjer skade på bronkiane og lungene. Den kroniske sjukdomen utviklar seg og gjev dårlegare lungefunksjon, og etterkvart ofte fysiske, psykiske og sosiale tilleggsproblem. Når Anne-Grethe Halding forskar på korleis desse pasientane har det og opplever rehabiliteringa, ynskjer ho etter kvart å gjere pasientane sjølve til forskarar.

24 - PÅDRIVAR FOR KUNNSKAP OG KVALITET

- Vi skal sørgje for at kunnskap og erfaringar frå arbeid i heimetenestene og sjukeheimar blir delt mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Vi skal også bidra til fagutvikling på området og er på mange måtar ein støttespelar for kommunane, seier Marta Strandos.

© SENTER FOR HELSEFORSKING 2012

2

3


– Målet må vere at framtidas helsearbeidarar blir meir opptekne av kunnskap og får omsett denne i praksis i større grad enn det vi ser no. Praksis må vi alltid halde fast, men akademia med si forsking og kunnskapsbygging må få større plass og påverknad, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad. Eva Marie Halvorsen nikkar samtykkande.

SENTER FOR HELSEFORSKING er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sentret skal bidra til å: • auka omfanget av helsefagleg forsking og utviklingsarbeid innan breie nasjonalt og regionalt prioriterte fagområde • auka omfanget av generell helsetenesteforsking innan breie nasjonaltog regionalt prioriterte område, men og utviklingsområder som er særskilt knytt til lokale forhold i Sogn og Fjordane. • gjera samarbeidsinstitusjonane fagleg meir konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt • styrka den faglege fou-aktiviteten på samarbeidsinstitusjonane • gjera arbeidsplassar i samarbeidsinstitusjonane fagleg meir attraktive

Tekst: Eva Marie Felde Ho er dekan ved Avdeling for Helsefag på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei to institusjonane samarbeider tett om forsking. Begge tek til orde for at forskinga må knytast tettare til praksis. – Vi må bygge kultur for kunnskap, for det er ikkje slik at når ein lege, fysioterapeut eller sjukepleiar er ferdig utdanna så har han eller ho utlært. Vi blir aldri ferdigutdanna, det skjer alltid noko nytt. Helsearbeidarar må vere nysgjerrige. Spørsmål om kva som kunne vore gjort annleis, kva er den beste og nyaste kunnskapen og føl vi den i praksis, må drive arbeidet framover, utdjupar Bolstad. Utvida samfunnsoppdrag Eigentleg var det ei rekkje positive samantreff som gjorde at samarbeidet såg dagens lys. Eldsjeler i dei to institusjonane, som brann for forsking og ynskte å bygge opp gode miljø, og tydlegare krav frå høgare hald gjorde at forsking måtte prioriterast i større grad. Når dei pratar så kjem det likevel fram at det er meir enn samfunnsoppdraget som gjer at dei har funne saman og lagt større vekt på forskinga. Korleis starta samarbeidet? – Vi var små begge to, men såg at vi var sterkare saman og at vi med våre ulike kvalitetar kunne bygge noko verkeleg bra, fortel Halvorsen. Samarbeidet vart i 2008 til Senter for Helseforsking. Gjennom senteret er forskinga systematisert og ein har bygde opp gode rutinar for å kvalitetssikre arbeidet. – Det var ein utruleg god ide, og vi ser at samarbeidet gjer at vi lukkast i konkurransen med andre større forskingsmiljø. Forskarkvardagen består nemleg ikkje berre av å jakte på ny kunnskap. Søkna-

4

Adm.dir Jon Bolstad i samtale med dekan Eva Marie Halvorsen. (Foto: Eva Marie Felde)

kunnskapen er lett å bere dar skal skrivast for at prosjekta skal få pengar og det er mange om beinet i dei store forskingsutlysingane. Forskinga er regulert av lover og reglar, og det er mykje administrativt arbeid knytt til prosjekta. Senter for helseforsking bistår i alle desse prosessane, rettleiar forskarane og er ein viktig miljøskapar. Halvorsen og Bolstad rosar eldsjelene som driv forskinga ved dei to institusjonane framover. - Forskarane våre er gode lagspelarar, som har meir enn si eiga forsking for auget. Dei ynskjer å vere ein del av eit

miljø og unnar kvarandre den suksessen vi oppnår i fellesskap, seier Halvorsen. Heilskapleg tilnærming til mennesket - Ein av fordelane våre er at vi har knytt miljøa sterkt saman og arbeider på tvers. Legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og psykologar samarbeider og ser på dei ulike sidene ved ein sjukdom eller eit helseproblem. Ta den strategiske satsinga på fedme og overvekt til dømes. Det har gått frå å vere eit kirurgisk og teknisk forskingsområde til å ta føre seg alle sider av det å vere overvektig. No ser vi på born og unge, korleis livsstilsbe-

handling fungerer, korleis er det å leve med overvekt, psykiske og sosiale sider av det, som korleis dei klarer seg i jobb. Det er langt meir omfattande enn det operasjonstekniske som vi starta med for litt over ti år sidan. Dette er helse i eit breitt perspektiv, seier Bolstad. Eva Marie Halvorsen peikar på at dei har fordel av å vere nær praksis. – Vi utdannar sjukepleiarar og Helse Førde utfører helsetenester i praksis. Det er difor enkelt for oss å forske på det som skjer her og no, og dei nyutdanna kan ta den nye kunnskapen med seg ut i ar-

beidslivet. Avstanden frå teori til praksis er kort. Og så har dei lagt opp til eit ubyråkratisk samarbeidt. Samarbeidet fungerer så bra syns dei, at det ikkje er noko poeng å bruke mykje tid på formalitetar. Det er ikkje utenkeleg at samtalen for å forlenge samarbeidet kan ha arta seg slik. – Vi må forlenge avtalen vår om forsking, seier den eine. – Ja, seier den andre. Og så forlengar dei samarbeidet der og då. – Vi er avhengige av samarbeidet og vi ser at for begge partar er det ein vinn-vinn situasjon, seier dei.

Utvida kommunerolle Som følgje av samhandlingsreforma skal kommunane medvirke til forsking. – Det blir spanande både for kommunane og for oss. Eg håpar vi kan knyte kommunane opp mot den forskinga vi held på med. Eit slikt samarbeid trur eg også vil bidra med nye forskingsområde for oss. Vi må sjå helse og helsetenestene i eit breiare perspektiv, brukar- og pasientopplevingar får truleg meir plass og det same gjeld førebygging. For kommunane kan vi bli ein viktig støttespelar, som kan bistå med kompetanse og erfaringar frå søknadsprosessar og nytenking, seier Bolstad. Så langt har dei fått mykje ut av dei kronene som har gått til forsking, og vinstane kjem sakte, men sikkert inn. Dei tek opp kampen med dei store og tunge fagmiljøa kringom i landet, og får stadig fleire gjennomslag for søknadar og pengar inn. Likevel viktig å ikkje lene seg tilbake. – Det er no jobben startar. Vi må oppretthalde innsatsen og gløden og heile tida jobbe for å utvikle oss vidare. Kanskje må vi også spisse oss endå meir inn på nokre tema. – Vi har ein plan om å dra element ut av den strategiske satsinga, og bruke desse på nye område. Til sjuande og sist er det pasienten som skal nyte godt av kunnskapen vi produserer.

5


han som starta det heile – Målet mitt er at pasientane skal få betre livskvalitet og bli friskare, seier Villy Våge. Han er ein av landets pionerar og fremste ekspertar på fedmekirurgi.

“Ein operasjon kan kanskje føre til fleire biverknadar, ein annan fjernar kanskje ikkje tilleggssjukdomar i like stor grad, og ein tredje klarer kanskje berre å redusere overvekta med 50 prosent, medan ein fjerde kan redusere den med 75.”

Tekst: Eva Marie Felde Alle dei andre som arbeider med forsking på sjukleg overvekt i Helse Førde og på Høgskulen i Sogn og Fjordane, seier dei ikkje ville gjort om det ikkje var for Villy Våge. På 70- og 80-talet vart det gjennomført mange overvektsoperasjonar, men resultata var ikkje spesielt gode. Pasientane gjekk gjerne ned i vekt, men biverknadane var store. Illeluktande luft og avføring, diare og gallesteinssjukdom var vanlege og nokså varige biverknadar. I 2001 bestemte fagmiljøet på Vestlandet at det var på tide å starte opp igjen operasjonane. Villy Våge var gründeren som stod bak. No er over 500 pasientar opererte ved Førde sentralsjukehus.

6

Ta utgangspunkt i pasienten Som ein av pionerane innan faget har han følgt utviklinga tett. Villy Våge fortel at det i løpet av dei ti siste åra har interessa for forsking på overvekt auka. – Dette gjeld både lokalt i Helse Førde, regionalt og nasjonalt. Samstundes har overvektskirurgi blitt meir akseptert i det medisinske miljøet, og fleire fattar interesse for mekanismane bak slike operasjonar.

Ved Førde sentralsjukehus bruker dei to ulike operasjonsmetodar, men det finst også fleire. Dei Kvifor forskar du på overvektskirurgi? ulike operasjonane kan også føre til ulike resultat – For det første fordi denne typen kirurgi har vore omstridd, for pasientane. – Ein operasjon kan kanskje føre til og det er difor viktig å evaluere nytten av slik kirurgi, svarar fleire biverknadar, ein annan fjernar kanskje ikkje tillegen. Han legg til at dei store endringane dei ser hjå pasienleggssjukdomar i like stor grad, og ein tredje klarer tane etter operasjon også vekkjer stor interesse for kanskje berre å redusere overvekta å finne ut meir om korleis operasjonane eigentleg “Tilbodet må ta utgangspunkt i med 50 prosent, medan ein fjerde målsettinga til pasienten. Dersom kan redusere den med 75. Vi må fungerer og påverkar kroppen. han eller ho sitt mål er å unngå å studere resultata frå dei ulike Han har allereie funne ut mykje om operasjonane. gå opp i vekt, så er hjelp knytt til operasjonane, slik at vi i størst I 2005 tok han doktorgrada si, der han undersøkte kosthald og fysisk aktivitet vegen å mogleg grad kan seie noko om korleis det hadde gått med pasientar som hadde gå.” kva operasjon som høver for den blitt opererte for 25 år sidan eller meir. Han doenkelte. Resultata frå operasjonane kumenterte at dei fleste pasientane hadde klart å halde vekta kan også seie noko om kven som bør få tilbod om nede, men med fleire biverknadar. Samstundes var det ingen operasjon, seier Våge. av pasientane som hadde utvikla hjartesjukdom, type 2 diabetes eller høgt kolesterolnivå. Den helserelaterte livskvaliteten Han forklarar vidare at det ikkje er sikkert at alle som var også lik tverrsnittet av det norske folket. Likevel, det er kvalifiserer for operasjon ønskjer å bli operert. Tilboframleis mykje kunnskap som må hentast inn. det må ta utgangspunkt i målsettinga til pasienten. Dersom han eller ho sitt mål er å unngå å gå opp i – Vi treng å finne ut meir om korleis operasjonane påverkar vekt, så er hjelp knytt til endring i kosthald og fysisk helse og livskvalitet, sjukdomar som kan knytast til fedme aktivitet vegen å gå. Slik han ser det er dette noko og arbeidslivsdeltaking. Vi må også finne ut meir om kva som må skje i kommunane der pasientane bur, og fysiologiske endringar som gjer at desse operasjonane har så ikkje i spesialisthelsetenesta. Om pasienten ynskjer gunstig effekt både på overvekt og stoffskiftet, seier han. varig vektreduksjon eller vil bli kvitt sin type 2 diabetes, så er operasjon det riktige for dei aller fleste.

FAKTA: Duodenal switch

Duoendal switch er ein av overvektsoperasjonane som Figure 2. Anatomy after the duodenal switch procedure. This figure was adapted blir nytta ved Helse Førde. Ein with permissions from ‚Tidsskrift for den norske legeforening‛, the authors and Oledel av magesekken blir fjerna Jacob (the illustrator). og Berge tynntarmen kopla om, slik at opptaket av næring frå tarmen blir mindre. Metoden 1.8 Theoretical framework and concepts kan gje eit vekttap på om lag A main in this thesis is the term ‚health-related quality of life‛. This term is 80 % concept av overvekta. Magesekcomposed of two other terms ‚health‛ ken rommar mindre, og einand ‚quality of life‛. blir mett av mindre mengder 1.8.1 Health mat. Biverknadar som kan The worder ‚health‛ originates the word ‚hailson‛, which means whole, well or oppstå mellom annafrom diaré, lucky (Mæland, 2009). There are two major perspectives of the meaning of health. magesmerter, oppkast, illelukOne is that health is the absence of disease and a value-free term (Boorse, 1977). This tande luftavgang, og nedsett toleranse for isenkelte understanding based matvarer. on the view that health is an objective physiological condition deviant from a statistical norm. Another view is that the subjective side of 31

Foto: Runar T. Hovland

7


forskar for å kunne sjå kven som får helseproblem i framtida Tilfeldigheitene ville det slik at John Roger Andersen skulle bli ekspert på fedme og overvekt. Sjølv syns han det er litt ironisk, og kallar seg sjølv “ein småtjukk fedmeforskar”. Foto: Runar T. Hovland

Tekst: Eva Marie Felde Då han starta på sjukepleieutdanninga stort samfunnsproblem, så eg er glad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i for å kunne bidra med hjelp. 1993 hadde han vel knapt sett for seg at han skulle vere leiar for overvektsforsk- Kva skal til for å gå ned i vekt? inga som høgskulen og Helse Førde sa- Så langt har John Roger via mykje av marbeider om. – Eg skulle berre hjelpe tida si til å undersøkje den helserelaterte til med nokre statistiske analysar på livskvaliteten for pasientar som har teke Anny Aasprang si hovudfagsoppgåve. fedmeoperasjon. Han har sett nærare på Ho skreiv om helserelatert livskvalitet korleis dei opplevde eiga fysisk, psykisk ved sjukleg overvekt, som ei forleng- og sosial helse og arbeidslivsdeltaking ing av doktorgradsarbeidet til Villy før operasjon og etterpå. Resultata i AnVåge og tilbodet om dersen sin studie syner overvektsoperasjonar “Dei som blir opererte ved at pasientane hadde på sjukehuset, fortel Helse Førde reduserer i snitt særs dårleg helse før overvekta med 80 prosent.” Andersen. operasjon, spesielt knytt til depresjon og – Medan vi arbeidde med desse analy- leddproblem. Etter operasjonen vart sane, så såg vi kor sjuke desse pasien- kroppsvekta betydelig redusert og alle tane faktisk var, og i kor stor grad op- fysiske, psykiske og sosiale helsemål erasjonen hjelpte dei. Vi trudde faktisk vart signifikant forbetra. vi hadde rekna feil første gangen vi såg på analysane våre. Så rekna vi over ein For tida samlar han inn data frå ei frisk gang til, men det stemde. Då forstod vi kontrollgruppe. Ved å gjere dei same verkeleg kor ille det stod til med denne testane på desse og på ei gruppe persopasientgruppa. nar som har delteke på livsstilsbehandling på Hauglandssenteret, skal han John Roger Andersen fortel om emnet undersøkje effekten av denne behanog forskinga si på ein roleg, men en- dlingsforma. – Tidlegare forskingsregasjert måte. Ein kan høyre det på han sultat i tilknyting til denne behandlingsmedan han fortel at det ikkje lenger forma nedslåande. Livsstilsbehandlling tilfeldig at det er dette han arbeider fungerer dårleg på lengre sikt, og berre med. – Overvekt og fedme er blitt eit så for eit fåtal pasientar.

8

Likevel, ein skal ikkje trekke forhasta slutningar. Då Helse Førde starta opp med fedmekirurgien ved Sentralsjukehuset for ti år sidan vart dette sterkt kritisert. – Nokre meinte det var meiningslaust, og det var generelt låg aksept for ein slik behandlingsmåte. Studiane som Villy Våge sette i gang synte at det kom konkrete resultat ut av operasjonane, og all kunnskapen vi har no stadfestar at fedmekirurgi er trygt og effektivt, fortel Andersen. Dei som blir opererte ved Helse Førde reduserer i snitt overvekta med 80 prosent. Sju av ti lukkast med å nå måla sine, medan dei siste har varierande suksess. Nokre mislukkast og andre kjem eit steg nærare målsettinga si. – For livsstilsbehandling er dessverre statistikken heilt snudd på hovudet. Kanskje er det berre ti prosent som lukkast med den behandlinga, seier han.

Teknologiske framsteg Samstundes legg han til at det er mange variablar eller faktorar som ikkje er godt nok undersøkt. Og det er dette han ynskjer å sjå nærare på no. I tillegg til å granske faktorar som kroppsvekt,

midjemål, kroppssamansetnad, blir aktivitetsnivået i løpet av ei veke målt og blodprøver blir granska opp mot ei rekkje nye faktorar. – Det er utruleg spanande med den nye blodprøveteknologien vi skal bruke. Ved hjelp av berre nokre få dråpar blod kan vi få ei presis skildring av folk sin metabolske profil, altså det kjemiske innhaldet i cellene. Heile 150 ulike prøvesvar kan vi hente ut, så det er i grunn heilt utruleg at desse prøvene ikkje er tekne systematisk i bruk før, seier Andersen spent. Ved hjelp av svara frå desse prøvene kan ein truleg forutsjå kven som får helseproblem i framtida. – Sett frå eit folkehelse- og førebyggandeperspektiv så er jo dette nesten særs viktig. Fungerer dette og vi får tydelege svar, så kan vi luke ut dei som treng tett oppfølging frå helsevesenet. Men, seier John Roger, for det er eit stort men. Det vil ta fleire år før analysane er klare, og det er ingen som veit kva svar vi får.

– Hels på Tanita! I mellom tida kan John Roger glede seg over sitt siste forskingsverkty. Tanita. Her kjem resultata i det du tek av seg sko og sokkar og plasserer beina for-

siktig på ho. På null komma null får du fram og fordjupar seg i forsking etter vite om du har meir musklar i høgre doktorgrada. Forskinga er i hovudsak enn venstre legg, kva feittprosenten i knytt opp mot Helse Førde og overvekroppen er, kor mange kilo skjelettet ktsoperasjonane som skjer der samt ditt veg og om det livsstilsbehandling ved er mest feitt rundt “Ved hjelp av svara frå desse Røde Kors Haugland magen. Kort sagt, prøvene kan ein truleg forutsjå Rehabiliteringssenter. du får vite alt du kan kven som får helseproblem i tenkje deg, i tillegg til framtida.” Neste prosjekt er allereie noko som du kanskje planlagt. I juni skipar helst ikkje ville vite. dei til ein internasjonal konferanse om fedme, behandling og livskvalitet. Nokre – Denne maskina er heilt fantastisk, av dei største bidragsytarane innan forseier John Roger, og det strålar nesten sking på området kjem til Balestrand for i auga hans når han seier det. Likevel, å diskutere kva som fungerer og ikkje i han må innrømme at han sjølv ikkje var arbeidet med overvekt, og korleis ulike særleg høg i hatten første gangen han sider av livet blir påverka når ein må skulle få ut all informasjonen. – Eg var leve med overvekt. – Vi håpar at mange skikkeleg nervøs, og det var vel då resul- nøkkelpersonar innan feltet deltek. Her tatet kom at eg vart kalla ein småtjukk har også vi sjansen til å knyte verdifulle fedmeforskar. Men, eg fekk mykje kontaktar og sette Sogn og Fjordane på konstruktiv informasjon ut av den. kartet i forskingssamanheng, understrekar John Roger.

Internasjonal samling i Balestrand Fedme- og overvektsmiljøet ved høgskulen og Helse Førde har sakte, men sikkert, vakse seg større og større. No er det eit av miljøa med høgast fagkompetanse. Det er seks doktorgradsstipendiatar knytt til miljøet, og to er tilsette som postdok, som betyr at dei held

9


operasjon påverkar genene Lege Dag Fadnes har teke prøvar av feittcellene til ei rekkje av pasientane som er overvektsopererte. Han skal kartlegge kva som skjer med desse cellene etter operasjon.

kan ein trene av seg kiloane?

Tekst: Eva Marie Felde - Som indremedisinar og kardiolog er eg interessert i korleis dei indre organa fungerer. Overvektsoperasjonane gjer at kroppen sitt opptak av karbohydrat, feittstoff og proteinar blir redusert. Ved å samanlikne prøver frå før og etter operasjonen kan vi lære meir om korleis operasjonen påverkar fettcellene, fortel Dag Fadnes.

Blir kvitt diabetes Dag Fadnes let den kvite doktorfrakken henge i fred eit par dagar i veka. Då set han seg på kontoret klar til å forske nærare på fettcellene og endringane som skjer. – Etter operasjonane såg vi også at mange av pasientane med type 2 diabetes omtrent kunne slutte med insulin dagen etter operasjon. Korleis er det mogleg?, spurte Dag Fadnes seg sjølv om. For å finne svaret på spørsmålet studerer han altså fettceller, som dannar og lagrar fett av fettsyrer. Cellene er kulerunde med ei kjerne og flytane fettinnhald. Fadnes har funne ut av cellene kommuniserer med resten av kroppen på ein annan måte. Om lag ein tredjedel av pasientane som blir opererte ved

Førde Sentralsjukehus har type 2 diabetes. Fleire har også høgt blodtrykk og kolestreolnivå.

Store helsevinstar - Før overvektsoperasjonen påverkar fettcellene kroppen slik at det blir større risiko for betennelsar. Etter operasjonen forsvinn desse eigenskapane. Slik blir det mindre risiko for diabetes, høgt blodtrykk og andre hjarte-karsjukdommar, fortel Fadnes. Han fortel vidare om korleis cellene eller genmaterialet i dei har endra seg. Etter at pasienten var operert mista nokre av gena all aktivitet, og betennelse var ein av kodingane som forsvann. – Vi har studert nærare 20 pasientar. For alle desse finn vi akkurat det same. Fettcellene endrar seg til det normale i løpet av 12 til 18 månadar etter operasjonen. Då har de fleste pasientane normalt blodsukkernivå, blodtrykk og kolesterolnivå. Ved å gjere desse undersøkingane har vi altså klart å påvise at overvektsoperasjonane gjer store helsevinstar i tillegg til redusert vekt.

Doktorgradsstudentane Eivind Aadland og Randi Jepsen prøver å finne ut korleis livsstilsbehandling kan fungere på best mogleg måte. Dersom sjukleg overvektige deltek i eit opplegg, der dei gjennom faste samlingar får opplæring og oppfølging på område som ernæring og fysisk aktivitet – kan det ha same positive effekt som fedmekirurgi?

Dag Fadnes

Kategorisering av forskjell i genuttykk i subcutant fettvev før og etter overvektkirurgi.

10

PhD-stipendiat 2010-2014 med prosjektet Helserelatert livskvalitet hos personer før og etter livsstilsbehandling for sykelig overvekt. (Foto: Runar T. Hovland)

>>

Foto: Runar T. Hovland

MAGAZINIOUS Nov - Dec 2010 |13

11


Tekst: Eva Marie Felde >> - Det finst lite datamateriale på sjukeleg overvektige. Dei som er litt overvektige har ein forska meir på. Og data om livsstilsbehandling finst det særs lite av, sjølv om det har dukka opp litt meir i Noreg det siste året, seier Eivind Aadland. I praksis betyr det at mykje av forskinga han og Randi Jepsen held på med er heilt ny, og at resultata deira kan få mykje å seie for behandlinga framtidige pasientar får.

Kva er livsstilsbehandling? Så langt er det knytt uvisse til resultata av livsstilsbehandling for sjukleg overvekt. – Hovudspørsmålet vårt er kven denne behandlinga kan hjelpe, fortel Jepsen. Spelar det noko rolle om du er kvinne eller mann, høgt eller lågt utdanna, kor fort du går ned i vekt og korleis du trenar? Avanserte metodar blir nytta for å sjå om det let seg gjere å dele pasientane inn i subgrupper med felleskjenneteikn. Jepsen fortel at ein del tidlegare studiar er vanskelege å etterprøve på grunn av svakheiter med design og innsamling. – Det er ikkje alltid så greitt å vite kva tidlegare studiar har meint med livsstilsbehandling. Meiner dei at pasienten har fått eit tilrettelagt opplegg,

eller har legen berre sendt pasienten heim med klar melding om å kome seg opp av sofaen?, spør Jepsen.

har berre funne avgrensa samanheng mellom det å vere fysisk aktiv og gå ned i vekt, men då har ein gjerne nytta seg av spørjeskjema, treningsdagbøker og liknande. – Det er ikkje så lett å være heilt presis på kor lang tid ein til dømes har jogga eller sykla hardt, og det er risiko for ein viss overrapportering.

Pasientane dei undersøkjer har vore på eit seksvekers opphald på Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter i Flekke i Fjaler. Her deltek dei i samtalegrupper, treningsaktivitetar og undervising i mellom “Livskvaliteten ser ut til å auke i For å kontrollere anna matlaging og takt med at fettmassen i kroppen dette har Aadland sunt kosthald. Tre går ned og aktivitetsnivået går utstyrt dei som deltek gonger i løpet av to opp.” i studien med ein år skal dei på nye aktivitetsmålar. Eit trevekers opphald der, og er i mellom- apparat dei skal gå med ei veke i strekk, periodane avhengige av eigeninnsats på fire gonger i året, for å få nøyaktige heimebane for å oppnå varig resultat. målingar. – Det er første gang ein slik Å ligge på sofaen verkar ikkje som eit målemetode blir brukt på sjukleg overalternativ. vektige. Heilt nøyaktig vil ikkje resultata vere, sidan nokon kan ha haustferie den veka og vere på femdagars fjelltur, Fangar opp all aktivitet Ein haustdag sit idrettspedagogen medan andre har skada foten og må Eivind Aadland nede i kjellaren på kvile store delar av veka. Likevel trur eg Hauglandssenteret. Der har han rigga at det vil gje oss ein god peikepinn på til oksygenmålaren, og er endeleg klar aktivitetsnivået og tilføre ny kunnskap til å ta i mot den første pasienten. Dei på området. om lag ti minutta kvar pasient går på tredemølla ein gang i året gjev Eivind I tillegg skaffar han seg detaljert oversikt over den metabolske formen. Det vil seie særs viktig informasjon til forskinga. at han ved hjelp av blodprøver får over- Fysisk aktivitet er viktig for helsa vår. sikt over mange metabolittar i kroppen, Kor effektivt det er avheng av kor mykje mellom anna fettstoff og kolesterol. Ved aktivitet som blir gjennomført, seier hjelp av ny teknologi, i Finland, blir over 100 ulike molekyl i kroppen målte han. for å danne eit heilskapleg bilete over Tidlegare studiar på same område korleis kroppen fungerer og reagerer på

trening. Denne metoden er aldri tidlegare brukt på undersøkingar av sjukleg overvekt.

Ikkje berre snakk om kilo Tidlegare i veka sprang Randi Jepsen inn og ut av døra på kontoret. Der putta ho aktivitetsmålaren og skjema i konvoluttar og leverte det til nokre av dei 80 som har meldt seg som frivillig til ei kontrollgruppe i forskingsprosjektet. For i tillegg til å undersøkje sjukleg overvektige, skal Eivind og Randi samanlikne resultata med ei frisk gruppe. Medan Eivind granskar fysisk aktivitet, ser Randi på kva som skjer med livskvaliteten, før, under og etter opphald på Hauglandssenteret. - Når pasientane reiser inn på Hauglandssenteret første gong, er livskvaliteten under gjennomsnittet. Etter seks vekers opphald er den på gjennomsnittet eller over. Livskvaliteten ser ut til å auke i takt med at fettmassen i kroppen går ned og aktivitetsnivået går opp. Det kan ha samanheng med at ein kjem i betre fysisk form, har lyst og evne til å bevege seg meir og ein meistrar eige kvardagsliv betre, fortel Randi Jepsen. Det viser seg at då vert også den mentale helsa betre. Som elles i helsefremjande arbeid er det ei stor utfordring å konkretisere kva resultat som er bra og kva som er dårleg. Er målet at pasientane skal bli normalvektige eller kan ein seie at livsstilsbehandlinga fungerer dersom nokre pasientar går ned 10 prosent i vekt, får normalt blodtrykk, blir kvitt diabetesen eller dei kjenner at dei meistrar kvardagen på ein ny og betre måte?

12

Foto: Runar T. Hovland

tilpassa deira behov. Det er utfordrande å skulle lage eit opplegg som fungerer for alle, med så mange store variasjonar og mykje å ta omsyn til hjå kvar enkelt. Dersom vi skal klare å hjelpe treng vi meir kunnskap, og variert forsking på området er heilt nødvendig skal vi klare å gje pasientane eit så godt tilbod som mogleg i framtida.

Dei leitar etter svara ved hjelp av “Ved hjelp av ny teknologi, i Finspørjeskjema, blod- land, blir over 100 ulike molekyl i prøver, treningsdag- kroppen målte for å danne eit heilbøker, samtalar, måle- skapleg bilete over korleis kroppen apparat og fysiske fungerer og reagerer på trening.” testar. Så langt har 246 personar starta opp på opplegget ved Hauglandssenteret. Ikkje alle har fullført der, og heller ikkje alle er med i forskingsprosjektet. Eivind merkar fråfall i forskingsgruppa - Nokre har så god effekt av opplegget at dei vel å gjere all jobben på eiga hand. Nokre mistar motivasjonen og klarer ikkje å gjennomføre, medan det for andre ikkje er eit ideelt opplegg. Vi tenkjer kanskje at dei fysiske påkjenningane er dei tøffaste, men det er minst like tøffe psykiske og sosiale krav deltakarane opplever. Å vere vekke i seks veker og leve så tett på andre kan vere krevjande. Det er ei utfordringa for forskinga når folk sluttar i livsstilsRandi Jepsen behandlinga eller studien. Dette rePhD-stipendiat 2010-2014 med duserer vår muligheit for å kome med prosjektet Helserelatert livskvalitet hos sikre konklusjonar, fordi vi ikkje veit personer før og etter livsstilsbehandling effekten av behandlinga. for sykelig overvekt. (Foto: HSF)

Individuell tilpassing

Jakta på svar

For dei to forskarane handlar det til sjuande og sist om å finne ut kva som fungerer, slik at flest mogleg som slit med sjukleg overvekt kan få hjelp. – Om vi ser på det i eit større perspektiv, så fører betre helse til at ein kan sannsynlegvis brukar helsetenestene mindre og kan stå lenger i arbeid. Det er økonomisk lønnsamt. Teoretisk kan staten spare inntil 3 millionar kroner i utgifter for kvar 20-åring som følgjer dei anbefalte måla for fysisk aktivitet om 30 minutt om dagen, seier Eivind.

Med ulike mål, mange spørsmål å få svar på og stor uvisse knytt til effekten av livsstilsbehandling, er dei to forskarane nøye med datainnsamling og metode. –Forskinga skal vere etterprøvbar. I og med at dette er ein veldig open studie, er det ekstra viktig.

- Ser ein vekk i frå overvektskirurgi, veit vi ikkje kva som er den absolutt beste behandlingsforma. Det vi ser, og som vi ynskjer å bidra til er å finne dei faktorane som påverkar i størst grad, slik at kvar enkelt kan få eit opplegg

- Ein ting er også kva mål vi som forskarar set oss for studien, men det viktigaste er kor tid eller kva som skal til for at pasientane får det bra og aukar livskvaliteten sin, seier Randi Jepsen.

Friluftsaktivitetar er ein viktig del av livsstilsbehandlinga

Vi ynskjer å finne ut så mykje som mogleg om kva som er fellesnemnarar for at livsstilsbehandling skal fungere. Analysane våre blir veldig omfattande fordi vi må inkludere alle moglege variablar og så luke ut etter kvart. Dei ulike måla gjev forskjellig bilete av helsa vår, forklarar dei.

Eivind Aadland PhD-stipendiat 2009-2013 med prosjektet Fysisk aktivitet, fysisk form og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar hjå personar til livsstilsbehandling for sjukleg overvekt ved Hauglandssenteret. (Foto: HSF)

13


kva kan vi lære av pasientane sine historier? ”Solveig” gjekk ned 62 kilo i løpet av ni månadar etter overvektsoperasjonen. Ho opplevde å bli møtt annleis av samfunnet etter vektnedgangen. Ho kjende at ho vart respektert og verdsett på ein annan måte enn før.

Tekst: Eva Marie Felde Under ein konferanse om læring og meistring skildra “Solveig” sitt nye liv slik. Fire år etter slankeoperasjonen ved Førde Sentralsjukehus. Overvektsforskinga ved Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane handlar ikkje berre om slankeoperasjonar, fysisk aktivitet eller kva som skal til for å halde vekta nede. Fysioterapeut Eli Natvik si forsking handlar til dømes om nettopp slike erfaringar som “Solveig” skildra . - Eg har delteke i behandlinga av sjukleg overvektige ved sentralsjukehuset i fleire år, og undra meg på korleis det gjekk med pasientane som hadde blitt opererte. Kva tenkte dei eigentleg om sitt nye liv? Var det eit nytt liv? Kva var annleis?, fortel Eli Natvik. Dei mange spørsmåla ho interesserte seg for vart til slutt ei masteroppgåve om langtidserfaringar for overvektsopererte.

Store skilnadar I oppgåva såg ho nærare på pasientane sine erfaringar fem år eller meir etter overvektsoperasjon. Det å gå ned i vekt endra ikkje berre kroppen fysisk, pasientane opplevde at endringane også påverka forholdet dei hadde til andre personar og seg sjølve. På same tid opplevde dei seg sjølv som same personen som tidlegare. - Dei eg intervjua skildra endringane som både verdifulle og krevjande. Det var stor variasjon i pasientane sin situasjon på lang sikt, seier Natvik og fortel at dette er noko ho har planlagt å undersøke vidare. Det er godt dokumentert at overve-

14

ktskirurgi gir best resultat for varig vekttapet, og dermed naturleg å ha vektreduksjon, og behandlinga synast fokus på kroppsvekt, fysisk aktivitet også å sterkt påverke identitet, kropp og sunt kosthald. På den andre sida og meistring. Men, ikkje alle sjukleg er helsearbeidarane klare over at det å overvektige får tilbod om overvektsop- akseptere kroppen sin og seg sjølv er erasjon , og nokre sjukleg overvektige vesentleg for meistring og helse. Dette ynskjer kanskje ikkje spenningsforholdet å bli opererte heller. “Gjennom å legge vekt på pasien- stiller høge krav til terfaringar kan vi få ny innsikt og både pasientar og Eli Natvik inter- auka forståing for kva pasientane helsearbeidarar. esserer seg også for sjølve opplever som sentralt og erfaringane til per- meiningsfylt for å oppnå varig vek- Det finst framleis lite sonar som har vore treduksjon.” kvalitativ forsking på sjukleg overvektige overvektsbehandling, og oppnådd varig vektreduksjon utan og prosjektet til Eli Natvik skil seg ut ved kirurgi. å fokusere på langtidsperspektivet . – Vi treng meir kunnskap om pasienterfar- Vi treng meir informasjon om pros- ingar på lang sikt, for å kunne tilby gode essen pasientane går gjennom, og kva og heilskaplege oppfølgingstilbod, og som skal til for å få varige og gode sikre at vi gjev pasientane det dei treng. resultat. Gjennom å legge vekt på pasienterfaringar kan vi få ny innsikt og Forskinga fører til at helsepersonell får auka forståing for kva pasientane sjølve tilgang til ny kunnskap, som igjen kan opplever som sentralt og meiningsfylt kome pasientane til gode. Forsking med for å oppnå varig vektreduksjon. utgangspunkt i pasientperspektivet kan såleis få innverknad på vidare behandling, rettleiing og oppfølging. Presset på kroppen Alle vonde kjensler som ein hadde før – Målet er at pasientane får ein betre operasjonen forsvinn ikkje over natta, kvardag. Kunnskapen som kjem ut av mi forsking byggjer på vitskaplegheit og seier “Solveig”. systematikk, men er av ein annan type Eli Natvik fortel at pasientane i hennar enn knallharde fakta. Det handlar om studie skildra liknande erfaringar. – Det meiningsinnhald, altså kva omfattande er mykje skam knytt til sjukleg overvekt. vektreduksjon kan innebere og bety for Med stort fokus på helse og utsjånad sjukleg overvektige utover ein lettare i dagens samfunn kan ein seie at kropp og ei betre helse. Slik eg ser det, kroppen er under press. Slik er det også er det i dette komplekse feltet behov for for dei som har gjennomgått eit omfat- fleire typar kunnskap, avsluttar Natvik. tande vekttap, seier ho, og reflekterer over utfordringane langtidsoppfølging * Historia om “Solveig” er ikkje henta frå studien til Natvik, men skildra i av sjukleg overvektige. artikkelen “Tjukk, men ikkje tjukk i - På den eine sida er det vesentleg for hovudet”, på Helse Førde sine nettsider. pasienten å gå ned i vekt og behalde

ELI NATVIK er fysioterapeut i Helse Førde og doktorgradskandidat ved institutt for samfunnsmedisinske fag, Universitetet i Bergen frå og med 2012.

Foto: Runar T. Hovland

15


kunsten å drive psykoterapi Foto: Runar T. Hovland

Nokre er flinkare i jobben sin enn andre, også i helsesektoren. I Helse Førde sit det ein psykolog som lurer på kvifor. Han har allereie funne nokre svar på kva som gjer at nokre terapeutar er betre enn andre. Snart skal han jakte på endå fleire svar Tekst: Eva Marie Felde Spørsmålet om kva som gjer terapeutar gode har han arbeidd med i fire år. – Psykoterapi har synt seg å ha generell god effekt, men det er vanskeleg å sette fingeren på kva som gjer at pasientane går frå å lide til å få det betre i liva sine, fortel Christian Moltu.

gode, medan andre kan ha område dei er flinkare på enn andre. I psykoterapi vert terapeuten eit viktig instrument i pasienten sin prosess, og det er difor viktig å få mykje kunnskap om korleis han eller ho kan vere best mogleg til hjelp for pasientane.

Psykologen som har sett seg føre å finne ut av dette. Han tok utgangspunkt i nokre av dei mest krevjande situasjonane, dei vanskelegaste psykoterapiane som i mange tilfelle endar med at pasienten bryt ut av behandlinga. Altså, at terapeuten ikkje lukkast. I slike tilfelle ser ein gjerne at pasienten fleire gangar blir tilvist på nytt før han eller ho får hjelp. Dette har ein kostnad i form av forlenga liding for pasienten, og vedvarande bruk av ressursar for helseføretaket.

Kva er eigentleg psykoterapi? – Å forklare kva som skjer i løpet av ein time slik behandling er ikkje gjort i ei handvending. Det som er fellesnemnaren er at terapeuten ser kjenslene som ei viktig drivkraft i mennesket. Ofte vil det vere avstengde eller undertrykte kjensler som er rot til problema og som fører til den lidnga pasienten opplever. I samtalane blir desse problemstillingane drøfta, tatt fram og pasienten får hjelp til å forstå tankane og kjenslene sine og plassere dei inn i ein meiningsfull samanheng, seier Moltu.

For, forklarer Moltu, det viser seg at det varierer ein god del korleis terapeutar klarer å hjelpe pasientar til god endring. Nokre terapeutar er generelt

16

Kjensler – Det er ikkje slik at pasienten nødvendigvis får mindre eller færre negative

kjensler, men han eller ho opplever gjerne at dei tankane som er der blir meir meiningsfulle og det er enklare å forstå kvifor tankane er der. Då er det lettare å kome vidare frå vanskane. Det finst ulike metodar innanfor psykoterapien. Ein kan seie at psykoterapi er ein form for samtale tufta på kunnskap om kva psykisk liding er. Denne kunnskapen seier noko om korleis utvikling og endring skjer, og korleis den situasjonen pasienten står i påverkar vanskane og sjansane for betring, seier Moltu. – På denne bakgrunnen tilpassar ein terapiar til den einskilde pasienten. Ulike terapiformer kallar liknande fenomen ulike ting. Det viktigaste er at terapeuten har eit avklara og fagleg heilskapleg forhold til det rammeverket han eller ho knyter seg til, og at han eller ho klarer å gjere problema pasienten slit med meiningsfulle innanfor det rammeverket.

“Det er utruleg kjekt å bli satsa på slik, og ha høve til å forske. Vi treng meir kompetanse og engasjement kring forsking.”

Kjemien må stemme Tilbake til Moltu sine granskingar. Christian Moltu har jobba med kva som er gode arbeidsforhold mellom pasient og terapeut. – Det må vere ein tillitt mellom dei, og ei spenning mellom nærleik og empati på den eine sida, og perspektiv og fagleg forståing på den andre. Dei må vere nære kvarandre, slik at pasienten kjenner at det er trygt å snakke om det som syner seg å vere problemet. Samstundes må terapeuten klare å behalde det faglege og profesjonelle perspektivet. Pasienten blir ikkje betre berre av trøst, men treng også forståing og meining omkring lidinga si. Det er ein glad forskar som sit i sofaen. For berre nokre dagar sidan fekk han klarsignalet som alle forskarar ventar på. Finansiering av neste prosjekt er i boks. Han har fått forskingsmidlar frå Helse Vest, som gjer at han kan bruke halvparten av arbeidstida si til forsking dei neste seks åra.– Det er utruleg kjekt å bli satsa på slik, og å ha høve til å forske. Vi treng meir kompetanse og engasjement kring forsking her, seier han. Og legg til at ein miljøet i Helse Førde er inne i ei positiv utvikling, der forsking stadig blir viktigare og eit område leiinga ynskjer å satse på.

Røyndomsnær forsking Som forskinga hans er eit døme på treng ein ikkje all verdas teknologi og

utstyr for å kome fram til ny kunnskap. – Forsking som skjer nær eller i praksisfeltet, som forskar på dei reelle situasjonane som skjer på eit sjukehus er uhyre viktig. Vi som arbeider i den kliniske røynda har eit fantastisk utgangspunkt for å kunne gjere akkurat dette, forklarar Moltu. I dag er mykje av forskinga på feltet hans er gjort på amerikanske collegestudentar, som ikkje har så samansette og utfordrande problem som ein kan oppleve hos pasientar i det verkelege livet. Han forklarar vidare at det då kan ta lang tid før forsking kjem inn i terapirommet eller ut i praksis, gjerne ti år. – Men, klarer vi å bygge kunnskapen saman med dei som arbeider med dette til dagen, nær praksis, så vil forskingsresultata raskare bli kjende og tekne i bruk. Dette er også ei stor føremon for oss i Helse Førde. Tilhøva er relativt små, vi kjenner pasientane betre, og populasjonen er oversikteleg og flyttar mindre på seg enn hjå andre større miljø. Dette kan vi bygge god forsking på lokalt hos oss. Målsettinga er jo at forskinga vår skal føre til at pasientane får betre hjelp raskare.

Gigantprosjekt At tilbodet til pasientane blir betre og at terapeutane får meir kunnskap er drivkrafta til Moltu. Og når han no gjer seg klar til å gå i gang med det nye prosjektet ser han få avgrensingar. I sine

Forsking som skjer nær eller i praksisfeltet, som forskar på dei reelle situasjonane som skjer på eit sjukehus er uhyre viktig

studiar nyttar han seg først og fremst av kvalitative metodar. Det vil seie at han ser på kva meining hendingar og erfaringar har for dei som opplever dei, korleis desse hendingane blir forstått og eller blir fortolka av personen sjølv og av andre. Vanlegvis er det gjerne 15-20 kvalitative intervju i ein stor studie. – Vi skal ha 90 intervju, seier han og ler litt. Han legg til at han også skal bruke eit måleinstrument for å sjå kva endring som faktisk skjer i terapiane, og at dette skal støtte forståinga av intervjua. Det er mykje, men skal vi finne ut av kor tid endringa til pasienten skjer, så trur eg dette er måten å gjere det på. Vi må følgje både terapeuten og pasienten, og det er viktig å sjå utvikling over tid. Han er budd på at det blir ein krevjande prosess. – Vi veit jo for eksempel ikkje om pasientane vil fullføre behandlinga. Samstundes kan dei som eventuelt droppar ut også gje oss nyttig kunnskap om kvifor dei sluttar, og kvifor terapeuten ikkje lukkast i akkurat den prosessen. Det har vi for lite kunnskap om i dag. Men, det vi håpar å finne er det tidspunktet då endringa skjer, då pasienten går frå å lide til å få det betre. Truleg vil terapeuten og pasienten ikkje ha lik forståing av kva det var som førte til at det vart ein god prosess Det blir utruleg spanande å sjå på resultata av alle analysane når vi kjem så langt.

“Det må vere ein tillit mellom dei, og ei spenning mellom nærleik og empati på den eine sida, og perspektiv og fagleg forståing på den andre.”

17


habiliteringsarbeid for barn og unge Det er brei politisk semje om at habilitering er viktig. Likevel er det uklart kva desse tenestene skal innehalde, koordinering av tenestene er mindre god og status på arbeidet og pasientgruppa er låg. Kanskje det er kompleksiteten og utfordringa som har gjort at Rolf Horne vil bruke fleire år på å fordjupe seg i temaet som verkeleg engasjerer han. Tekst: Eva Marie Felde Til vanleg er han avdelingssjef for barneavdelinga i Helse Førde, inkludert for eit team som arbeider med funksjonshemma barn og unge i heile Sogn og Fjordane. No er han i gang med eit krevjande doktorgradsarbeid. - Gjennom jobben min ser eg tydeleg at det krevst mykje frå dei involverte når dei skal syte for eit likeverdig og koordinert helsetilbod for barn og unge med funksjonshemmingar. Det samla tilbodet til funksjonshemma er eit gjensidig ansvar for kommune og spesialisthelsetenesta. Erfaringar tilseier at arbeidet skjer i eit krevjande samspel, mellom anna fordi ansvaret er knytt til to sjølvstendige forvaltingsnivå og fordi det er eit tverrfagleg arbeid. Det er behov for meir innsikt i slike arbeidsforhold. Difor er det viktig for meg å bidra, seier Horne. Doktorgradsarbeidet hans handlar om samhandling mellom kommunale

18

tenester og spesialisthelsetenesta i habilitering av born. Habilitering blir brukt om fellesinnsatsen frå mange instansar rundt born som er fødde med ein sjukdom eller skade som gjev ei form eller grad av funksjonshemming. Det kan vere snakk om psykisk utviklingshemma born eller born med ulike muskelsjukdomar, medfødde misdanningar, cerebral parese eller andre gjennomgåande utviklingsforstyrringar.

tenestene utøvast. Det er naturleg å spørje etter mogelege forklaringar på dette, seier Horne.

Habilitering er i offentleg betyding eit tverrfagleg arbeidsområde der fleire aktørar og sektorar har ansvar for å yte tenester. Slik sett er det også samfunnet sitt bidrag til at barn med funksjonshemming får nytte sitt potensiale og delta sosialt. Med andre ord eit samansett og mangfaldig område å forske på.

Kva påverkar praksis?

Lite undersøkt

– Som Helsetilsynet i 2006 peika på, får ikkje borna den oppfølginga dei har krav på etter lovverket. Dette kan truleg forklarast på fleire måtar. Ut i frå formuleringar i offentlege dokument kan det i mange høve vere vanskeleg å avklare kva ansvar og oppgåver den enkelte instans har. I praksis er relasjonar mellom personar og organisasjonar, og kva som er mogeleg å få til i samarbeidet det viktigaste. Ulike menneske som arbeider saman har ulike oppfatningar, bakgrunnar og posisjonar. Eg ser på korleis det blir arbeidd med habilitering i praksis, og undersøker korleis meiningar og handlingar formar dette arbeidet. Formålet er å bidra til at praksisfeltet får større innsikt og t aktørane høve til å arbeide med endring og forbetring. Ei viktig drivkraft for meg

Horne fortel at det er gjort lite forsking på området som har med korleis det praktiske habiliteringsarbeidet blir utøvd. Kunnskap om samfunnsforhold og funksjonshemming og dei ulike skadane og medisinske problema som borna har finst det relativt mykje av. - I 2006 var det eit landsomfattande tilsyn av habiliteringstenestene, og resultata var nedslåande lesing. Tenestene varierte mykje og det var ikkje likeverdige tilbod. Det var manglar knytt til rutinar og tiltak som skal sikre planlegging, koordinering og oppfølging, og i praksis synte det seg at foreldra ofte overtok det offentlege ansvaret for koordinering. Helsedirektoratet peikar også på at det er personavhengig korleis

Direktør i Statens helsetilsyn, Lars E. Hanssen, sa etter tilsyna at det var for store skilnadar i tilboda i og mellom kommunar og spesialisthelsetenestene til at det kunne fortsetje. Rolf Horne er redd problemet ikkje let seg løyse av nye offentlege dokument og pålegg.

Nede på kontoret, i kjellaren på sjukehuset i Førde, driv Horne kontinuerleg arbeidet med å finlese lovverk, strategiar og planar som omhandlar habiliteringstenester og tidlegare forsking. Dei offentlege dokumenta dannar noko av bakgrunnen for avhandlinga.

Foto: Runar T. Hovland

i prosjektet er å arbeide med det som skjer i praksis, seier Horne om forskingsarbeidet som ligg føre han. Arbeidet med doktorgradsprosjektet, som er finansiert av Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Helsedirektoratet, Helse

Vest og Helse Førde starta Rolf Horne opp med i januar 2011. Han har allereie utarbeidd eit spørjeskjema, gjennomført fleire djupneintervju, og er i gang med å hente inn ytterligare informasjon frå foreldre, fagfolk og andre som er aktørar i habiliteringsarbeidet. – Det blir spanande å sjå kva erfaringar,

kunnskapar og tankar foreldre og fagfolk formidlar, avsluttar Horne.

ROLF HORNE er tilsett i Helse Førde og doktorgradskandidat ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, Universitetet i Bergen.

19


HANS JOHAN BREIDABLIK er fagdirektør i Helse Førde og doktorgradskandidat ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, Universitetet i Bergen. (Foto: Helse Førde)

jonen slik den er i dag, seier Breidablik. -Det er også viktig å ivareta stemmene til barn og unge, også i høve deira eiga oppleving av livet og kvardagane. Den beste måten å finne ut av dette på er å spørje dei, og få dei sjølve til å rapportere.

Ønske versus tilgang

folkehelse i sogn og fjordane Hausten 2011 har alle kommunane i Sogn og Fjordane vorte inviterte til å delta i ei kartleggingsundersøking av folkehelse hjå barn og unge. Målsettinga er å få oversikt over korleis helse, livsstil og levekår er for skuleelevar i 6. og 8. klasse, og kva faktorar som bidreg til å skape og oppretthalde eventuelle helseskilnadar i fylket. Tekst: Eva Marie Felde Måten vi gjer dette på no dreg også kommunane med i forskingsarbeidet. Mykje av jobben med å samle inn informasjon er lagt til kommunane sjølve, og det er folkehelsekoordinatorar og helsesøstrer i samarbeid med skulane som har teke på seg arbeidet med informasjon, samtykkeerklæringar frå foreldre og sjølve den praktiske gjennomføringa av spørjeundersøkinga lokalt, fortel Hans Johan Breidablik som samarbeider med fleire om prosjektet. Fylkeskommunen

20

er ein sentral samarbeidspartnar i prosjektet og finansierer også større delar. Prosjektleiar er professor Eivind Meland ved Universitetet i Bergen.

oversikt over helse og miljø i eigen kommune, fortel Breidablik. Han legg til at det også vil vere viktig å samanlikne resultata mellom kommunar.

I byte mot jobben får kommunane tilgang på essensielle data om folkehelsesituasjonen til bruk i eigen kommune. Når alle data er samla inn og analysert vil forskingsgruppa kunne gje svar på korleis situasjonen knytt til område som mobbing, rus, fysisk aktivitet, kostvanar, røyking, skule, trivsel og ei rekkje andre faktorar er, eller blir opplevd av elevane, i kvar enkelt kommune.

Breidablik, som til dagleg også er fagdirektør i Helse Førde, har arbeidd med og forska på folkehelse hjå born og unge i 15 år. Han har til saman hatt med over 6000 born i tidlegare slike kartleggingar. I den pågåande studien er målet å få med så stor del av desse elevane som mogeleg. - Det er om lag 1500 elevar på kvart klassetrinn i Sogn og Fjordane, og om ein kan få med 70 % eller meir av elevane i dei kommunane som deltek, vil det vere eit godt utgangspunkt.

Samhandlingsreform i kommunane - For kommunane er dette veldig viktig informasjon. I tråd med ny folkehelselovgjeving og samhandlingsreforma som trer i kraft 1. januar 2012, skal kommunane overta meir av ansvaret for folkehelsearbeidet. Dei blir også gjennom dette pålagde å skaffe seg

- Resultata av undersøkingane kan brukast til å planlegge og prioritere folkehelsetiltak. Treng vår kommune auka satsing mot mobbing, førebygging av rus eller må vi ta grep for å legge til rette for fysisk aktivitet? Skal kommunane klare å skape endringa eller utvikle noko må dei også vite noko om situas-

Sjølv om kommunane i utgangspunktet kan få svar på alt elevane er spurde om, fungerer det ikkje heilt slik i praksis. Forsking er regulert av eit strengt lovverk som skal ivareta personvernomsyn slik at anonymiteten for deltakarane vert ivaretekne på best mogeleg måte. Dette får innverknad både i høve innsamling, lagring og offentleggjering av data og analysar. I dette prosjektet blir alt innsamla materiale anonymisert, det vil seie at det ikkje skal vere mogleg for nokon, inkludert dei som forskar på materialet, å identifisere kven som har svart kva. - Dette betyr at dersom det er få elevar i klassane eller på skulen, kan ein ikkje alltid gjer ut analysane, fordi elevar står i fare for å bli identifiserte. Dette er ei

allmenn utfordring i forsking generelt, seier Breidablik. – Vi er avhengige av å ha tillit, så både elevane og foreldra må stole 100 prosent på at vi tek vare på anonymiteten. Når ein forskar på born og mindreårige må både foreldre og born samtykke til at informasjon og opplysingar blir samla inn.– Ei utfordring som gjeld all forsking, er at det ofte er vanskeleg å få informasjon frå dei som har ein vanskeleg livssituasjon. Og det er gjerne dei vi vil vite meir om, for å kunne betre situasjonen deira, seier Breidablik. Han understrekar at det er viktig å vere merksam på dette når ein tolkar resultata.

Viktig lærdom for kommunane - Å forske er ein læringsprosess. Det er ikkje slik at vi stiller eit spørsmål og på 1-2-3 så får vi svar. Gjennom dette prosjektet trur eg dei kommunane som er med får sjå kor omfattande og tidkrevjande det kan vere å kome fram til kunnskapen ein har behov for. Mange folk skal involverast, mykje logistikk skal falle på plass og det krevst både planlegging og koordinering. Det er

mykje rutinearbeid, og ofte kjedeleg arbeid for dei som bidreg i prosjektet. Lønn for strevet får ein først lenge etter, i form av ny kunnskap, seier Breidablik. Han har gjennom heile yrkeskarrieren forska på born og unge. Sett på helsetilstanden til skilsmisseborn, korleis ungdom på hybel klarer seg og korleis dei unge sjølve opplever eiga helse og trivsel. Som forskar må han vere tolmodig for å få framsteg og sikre kunnskapstilfang, og han har enno ikkje teke skrekken. Annakvart år dei neste seks neste åra er planen å undersøkje dei same elevane. Nysgjerrigheit er ei viktig drivkraft for at Breidablik alltid engasjerer seg i forsking. – Målsettinga er at vi ved å intervjue dei same ungdomane annakvart år fram til dei kjem opp i vidaregåande skule. Då kan vi kanskje få svar på kvifor nokon fortset i skulesystemet, medan andre droppar ut frå vidaregåande skule. Det vil vi gjerne vite meir om.

SAMHANDLINGSREFORMA OG FORSKING

Nytt i helse- og omsorgstenestelova § 8-3 er at “kommunen skal medvirke til og tilrettelegge for forskning for den kommunale helse- og omsorgstjenesten.” I henhald til Helse- og omsorgstenestelova § 6-2 nr. 7 skal kommunane inngå samarbeidsavtale om forsking, utdanning, praksis og læretid. Avtalane bør i henhald til den nasjonale retteleiaren frå Helse- og omsorgsdepartementet skildre: • • • • • •

Etablering av forskernettverk/samarbeidsfora for forskning og eventuelt innovasjon mellom aktuelle aktører. Oppgave- og ansvarsfordeling for eventuelle felles forskningsprosjekter. System for rapportering, formidling og implementering av forskningsresultater og ny kunnskap. Hvordan utdanningsbehovet i kommunen og i spesialisthelsetjenesten kan sees i sammenheng, herunder særlig følge og sikre at behovet for samhandling vektlegges i utdanning. Praksisplasser og praksisopplæring til studenter fra ulike utdanningstyper, inkludert samarbeid med definerte utdanningsinstitusjoner. Utdanningstilbud slik som felles etterutdanning, internopplæring og tilbud til lærlinger.

Kjelde: Samhandlingsreformen - Lovpålagte samarbeidsavtaler mellom kommuner og regionale helseforetak/helseforetak. Nasjonal veileder

21


førebygging endra skulekvardagen

pasienten som forskar

- Vi kan ikkje reparere og plastre oss ut av dårleg helse. Førebygging ved hjelp av fysisk aktivitet er noko av det viktigaste vi kan bidra med om vi ynskjer å halde oss friske, seier Geir Kåre Resaland. Gjennom doktorgradsarbeidet sitt sådde han spiren som gjer at ein skule i Sogndal har endra skulekvardagen til alle elevane.

Nærare 370 000 menneske i Noreg har KOLS, ein sjukdom som gjer skade på bronkiane og lungene. Den kroniske sjukdomen utviklar seg og gjev dårlegare lungefunksjon, og etterkvart ofte fysiske, psykiske og sosiale tilleggsproblem. Når Anne-Grethe Halding forskar på korleis desse pasientane har det og opplever rehabiliteringa, ynskjer ho at pasientane sjølv skal vere med og forske.

Tekst: Eva Marie Felde Forsking viser no at vi er for lite i bevegelse, at vi har for mange passiviserande former for skjermbasert og underhaldning og aktivitet som konkurrerer om tida vår, at vi køyrer for mykje bil og boltrar oss i overflod av mat. I kombinasjon er dette uheldig, og det går ut over helsa vår. Geir Kåre Resaland meiner vi må ta grep og drive førebyggande helsearbeid. Det er ikkje så rart at han valde å forske på fysisk aktivitet i skulen i sitt doktorgradsarbeid.

Skulen som forskingsområde I to år samanlikna han born i 4. og 5. klasse ved Trudvang skule i Sogndal og ein skule i Førde. I Sogndal hadde elevane 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag, medan dei i Førde heldt fram med den vanlege timeplanen. Gjennom perioden testa han kondisjon, tok blodprøver for å undersøke risikofaktorar for hjarte- og karsjukdomar, målte blodtrykk, vog og målte elevane. Resultata synte at borna ved Trudvang skule, som hadde mest fysisk aktivitet, hadde åtte prosent kondisjon enn borna i kontrollgruppa. – Dette er veldig mykje, for det er trass alt snakk om friske 8- og 9-åringar, fortel Resaland. Studien synte også at elevane ved Trudvang hadde positiv utvikling i fleire av risikofaktorane for hjarte- og karsjukdomar.

22

- For å få betre folkehelse er vi avhengige av å gjere noko i skulen. Det er den beste staden for å fremje gode aktivitetsvanar uavhengig av sosiale og økonomisk faktorar. Resultata synte også at det var dei borna som i utgangspunktet var i dårlegast form som hadde størst framgang. Altså stimulerer vi dei som trengt det mest.

Flinkare elevar For Resaland er det særs gledeleg å sjå korleis Høgskulen i Sogn og Fjordaneprosjektet har påverka skulen og ført til endring. – Det har blitt ein ny skulekvardag på Trudvang på grunn av forskingsprosjektet. Dei har til og med gjort tilpassingar som gjer opplegget endå betre, fortel han og siktar til timar som integrerer matte og engelsk med fysisk aktivitet. Det finst også andre skular som har opplegg med meir fysisk aktivitet, men ingen har systematisert det i så stor grad som ved Trudvang. Som ein bonus frå prosjektet er det verdt å ta med seg at også resultata på dei nasjonale prøvene skaut i veret etter under og etter forskingsprosjektet. Lærarar, foreldre og elevar rapporterer også om betre miljø, auka trivsel og nytt samhald i klassane. No testar Resaland elevane på nytt for å undersøkje langtidseffektane. – Det er få langvarige- eller oppfølgingsstudiar, og det er viktig å sjå på kva som skjer over tid, seier han. I tillegg til å ta blodprøve, teste kondisjon, måle blodtrykk og andre faktorar, skal elevane denne gangen også svare på spørjeskjema og gå med aktivitetsmålar i ei veke. Då får forskaren også svar på kor aktive ungdomane er elles i kvardagen.

Fleire med på laget I dag er over 18 prosent av jentene og 16 prosent av gutane i tredje klasse her i landet overvektige. Dårleg helse som følgje av overvekt og livsstilssjukdomar

påfører samfunnet milliardkostnadar i alt frå utbetaling av trygd, tapt arbeidsforteneste og andre konsekvensar. Det totale helsebudsjettet har på mindre enn 10 år auka med 72 milliardar kroner. Så forskaren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er ikkje den einaste som meiner at førebygging i skulen er vegen å gå. Han har det siste året fått eksplisitt støtte frå Den Norske Legeforeningen, Kreftforeningen og Nasjonalforeningen for Folkehelsen. Med oppstart av samhandlingsreforma i januar 2012 håpar Resaland at også kommunane ser at det er koma ei ny tid. – No GEIR KÅRE RESALAND er skal kommu- førsteamanuensis ved Høgnane ta ein skulen i Sogn og Fjordane større del av og forskingskoordinator i Helse Førde. (Foto: HSF) ansvaret for pasientane, og det vil dermed lønne seg for dei å satse på førebyggande folkehelse. Kommunane må etter kvart ta meir ansvar for innbyggjarane si helse. Eg trur det blir eit viktig insentiv som gjer at kommunane framover vil satse meir på førebygging. God folkehelse er alfa og omega på alle måtar. Uansett, Resaland er ikkje i tvil om kva framtida bringer. - Det finst i alle fall ingen argument for å ikkje få meir fysisk aktivitet inn i skulen. Om 10-15 år håpar han at vi skular med liknande opplegg over heile landet.

Tekst: Eva Marie Felde - Pasientmedverknad er utpeikt som eit viktig prinsipp i norsk helsevesen. Eg meiner at erfaringar frå pasientane er eit viktig bidrag som i større grad må vere med å utfylle fagkompetansen som vi helsearbeidarar sit på, seier Halding. Sommaren 2011 disputerte ho for doktorgrada si, der ho såg nærare på kvardagen og rehabilitering i livet til pasientar med KOLS. Mange KOLS-pasientar må få oksygenbehandling i heimen. Sjukdommen let seg ikkje kurere, men utviklinga kan bremsast, og personen sin livskvalitet kan bli betydeleg betre ved hjelp av pasienten sin eigeninnsats. - Doktorgradsarbeidet mitt har styrka mi tidlegare oppfatning av at pasientar med langvarig sjukdom sjølve sit inne med kunnskap som er heilt nødvendig for helsetenesta å ha. Målet med arbeidet er at slike erfaringar i endå større grad skal bli teke med som ein del av kunnskapsgrunnlaget for helsetenester til denne pasientgruppa. Det har vore svært lærerikt, spennande og utfordrande å utforske pasientane sitt perspektiv seier Halding.

- På tide å inkludere dei I sitt neste prosjekt ynskjer Halding å ta brukarmedverknaden eit steg lenger og inkludere pasienten i heile forskingsprosessen. – Vi er i oppstartsfasen, og planen er at dei skal vere med å bestemme kva spørsmål som skal undersøkjast, korleis vi kan finne dei beste svara, og i størst mogeleg grad vere med i datainnsamling og analyse. Målsettinga med prosjektet er å utforske korleis personar med langvarige og

samansette lidingar i dag vert følgt opp av helsevesenet og korleis dette kan bli betre, fortel ho. Liknande prosjekt der pasienten også blir ein forskar er tidlegare brukt i psykiatrien og sosialt arbeid, men lite i andre delar av helseforskinga. Halding meiner det er på tide at også pasientar med fysiske sjukdommar får vere med i ein større del av prosessen. – Det er vi som forskar på dei. Vi stiller spørsmåla, men det er jo ofte dei som sit på svara! Eg trur at vi ved å knyte forskingsprosessen tettare opp til pasienten vil få betre forsking. Spørsmåla våre blir gjerne betre, og då får vi kanskje i større grad også betre svar, som igjen kan føre til betre praksis. Det kan vere utfordrande å arbeide på denne måten, men eg trur vi få betre kunnskap av det. Anne-Grethe Halding er også leiar for Institutt for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og har i mange år undervist på høgskulen. Også i undervisinga må pasienten trekkast inn som ein ekspert, meiner ho. – Dei som har levd lenge med sjukdomen sin kan reflektere godt kring korleis det er å leve med sjukdomen og slik bidra med vesentleg læring for andre.

Gode erfaringar Akkurat no held ho også på med eit fagutviklingsprosjekt om oksygenbehandling i heimen. Saman med lærings- og meistringssenteret i Helse Førde, finansiert av midlar frå Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering, testar dei ut eit opplegg der kvar pasient har sin eigen oksygenperm. Det vil seie at

ANNE-GRETHE HALDING er førsteamanuensis og instituttleiar for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto: HSF)

all informasjon som helsepersonell kan trenge blir samla i ein perm pasienten har kontroll over. - Dette er eit utviklingsprosjekt som ser på korleis vi kan utvikle og forbetre ei teneste. Ved å vere med i fagutviklingsprosjekt kan eg knyte forskinga tettare til praksis slik at praksis i størst mogeleg grad vert kunnskapsbasert og til beste for pasienten, forklarar Halding. Halding trur at pasientar sitt erfaringsperspektiv kan bringe inn nye dimensjonar.– Vi som helsearbeidarar synes ofte å ha eit dominerande sjukdomsfokus, på sjukdomsutvikling, symptom, korleis den påverkar pasienten og liknande. Det som syner seg når pasientane deltek, er at dei gjerne vil ha meir fokus på det friske, og moglegheiter på trass av sjukdomen. Ho fortel om gruppesamtalar der pasientane heller enn å snakke om dei negative sidene av sjukdomen, vil dele erfaringar om kva dei gjer i kvardagen for å bevare helse og skape livslyst og glede. Kva aktivitetar kan dei halde på med? Kva kan lyse opp kvardagen? – Eg trur vi som forskar kan bli endå flinkare til å spele på pasientane sine ressursar, for det er slik vi får ut alt potensialet. Mi erfaring er at så lenge pasientane er friske nok og i form til å dele av sine erfaringar, så gjer dei det gjerne. Alle partar vil gjere det dei kan for at andre skal få god behandling og oppfølging, så vi må sleppe fleire til som forskarar, avsluttar Anne-Grethe.

23


Tekst: Eva Marie Felde

-

Vi skal sørgje for at kunnskap og erfaringar frå arbeid i heimetenestene og sjukeheimar blir delt mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Vi skal også bidra til fagutvikling på området og er på mange måtar ein støttespelar for kommunane, seier Marta Strandos.

– Når det gjeld fagutvikling og prosjekt generelt, kan vi bidra med mykje. Om ein kommune har eit godt prosjekt dei ynskjer å få midlar til, har vi god oversikt over kva og kvar dei kan søkje. Det er også blitt tydlegare frå dei som lyser ut midlar, at dei ynskjer at kommunane skal samarbeide med fleire kommunar og gjerne også med utviklingssenter eller andre. Vi arbeider med å få oversikt over aktuelle prosjekt som andre kan lære av, og så sit vi med mykje kunnskap om korleis ein best mogleg organiserer utviklingsarbeid, seier Strandos.

Kunnskap og erfaring Ho er utviklingskoordinator ved Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane, og sit på mykje informasjon som kommunane kan nyte godt av. Desse sentra, som finst i alle fylker, var opphavleg starta opp som Undervisningssjukeheimar. Då var fagutvikling og forsking i den enkelte Undervisningssjukeheim i fokus. Sakte, men sikkert er det frå nasjonalt hald lagt opp til ei sterkare fylkesrolle. Utviklingssenteret, som vart etablert i 2010, skal stimulere til samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, kommunar, fylke, helseføretak og stat.

pådrivar for kunnskap og kvalitet

Her i fylket er Førde vertskommune for utviklingssenteret, og målsetjinga er å inkludere heile Sogn og Fjordane. Sentra skal drive fagutvikling og samarbeide om forsking, eller til rettelegge for dette. I tillegg er dei aktive pådrivarar for kompetanseheving og rekruttering i helse- og omsorgssektoren. - Helse- og omsorgssektoren i kommunane har eit stort innovasjonsbehov framover. Når samhandlingsreforma no er på plass må kommunane handtere stadig fleire og meir komplekse utfordringar i kommunal sektor, og sektoren er særs stor og blir vel stadig større, seier Marta Strandos.

Eldre Den nasjonale strategien for Utviklingssentra har eit breitt perspektiv innan helse- og omsorg. Her i fylket har ein valt å halde fast på den opphavlege målgruppa, eldre. Strandos understrekar likevel at dei kan vere ein fagleg samarbeidspartnar for prosjekt knytt til andre brukarar i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

24

Foto: Runar T. Hovland

Dei faglege hovudsatsingane er innan demens, kultur og eldre, rehabilitering og kommunehelsetenesta som læringsarena. Demensomsorga har lenge vore eit viktig område, både fordi tal demente aukar svært mykje og dei komplekse problemstillingane i dette feltet . Toril Marie Terum har ansvar å koordinere kompetansehevingstiltak retta mot denne målgruppa, mellom anna ved bruk av Demensomsorgens ABC. – Hovudmålsettinga er å betre omsorgstilbodet til personar med demenssjukdom og deira pårørande, slik at familiane kan ha ein trygg kvardag med føreseielege tenester. For å oppnå det må det skje tiltak på fleire nivå, og vi legg til rette for at kommunar kan lære av kvarandre. Til dømes har Vågsøy omfattande kompetanse i kartlegging og Gloppen har ulike erfaringar med dagsenter. I Førde er det starta eit demensteam og ei ressursgruppe som legg vekt på kartlegging, dialog med pårørande og å sikre tilgjengelege og fleksible hjelpetilbod for brukarane, fortel ho.

Nettverk Det siste prosjektet er utvikla i nært samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, der førstelektor Toril Midtbø mellom anna ser på kontinuitet i tenestetilbodet til heimebuande demente. - Gjennom slikt arbeid får vi eit breitt kontaktnettverk, og vi får innsikt i korleis dei ulike kommunane arbeider og kva prosjekt dei er i gang med. Mange av personane vi møter er kunnskapsrike og har tankar og idear som også andre kan lære mykje av, seier

Terum, som også underviser på Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Utvikling = forsking Eit anna viktig fagområde for Utviklingssenteret er heilskapstenkinga kring helse hjå eldre, der samanhengen mellom kulturelt engasjement og helse står sentralt. Det har mellom anna resultert i at eldre i får tilbod om deltaking i ulike kulturelle aktivitetar. Arbeidet er også del av eit forskingsprosjekt. Aud Berit Fossøy ved Høgskulen forskar på kva betydinga kulturelt engasjement har for eldre, og eldre si helse. - Dette vil heve kunnskapen om bruken av musikk og musikkterapi i samhandling med ulike grupper eldre og om kultur som ein del av eldreomsorg. Etter prosjektslutt skal kompetansen kome heile fylket til gode gjennom nettverk for miljøbehandling i eldreomsorga, fortel Marta Strandos. Utviklingssenteret skal også samarbeide om forsking. – Vi har kunnskap om gode prosjekt og utviklingsarbeid, og nettopp slike aktivitetar er det viktig å forske på, slik at andre kan lære av det, seier Strandos. Utviklingssenteret har eit tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, som sit på viktig forskingskompetanse. I løpet av det neste året skal utviklingssenteret delta i fleire større forskingsprosjekt saman med andre utviklingssenter på Vestlandet. Eit prosjekt har som mål å betre tryggleik og helse for eldre, og skal kartlegge bruken av førebyggande heimebesøk hjå eldre. – Det er samla inn data frå kommunar i ulike deler av fylket, men vi treng betre oversikt. Vi treng også meir kunnskap om kartleggingsverktøy som er brukte, seier Strandos. Eit anna ser nærare på korleis ein kan utvikle tillitsskapande tiltak heller enn tvang i samhandlinga med overfor urolege og utagerande demente. Kompetansesenter for eldremedisin og samhandling i Helse Vest er ein sentral samarbeidspart i dette prosjektet – Vi ynskjer å inkludere fleire sjukeheimar rundt om i fylket for å gjennomføre desse prosjekta, seier Strandos.

25


Foto: Olav Reiakvam

Utdanning er ei av hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta. I Helse Førde er kompetansen i kontinuerleg oppbygging. Kvart år er det om lag 500 personar i utdanning, spesialisering, praksis eller turnustenestte. Mange er studentar, framtidige sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar, radiografar, bioingeniørar med meir.

26

I moderne undervisningslokale i Førde arbeider studentar og tilsette for å møte dine behov! Det er ei viktig oppgåve for Høgskulen i Sogn og Fjordane å bidra til at folk i fylket kan utdanne seg til den lokale arbeidsmarknaden. Ei sentral oppgåve er i tillegg å vinne ny kunnskap. Derfor har vi i samarbeid med Helse Førde etablert “Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane”. Høgskulen tilbyr Bachelorutdanningar som kvalifiserer til arbeid i helse- og sosialtenesta, og masterstudium retta inn mot både klinikarar og leiarar. For deg som ønskjer fagleg påfyll har vi ei rekkje vidareutdanningstilbod.

27


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.