F&I magasinet -forsking og innovasjon i Helse Førde

Page 1

HAUST 2022 FORSKING OG INNOVASJON I HELSE FØRDE versågod Ta eit gratis eksemplar! helse-forde.no/innovasjon

møtte

Smart Care

fekk

AnsvArleg redAktør: Guro Mjanger redAksjon: Guro Mjanger, Marit Solheim, Gro Rukan, Julia Mørk og Thomas Vie Nordeide design: Trude Tenold/Univerket Innhald 3 Leiaren har ordet 4 Forsking på hjarterehabilitering 5 Visste du at 6 VR-teknologi for opptrening etter hjerneslag 7 Eit ekte virtuelt samarbeid 8 Helseforskinga sin spelande manager 10 Brubyggjaren i Vest 11 Smarte skap for trygg lagring 12 Ressurskart for innovasjon 14 Norse Feedback gjev pasientar ei hand på rattet 15 Norse DataCap – eit verktøy for datainnsamling 16 Psykologen som vart gründer 17 Demens råkar heile familien 18 Auka livskvalitet gjennom betre dialog 19 Meir treffsikker behandling for stomiopererte 20 Gründer
ny kunde på digital konferanse 21 Helseinnovasjonskonferansen i Førde 22 3D-Printing opnar for berekraftig innovasjon 23 Norwegian
Cluster 24 Fysioterapeuten som
ein god idé 26 Samarbeid på vegen frå nytt til nyttiggjort 28 Betre kontroll over eiga smertelindring 30 Drivkrafta bak utprøvande behandling 32 Gjev håp til kreftpasientar 34 Visste du at 35 Kontakt oss om du har ein god idé! 4 6 328 24 2 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Nyskaping er ikkje noko nytt hos oss

Visste du at det per no er seksten på gåande innovasjonsprosjekt i Helse

Førde? Og at vi i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet har mange dyktige forskarar i forskingsmiljøet Helseforsking Sogn og Fjordane?

Foto: Remi Rygg, Rakkar AS

Forsking og innovAsjon har pågått i fleire år i Helse Førde. Det er ikkje noko nytt hos oss. Allereie i 2003 vart første forskingsartikkel publisert. Og i 2019 delte vi ut dei første, interne innovasjonsmidlane. Det tek tid å byggje opp eit miljø for forsking og innovasjon. Nokre av dei flinke forskarane våre får du lese meir om her.

I Førde har vi eit forskings- og innovasjonsmiljø av topp kvalitet innan korleis tilpasse behandlinga til pasienten sin situasjon gjennom både dialog og tekno logi, der informasjon frå pasienten sjølv er sentralt. Vi har utvikla innovative løysingar som gjer kvardagen betre for både pasientar og helsepersonell – ikkje berre i vårt område, ikkje berre i Noreg, men og inter nasjonalt. Dette kan du lese meir om i magasinet. Det er ikkje tilfeldig. God forsking og nye og innovative måtar å levere helsetenester på dukkar ikkje opp ut av det blå. Det står eit solid fagmiljø bak; eit miljø som er målretta bygd opp gjennom fleire år, av forskarar og innovatørar med ein fot i utvikling og ein i pasient behandling.

Drivkrafta for dei fleste er ønske om å bidra til positiv endring.

Arve vArden

Kanskje er ikkje forsking eller gründertilværet noko for alle. Det tek tid, ressursar og krefter. Særleg å innovere i helsevesenet. Ein må navigere i komplekse strukturar og lange linjer, og mange ledd må involve rast. Og, det er strenge krav til nye løysingar. Ein slik prosess kan vere frustrerande og tidkrevjande, men drivkrafta for dei fleste er ønske om å bidra til positiv endring, finne nye og betre metodar og å tilpasse helsetenestene for framtida.

Vi i Helse Førde er opptekne av samarbeid. Samarbeid mellom helseforetak, utdannings- og forskings institusjonar, næringsliv og kommunane gjer at vi kan trekke ut det beste frå kvarandre. Slik er vi og med og skaper lokal og regional verdiskaping og attraktive fagmiljø. Ein kan gjere det greitt åleine, men det er saman vi blir gode.

Som øverste leiar er eg oppteken av å leggje til rette for at gode idéar kan utviklast til løysingar som kjem både pasientane og dei tilsette til gode. I dette maga sinet får du eit innblikk i nokre av desse løysingane. God lesnad!

Arve vArden Administrerande direktør i Helse Førde HF
3Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Med i internasjonalt forskarnettverk – med base i Førde

Det starta som eit brennande engasjement for oppfølging av hjartepasientar og har resultert i publikasjonar i anerkjende, internasjonale tidsskrift. Framleis håpar Irene Valaker å finne svar som kan sikre pasientane heilskapleg oppfølging

PROCARD

• Forskingsgruppa PROCARD, Patient-Reported Outcomes in Cardiology, er leia av professor Tone M. Norekvål ved Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitets sykehus, HVL og UiB.

• Målet er å fremje pasient sentrert pleie og behandling, der pasienten aktivt kan delta i beslutningar om eiga helse.

• Multisenter-studiet CONARDPCI har mellom anna undersøkt pasienterfaringar og sjølvrapportert helse hjå pasientar som har gjennomgått utblokking av hjartet sine kransårer – perkutan koronar intervensjon (PCI). Herunder kontinuitet og samanhengande helseteneste i etterkant av utblokking.

• Irene Valaker disputerte i november 2019. Doktorgrads arbeidet var finansiert av Høgskulen på Vestlandet.

– Målet hAr vore å finne ut korleis me kan styrke rehabiliteringa i tråd med pasi enten sitt individuelle behov, frå dei går ut sjukehusdøra og vegen vidare, forklarer Irene Valaker, førsteamanuensis ved Høg skulen på Vestlandet.

Helsetenestene framstod som fragmenterte og uoversiktlege etter at den høgteknologiske behandlinga var gjennomført.

Vegen vidare for pasientane Valaker er utdanna bedriftsøkonom med klinisk spesialkompetanse i kardiologisk sjukepleie og master i organisasjon og leiing.

– I tillegg til det kliniske aspektet, har eg alltid vore nysgjerrig på organisering av helsetenesta. Korleis helsetenesta er organi sert har nemleg mykje å seie for kvaliteten i det direkte møtet med pasienten, forklarer Valaker.

Med den breie kompetansen til grunn, var ho klar for eit djupdykk på feltet. Etter å ha forska på pasienten si erfaring med

kontinuitet og samanhengande helseteneste etter gjennomgått utblokking av hjartet sine kransårer (PCI), disputerte ho i 2019 med doktorgrada si.

– Nokon av dei mest sentrale funna var at pasientane var nøgde med den meir tekniske delen, men erfarte mangelfull informasjon og usikkerheit om livet vidare etter at dei kom heim frå sjukehuset. Helse tenestene framstod som fragmenterte og uoversiktlege etter at den høgteknologiske behandlinga var gjennomført. Til dømes manglande informasjonsflyt, uklare ansvars forhold og oppfølgingsavtalar, forklarer Valaker.

Store data og solide team Årleg får omlag 12 000 pasientar i Norge opna tronge eller tette koronararteriar ved hjartekrampe eller hjarteinfarkt. Dette prosjektet er ein del av ein stor oppfølgings studie, som følgjer over 3000 pasientar frå både Noreg og Danmark.

– Det er veldig spennande og inspi rerande å vere del av eit stort internasjonalt forskarnettverk, med utruleg mange dyktige folk, forklarer Valaker.

Forskingsprosjektet har nytta ulike metodiske tilnærmingar og særleg studien der vi intervjua personar som har gjennom gått utblokking om deira erfaringar har fått internasjonal publisitet og forskingspris.

– Funna frå prosjektet tyder på at det er behov for tydelegare strukturar og system på tvers av tenestenivå. Funna synte at fleire pasientar mangla informasjon om naudsynte

4 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Irene Valaker er i dag tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde, og er emneansvarleg innanfor helsefremjande og føre byggjande arbeid.

livsstilendringar, medikamentell behand ling og oppfølging i primærhelsetenesta etter utskriving.

Forsking som grunnlag for læring I dag rettleier Valaker studentar på både bachelor-, master- og doktorgradnivå. Her kjem funn frå forskinga til sin rett.

– Me har studentar i praksis på ulike hjarteavdelingar, og alt me underviser i skal vere forskingsbasert. Også i direkte møte med pasientar kan ein nyttiggjere seg av forskinga.

Vil utvikle meir fleksibel rehabilitering Sjølv om doktorgrada er avslutta, er Valaker framleis aktiv i forskings prosjektet. Gjennom seminar, samlingar og digitale møteplassar, har ho frå Førde funne sin plass i det internasjonale forskarmiljøet.

– Me har jamlege samlingar, der me diskuterer vidare utvikling av prosjektet. Det har mellom anna resultert i tiltak for å inkludere fleire i hjarterehabilitering. Som eit supplement til eksisterande rehabilitering, vonar me å nå større pasientgrupper, til dømes i distrikta, med målretta, digital oppfølging. Saman med fagfolk frå Helse Bergen, Helse Førde, primærhelsetenesta, brukar representantar og fleire andre utviklar vi no eHjerteRehab, som er digitalt støtta rehabilitering tilpassa den enkelte. I dette innovasjonsarbeidet har vi fått støtte frå Helse Vest og InnoMed.

visste du At...

Helse Førde har bidratt til 16 nye stillingar innan helseteknologi?

Det per august 2022 er 16 pågåande innovasjonsprosjekt i Helse Førde?

Tolketenesta Salita er skapt i samarbeid med Helse Førde?

Verdas første digitale tilbakemeldingssystem til bruk innan stomi er laga i Helse Førde?

Helse Førde var det første helse­

foretaket i Helse Vest som begynte med digital patologi?

Helse Førde årleg delar ut interne innovasjonsmidlar og forskingsmidlar?

5Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Motiverande trening etter hjerneslag

Stine Solvik og Jeanette Svarstad såg at hjerneslagspasientar lett kan bli demotiverte ved lengre rehabiliteringsopphald. No brukar dei VRteknologi for å auke motivasjonen og meistringsfølelsen.

– ...du Får ei verkelegheitsflukt, ikkje sant, sånn som på kino der du er heilt vekke ein time, og det er det her og. Du er vekke frå alt. Du er inne i ei ny verd og får nye impulsar, og du blir jo eigentleg lurt til å gjere ting som ligg djupt i deg.

Det fortel ein av pasientane Jeanette Svarstad og Stine Solvik, begge spesial fysioterapeutar i Helse Førde, har behandla med VR i tillegg til tradisjonell behandling.

– Vi inviterer pasientane inn i ei ny og virtuell verd og tilbyr ei flukt frå sjukehus veggane. Dei får auka motivasjon, engasje ment og kjensla av å kjenne seg frisk, fortel Svarstad.

Rehabilitering etter akutt hjerneslag krev nettopp høg motivasjon til intensiv trening, og for mange pasientar er dette

ein utfordrande og tidkrevjande prosess.

– Motivasjon er viktig for god fram gang, og vi kjenner på det når pasientane er demotiverte. Det betyr mykje for oss at vi får ut potensialet deira. Vi ser at dei blomstrar, fortel Solvik.

Går inn i si eiga boble

Det heile starta med eit prosjekt for å teste ut VR til opptrening av denne pasientgruppa og finne ut korleis dei opplevde å trene opp balanse, hurtigheit, koordinasjon og armfunksjon, og om dette bidreg til å styrke motivasjonen for trening. Behandlinga går ut på at pasientane speler eit spel medan dei har på seg VR-briller, og bruker hand kontrollar for å slå boksar i takt med musikk.

– Alle pasientane som var med i

REHABILITERING MED NYE AUGE

Prosjektet er eit forbetringsprosjekt i Helse Førde i samarbeid med Helse Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest IKT. Prosjektet fekk såkorn midlar frå Helse Vest i mars 2020, og har også fått interne innovasjons midlar frå Helse Førde. Scan QR-kode for film om prosjektet.

Du er inne i ei ny verd og får nye impulsar, og du blir jo eigentleg lurt til å gjere ting som ligg djupt i deg.

pAsIent

prosjektet opplevde VR-treninga som særs engasjerande, motiverande og nyttig. Dei gjekk inn i si eiga boble der tid og stad blei noko utanfor det normale, seier Svarstad.

Motivert av konkurranse og opplevd framgang Pasientane opplevde meistring og fram gang som var synleg for dei sjølve og behandlarane.

– Til dømes spelte alle sitjande under den første økta, og hadde vanskar med å meistre oppgåva. Til slutt spelte alle utanom to oppreist, seier Svarstad.

VR vekka også konkurranseinstinktet hjå mange av pasientane.

– Dei blei motiverte av å konkurrere mot sin eigen poengsum. Det som betydde mest var å sjå ei reell endring i rørsleevne, seier Svarstad.

Målet er no at fleire behandlarar skal bruke VR som ein del av sin kliniske praksis.

– Prosjektet har blitt teke kjempegodt i mot av leiinga og på avdelinga. Mange synest det er veldig spanande og er veldig klare til å setje i gong og prøve sjølv, seier Svarstad.

tekst: Thomas Vie Nordeide Foto: Rakkar AS
6 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Eit ekte virtuelt samarbeid

Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Helse Vest IKT jobbar med å bygge opp eit kompetansemiljø innan virtuell verkelegheit (VR) i Førde til beste for pasientar, tilsette og studentar.

tekst: Thomas Vie Nordeide

David Zadig

– vi hAr så vidt byrjA å ta i bruk nokre av moglegheitene som ligg i VR-teknologi. For å få styrke i arbeidet er det viktig å hente ut synergiar av den samla kompe tansen som finst lokalt og regionalt. Saman kan vi bygge opp gode tilbod som vert aktivt brukt.

Det seier Jeanette Svarstad, prosjekt leiar for VR-satsinga i Helse Førde. Interessa for VR og korleis vi kan bruke denne teknologien som ressurs i helsetenestene innanfor behandling, ferdigheitstrening og utdanning har vakse dei siste åra. No etablerer Helse Førde, Helse Vest IKT og HVL eit samarbeids prosjekt for å skape eit kompetansemiljø innan VR i Førde.

– Engasjementet er stort, og både Helse Førde og HVL har kjøpt inn mykje utstyr for å satse på denne teknologien både til undervisning, opplæring og pasi entbehandling. Ved å samarbeide blir det meir krutt i satsinga, seier ho.

Gjev studentane fortrinn

For høgskulen er det viktig å utdanne til eit framtidig arbeidsliv der mellom anna ulike teknologiske løysingar vil vere ein del av ein ny måte å tilby helsetenester på. Difor satsar HVL på VR-teknologi både til simuleringstrening og til helse fagleg undervisning. I tillegg til mykje bra VR-utstyr på helsefag, har HVL investert i ein eigen læringslab der studentar og til sette på tvers av fag kan låne ulikt tekno logisk utstyr til bruk i sitt arbeid.

Ved å samarbeide blir det meir krutt i satsinga.

– Sjukepleiarstudentane får ferdig heitstrening som er verdifull når dei skal jobbe med verkelege pasientar, og i eit tredimensjonalt utsnitt blir det mykje meir verkelegheitsnært innan til dømes anatomi i undervisninga. Ein får visualisert og simulert, noko som bidreg til auka forståing av pensum, seier Svarstad.

– At dei vert betre kjende med og tryg gare på VR-teknologi, vil også gje dei eit fortrinn i arbeidslivet der kravet til inno vativ, berekraftig og utradisjonell tenking blir stadig viktigare, seier ho.

At høgskulen også har eit inter nasjonalt forskingsmiljø på robotikk ved Campus Førde er det ikkje alle som veit. Teknoløft Sogn og Fjordane er ei robotikk satsing på Campus Førde, og har tung kompetanse på sitt felt. Dei bidreg med teknisk kunnskap og erfaring i program mering av VR/AR briller. For studieåret 2022/2023 er det også tilsett ein trainee som kjem til å jobbe fokusert mot helse og robotikk.

Teknologirom i Helse Førde

Helse Førde bygger opp eit eige teknologi rom for VR- og spelbasert rehabilitering. Her skal tilsette og studentar i helsefagleg praksis kunne bruke ei spelbasert til nærming i alliansebygging, rehabilitering og til å legge til rette for ein pause frå sjukehuskvardagen for pasientar.

– Eg opplever at Helse Førde er ein framoverlent arbeidsgjevar der leiinga er opptatt av samarbeid med omgjevnadane og av å ta i bruk moderne teknologi for å løyse oppgåver i framtida. Her får vi rom til å prøve ut nye ting. Med alt som føregår her er det morosamt på jobb!

Foto:
JeAnette svArstAd
Jeanette Svarstad er spesial fysioterapeut og prosjektleiar for VR-satsing i Helse Førde
7Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Helseforskinga sin spelande manager

Blant dei som har bygd opp helseforskingsmiljøet i Førde er det få som har gjort meir enn John Roger Andersen. Hos han finn du eit engasjement for å forbetre kvaliteten på helsetenester gjennom pasientane sine eigne vurderingar, og eit brennande ønskje om å bygge opp neste generasjon forskarar.

– vi er no blant dei leiande i verda på å forske på korleis vi kan tilby gode helse tenester innan fedmekirurgi, stomi oppfølging og pasientrapporterte data innanfor psykisk helse og rus.

Det fortel John Roger Andersen, forskingskoordinator i Helse Førde og professor i sjukepleievitskap ved Høg skulen på Vestlandet (HVL).

Saman med Marit Solheim, forskings leiar i Helse Førde og for Helseforsking

Sogn og Fjordane, har Andersen vore sen tral i oppbygginga av helseforskingsmiljøet rundt Helse Førde og høgskulen.

– Det å skipe eit forskingssamarbeid mellom dei to institusjonane har vore vesentleg for å komme dit vi er i dag. I senteret Helseforsking Sogn og Fjordane har vi eit felles forskings- og innovasjons miljø, felles forskingsgrupper og mange i miljøet har stilling både i Helse Førde og på høgskulen, seier Andersen.

Miljøbyggarane fann tidleg ut at nøkkelen låg i å bygge vidare på nisjane vi allereie var gode på i Førde.

– Derfor starta vi med å bygge opp forskinga rundt fedme og psykisk helse og rus, seier han.

Han fortel at det ikkje har mangla på støtte frå Helse Førde, og at leiinga har vore viktige i oppbygginga av forskingsmiljøet.

– Eg, Marit og alle forskarane har fått veldig god oppbacking. Dei har heile

John Roger Andersen delar av sin kunnskap på eit seminar i Kalvåg med forskarar, doktorgradsstipensdiatar og leiarar. Foto: Julia Mørk
8 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

tida vore der med både finansiering og forståing. Ny innsikt og nye løysingar vert godt implementert i heile organisasjonen, seier han.

Pasienten si stemme gir retning

Andersen brenn for at tilbodet til pasient ane skal bli betre, og for å kunne gjere det, treng vi pasientane sine eigne vurderingar. Han har arbeidd mykje med å utvikle kvalitetsindikatorar og spørjeskjema der pasientar sjølve uttrykkjer seg, og arbeidd med å sikre at desse verktøya har høg vitskapleg kvalitet.

– Det er utruleg viktig at pasientane sine stemmer kjem fram, og dette er også ein måte å gjere pasientane meir delaktige i eiga behandling på. Jo sikrare vi kan vere på desse data, jo meir treffsikre kan vi vere når vi jobbar med å forbetre helse tenestene, seier han.

Andersen sitt arbeid innan måling av livskvalitet, slik at ein kan måle kvalitet i behandlinga etter fedmekirurgi, står høgt. Saman med mellom andre Villy Våge, tid legare overlege og kirurg i Helse Førde, og leiar for Norsk kvalitetsregister for fedme kirurgi, har han utvikla spørjeskjemaet Patient-Reported Outcomes in Obesity (PROS). Dette vert gitt til alle fedme opererte i Noreg.

– Det vert no brukt i nasjonale kvalitets register i Noreg, og er omsett til engelsk, portugisisk og tyrkisk, så vi nærmar oss snart ein halv milliard menneske som kan bruke det skjemaet, seier Andersen.

Framtida ligg i geriatrien

Han har også arbeidd tett saman med fag miljøet innan eldremedisin for å etablere og vidareutvikle to kvalitetsregister sånn at vi får kunnskap om korleis tenestene fungerer og dermed kan forbetre dei.

– Eg meiner at innanfor helseforskinga så er geriatrien den nye vinen. Det er så

viktig, og det er heilt avgjerande at vi no får fleire legar og sjukepleiarar og andre som spesialiserer seg i dei eldre, seier han.

Bygger opp framtidas forskarar Andersen tenkjer langsiktig. Det er ikkje nok at vi er gode i dag. Vi skal heile tida bli endå betre.

– Skal vi ha eit forskingsmiljø som også i framtida gjev betre kvalitet på helse tenestene, må det bli endå meir robust og vi treng mange fleire tilsette med doktorgrad enn i dag, seier han.

Andersen står bak mykje av arbeidet med å byggje opp den neste generasjonen forskarar. Han har mellom anna vore rett leiar for ni doktorgradsstudentar, og tek ein med alle han har vore rettleiar for på alle nivå, frå bachelor og oppover, kjem ein til fleire hundre.

– Det er kjekt å sjå når dei går frå å vere lite erfarne til å bli veldig kompetente. Det gjeld å spele andre gode og bygge opp våre eigne. Viss du vil ha ein karriere som forsk ar, så er det forferdeleg kjekt og givande. Eg anbefaler det på det sterkaste, og tilsette som har lyst til å forske kan kontakte oss og vite at vi er fleire som kan hjelpe dei på vegen, fortel han.

Av same grunn har det vore viktig for Andersen å tidleg involvere framtidas helsepersonell, dei som i dag er studentar, i forskingsprosjekt. Både bachelor- og

Å forske er litt som å byggje ein katedral. Ein blir ikkje ferdig med det første.

masterstudentar får dermed tend interessa tidleg og får erfaring og blir ressursar.

Det som betyr mest for Andersen er at forskingsmiljøet har klart å byggje bru mellom forsking og klinikk.

– Det handlar ikkje berre om å forske, men at det får direkte betyding for pasientar og helsepersonell, også i framtida. Å forske er litt som å bygge ein katedral. Ein blir ikkje ferdig med det første. Derfor er det så viktig å tenke langsiktig. Det skal komme nokon etter oss, og det å bidra til å utvikle den neste generasjon forskarar, dei neste katedralbyggarane, er derfor noko av det viktigaste vi gjer.

RANDI JEPSEN

Randi Jepsen, PhD, er prosjektleiar ved Nykøbing Falster Sygehus og seniorforskar på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Eg var den første som John Roger var PhD-medrettleiar for.

Eg vil trekke fram at han har ei evne til å inspirere med si levande interesse for ny viten. John Roger si forsking og rettleiing ber preg av ein djup respekt for andre menneske, enten det er pasient grupper, samarbeidspartnarar eller studentar. Han er ein dyktig forskar, flink til å lære frå seg og god til å etablere samarbeid med andre forskarar. Han har ein smittande ro som er god for ein stressa PhDstudent.

KIRSTEN LERUM INDREBØ

Kirsten Lerum Indrebø, stomi- og kontinenssjukepleiar i Helse Førde og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet

John Roger er som rettleiar kunn skapsrik og lett tilgjengeleg for å diskuterer faglege problemstillingar.

Han er flink til å lytte og gje konkret rettleiing og til å motivere til vidare innsats og finne løysingar når det «tårnar seg opp med utfordringar».

For mitt prosjekt har det vore av gjerande at han ikkje berre har høg kunnskap om forsking, men også når det gjeld moglegheiter innan bruk av digitale verktøy, og at han har god innsikt i den kliniske sida av prosjektet.

Fot o : D a v i d Z a d gi
SAGT
OM
JOHN
ROGER ANDERSEN
John Roger Andersen
Foto : Kristi n e oFdnall oto : D a v i d gidaZ 9Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Kunnskapsparken Vestland Brubyggjaren i Vest

Går du rundt med ein god idé og uforløyst mot til å realisere den? Kunnskapsparken brenn for at idéar skal finne vegen frå kreative sinn til kommersielle marknader.

tekst: Randi Myklemyr, Gasta

Foto: Falkeblikk AS

vi jobbAr For at så mange idéar som mogleg skal kunne sjå dagens lys og bli realisert, forklarer Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken Vestland.

Kunnskapsparken Vestland er Helse Førde sin kommersialiseringsaktør, og er involvert i fleire av innovasjonsprosjekta i foretaket.

– Helse Førde har jobba målretta med å skape kultur for innovasjon dei

seinare åra, og det er kjekt å få kunne bidra i det arbeidet, seier Kvåle.

Kjenner sjølv best kvar skoen trykker

I Helse Førde kan legar, sjukepleiarar, studentar og andre fagfolk sjå behov og potensiale for betring i sitt daglege arbeid. Det kan vere utgangspunkt for utvikling av nye løysingar og verktøy, som i nokre tilfelle har eit kommersielt potensial.

Kvåle meiner det er viktig å legge til rette for at gode idéar med eit kommersielt potensial får moglegheit til å bli meir enn berre gode idéar.

– Difor ønskje me å fange opp desse idéane og peile dei vidare i prosessen inn mot riktig miljø. Slik kan det resultere i nyvinningar som heile Helse Noreg kan dra nytte av - kanskje til og med helse aktørar utanfor landegrensene, forklarer Kvåle.

Helse Førde har jobba målretta med å skape kultur for innovasjon dei seinare åra, og det er kjekt å kunne få bidra i det arbeidet.

Får idéen på rett kurs Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og Kunnskapsparken Vestland har i ei årrekkje jobba tett saman for å auke innovasjons takten i helsesektor og akademia.

– Utan midlar, tid og kunnskap stoppar det heile på idéstadiet. Me ønskjer difor å vere med å realisere forskingsprosjekt og skape kommersielt potensial for dei gode idéane, seier Kvåle.

Gjennom samarbeidet har dei tre partane no rigga eit solid nettverk for innovasjon og forsking.

– Det er spennande å bidra til auka innovasjon blant både studentar og tilsette. Helsesektoren har lang tradisjon for systematisk arbeid med kvalitet og forbetring, og her er mange gode problem løysarar. Difor er det kjekt å kunne bidra som brubyggjar og rettleie idéhavarar på vegen vidare.

kJetIl kvåle
Jøril Hovland og Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken Vestland.
10 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Smarte skap for trygg lagring

Florø-bedrifta Safe Storage testar ut digitale smartskap på Førde sentralsjukehus. Målet er å gi sjukehuset full kontroll over eigen lagerstatus, samt uttak og returar.

synleggjere korleis smartare og tryggare lagring kan frigjere helsehender, samstundes som det sparar sjukehusa for både tid og ressursar.

Det seier Stein-Asle Øvrebotn, leiar for gründerselskapa Retrams og Safe Storage.

Vegen gjennom nålauget

Satsinga inn mot helsesektoren skaut for alvor fart då selskapet Retrams vann eit innovasjonspartnarskap med Helse Bergen. Målet var å utvikle ei løysing som sikra sjukehuset identifisering og oversikt over alle enkeltinstrument i sterilforsyningssløyfa på Haukeland Universitetssjukehus. Den vesle bedrifta gjekk heilt til topps i knallhard konkur ranse med mange større aktørar.

– Vi er veldig glade for at dei vog verdien av eit lite selskap like tungt som dei store aktørane der ute. Det syner at vi har klart å forstå kunden og løyse behovet deira, seier Øvrebotn.

Med pasienttryggleik i høgsetet Helse Førde fatta interesse for løysinga til Retrams og melde seg som føljefore

tak for satsinga i Bergen. Øvrebotn har mange jern i elden, og satsar også på andre produkt i eit anna selskap; Safe Storage. I dag testar medisinsk sengepost i Helse Førde ut digitale skap til oppbevaring av narkotiske stoff.

– Dei tilsette i Helse Førde set på verdifull kunnskap som er naudsynt for oss i utviklinga av skapa. Dei gir oss eit innblikk i kvar skoen trykker, så utvekslar me idéar og kjem fram til gode løysingar for vidare testing, forklarer Øvrebotn, og utdjupar:

– Målet er at effektivisering og trygging av uttak og retur, skal kome pasienten til gode. Betre kontroll over lagerbehaldninga reduserer eventuell nedetid som følgje av manglande varer. Då blir det meir tid til nettopp pasienten. Øvrebotn presiserer at smartare lagring også legg til rette for gjenbruk.

– Automatisk loggføring av uttak og returar, reduserer sjansen for at noko forsvinn. Mindre svinn er gode nyhende for både økonomi, miljø og pasient tryggleiken.

Styrken i å søkje samhandling

Retrams starta som ei to-mannsbedrift, og har i dag har bygd opp ein solid stab med brei kompetanse. Øvrebotn rosar nettverk og samarbeidspartnarar for at dei har kome seg opp og fram.

– Eg plar seie at medan andre samlar på frimerke, så samlar eg på logoane til våre samarbeidspartnarar. Det kjekkaste er brubygginga som oppstår når ein får ulike partar til å prate i lag.

I tillegg til å samarbeid med lokale forskings- og inkubatormiljø, ser Retrams stor nytteverdi i å opne dørene for studentsamarbeid.

– Dei siste åra har me jobba med 14 studentar, på bachelor- eller master nivå. Studentane tilfører nytenking og kunnskap, rett frå skulebenken, forklarer Øverbotn.

– Å halde seg oppdatert og innhente nye perspektiv er ein føresetnad for vidare innovasjon. Ein blir aldri utlærd. Byggjer bru mellom helse og industri Med erfaring frå industrien, har steget over i helsesektoren vore eit viktig grep for Retrams.

– Ein ser fleire likskapstrekk mellom behova i helse- og industrisektoren. Difor er det viktig at vi byggjer bruer, så ein kan nyttiggjere seg av kvarandre sin kunnskap og erfaring.

Han viser til at samarbeidet mellom lokale helseforetak, forskingsmiljø og akademia har vore heilt avgjerande.

– Vi har jobba tett opp mot både Helse Bergen, Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Gjennom denne kunnskaps delinga spelar vi kvarandre gode og byggjer robuste fagmiljø i eigen region.

Etter alt å døme kan samarbeidet bere fleire frukter i tida som kjem.

– Vi har ein søknad inne hjå forskings rådet, på robotikk som skal handtere utstyret ut og inn av sterilforsyningskjeda, også her med Helse Førde som samarbeidspartnar.

– vi vil
tekst: Ragnhild Myklemyr, Gasta Foto: Gro Rukan Uttesting av skap på medisinsk avdeling. Frå venstre: fagsjukepleiar Marny Alice Solhaug Pettersen, sjukepleiar Bettina Varden og Stein-Asle Øvrebotn, dagleg leiar i Retrams / Safe Storage Stein-Asle Øvrebotn, CEO Retrams
11Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Ressurskart for innovasjon

For innovatørar i helsesektoren kan det dukke opp mange spørsmål om kva ressursar ein har å spele på, og korleis innovasjonprosessen foregår. I Helse Førde har vi laga nokre «vegvisarar» som kan gje deg litt nyttig informasjon.

utArbeidA Av Runar Tengel Hovland og Julia Mørk

RESSURSKART

Ressurskartet finn du og på helseforsking.no. Det er eit interaktivt kart – trykk på dei ulike boksane, så får du meir utfyllande informasjon.

I tillegg finn du ei innovasjonsløype, slik den kan vere, og ein vegvisar i prosjektleiing.

Innovative anskaffingar/ Nasjonalt program for leverandørutvikling

Pasientutval

Stimulab

KOMPETANSE

Kven kan bistå med kompetanse?

Seksjon for forsking og innovasjon

12 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Europa

Vestland

FINANSIERING

Korleis kan prosjektet finansierast?

Ekstern finansiering

Regionale forskingsfond Vestland

Intern finansiering

Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane

Ressurskartet viser ei oversikt over nokre av dei ressursane som kan vere relevante for deg – enten det gjeld kompetanse eller finansiering.

Brukarorganisasjon Horisont
Horisont
Pilot
Helse
Samarbeidsmidlar Såkornmidlar
InnovasjonsmidlarInnovasjonsmidlar
13Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

EIT LEVANDE HJELPEMIDDEL

• Norse-metoden er utvikla av Christian Moltu og psykolog Sam Nordberg.

• Bak kvart spørsmål ligg det solid forsking, og pasientar og behandlarar har vore involverte heile vegen.

• Systemet er algoritmestyrt og sanntidsoppdaterande. Det betyr at det lærer, at det er «levande»: Spørsmåla vert tilrettelagt den enkelte, og systemet lærer av svara til den einskilde pasient og tilpassar spørsmåla pasienten får.

• Systemet har utspring i Helse Førde og i forskingsgruppa som Moltu leiar.

• Norse-prosjektet har brukt 50 millionar kroner på forsking, og 40 millionar til teknologiutvikling.

• Gjennom ei distribusjonsavtale med det amerikanske selskapet Mirah leverer no Norse Feedback til psykisk helsetenester i NordAmerika. Norse vert også prøvd ut i det verdsomspennande journalsystemet EPIC gjennom ein pilot i den amerikanske helse organisasjonen Reliant Medical Group.

Film om Norse Feedback

Norse Feedback

Gjev pasientar ei hand på rattet i behandlinga

Christian Moltu og Samuel Nordberg fekk ein idé til eit system som gjev pasientar innan psykisk helsevern meir medverknad i eiga behandling.

No hjelper løysinga pasientar både i Norge og internasjonalt.

tekst: Thomas Vie Nordeide Foto: Christian Moltu og David Zadig

– då eg byrjA som psykolog, såg eg at mange blei tilvist til behandling for andre, tredje og fjerde gong. Det var eit klart behov for noko som kunne bidra til at behandlinga klaffa fortare, seier Christian Moltu, psykolog og fagsjef på psykiatrisk klinikk i Helse Førde og professor i klinisk psykologi ved Høgskulen på Vestlandet. Som forskar trengde han eit tilbake

Viss vi skal ha berekraftige helsetenester inn i framtida må vi våge å utvikle oss og endre oss.

meldingssystem som kunne følgje med på om behandlinga fungerte. Moltu og kollegaen Samuel Nordberg hadde tenkt å ta i bruk eit amerikansk system som var designa for forskarar, men som ikkje var heilt passande for deira behov.

– Vi vurderte å bruke det, men vi såg at den amerikanske kulturen ikkje ville passe for norske forhold. Vi var lilleputtar, og dei var ekspertane. Då tenkte vi at viss det er sånn det skal vere, så lagar vi noko sjølv som faktisk fungerer, noko som har fokus på pasientane sine behov og gjev moglegheiter for at dei får meir å seie i behandlinga, fortel Moltu.

Dette var startskotet for forskings prosjektet som la grunnlaget for Norse Feedback, verdas første dynamiske

persontilpassa kartleggings- og samtale verktøy innan psykisk helse og rus. Auka brukarmedverknad Med løysinga kan pasientar bruke nett brett, mobil eller PC heimanfrå til å svare på spørsmål om korleis dei har det før dei skal til behandling. Behandlar får opp svara før konsultasjon og kan tilpasse behandlinga, gå rett på sak og unngå å bruke tid på ting som ikkje er viktige for akkurat den pasienten. Behandlinga blir meir treffsikker og ein kan justere kursen om den ikkje gjev ønska effekt.

Det gjer også at pasientane kan med verke meir i eiga behandling.

– Pasientane kan få satt ord på sin eigen situasjon, blir betre sett og høyrd og får rett og slett ei hand på rattet i behandlinga. Gjennom ei styrka og meir aktiv pasientrolle kan vi verkeleg endre helsesystema, seier Moltu.

Frå idé til team

Idéen som starta med Moltu og Nordberg la grunnlaget for å danne selskapet Norse Feedback i 2018. Teamet har vakse og består no av mellom anna forskarar, rådgjevarar, praktiserande klinikarar og teknologi- og implementeringsspesialistar.

– Dei første tre-fire åra med utviklinga av selskapet var utfordrande, men også veldig spennande. No har det bygd seg opp til eit selskap med 16 tilsette Desse har vore, og er, vesentlege for selskapet, seier han.

I tillegg til å skape bedrift er det eit aksjonsforskingsprogram knytt til Norse Feedback. Her er det mange doktorgrads

Idéen til Norse Feedback vart klekt rundt kjøkenbordet, og vidareutvikla i mange kreative workshops. På bildet ser vi Samuel Nordberg. Foto: Christian Moltu.
14 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

studentar, postdocar, og professorar frå inn –og utland som er aktive i ei rekke forskingsprosjekt.

– Dei arbeider med alt frå utviklingsog implementeringsforsking til data modellar, og er heilt sentrale for forskinga som ligg i botnen, seier han.

Ut i verda

Også det store utland har fatta interesse for løysinga.

– Verktøyet vert no brukt av helse foretak, , kommunehelseteneste, student samskipnader og private klinikkar rundt om i landet, og er også i bruk i USA, Storbritannia og Irland. Systemet skal snart lanserast i Sverige, seier Moltu.

Sjølv om løysinga blei utvikla til bruk innan psykisk helse og rus, ser ein potensialet i at det også kan hjelpe andre pasientgrupper. Plattforma Norse Feed back kan tilpassast ulike pasientgrupper, og det er allereie laga modular til bruk innan oppfølging av fedmeopererte, og stomipasientar. Det finnest også ein eigen modul for ungdommar, studentar og til bruk i kommunehelsetenesta.

– Hadde eg visst kor mykje arbeid

dette ville bli då eg starta, ville eg tenkt meg om to gangar, seier Moltu, men legg til: Samtidig er det utruleg kjekt og viktig å jobbe med nyvinningar for å gjere det betre for pasientar. Viss vi skal ha berekraftige helsetenester inn i framtida må vi våge å utvikle oss og endre oss.

Norse DataCap

Norse Feeback bidreg ikkje berre til meir treffsikker behandling og auka pasientmedverknad, selskapet har også utvikla eit verktøy for forskarar.

norse dAtACAp er eit verktøy som gjer datainnsamling enklare og betre for forskarar, innovatørar og dei som driv med kvalitetsprosjekt.

Løysinga gjer det enkelt å lage spørjeskjema, invitere deltakarar til å

Nokre av medlemmane i aksjonsforskings programmet knytt til Norse. Bak frå venstre: Kari Eldal, Marianne Helleseth, John Roger Andersen, Christian Moltu, Pål André Hegland, Runar Tengel Hovland, Kristina Osland Lavik, Tarja Malkhassian. Framme i frå venstre: Samuel Nordberg, Anny Aasprang, Ronette Kolotkin.

svare, sjå svar som har kome inn, og eksportere svar til eigna lagringsstad.

Norse DataCap er tilgjengeleg for alle prosjektleiarar og -medarbeidarar i Helse Førde, samt eksterne sam arbeidspartar i prosjekt der Helse Førde er prosjektleiar.

Bestill tilgang og les meir på:

• Scan QR-kode

• helseforsking.no/ norse-datacap

15Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

– Eg trur det er sentralt å ikkje henge seg opp i det som ikkje gjekk, men å fokusere på moglegheitene. I starten er ein jo ein potet som ikkje strekk til alt.

Psykologen som gjorde gründer av seg

For Christian Moltu blei verdien i det å skape noko stort tend tidleg i oppveksten. Selskapet Norse Feedback hjelper no pasientar i fleire land med meir treffsikker behandling.

– du er gründer og styreleiar i Norse Feedback, professor i klinisk psykologi ved Høgskulen på Vestlandet og psykolog og fagsjef på Psykiatrisk klinikk i Helse Førde. I tillegg er du leiar for for skingsgruppa Psykisk helse og rus. Du har mange jern i elden. Kor kjem drivkrafta frå?

– Eg har alltid vore ein aktiv person som likar at ting skjer, både på jobb og fritid. Noko av det kjekkaste eg veit er å skape noko nytt. Det trur eg kjem frå heilt tilbake til oppveksten i Sykkylven. Å kunne bidra med noko som hjelper folk er viktig for meg, fortel Moltu.

Det at pasientane skal få meir effektiv behandling og ha større medverknad i behand linga, står like sentralt for Moltu som det gjer for selskapet Norse Feedback, som han grunnla saman med psykolog Sam Nordberg.

Selskapet, som har sitt utspring i Helse Førde, leverer eit klinisk tilbakemeldings system som gjer at pasientar i Norge, USA, Storbritannia, Irland, og om ikkje lenge, Sverige, kan svare på spørsmål før konsulta sjonar, slik at ein kan tilpasse behandlinga betre til kvar enkelt pasient.

– Korleis er det å sjå at noko som begynte som ein idé har vakse seg så stort?

– Eg blir jo stolt, men eg er alltid litt sjølv kritisk. Eg tek det ikkje for gitt at det berre fortset å gå bra for alltid. Det som er spesielt viktig for meg, er arbeidsplassane vi har skapt. Vi har fått inn folk som brukar sin kompetanse til å utvikle noko nytt og nyttig for pasientane, seier han.

Fokuserer på moglegheitene

Sykkylvingen trefte kjærleiken under studiane i Bergen, og gjorde førdianar av seg då han flytta hit med sambuaren, som er herifrå.

– Vi hadde tenkt å bu her nokre få år, men vi likte oss så godt at vi blei verande. Vi har betre tid her enn i storbyen. Eg har tre ungar som eg likar å vere saman med, og i Førde kan eg nettopp ha mange jern i elden utan å måtte vere fråverande i småbarnsperioden, seier han.

– Korleis er tilværet som gründer?

– Eg trur det er sentralt å ikkje henge seg opp i det som ikkje gjekk, men å fokusere på moglegheitene. I starten er ein jo ein potet som ikkje strekk til alt. Det blir lettare etter den fyrste fasen og når ein har fått satt opp eit selskap med flinke folk, seier han.

– Kva har selskapet skapt av synergiar?

– Det handlar om synergien tilbake til forsking og sjukehusa i Helse Vest. Vi såg raskt at Norse kunne brukast til fleire felt enn psykisk helse og rus, og vi har også utvikla Norse DataCap, som er tilpassa forskarar sine behov. Det er lettare å få i gang større prosjekt når vi har eit godt teknologisk og forskingsmessig grunnlag, fortel han.

Sjølv om det først og fremst er forskar han er, har det vore viktig for han at forskinga kan gjere nytte for seg.

– Det er forskinga som er min hovudjobb og interesse, men det er også viktig å finne ut kva som fungerer og omsette det til teknologi som kan hjelpe folk. Når ein klarar å halde på dialogen mellom klinikk og teknologi, vert det ofte bra.

Finn deg minst ein annan person å samarbeide med så du slepp å gjere alt åleine. Menneskjer fungerer best i par når det gjeld å få utretta ting. Det er også viktig å tørre å feile, for viss du skal vente til du er sikker på å lukkast, så kjem du aldri i gang.

ChrIstIAn Moltu
tekst: Thomas Vie Nordeide Foto: David Zadig
CHRISTIAN MOLTU SINE TIPS TIL DEG SOM SIT MED EIN IDÉ TIL INNOVASJON 16 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Demens råkar heile familien

I doktorgrada si forska Toril

Marie Terum på kva psykiske og åtferdsmessige symptom som skapar stress hos pårørande til personar med demens. No håpar ho funna kan bidra til betre oppfølging til familiar som vert råka.

deMens råkAr FAMiliAr, ikkje berre den enkelte, forklarer Terum. Difor er det viktig at me spelar på lag og støttar opp om både pårørande og den enkelte, så raskt som råd.

Terum er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet og jobbar i dag i Sunnfjord kommune som utviklings koordinator i Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane (USHT). Det var gjennom jobben på Høgskulen på Vestlandet at vegen gjekk vidare til forsking.

Stress hjå pårørande er eit fagfelt eg engasjerer og interesserer meg for, så då eg kom over den utlyste stipendiatstillinga låg det på eit vis i korta at eg måtte søkje, seier Terum.

Brei involvering undervegs

Stipendiatstillinga har vore eit sam arbeid mellom Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Regionalt senter for eldremedisin og samhandling (SESAM) og Sunnfjord kommune gjennom USHT.

Avdelingssjef for medisinsk avdeling i Helse Førde, Laila Haugland, seier det er første gong dei har arbeidd så breitt om eit samarbeid.

Eit slikt samarbeid er viktig i arbeidet

med å forstå behova for eldremedisin betre og for at vi kan auke kompetansen vår innan dette feltet i regionen, seier Haugland.

Funna frå forskinga syner at apati er det symptomet som skapar mest stress blant dei pårørande.

Apati skapar mest stress

Terum viser til at koplinga mellom nevro psykiatriske symptom og stress er godt dokumentert, men at enkeltsymptoma si betyding i liten grad er undersøkt.

Funna frå forskinga syner at apati er det symptomet som skapar mest stress blant dei pårørande.

Apati kjem ofte til uttrykk gjennom manglande interesse, initiativ eller sosialt engasjement.

Kunnskapen om at apati er eit vanleg symptom ved demens gir gjenklang i møte med dei pårørande. Eg har fått fleire til

bakemeldingar frå pårørande som kjenner seg att, utan at dei var klar over at dette var eit symptom ved demens.

Ventar markant auke i tal personar med demens

I dag har over 100 000 menneske i Noreg demens. Terum viser til at talet truleg vil doble seg dei neste tjue åra.

Me ønskjer at personar med demens skal få bu heime så lenge som råd, og leve aktive og meiningsfulle liv saman med sine. Det krev at vi i tidleg fase, tilbyr familiar ramma av demenssjukdom nødvendig informasjon, hjelp og støtte, forklarar Terum.

Mangfald og fleksibilitet i aktivitetsog avlastingstilbodet er viktig for å møte behova til familiar ramma av demens sjukdom.

Terum rosar både høgskule, helse foretak og kommune for moglegheita doktorgrada har gitt ho til å ta eit større djupdykk i eige fagfelt.

Eg har følt meg veldig privilegert som har fått jobbe med denne doktorgrada. Her i utviklingssenteret i Sunnfjord kom mune får eg dessutan ei unik moglegheit til å bruke funna og kompetansen i støtte funksjonen me har opp mot kommunane.

17Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Auka livskvalitet gjennom betre dialog

I snart 40 år har Kirsten Lerum Indrebø hjelpt pasientar med tilpassing til eit liv med stomi. No utviklar ho verdas første digitale tilbakemeldingssystem for stomiopererte.

OSTOMY ADJUSTMENT SYSTEM

• OAS er eit klinisk tilbake meldingssystem – eit digitalt verktøy der pasientar gjev informasjon som kan nyttast i behandlinga.

• Prosjektet har fått innova sjonsmidlar av Helse Vest til å breidde løysinga til alle helseforetaka i Helse Vest.

• Ambisjonen lengre fram i tid er å få systemet bredda til heile Norge, noko som vil vere til god hjelp for dei om lag 20 000 i Noreg med ulike former for uro- eller tarmstomi.

– å leve Med stoMi kan ha store fysiske, psykiske og sosiale konsekvensar for mange. Det er veldig kjekt å sjå at systemet hjelper mange stomiopererte pasientar med å tilpasse seg til ein ny og ukjend kvardag, seier Kirsten Lerum Indrebø, stomi- og kontinenssjukepleiar i Helse Førde og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

Lerum Indrebø veit kva ho snakkar om. I nærmare 40 år har ho rettleia stomi opererte i korleis leve med stomi, ein kunstig opning i kroppen som fører avføring eller urin til ein pose på overflaten av huda.

Ho opplevde at det var ein del tema som var krevjande for pasientane å setje ord på, og med bakgrunn i dette kom ideen til eit system som kunne måle meistring, helse og livskvalitet for stomi opererte.

Med utgangspunkt i PhD-prosjektet hennar har ho og kollegaar utvikla tilbake meldingssystemet Ostomy Adjustment

System. Dette er det første i verda som er aktivt i bruk i pasientbehandling innan stomiomsorg.

Styrker brukarmedverknad

Før konsultasjonar svarar pasienten på spørsmål om tilpassing til å leve med stomi i eit digitalt spørjeskjema.

– Sjukepleiaren ser svara før timen og nyttar dei som støtte i samtalen med pasienten. Pasienten si stemme kjem betre fram og tema som lett kan bli oversett av sjukepleiarane eller underrapportert frå pasienten blir sett på dagsorden, fortel ho.

Pasientane si deltaking i eiga behand ling blir dermed betra, og tilbodet kan bli betre tilpassa den enkelte pasient sin situasjon.

– Pasientane er veldig nøgde og seier at systemet gjer at dei kan ta opp ting dei ikkje visste dei kunne snakke om eller som er vanskeleg å få fram, seier Lerum Indrebø.

Nestor og miljøbyggar

Lerum Indrebø var ferdig utdanna sjuke pleiar i 1982, og har jobba med stomi pasientar på kirurgisk sengepost sidan 1984. Etter at ho tok vidareutdanning i stomisjukepleie i 2000 vart ho den første stomisjukepleiaren i Sogn og Fjordane, og i mange år den einaste i fylket med denne utdanninga.

I 1998 starta ho opp stomiklinikk ved Førde Medikal, og i 2000 starta ho opp Stomiklinikken ved Kirurgisk poliklinikk på sjukehuset. Ho har vore ein pådrivar for å bygge opp fagmiljøet i Helse Førde.

– Det var ein unik sjanse til å følgje opp ei pasientgruppe eg såg hadde eit stort behov for det, seier ho.

Pasienten si stemme

kjem betre fram og tema som lett kan bli oversett eller underrapportert blir sett på dagsorden.

Stomiklinikken har vakse og utvikla seg frå då ho var der ein dag i veka, til at dei no er tre sjukepleiarar som kvar av dei arbeider 2-3 dagar per veke.

Delt i Helse Vest

– Helse Førde har tilrettelagt veldig godt for at eg kan ta doktorgrad, og eg har fått god støtte frå dei i utviklinga av OAS, noko som gjer at eg kan bidra til å gjere stomi oppfølginga endå betre for pasientane, fortel ho.

Løysinga er no breidd til alle helse foretaka i Helse Vest der den skal evaluerast og vidareutviklast.

– Vi håpar at systemet kan tilbydast nasjonalt i løpet av få år. Det er veldig kjekt å sjå at systemet fungerer og at ein no har fått klare indikasjonar gjennom forsking på at dette er nyttig for pasient ane, avsluttar Lerum Indrebø.

Kirsten Lerum Indrebø, stomi- og kontinenssjukepleiar i Helse Førde og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet tekst og Foto: Thomas Vie Nordeide
kirsten leruM indrebø
Scan for film om OAS.
18 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Malena får meir treffsikker behandling med Helse Førde­utvikla system

Malena Nyland Skår har sjukdommen Crohns og lever med ein pose på magen. Eit system utvikla i Helse Førde gjev ho meir treffsikker behandling og betre tilpassing til å leve med stomi.

– eg vAr så dårleg og hadde sopass med smerter at alt håp om å bli betre var verdt det. Eg følte eg hadde lite kontroll over livet, måtte tilpasse dagane og var utmatta.

Det fortel Malena Nyland Skår medan ho sitt i stova på Sandane, der ho bur med sambuaren og hunden Nala. Skår var 15 år då ho fekk diagnosen Morbus Crohn, ein kronisk betennelsessjukdom i mage-tarm kanalen som kan gje kraftige magesmerter.

Ein dag i 2017 fekk ho beskjeden om at ho måtte ha utlagt tarm, også kalla stomi.

– Eg var innlagt på Førde sentral sjukehus for ein operasjon. Då eg vakna opp blei eg fortalt at stomi var det neste steget, seier ho.

I møtet med ein ny og ukjend kvardag er det godt med nokon som kan gje trygg heit og god informasjon. Stomisjukepleiar i Helse Førde, Kirsten Lerum Indrebø,

kom inn då Malena vakna. Ho har hjelpt stomiopererte i snart 40 år.

– Først tenkte eg på korleis det ville verke inn på livet mitt, men Kirsten kom inn med godt humør, brosjyrar og utstyr. Både ho og min nye sjukepleiar Bodil Øyra er fantastiske, og finn alltid god tid til deg. Dei har ein fin måte å få deg til å slappe av og bli opplyst på, seier ho.

På fritida er ho glad i å jobbe i hagen, reise, lage mat og å trene. Stomien har gjort ho friare, spesielt i jobben som trafikklærar. Det gav ho betre mogleg heiter til å styre kvardagen.

– Ei utfordring med Crohns er hyppige toalettbesøk, så å jobbe i bil er ikkje kjempegunstig. Eg hadde oversikt over kor alle offentlege toalett i Sogn og Fjordane var, fortel ho.

Meir delaktig i behandlinga

Overgangen til å leve med stomi kan vere vanskeleg for mange. Det kliniske tilbake meldingssystemet Ostomy Adjustment

Scale som har utspring i Helse Førde og Lerum Indrebø sitt PhD-prosjekt, er utvikla for å hjelpe til med dette. Pasienten svarar på spørsmål digitalt før time hjå behandlar, og det som er viktigast vert diskutert først i samtalen.

Skår føler at systemet gjer at behand linga blir tilpassa ho sjølv og at ho føler seg delaktig i eiga behandling. Spørsmåla kan ho svare på heimanfrå.

– Det er stor forskjell i kva vi har behov for, så her får vi fokusert på det som er relevant for akkurat meg. Ein får spørs mål som gjer at ein reflekterer over ting ein gjerne ikkje har tenkt over og får skrive inn opplysingar ein elles kunne ha gløymd under konsultasjonen, seier ho.

Til dei som kjem i same situasjon og må stomiopererast, vil ho fortelje at dei bør setje seg inn i kva eit liv med stomi inneber og å snakke med andre som er i same situasjon.

– Då kan det hende du ser at det ikkje er så gale som du kanskje trur. Eg synest det er flott at folk spør, fortel ho.

STOMI

• Stomi er ei kunstig kropps opning frå tarm eller urinvegar. Stomien blir konstruert kirurgisk ved at ein del av tarmen blir leia ut gjennom ei opning i bukveggen og sydd fast til huda. Avføring eller urin blir samla i ein stomipose på magen som må tømmast eller bytast ved behov. Dei mest vanlege årsakene til ein stomioperasjon er kreft og betennelsestilstandar i tarmen.

• Å leve med stomi er ein utfordrande situasjon som kan få konsekvensar for fysisk og psykisk velvære, relasjonar til andre, jobb, fritid og generell livskvalitet

Kjelder: Fagleg anbefaling for opp følging av stomiopererte, Sykepleien.no

Malena Nyland Skår erfarer at tilbakemeldingssystemet treffer hennar behov.
19Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Gründer møtte ny kunde på Helseinnovasjonskonferansen

Tre år på rad har Helse Førde samla tilsette frå både helsesektor, næringsliv, akademia, verkemiddelapparatet og investormiljø til konferanse. Målet er nettverksbygging og kompetansedeling på tvers av sektorar, og å skape grobotn for nye innovasjonssamarbeid. Dette har ein lukkast med.

tekst: Julia Mørk

ei Av bedriFtene som presenterte seg på Helseinnovasjonskonferansen 2022, var Adfectus. Dei utviklar ei kommunikasjons løysing til bruk mellom behandlar og barn, basert på element frå spelteknologi. Målet er å gjere det enklare for barn å både forstå og uttrykke sin eigen situasjon. Løysinga vekte interesse hos konferanse deltakar Randi Jepsen, frå Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Tok kontakt med ein gong – Vi hadde ikkje høyrd om Adfectus tidlegare, men då vi såg innlegget deira på

Helseinnovasjonskonferansen vart både eg og kollegaen min svært begeistra. Vi tenkte med ein gong at dette er noko vi må bruke hos oss, fortel ho.

Rehabiliteringssenteret har hatt barn på opphald i fleire år, og ønskja å tilrette leggje meir for situasjonen til barna. Å kunne nytte visualisering og ein avatar, i staden for tekst og teikneseriar, vart difor ei svært aktuell løysing.

– Vi likte heile grunnidéen og filosofien med at barn skal kunne representere seg sjølv inn i behandlingssystemet, og ha si eiga stemme. Difor tok vi kontakt med Adfectus, og har no inngått eit samarbeid. Til ein start har dei vore her og tatt opptak med både drone og 3D, slik at barn kan bli kjend med senteret vårt før dei skal kome hit, seier ho.

Liten blant dei store

Dagleg leiar i Adfectus, Randi-Marie Pedersen, fortel at dei ikkje hadde venta seg meir enn eit par nye kontaktar gjen nom deltaking på ein slik konferanse. At

Førebuing til paneldebatt på Helse innovasjonskonferansen 2022. Foto: John Eirik Anfinsen, e-helse Vestland.

dei skulle få ein ny pilotkunde hadde ho ikkje våga drøyme om.

– For oss var det motiverande at ein etablert aktør som Hauglandsenteret raskt tende på konseptet og kontakta oss etter vår presentasjon på konferansen, seier Pedersen.

Adfectus er i ein oppstartsfase og treng gode pilotkundar som set dei unge brukarane i sentrum og vil tilpasse løy singa for deira behov. Samarbeidet med Røde Kors Hauglandsenteret skildrar ho som ein perfekt match for selskapet.

– Nyoppstarta bedrifter må jobbe hardt for å etablere seg blant store og tunge aktørar, og då er det ekstra kjekt når møteplassen bidreg til at vi faktisk blir sett og får nye kundar i dette store terrenget, poengterer Pedersen.

Ein naudsynt møteplass

Helseinnovasjonskonferansen er eit initiativ frå Helse Førde, og blir arrangert for fjerde gong i februar 2023, i samar beid med fleire medarrangørar. Tema for konferansen er knytt til ulike aspekt av helseinnovasjon, som offentleg-privat samarbeid, implementering, framtidsvyar innanfor helse, finansiering og kommersi alisering av forskingsprosjekt. Deltakarane

20 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Frå venstre: Christer Kilavik, utviklar, Adfectus, Randi-Marie Pedersen, dagleg leiar, Adfectus, Tarja Kvalheim, forskingsleiar Hauglandssenteret, Randi Jepsen, seniorforskar, Hauglandssenteret. Foto: Ragnhild Follevåg.

Adfectus 3D-skanner Hauglandssenteret for å legge informasjon inn i løysinga.

vert oppfordra til mingling og nettverks bygging, og i 2022 vart heile 100 møter booka mellom bedrifter og deltakarar undervegs i konferansen.

Prosjektleiar for konferansen, og innovasjonsrådgjevar i Helse Førde, Gro Rukan, fortel at det er svært gledeleg når deltaking på konferansen viser seg å føre til faktiske samarbeid.

– Heile formålet med Helseinnovasjonskonferansen er jo å samle den kompetansen vi veit fins der ute, slik at dei kan knyte nettverk og både skape og sette til livs nye idéar. Men for at det skal skje treng vi ein aktuell og årleg møteplass, på tvers av fag og folk, som vert opplevd relevant og attraktiv å delta på for fleire sektorar, seier ho.

Dei gode tilbakemeldingane frå 2022, gjer at Helseinnovasjonskonferansen går digitalt også i 2023. Målet er å stimulere til nye nettverk og samarbeid også då.

– Konferansen hadde kjempe høg kvalitet, både innhaldsmessig og teknisk. Eg har fortalt om den med begeistring til andre kollegaer, avsluttar Randi Jepsen frå Røde Kors Haugaland Rehabiliteringssenter.

Interessert i å lese meir om konferansen?

Scan QR-kode for å melde deg på til konferansen 2023 eller sjå opptak frå tidlegare år.

Årleg konferanse for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren.

Tverrfagleg møteplass for fagleg påfyll, nye spennande løysingar, engasjerande debattar og nettverksbygging.

50 stands: Snakk med innovative bedrifter og verkemiddelapparatet.

Digital møteplass på ein plattform som gir deg gode moglegheiter for mingling og aktiv deltaking undervegs.

Helseinnovasjonskonferansen

1.–2. februar 2023, digitalt

Nokre av dei 30 du får møte

Karita Bekkemellem Administrerande direktør i NHO Geneo

Cathrine Ro Heuch

Daglig leiar i Nordic Brain Tech

Stein-Asle Øvrebotn CEO i Retrams

Meld deg på!

Qr-kode direkte til påmeldingsskjemaet. Gratis for studentar.

Har du innspel eller spørsmål? kontakt: gro.rukan@helse-forde.no

helseinnovasjonskonferansen.no

21Forsking og innovasjon i Helse Førde F & I MAGASINET

3D-Printing opnar for berekraftig innovasjon

Helse Førde og bedrifta Partly frå Høyanger har eit samarbeid for å undersøke korleis 3D-printerteknologi kan skape nye løysingar for pasientar

og for dei som jobbar på sjukehuset. Lokal 3D-printing bidreg til lågare utslepp, reduserte kostnadar, og kortare produksjons– og leveringstid.

eli sChwArtz, seksjonsleiAr for Ergoterapi og velferdsteknologi i Helse Førde, har vore tidleg ute med å prøve ut 3D-printerteknologien.

– Vi ergoterapeutane hadde eit for prosjekt med Partly i fjor, der vi individ tilpassa ortoser til nokre av våre pasientar. Dei var godt nøgde, og vi vil jobbe vidare med dette, seier ho.

Teknologi i stadig utvikling Store tekniske framskritt innan 3D-printing gjer teknologien betre, raskare og billegare for kvart år som går. Samtidig aukar innovasjonsrommet ettersom nye materialar blir tilgjengelege, investerings kostnadane blir lågare og kunnskapen meir ålment tilgjengeleg.

Dette opnar for moglegheiter for nyskaping innanfor helsesektoren.

Printing av individtilpassa ortoser var det første prosjektet der Helse Førde og Partly samarbeida, men ein ser no også på moglegheiten for å utvide samarbeidet. På ein temalunsj fekk tilsette i Helse Førde meir innsikt i selskapet, og rom

for å komme med innspel til kva område 3D-printing kan vere aktuelt.

– Slike møtepunkt med kreative prosessar er både kjekke og nyttige, seier Ingvild Sørlie, prosjektleiar i Partly.

Innspel frå tilsette ved sjukehuset førte til printing og testing av konkrete idéar som prosjektet skal jobbe vidare med. Samspelet mellom partane har vore sentralt for å kartlegge brukarbehov,

diskutere idéar og lage prototypar.

Ingvild Sørlie understreka vidare kor viktig samarbeidet har vore for selskapet.

– Samarbeidet med Helse Førde har vore avgjerande for å få teste idéane våre i reelle situasjonar og for å få innsikt i kor nytten er størst. Vi håpar at vi saman kan vidareutvikle løysningar som har stor nytteverdi og fremmar innovasjon og nytenking.

PARTLY

Partly er eit firma etablert av GreEnergy AS, ei lokal bedrift i Høyanger og Ivaldi Group (www.ivaldi.com) eit norskamerikansk selskap med tenester for industriell 3D-printing.

Eli Schwarz, Helse Førde, og Arvid Olausen og Ingvild Sørlie, Partly med eit døme på lokalt printa fingerortose.
22 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Samarbeid for nyskaping

For å sikre ein berekraftig helse- og omsorgssektor i åra framover, må ein samarbeide for å utvikle nye løysingar. Derfor deltek Helse Førde i innovasjonsnettverket Norwegian Smart Care Cluster (NSCC).

tekst: Thomas Vie Nordeide Foto: Norwegian Smart Care Cluster

– det er ikkje MAnge løysingar som blir utvikla av helsevesenet åleine. Då er det viktig med møteplassar der helsevesenet og næringslivet kan finne kvarandre og dra i same retning, seier Arild Kristensen, dagleg leiar i helseklynga Norwegian Smart Care Cluster (NSCC).

Helsesektoren står overfor ut fordringar som at vi blir stadig fleire eldre, auka forventningar frå pasientane og vekst i kostnadar ved nyare og betre behandlingar.

– Dette krev nye måtar å levere gode helsetenester på, og samarbeid for å utvikle desse. Norwegian Smart Care Cluster bidreg til at bedrifter med ny teknologi skapar betre løysingar for pasientar og sjukehus, og dermed meir effektive og betre helsetenester, seier Kristensen.

Helse Førde er medlem i klynga, som

tilbyr nettverk, kunnskap og samarbeid knytt til utvikling av helsetenester. Den nasjonale og internasjonale samarbeids arenaen har mellom anna bedrifter, kommunar, sjukehus og investorar som medlemar.

– Vi kartlegg behova og utfordringar, hjelper innovasjonsprosjekt ut på mark naden og legg til rette for samhandling og innovasjon på tvers av sektorar, seier han.

Norwegian Smart Care Lab

For å bidra til at produkt og løysingar kan utviklast og komme ut på marknaden raskare, har NSCC etablert Norwegian Smart Care Lab. Det er eit ressurssenter for bedrifter som utviklar nye velferds teknologiske løysingar, og aktørar i helse vesenet som kan ta dei i bruk.

– Her blir produkt og løysingar testa i reelle omgjevnader saman med brukarar, og

Vi hjelper innovasjonsprosjekt ut på marknaden og legg til rette for samhandling og innovasjon på tvers av sektorar.

ein sikrar at dei blir tilpassa deira behov i kvardagen, fortel Kristensen.

Han opplever at det i deler av helse sektoren er ein skepsis til næringslivet. Dette er ein barriere NSCC forsøkjer å bygge ned gjennom tett samhandling og synleggjering av gode resultat.

– Svaret på utfordringane i framtida ligg ikkje berre i fleire varme hender. Ein må også gjere ting på ein annan måte og tørre å tenke litt utanfor boksen. Det er viktig at det offentlege bruker innkjøps makta på ein god måte og tenkjer meir heilheit så ein kan utvikle helseindustri og få fleire arbeidsplassar, seier han.

For meir informasjon sjekk ut: www.nscc.no og denne informasjonsfilmen om Norwegian Smart Care Lab

ArIld krIstensen Arild Kristensen, dagleg leiar i Norwegian Smart Care Cluster
23Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Fysioterapeuten som fekk ein god idé

I jobben som fysioterapeut såg Elin Johnsen eit problem i behandlinga av kronisk lungesjuke. Løysinga blei å utvikle appen Pust Deg Bedre, som hjelper pasientane når dei skal fjerne slim og lette tungpust.

– eg er stolt Av at vi i Helse Førde har utvikla noko som gjer ein forskjell for enkeltmenneske. Mange av pasientane fortel at appen er viktig for dei i kvar dagen, at dei ikkje har hatt infeksjon i lungene på lenge og at verktøyet gjer at dei føler seg tryggare, fortel Elin Johnsen, prosjektleiar for og idéhavar bak appen Pust Deg Bedre og spesialfysioterapeut i Helse Førde. For mange kronisk lunge sjuke er lungefysioterapi nyttig for å fjerne slim og dempe andenød. Behandling består i å vurdere behov, utprøving og rettleiing i pusteteknikkar slik at pasien tane skal kunne hjelpe seg sjølv når dei ikkje er hos fysioterapeut.

I jobben på sjukehuset, såg Johnsen ei utfordring. Den individuelle rettleiinga vart gitt munnleg eller i standardiserte brosjyrar. Informasjonsmengda var stor og pasientane i dårleg form, noko som førte til at det vart vanskeleg å hugse teknikkane når dei skulle handsame plagene sine på eiga hand. Det var tydeleg at ein stilte for store krav til pasientane og dette ville ho gjere noko med.

Elin Johnsen, spesialfysioterapeut idéhavar og prosjektleiar

– Mitt spørsmål var «hadde vi eigent leg gjort jobben vår då vi var ferdig med pasienten?»

Pasientane har like store behov døgnet rundt. Om slimet ikkje fjernast, aukar risiko for infeksjonar som kan få store konsekvensar for pasientane, fortel ho.

Ho såg eit behov for at behandlings planar som vart skreddarsydd i møte med kvar enkelt pasient skulle vere meir for ståelege og lettare tilgjengelege i kvardagen.

Løysinga blei å utvikle ein app som visualiserer pusteteknikkane, sånn at pasientane lettare kan utføre dei aleine, for å fjerne slim og dempe tung pust. Ei slik løysing gjer at pasienten alltid har kunnskap og verktøy i lomma for å kunne få rettleiing i sine eigne teknikkar.

Hadde vi eigentleg gjort jobben vår då vi var ferdig med pasienten?

elIn Johnsen

ELIN JOHNSEN

SINE TIPS TIL

DEG SOM SIT

EIN IDÉ TIL

• Det gjeld å kaste seg ut i det og tørre å prøve.

• Ha trua på at du kan lykkast og tør å ha litt spisse olbogar.

• Snakk med andre om ideen din og lytt til innspel frå dei rundt deg.

• Ikkje tenk at skal løyse alt åleine. Skaff deg eit team av folk som har lyst til å vere med på reisa.

Utvikla med innspel frå brukarane Utviklinga av appen begynte for fullt i 2019 i samarbeid med det lokale teknologi selskapet Haptiq, og resultatet Pust Deg Bedre blei lansert i april 2020.

– Å utvikle ei løysing for både pasientar og helsepersonell er ei stor oppgåve. Denne appen brukar spelteknologi i pasientoppfølging. Det var utruleg kjekt å jobbe med folk frå ei heilt anna verd enn meg sjølv. I slike utviklingsprosessar er det viktig å vere open, lytte til andre, diskutere og lære av kvarandre. Haptiq var engasjerte og ønskte å skape ei løysing til beste for pasientane, seier ho.

Både pasientar og fysioterapeutar har delteke i utviklinga av appen, og Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) har vore ein særs viktig støttespelar.

MED
INNOVASJON 24 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Det var utruleg kjekt å jobbe med folk frå ei heilt anna verd enn meg sjølv.

– Slik fekk vi verdifulle innspel og sikra at vi har ei løysing som er tilpassa brukarane sine behov. Det er dei som veit kor skoen trykkjer, seier ho.

Ikkje ein åtte til fire jobb Innovasjonsreisa har vore givande for Johnsen, men det har også vore utfordringar i den nye kvardagen, kor ho kombinerer pasientbehandling med innovasjon.

– Det er ikkje ein åtte til fire-jobb å drive med innovasjon, og ein må ofte tenke fortid, notid og framtid samstundes. Eg følte meg litt som Bambi på isen i starten, men eg har klart å lande på beina hittil i alle fall, seier ho.

Ho fortel at Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Førde har vore viktige på vegen. Gjennom aktiv deltaking har dei vore med på å skape ein teamfølelse.

– Det har vore viktig for meg, for det kan vere einsamt å drive på som innovatør, både på toppane og på botnane. Eg er stolt og audmjuk over alle som har hjelpt til for at Pust Deg Bedre skal lukkast. Eg ser at vi

får til ting i Helse Førde. Ein får rom til å utforske idéar og det vert tilrettelagt for å drive med innovasjon, seier ho.

Appen er no lasta ned av fleire tusen brukarar, og det er ein stor milepæl for arbeidet med Pust Deg Bedre. Dei gode tilbakemeldingane om at appen er til hjelp for pasientane er det viktigaste for Johnsen.

E IN APP UTVIKLA FOR KRONISK LUNGESJUKE

• I følge LHL har over 8 % eller minst 200 000 personar over 40 år kols i Noreg.

• Pust Deg Bedre er gratis og du kan laste den ned i App Store og Google Play.

• Behandlar individtilpassar pasienten sin app med aktuelle og anbefalte puste teknikkar.

• Appen rettleiar pasientane i puste teknikkar.

• Prosjektet har fått innovasjonsmidlar frå

mellom andre Helse Førde, Helse Vest, Sparebanken Vest sitt næringsfond og Stiftelsen Dam.

Les meir på pustdegbedre.no

elIn
Brukargrensesnittet på appen Pust Deg Bedre. Appen gir lungesjuke kunnskap og verktøy rett i lomma, og kan lastast ned gratis i App Store og Google Play. Scan QR-kode for video der Elin Johnsen fortel om det digitale verktøyet Pust Deg Bedre.
25Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Samarbeid på vegen frå nytt til nyttiggjort

tekst: Thomas Vie Nordeide

John Eirik Anfinsen, e-helse Vestland

Appen Pust Deg Bedre rettleiar lunge sjuke i å fjerne slim og dempe andenød. Med hjelp frå det nasjonale kompetanse nettverket InnoMed er målet å breidde den også til kommunehelsetenesta, slik at pasientane får tilbodet tidleg fase av sjukdomsforløpet.

Foto:
26 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Til venstre: Elin Johnsen (Helse Førde), Kari Eidnes Bjørkheim (e-Helse Vestland) og Erlend Kleiven-Jørgensen (Innomed)

– ein ting er å utvikle noko nytt og nyttig men det er først når appen vert teken i bruk at vi kan kalle den nyttiggjort, og det er i dette arbeidet hjelpa frå InnoMed er viktig for prosjektet, seier Elin Johnsen.

Med lungefysioterapi på mobilen

Spesialfysioterapeuten, idéhavaren og prosjektleiar Elin Johnsen i Helse Førde har sidan våren 2018 jobba med innovasjons prosjektet Pust Deg Bedre; ein app som rettleiar lungesjuke i pusteteknikkar. Å ta i bruk ny teknologi i helsesektoren vil vi sjå meir av i framtida, og slike løysingar vil også gjere noko med korleis vi tilbyr helsetenestene.

– Lungesjuke møter gjerne fastlege og fysioterapeut i kommunen før dei vert innlagd på sjukehus. Difor er det viktig at kommunehelsetenesta får opplæring slik at dei kan førebygge forverringar og sjukdomsprogresjon. Klarar vi å hjelpe pasientane tidleg i sjukdomsforløpet, så kan vi bidra til at lungesjukdomen ikkje for verrar seg unødvendig raskt, seier Johnsen.

Med støtte frå Innomed byrja arbeidet med å rekruttere fastlegar og fysiotera peutar til ei behovskartlegging for å finne ut kva som skal til for at kommunane skal ta Pust Deg Bedre i bruk.

I samarbeid med InnoMed reiste prosjektleiar ut til fastlegekontora og infor merte om lungefysioterapi og verktøyet

Pust Deg Bedre. Parallelt fekk fysiotera peutane knytt til dei same fastlegekontora oppfrisking i lungefysioterapi og opplæring i Pust Deg Bedre.

– Innomed har med sin kompetanse og sitt breie nettverk vore ein viktig døropnar i arbeidet med å ta appen i bruk også i kom munane, ikkje berre i spesialisthelsetenesta, påpeiker Johnsen.

Samarbeid med e helse Vestland

I arbeidet med å breidde innovasjonen ut til kommunane er det nødvendig med gode støttespelarar som har nettverk og god kjennskap til dei lokale moglegheitene. Innomed er inne i mange prosjekt i Noreg, og koplar folk og prosjekt slik at dei kan utveksle erfaringar og samarbeide. Slik blei Pust Deg Bedre kopla til E-helse Vestland, eit prosjekt med mål om å etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenesta.

Implementeringa er nesten alltid det flest slit med.

– Samarbeidet med e-helse Vestland vil styrke prosessen med å breidde løysinga regionalt. Erfaringane frå pilotkommunane gjer det lettare å invitere fleire kom munar med og på den måten breidde og implementere verktøyet i Vestland fylke. InnoMed og E-helse Vestland stiller med sine nettverk og deltakarar for å rekruttere fysioterapeutar og eventuelt fastlegar ved behov, fortel Johnsen.

Innomed opnar dører

Med hjelp frå InnoMed, eit nasjonalt kompetansenettverk for tenesteinnovasjon innan helsesektoren, skaffar prosjektet seg no erfaringar frå tre pilotkommunar: Sunnfjord, Kinn og Fjaler. Erfaringane frå piloten skal danne grunnlaget for vidare breidding til kommunane i vestlands regionen. Ambisjonen er at alle lungesjuke i Noreg skal kunne få oppfølging gjennom bruk av Pust Deg Bedre.

– Vårt oppdrag er å bistå helseforetak og kommunar når dei skal lage nye tenester, også sprer vi kunnskap om både prosessar og resultat vidare til alle deler av landet. Vårt mål er at flest mogleg innovasjonar går frå idéstadiet til å bli implementert. Implementeringa er nesten alltid det flest slit med, seier prosessrettleiar i Innomed Grete Kvernland-Berg.

Om dei lykkast med å implementere regionalt, så står dei klare til å ta det nasjonalt.

– Målet er at lungefysioterapi gjennom Pust Deg Bedre skal vere ein naturleg del av tenestetilbodet i kommunehelsetenesta og på sjukehusa i heile landet, og å betre samhandlinga mellom tenesteledda, seier Johnsen.

Også InnoMed håpar implementeringa lukkast både regionalt og nasjonalt.

– Pust Deg Bedre er eksempel på eit produkt mange pasientar og heile helse tenesta kan ha nytte av. Appen gjer det enklare for pasienten å gjere øvingar heime ved hjelp av digital rettleiing, og gir også god rettleiing til helsepersonell. På denne måten kan pasientane meistre fleire ting sjølv, og helsetenesta kan kanskje frigjere tid. Det er vinn-vinn!, avsluttar Kvernland-Berg.

PUST DEG BEDRE I HELSEFORETAKA

• Det pågår også eit paral lelt prosjekt for å imple mentere Pust Deg Bedre i spesialisthelsetenesta

• Helse Bergen er prosjekteigar og alle helseforetak i Helse Vest RHF er involvert

• Ein skal utvikle opplærings materiell og protokoll for bruk av Pust Deg Bedre på sjukehus

• Målet er lik kvalitet i behand ling, uavhengig av kva for eit foretak pasientane tilhøyrer.

KVA ER INNOMED

• InnoMed er eit nasjonalt kompetansenettverk for tenesteinnovasjon innan helsesektoren.

• Nettverket består av eit team av rådgjevarar som rettleiar innovasjonsprosjekt og legg til rette for utveksling av erfaringar på tvers av primærog spesialisthelsetenestene og med næringslivet.

• Innan helsesektoren handlar tenesteinnovasjon om å utvikle tenester med utgangs punkt i behova hos pasientar, pårørande og helsepersonell. Menneskelege behov får øvste prioritet og blir møtt på ein effektiv måte gjennom eit godt tilpassa tenestetilbod.

grete kvernlAnd-Berg
Grete Kvernland-Berg, prosessrettleiar i Innomed. Foto: PA Consulting.
27Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Hans Jacob Westbye, anestesilege, forskar og idéhavar

Vil gi pasientar betre kontroll over eiga smertelindring

Anestesilege Hans Jacob Westbye opplevde varierande rapportering av smerter blant pasientane. Kunne ikkje dette gjerast smartare?

tekst: Ragnhild Myklemyr, Gasta Foto: David Zadig

løysingA hAn såg føre seg var tilsynelatande enkel og ukomplisert, med moglegheit for store gevinstar.

Kvifor hadde ingen gjort dette før? Westbye tok saka i eigne hender.

Med mål om å gi operasjonspasientane større medverknad på eiga smertelindring, sam stundes som ein automatiserte rapporteringa og samla data, starta Westbye utviklinga av painpad®. Ein «dings» som let pasienten sjølv rapportere om opplevd smerte på ein skala frå 0 til 10, i eit avgrensa tidsrom.

– På denne måten kan pasienten få meir kontroll over eigen situasjon. Denne tryggleiken kan i seg sjølv bidra til å redusere smertene for den enkelte, forklarer Westbye som i dag jobbar med ei doktorgrad om emnet.

Kunsten å måle smerte Nivået av smerte er ei heilt subjektiv oppleving, som ifølgje Westbye kan vere samansett.

– Me ser at det er mange omstende som påverkar graden av smerten ein kjenner. Smerter som kjem av fysiske inngrep, blir også påverka av korleis ein har det i augneblinken. Stress, angst og frykt kan til dømes spele inn.

Store gevinstar – for pasient og sjukehus Med gode støttespelarar og mykje tolmod – har idéen som starta som eit hobbyprosjekt verkeleg fått bein å gå på.

Painpad® er no del av eit større forskings prosjekt, der målet er å kartlegge om ein kan føresjå – og tilpasse for lindring av – ulike pasientgrupper si oppleving av smerte.

– Å gi betre tilpassa smertelindring i den akutte situasjonen, har vist seg å redusere risikoen for at smertene blir kroniske. Om ikkje akutte smerter blir handtert riktig der og då, kan det i verste fall gje auka risiko for komplika sjonar som infeksjonar, hjerteinfarkt og blod propp. Ein potensielt stor belastning for både pasient og sjukehus.

Gode støttespelarar i ryggen Å lansere nye løysingar for helsevesenet skjer ikkje på dagen, men også utolmodige sjeler kan gle seg over grundige prosessar.

– Det har vore kjempegøy og utruleg lærerikt. Frå å lære programmering , lodding og 3D-printing for å bygge prototypen - til no å planleggje for korleis ein gjennom forsking kan innhente naudsynte data.

Han rosar måten Helse Førde har lagt til rette for forsking og innovasjon.

– Å få avsett nok tid og ressursar har vore heilt avgjerande. I Norge har vi eit heilt fantastisk system for folk som vil ta ideane sine eit steg vidare. Eg opplever at alle ønsker at nye idear skal utviklast og lukkast, forklarer Westbye, og utdjupar:

– Til dømes har Yallow, Inventas og

28 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Prototype på painpad® Pasienten registrerer den opplevde smerta på painpad®

Spør deg sjølv om det er ting du gjer som kunne vore gjort annleis.

Norwegian Smart Care Cluster bidrege til at me har fått teke prototypen steget vidare. For ikkje å gløyme måten Kunnskapsparken Vestland hjelper til med kommersiell utvikling av pro duktet. Med mange parallelle prosessar har også støtta frå Innovasjon Norge og Sparebanken Vest sitt næringsfond kome godt med.

Stopp opp og still spørsmål Han oppmodar også andre klinkarar om å ta seg litt tid til å stoppe opp i eigen kvardag, for å utfordre rutinane.

– Spør deg sjølv om det er ting du gjer som kunne vore gjort annleis. Er det kunnskap vi kunne skaffa oss gjennom forsking, som hadde hjelpt pasientar i framtida? Som oftast går vi nemleg berre og gjer jobben vår, men stopp opp og ver litt nysgjerrig.

– Kva gjer ein når sjølve idéen er på plass?

– Start med å snakke med nokon, til dømes Helse Førde sine innovasjonskonsulentar. Fortel

om idéen, ta ein sjanse og sjå kva som skjer. Om ikkje idéen din resulterer i ein stor marknads suksess, vil prosessen uansett lære deg mykje.

Om alt går etter planen skal painpad® i 2023 testast på pasientar som skal opererast i Helse Førde som del av forskingsprosjektet «Kartlegging av risiko for smerte etter operasjon».

– Det vil gi oss unik moglegheit til å samle store mengder data om dei individuelle faktorane knytt til risiko for smerte.

Scan for film om painpad®

hAns JACoB WestBye
29Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Drivkrafta bak utprøvande behandling i Helse Førde

Anne Solveig Tråseth og Kristin Vassbotn Guldhav er sentrale i å byggje opp miljøet for kliniske studiar i Helse Førde. Drivkrafta er å sikre at pasientane våre får tilbod om å delta i kliniske studiar på lik linje med pasientar ved andre sjukehus i landet.

– helse Førde blir lagt merke til fordi vi er eit relativt lite sjukehus som tilbyr store kliniske studiar. Det er så viktig at pasientar får dette tilbodet nær deira eigen heim.

Det seier Anne Solveig Tråseth, koordinator for kliniske studiar ved av deling for forsking og innovasjon. Ho jobbar med å bygge opp Helse Førde si satsing på kliniske studiar.

Tidleg tilgang til ny behandling Forskarar driv med kliniske studiar for å undersøke effekt og tryggleik ved bruk av nye legemiddel, nye behandlings- og operasjonsmetodar, samt teste ut ny teknologi og nytt medisinsk utstyr. Før nye legemiddel kan bli tatt i bruk må dei nemleg gjennom slike studiar der dei prøvast ut på pasientar.

– Ofte kan pasientar som deltek få tilgang til den nyaste og mest avanserte behandlinga før den er vanleg tilgjengeleg, seier Tråseth.

Pasientane kan få eit håp om å bli kurert eller å leve lenger med sjukdommen sin, få betre livskvalitet og tett oppfølging av helsepersonell. Dei bidreg også til å fremme forsking som kan hjelpe andre pasientar i framtida.

– Vi har studiar der pasientane har hatt god effekt av medisinane og har stått på dei over lang tid. Diverre har vi også pasientar som ikkje har hatt effekt og pasientar som ikkje har passa inn i studiane sine kri terium, og som derfor ikkje har fått delteke, seier ho.

Oppbygging av miljø og stå på vilje

Det er ei målsetjing at det å delta i kliniske studiar skal vere ein integrert del av behandlinga i norske sjukehus. For å få dette til må vi bygge miljø og system. Legar og studiesjukepleiarar ved fleire avdelingar i Helse Førde har i det små jobba med kliniske studiar i mange år. Det som er felles for desse er at dei har stor interesse for kliniske studiar og alle har lagt ned mykje ekstra arbeid for å få dette til innimellom anna arbeid i avdelingane.

Kristin Vassbotn Guldhav har dei seinare åra jobba med å bygge opp eit miljø for kliniske studiar innan kreftbehandling i Helse Førde. Det har ikkje mangla på ståpå-vilje.

– Det var ein forskar i Oslo som ein gong sa at vi ikkje kan drive med kliniske studiar i tidleg fase her. Då gjekk fanden i meg: Klart vi kan!, seier Guldhav.

Ho starta i 2017 i ei lita stilling som koordinator for å systematisk bygge opp og utvikle eit miljø rundt kliniske studiar ved kreftavdelinga. Det starta i det små med eit grått arkivskap på hjul som fungerte som eit rullande kontor. No har dei eit eige kontor og det har blitt tilsett to nye studiesjukepleiarar.

Verdien i å vere liten

Guldhav meiner at det ligg ein verdi i det å ikkje vere eit stort sjukehus.

– Vi har ikkje dei same ressursane som dei store, men det er lettare å kjenne dei ulike avdelingane, og prosessane tek ofte

Kristin Vassbotn Guldhav, Kreftsjukepleiar, forskings koordinator på kreftavdelinga, PhD-student Anne Solveig Tråseth, koordinator for kliniske studiar i Helse Førde
30 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Du får høve til å bidra med noko som kan gjere ein enorm forskjell i livet til pasientar.

kortare tid. Det er mykje lettare å nå folk og banke på ei kontordør. Vi har stor sjølvtillit og vi ser at vi får det til, seier Guldhav.

Ho fortel at det å samarbeide om kliniske studiar på tvers av avdelingar fungerer fint.

– Vi ser ein aukande vilje og entusiasme, og får stadig meir erfaring, noko som er vesentleg når vi skal byggje miljøet vidare, seier ho.

Ønskjer fleire helsepersonell med No vil Tråseth og Guldhav ha fleire til å byrje å jobbe med kliniske studiar.

– Du får høve til å bidra med noko som kan gjere ein enorm forskjell i livet til

pasientar, og du kjem i kontakt med større fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt. Dette kan vere ein inngang inn i forskings verda og kanskje du får lyst til å forske sjølv. Om du har støtte frå din leiar og er dedikert, er det berre å ta kontakt, seier Tråseth.

Lytt til podkast og lær meir om kliniske studier. Episoden «Behandling av «krigen i kroppen» - med forsking som våpen» er laga av Helse Førde.

• Helse Førde er i skrivande stund involvert i 13 kliniske studiar, men talet på studiar er stadig aukande.

• For pasientane vil det vere snakk om alt frå å teste ut medisin til at ein berre brukar opplysningar frå pasientjournal i forskinga.

• Pasientar kan sjølv snakke med sin lege om deltaking i kliniske studiar. Om vi ikkje har ein passande studie her, kan dei få hjelp til å bli tilvist til andre sjukehus om dei har tilbodet.

NYTTIG OM KLINISKE STUDIAR

• Legen vil vurdere om studien sine krite rium for deltaking passar pasienten sin situasjon. Det kan for eksempel vere snakk om type diagnose, alder, funksjonsstatus og tidlegare behandlingar.

• Det er viktig at uansett kor du bur i landet, så skal pasientar få det beste tilbodet som eksisterer innan kliniske studiar.

• På nettstaden Helseforsking.no kan du finne kliniske studiar i heile Norge og dei Helse Førde er involvert i som tek inn pasientar.

For meir informasjon om kliniske studiar, kan du kontakte: Studiekoordinator Anne Solveig Tråseth anne.solveig.traseth@helse-forde.no

Finn meir om studia på helseforsking.no.

Anne
solveIg tråseth
31Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Gjev håp til kreftpasientar

Helse Førde tek i bruk nye våpen i kampen mot kreft. Vi deltek i studien IMPRESS-Norway, som gjev pasientar utan andre behandlingstilbod moglegheit til utprøvande, persontilpassa kreftbehandling.

– dette er eit viktig tilbod for kreftpasientar som ikkje har andre behandlingsmoglegheiter. Målet vårt er at fleire pasientar skal kunne leve lenger og samstundes ha god livskvalitet, fortel Tonje Bøyum Riste, avdelingssjef ved avdeling for patologi i Helse Førde.

Ho er ein av medlemane i studie teamet frå Helse Førde som er med i den landsdekkande kliniske studien IMPRESSNorway. Her prøver dei ut legemiddel som allereie er godkjende for bestemte kreftdiagnosar på andre krefttypar.

Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef avd for patologi

– Vi tek ein test for å sjå om pasienten har genetiske endringar i svulsten som er like dei ein finn i krefttypar ein allereie har medisinar mot. Då kan det vere aktuelt å prøve ut legemiddelet på pasienten, seier ho.

Kjenneteikna ved kreftcellene, eller kreftsvulsten, og den enkelte pasient, brukast då for å gjere behandlinga mest mogleg persontilpassa og presis.

Allereie nokre pasientar med god effekt

For pasientane våre er dette ein mogleg heit til å teste ut medisinar som dei elles ikkje ville hatt tilgang til.

– På landsbasis har 329 pasientar blitt undersøkt for genetiske endringar i svulsten per mai 2022. Av desse er over 70 pasientar gått vidare til behandling. Nokre

av dei har fått medikament som dei har hatt god effekt av, seier Bøyum Riste.

Deltaking i studien er open for pasien tar med langtkomen, ikkje-kurerbar kreft, der standard behandling ikkje har fungert.

– Men det er diverre ikkje alle vi kan hjelpe. Pasientane må mellom anna ha dei genforandringane som gjer at vi kan prøve ut eit av legemidla vi har tilgang til, og dei må ha god nok form til å tole behandlinga seier Bøyum Riste.

Helse Førde først klare til å ta inn pasientar

Det er eit poeng med studien at alle sjuke hus i Noreg er med, og at pasientane skal ha lik tilgang til å delta uansett kor dei bur. Helse Førde var det første helseforetaket i landet som var klare til å ta inn pasientar.

tekst: Thomas Vie Nordeide Foto: Runar Tengel Hovland
32 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde

Målet vårt er at fleire pasientar skal kunne leve lenger og samstundes ha god livskvalitet.

Denne forma for behandling er fram leis i startgropa, men det er eit mål at slik behandling skal bli eit rutinetilbod om ikkje lenge.

– Eg synest det er kjempespennande, og det er veldig motiverande å vere med på å teste ut framtidas kreftdiagnostikk og behandling, seier Bøyum Riste.

IMPRESS-NORWAY

• Målet med studien er å tilby målretta behandling til fleire norske kreftpasientar gjennom å bruke legemiddel som allereie er god kjende for bestemte kreftdiagnosar på nye krefttypar, basert på molekylære forandringar.

• Studien er eit samarbeid mellom norske sjukehus og legemiddelin dustrien.

• Pasientar må bli tilvist til studien av fastlege eller sjukehuslege. Dersom

pasienten passar inn i studien sine kriterium og dei molekylære funna passar med eit av medikamenta i studien, vil du kunne få bli vurdert for behandling i studien.

• På landsbasis forventast det at ca. 250-500 pasientar i året kan delta i studien.

• Helse Førde sin lokale prosjektleiar for deltakinga i studien var først kreftlege Liv-Jorunn Vassbotn, men er no kreftlege Jaroslav Bublevic.

tonJe BøyuM rIste
F.v. Kristin Vassbotn Guldhav, Liv-Jorun Vassbotn, Anne Solveig Tråseth, Thorbjørn Sygna, Gunvor Steine Tufte, Annelin Fagerstrøm Hennesey, Helga Osland, Tonje Bøyum Riste
33Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

Helse Førde nyttar VR-teknologi i brannvernøvingar?

visste du At...

Helse Førde jobbar med å kartlegge korleis ein kan nytte drone i helsevesenet?

Helse Førde har kobla spelteknologi med lungefysioterapi for å hjelpe kronisk lungesjuke? det er 40 forskarar i Helseforsking Sogn og Fjordane?

Helse Førde har forskarar frå England, USA, Etiopia, Finland, Polen, Romania og Sør-Korea?

Helse Førde har for tida

10 doktorgrads studentar?

sjukehuset jamnleg arrangerer TekPrat som ein open møteplass for teknologiinteresserte på tvers av bransjar?

alderspennet hos forskarane i Helse Førde går frå

32 – 63 år?

det årleg blir arrangert ein helseinnovasjons konferanse i Førde?

34 f & i-magasinet Forsking og innovasjon i Helse Førde
Har du ein god idé? ...eller tankar om betre løysingar på sjukehuset? Snakk med oss! G URO MJANGER Seksjonsleiar for forsking og innovasjon guro.mjanger@helse-forde.no 992 58 047 MARIT SOLHEIM Forskingsleiar marit.eva.solheim@helse-forde.no 400 46 114 idemottaket@helse-forde.no helse-forde.no/innovasjon 35Forsking og innovasjon i Helse Førde f & i-magasinet

– Eg heiar på tilsette som tek initiativ til å skape betre løysingar, gjennom samarbeid og innhenting av kunnskap på ulike arenaer. I innovasjons arbeid er det viktig med brubygging mellom miljø og å kople fag og folk. Å legge til rette for innovasjon er ei viktig oppgåve for oss leiarar og det er våre tilsette som er den viktigaste ressursen i utvikling av gode tenester.

www.helse-forde.no
Anne Kristin Kleiven utviklingsdirektør i Helse Førde

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.