Forskingstorg, 24. september i Førde

Page 1

Forskingstorg på Handelshuset, laurdag 24. september klokka 11 - 14 Kor går eigentleg smerteterskelen din? Veit du eigentleg kva smerte er og korleis kroppen kan lurast til å redusere smerte? Test ut kor smertegrensa di går med Professor Magne Flaten sitt vesle instrument for påføring av smerte. Professor Flaten har forska på smerte og placebo i 20 år. På laurdag kan du stille han dine spørsmål.

Sjekk forma di! I forskinga nyttar vi forskjellige metodar for å sjekke statusen på helsa. På forskingstorget kan du få prøve nokre av desse metodane og mellom anna måle kor mykje musklar og feitt du har på ulike delar av kroppen. I tillegg kan vi seie noko om di fysiske form i forhold til alder og kjønn. NB! Denne stasjonen er kun for vaksne.

Med synleg kraft mot usynlege krefter Bakteriar er usynlege for det blotte auge. Hendene dine kan sjå reine ut, men likevel vere forureina av sjukdomsframkallande bakteriar. Du får sjå korleis desse bakteriane ser ut og lære korleis du fjernar dei.

Prøv sveiseroboten Prøv ein sveiserobot i den innhaldsrike teknologitraileren til Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri. Her kan du også få prøve å styre robotar via PC.

...og meir til: Mellom anna forskjellige finurligheiter frå ingeniørutdanninga, seigmannspiralen og rebusløp. Velkomen store og små vitebegjærlege! Andre arrangement under Forskingsdagane, sjå helse-forde.no og hisf.no: - Rettleiingskonferansen 29. sep. i høgskulen sine lokaler i Førde. - Temakveld om etikk: eldre og medisinering, 29. sep., Førde Helsetun. - Fagdag, 30. sep., 16 føredrag over ulike emner, høgskulen og sentralsjukehuset.

Arrangørar:


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.