InFoU årgang 2013, nr. 2
Juli 2013
InFoU OPPSUMMERT OM OVERVEKT
2
fedmeforskning
5
Pioneren innan
6
NYE OPPDAGELSER FOR SMERTEPASIENTER
HØGSKULEN VERTSKAP FOR EINAR HOVLID SIN
8
FORSKNINGSDAGANE 2013—HAV OG VATN
9
disputas
VELLUKKA ERNÆRINGSPROSJEKT 10 PÅ MEDISINSK SENGEPOST
12
Tverrfaglig læring I
einsemd
ASK-PROSJEKTET
14 NY PRIS TIL RIISER OG ”BEST ABSTRACT”
NY ARTIKKEL OM 15
— EIT ALVORLEG HELSEPROBLEM 16 TILDELTE
FoU-midler
AVDELING FOR HELSEFAG
SAMARBEIDSMIDLER DELT UT FOR 2013-2014 16 17
Luís Figo OG LIVET SOM FORLAGSSJEF I OPEN ACCESS-BRANSJEN
Å SKRIVE MASTEROPPGÅVE KNYTT TIL EIT 18 ETABLERT FOU-PROSJEKT
VED
InFoU nr. 2 — 2013
FAGSEMINAR OG OPPSUM FORSKINGA VED MILJØET TILNÆRMING TIL BEHANDL HABILITERING AV MENNES
Oppsummert om ove Forskingsmiljøet i Førde gjorde 7. juni opp status for overvekt-satsinga med ein serie føredrag i auditoriet på sentralsjukehuset. Av: Lars-Petter Jevnaker Foto: Runar Tengel Hovland
Seminaret romma i tillegg innlegg frå andre helseprosjekt og med andre spanande tema. Stipendiat Anny Aasprang var ordstyrar for seminaret som vart innleia av administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, 2
forskingsleiar ved Senter for helseforsking, Marit Solheim og fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik. Aasprang har, saman med andre frå fagmiljøet i Førde, nyss publisert ein artikkel i
InFoU nr. 2 — 2013
målet med studiet var å evaluere resultata fem år etter fedmeoperasjon med metoden BPDDS. Denne artikkelen definerer nærast råma for forskingsseminaret då dette er den første studien i verda som granskar langtidsverknadane av den mest nytta operasjonsmetoden.
MMERING AV OVERVEKTST I FØRDE: MULTIDISIPLINÆR LING, OPPFØLGING OG RESKE MED SJUKLEG OVERVEKT
ervekt Obesity Surgery som syner kraftig betring i livskvalitet hjå pasientar etter fedmeoperasjon. Vesentleg færre av pasientane er deprimerte, men dei opererte slit framleis meir med angst enn gjennomsnittet for befolkninga. Føre-
Programmet Seminaret hadde eit variert fagleg innhald og omfatta ei tverrfagleg gruppe forskarar frå Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Hauglandsenteret, Universitetet i Bergen og Helse Bergen. Bjarte Fossen frå Hauglandsenteret presenterte korleis dei arbeidde med si pasientgruppe med omsyn til endring av livsstil. Dette arbeidet går føre seg i tett samarbeid med andre forskarar – blant anna Randi Jepsen og Eivind Aadland. Aadland har dokumentert at fysisk aktivitet har positiv innverknad på helsa til pasientane utover vekttap medan Jepsen har sett på ei rekkje andre utfordringar for pasientane. Blant anna har ho vore oppteken av eksponering for fysisk aktivitet hjå pasientgruppa og korleis sosiale stigma kan vera krevjande for å oppnå betre helse og livskvalitet.
Det faglege programmet sette ikkje berre lys på livsstilsutfordringane for vaksne. Fleire prosjekt ser på risiko hjå born og unge. Geir Kåre Resaland presenterte status for prosjektet Active Smarter Kids (ASK), Hege Kristianssen snakka om risikofaktorar for barneovervekt og kva ytre faktorar som kan påverka dette. Petur Juliusson frå Universitetet i Bergen/Helse Bergen presenterte idear frå Karolinska Institutet som no er overført til Haukeland universitetssjukehus. Bak dette ligg det studium som konstaterer at dei tyngste pasientane no har vorte enno tyngre. Ulrikke Hernæs snakka om pasientgruppa ut frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv og presenterte data kring arbeidslivsdeltaking for fedmeopererte pasientar. Villy Våge, som starta opp aktiviteten i Førde, tok opp ei rekkje viktige spørsmål for pasientane i tillegg til å snakka om forskinga si innafor fedmekirurgi. Prioritering av pasientar med sjukleg overvekt er svært viktig og ein lyt truleg diskutera mange ulike aspekt framover – til dømes kva KMI-grense som skal ligga til grunn for operasjon. Sjukleg overvekt er ein ... Forts. neste side
3
InFoU nr. 2 — 2013
kronisk progressiv sjukdom som ikkje er meir sjølvpåført enn til dømes idrettsskadar, rusmisbruk, lungekreft eller anna, sa Våge. Bakgrunn pregar kva synspunkt ein har på dette. Pasienten har rett på vurdering, og då ut frå helsetilstand og ikkje ut frå sjølve søknaden om vurdering. Våge sa avslutningsvis at personar med sjukleg overvekt har rett til helsehjelp, krav til behandling og med det rett til operasjon. Gode råd på vegen vidare Ein av dei siste på programmet var professor Gunnar Mellgren frå Universitetet i Bergen som har vore del av den viktige mentorgruppa i satsinga. Han rosa miljøet og synte til dei mange gode og interessante føredraga denne dagen. Miljøet i Førde har synt ei veldig god utvikling, og nivået er eit heilt anna i dag enn i starten. Satsinga kan difor karakteriserast som vellukka. Fedme er ein folkesjukdom, men ein må skilja mellom fedme og sjukleg overvekt når ein diskuterer dette. Om nokre år vil ein ha enno fleire med fedmerelaterte sjukdomar, og i den samanheng dukkar det opp nye spørsmål. Skal ein gå lægre ned i BMI? Er endring av livsstil løy-
singa? Det kan vera vanskeleg å få til endring av livsstil, men kven kan få dette til? Ei kartlegging av kven som har motivasjon nok til å vera med på ein intervensjon kan vera fornuftig, og det er viktig å gripa tak i dei yngste og skapa betre system og struktur kring dette. Korleis kan ein verta enno betre på dette forskingsfeltet? Framleis er forskingsmiljøet veldig sårbart - særskilt på seniornivå. Det er difor avgjerande at ein tek godt vare på desse! I Førde er ein like gode eller vel så det samanlikna med andre miljø regionalt eller nasjonalt. Nasjonalt register for bariatrisk kirurgi er i full fart framover, og Mellgren nemnde her Villy Våge sitt målretta arbeid. Når det gjeld biobankbasert forsking så står miljøet i fylket heller ikkje attende for nokon. Men ein bør kombinera biobank-prosjekt saman med registerbaserte og livsstils-baserte studium. Til sist snakka Mellgren kring søkjing om pengar. Det er eit eige kapitel der mange tunge forskingsmiljø har gått mange rundar før utteljinga har kome. Bodskapen her er at ein ikkje må gje seg!
4
InFoU nr. 2 — 2013
Pioneren innan fedmekirurgi Villy Våge, overlege og kirurg, er eit anerkjent namn innanfor satsinga på fedmekirurgi ved FSS. Han vert sett på som ein pioner innanfor dette feltet. Kva er bakgrunnen for kunnskapen på området? Tekst og foto: Charlotte Eikefjord Holen I følgje Våge er det gjort slik kirurgi i Noreg bolkevis sidan tidleg på 1970-talet. Metoden den gongen var at mesteparten av tynntarmen vart kopla ut. Ei ulempe med denne metoden var at det oppstod mykje biverknader og komplikasjonar. I perioden 1997 til 2000 var Villy Våge på Haukeland Universitetssjukehus for å ta spesialistutdanninga si. Saman med ni andre personar, vart han hovudforskar i eit doktorgradsprosjekt med tittelen Jejunoileal bypass in the treatment of morbid obesity, long term results. Dette prosjektet vart påbyrja i år 2000, og ferdigstilt i 2005. I denne
perioden vart interessa innan fedmekirugi vekt. –Gjennom forskingsprosjektet lærte eg mykje om fedmekirurgi, seier Våge. Forskingsprosjektet bestod i å etterundersøke 36 pasientar som hadde blitt operert på midten av 1970-talet for sjukleg overvekt. Prosjektgruppa visste at denne operasjonen gav ein del biverknadar, og derfor frykta dei at det var mange mislukka operasjonar. Dei frykta også at det var mange som hadde fått omgjort operasjonen. Kva vart så resultatet? Ut av dei 36 pasientane, hadde dei datagrunnlag på 23 personar. 3 av pasientane var døde, og 10 pasientar hadde fått kopla attende tynntarmen grunna biverknader etter operasjonen. Dei personane som hadde fått kopla tilbake tynntarmen, hadde gått vesentleg opp i vekt igjen. Mange av dei hadde utvikla tilleggssjukdomar til overvekta. Dei fleste av dei 23 pasientane
5
med intakt utkopla tynntarm, hadde opplevd eit stort vekttap som vedvarte. Frå ein gjennomsnitleg KMI på 41 før operasjonen, hadde dei etter eit år gått ned til ein KMI på 29, og etter 25 år hadde dei ein gjennomsnitleg KMI på 30. Dei pasientane som hadde alvorleg tilleggssjukdom som diabetes eller pustestopp under søvn, hadde gått ned til ein median KMI på 35. Normalområdet for KMI er mellom 18,5 og 25. Når det gjaldt livskvalitet, var konklusjonen at dei fleste med intakt utkopla tynntarm hadde eit livskvalitetsnivå på linje med normalpopulasjonen, trass ulike biverknader. I følgje Våge var dette den første publikasjonen som antyda at fedmekirurgi aukar overlevinga. Sidan datagrunnlaget ikkje var stort nok, kunne ikkje desse resultata sjåast på som statistisk signifikante. -Større studiar seinare syner at overlevinga aukar etter fedmekirurgi, seier Villy Våge.
InFoU nr. 2 — 2013
NYE OPPDAGELSER FOR SMERTEPASIENTER
- Pasienten har nesten alltid rett, det er bare jeg som ikke forstår, mener lege og forsker Jan Roar Orlin. Han har brukt mye av sin karriere på å forstå og behandle smertetilstander som fagfeltene ikke kan enes om. Tekst og foto: Ragna Lillevik - Smerte er ufarlig, man dør ikke av smerte. Derfor får det lav prioritet i vårt sykehussystem, og smertepasienter er forferdelig tidkrevende. De har vondt overalt, forteller dr. Jan Roar Orlin. Han har i en lang medisinsk karriere vært opptatt av smertetilstander og utviklet ny kunnskap i sitt virke ved Førde sentralsykehus.
- Noen smertetilstander er kjente og aktet, andre ikke. Særlig dette når nerver kommer i klem har vært spennende, for der mangler det kunnskap, forteller Orlin.
opplevde stor forskjell i sin tid da jeg gikk fra nevrokirurgien til ortopedien. Da våknet nysgjerrigheten, og dette ble en kilde til forskning, forteller Orlin.
Etter å ha skiftet felt flere ganger i karrieren oppdaget Orlin at disse tilstandene ble oppfattet svært forskjellig i de forskjellige medisinske spesialitetene. -Jeg hadde aldri kommet inn i problemet hvis jeg ikke hadde hatt en tverrfaglig bakgrunn. Jeg startet som doktor på landet, der jeg lærte at pasienten nesten alltid har rett, det var bare meg som ikke forsto. Deretter skiftet jeg til generell kirurgi, nevrokirurgi og ortopedisk kirurgi. Jeg
Kom for mulighetene Han kom til Førde sentralsykehus på grunn av mulighetene til å jobbe med smertetilstander, og har 25 år i feltet. - Jeg har i løpet av årene i Førde fått anledning til å lete etter løsninger på ting som jeg ikke hadde forstått og som jeg heller ikke kunne forklare, sier Orlin. Han har brukt mye av denne tiden til å øke vår forståelse av leggsmerter grunnet kronisk losjesyndrom, en smertefull tilstand som oppstår når en eller flere
6
InFoU nr. 2 — 2013
muskler får det for trangt i muskellosjene. En operasjon kan gi normalisering av livskvalitet. - Det er relativt få kirurgiske inngrep som oppnår en så stor bedring, påpeker Orlin. Det har imidlertid manglet kunnskap både rundt diagnostisering og behandling av tilstanden. I april publiserte Journal of Orthopaedic Surgery and Reserach en ny artikkel der Orlin viser at kronisk losjesyndrom i leggen kan diagnostiseres med en klinisk undersøkelse og at operasjoner basert på disse undersøkelsene gir gode langtidsresultater. Denne artikkelen er et resultat av Orlins arbeid gjennom mange år for å finne en ny måte å diagnostisere og behandle denne lite studerte tilstanden på. - Jeg har sett på smerte som følger av at nerver irriteres mekanisk. Særlig smerte ved irritasjon av de perifere nervene har vært mindre kjent. Det er paradoksalt at alle kjenner til vellykkede operasjoner i håndleddet, mens «tvillingen» i foten er ukjent, sier Orlin. Han sier det er publisert over 3000 artikler om dette fenomenet i håndleddet, men bare 45 om det tilsvarende i leggen.
- Jeg har spurt kollegaer i alle år hvordan vi skal diagnostisere denne tilstanden i foten. Da jeg endelig skjønte det opererte jeg 98 føtter på tre år, forteller Orlin. I Helse Førde har Orlin ledet et forskningsprosjekt på samme nerve høyere opp i armen som nå er halvveis, og der resultatene så langt er gode. I tillegg har Orlin altså brynet seg på nerver som får det for trangt inne i muskelrom i leggen. Det er resultatene av dette arbeidet han nå har publisert, i samarbeid med Jarle Øen og John Roger Andersen. Nylig publiserte funn Artikkelen er basert på arbeid fra 2007 til 2009, og funnene ble presentert på et større forskningsseminar ved Førde sentralsykehus i juni. - Hovedkneiken var at vi måtte vise at en nøyaktig klinisk undersøkelse er bedre enn «gullstandarden» hittil som har vært trykkmåling i muskelrom i leggen. Dette har vært standardkriterium for operasjon tidligere, forteller Orlin. I tillegg har den erfarne legen kommet fram til at alle fire losjer i leggen bør opereres. Da trykkmåling tidligere har vært kriteriet for operasjon har mange pasienter kun blitt 7
operert i losjer der det påvises for høyt trykk, men gjennomgangen av Orlins pasienter viser ingen sammenheng mellom forhøyet trykk og smerte. Orlins funn viser nå at en klinisk undersøkelse gir en bedre diagnostisering av losjesyndrom, og at 80% av pasientene som opereres i alle fire losjene rapporterer gode langtidsresultater. - Når basisarbeidet nå er publisert vil det være synd dersom forskningen stopper på terskelen til å påvirke de store samfunnsutgiftene, mener Orlin. En stor andel av NAVbudsjettet går til pasienter av muskel- og skjelettsykdommer, påpeker han. Takknemlig for tiden Tid til å møte pasienten har vært et viktig kriterium. - På ortopedisk poliklinikk hadde vi 20 minutter per pasient. Det var ofte nok, men ryggpasienter eller smertepasienter trengte tre kvarter. Jeg fikk heldigvis tid fra første stund til å bruke på slike pasienter, og det ville man ikke fått ved alle sykehus, sier Orlin. Han er nå pensjonist, men håper at kunnskap om smertelidelsene utvikles videre. - Det synes å være en gryende interesse fra toneangivende personer i miljøet for smertebehandling, sier Orlin.
InFoU nr. 2 — 2013
HØGSKULEN VERTSKAP FOR EINAR HOVLID SIN DISPUTAS 15. mai disputerte Einar Hovlid i Sogndal for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga 'Reducing cancellations of planned operations - a case study of improving the quality of care at a district general hospital'. Einar Hovlid er tilsett ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har hatt professor Oddbjørn Bukve frå Institutt for samfunnsvitskap ved HiSF som hovudrettleiar.
- For Høgskulen i Sogn og Fjordane er denne disputasen ei fagleg storhending, og det er ei glede å ønskje velkommen til prøveførelesing og disputas i Sogndal, seier dekan Gunnar Yttri ved Avdeling for samfunnsfag. Prøveførelesinga tok føre seg spørsmålet ”Hvordan kan tilsyn bidra til pasientsikkerhet?” Opponentar på disputasen var professor Lars E. Hanssen og professor Magne Nylenna.
Øvst til venstre: Einar Hovlid. Over: Disputasforsamlinga ved Fosshaugane i Sogndal. I fremste rekke Lars E. Hanssen og Per Stensland saman med Einar Hovlid. Høgre: Opponentar professor Magne Nylenna, professor Lars E. Hanssen og kustos Per Stensland . (Foto: Runar Hovland) 8
InFoU nr. 2 — 2013
FORSKINGSDAGANE 2013 — HAV OG VATN Førebels program:
Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar vert inviterte til å syna fram si verksemd for ålmenta på nye og spanande måtar.
24.09 Tysdagsdebatten på meieriet i Sogndal: Om fisken som vart vekke i Sogndalsfjorden. Kvifor vart han vekke? Kan vi få fisken tilbake igjen? 25.09 Open dag i det nye høgskulebygget i Sogndal med mellom anna; stand up-forsking, bokkafé og utstillingar i biblioteket, opne forelesingar i klasseromma, posterutstillingar, historisk-geologisk vandring langs Sogndalselvi, spesialmeny i kantina osv..
Av: Lars-Petter Jevnaker Målsetjingane for festivalen er å skapa interesse for forsking, sjå korleis forsking kan påverka vårt daglegliv, korleis forsking heng saman med innovasjon og næringsliv, vekkja interesse for aktiviteten i media og bidra til å rekruttera unge til forskingsrelaterte yrke.
25.09 kl 21 Forskingsquiz på studentkroa Akutten i Førde. Konkurranse mellom tilsette og studentar. 26.09 Rettleiingskonferansen 2013 i Førde; Anerkjennande refleksjon og nærvær i rettleiing – fenomenologisk tilnærming til rettleiing
Det overordna temaet for 2013 er hav og vatn og arrangementet går av stabelen mellom 18. og 29. september. Fredag 27. september er det drop-in-seminar med ulike føredrag i auditoriet på Sentralsjukehuset og ved høgskulen på Vie. Mange spanande tema og personar er allereie sett opp på programmet, men det er plass til fleire!
27.09 Drop-in seminar ved Førde Sentralsjukehus og på Campus Førde 23. - 27.09 Posterutstilling og posterkonkurranse. Premiering av beste poster i tre klassar; poster frå kvalitetssikringsprosjekt, forskingsposter og studentposter.
Laurdag 28. september vert det stands og aktivitetar på Skywalken på Handelshuset. Utover dette vert det blant anna faglunsj, posterkurs, posterkonkurransar og mykje anna. Dersom nokon ynskjer å bidra med noko på Forskingsdagane 2013 så må ein gjerne ta kontakt med Senter for helseforsking.
28.09 Forskingstorg på skywalken i Førde kl 11 - 14 23. - 27.09 Forskingslunsj frå kl 11.30 - 12.30 i vrimlearealet på Vie i Førde. Både studentar og tilsette kan delta i diverse aktivitetar.
9
InFoU nr. 2 — 2013
VELLUKKA ERNÆRINGSPROSJEKT PÅ MEDISINSK SENGEPOST
Medisinsk avdeling, FSS, er godt i gong med eit prosjekt som kartlegg ernæringsstatusen til innlagde pasientar over 75 år. Dette er eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Korleis vert prosjektet vurdert frå leiarsida?
(NRS 2002) der ernæringsmessig risiko vert vurdert. Dette arbeidet er i tråd med nasjonale retningslinjer for førebygging og behandling av underernærte.
Nye rutinar Inghild Espeland Mowatt vurderer det slik at Tekst og foto: Charlotte Eikefjord Holen rutinane er godt i gong med å falle på plass. Alle pasientane i den aktuelle aldersgruppa vert -Det er krevjande å implementere nye retningslin- kartlagt i forhold til høgde, vekt og BMI. Mowatt jer. Kombinasjonen frikjøp av sjukepleiarar, poengterer kor viktig det er med eit godt studentar i praksis og lærarkrefter ved Høgskulen samarbeid. Mange av pasientane er skrøpelege og i Sogn og Fjordane, har gjort at vi kunne starte screeninga kan ta tid. Haldningane som leiinga og opp og gjennomføre prosjektet. Dette seier personalet syner er viktige for å lukkast i arbeidet. Inghild Espeland Mowatt, oversjukepleiar og einingsleiar på medisinsk sengepost ved FSS. Diabetessjukepleiar Katrine Vold Olsen seier at det er innarbeidd ei rutine som går ut på å Prosjektet går ut på at alle pasientar over 75 år intervjue pasientane om morgonen, og at dette er vert kartlagt i høve underernæring ved innlegging inkludert i det faste stellet. Det er samarbeid med på medisinsk sengepost (korridor 1 og 2). kjøkkenet i høve spesielle matynskje hjå Sjukepleiarstudentar ved HiSF starta tidlegare i år pasientane. eit screeningprosjekt i samarbeid med avdelinga. Mowatt seier at sjukepleiar Olivia Sunde og Ernæringsmessig risiko vert vurdert på bakgrunn Katrine Vold Olsen, som kvar er frikjøpt i 20%, av ernæringstilstand og sjukdomen si alvorsgrad har gjort ein god jobb med å lære opp dei tilsette ved hjelp av ein spesiell tabell. Dersom summen ved sengeposten. Alle tilsette har no fått av scoren blir meir enn tre poeng i tabellen, er opplæring, og aktuelle pasientar vert screena pasienten i ernæringsmessig risiko, og det må første morgonen etter innlegginga. I samband setjast i verk ernæringsbehandling ut frå ein med kartlegginga, vert det nytta eit spesielt hefte målretta plan. Legen skriv også ut ein diagnose10
InFoU nr. 2 — 2013
kode basert på graden av underernæring. Planen vert sendt til kommunehelsetenesta pasienten soknar til. - Det at vi har fokus på problemstillinga, bidreg til forandring, seier Olsen. Mowatt poengterer at ei av utfordringane er å evaluere om tiltaka vert følgd opp ute i kommunane. Ho seier at det er viktig at ein frå sjukehuset si side gjev god informasjon ut til kommunane. Samstundes er det viktig at kommunane følgjer opp den individuelle pasientplanen sjukehuset sender ut. God læring for studentane Forskingsleiar Marit Solheim, Senter for helseforsking, seier det er viktig at studentane får erfaring med systematisk kartlegging gjennom å delta i slike prosjekt. Dei får også sjå korleis alt heng i hop, t.d. kor mange personar ein er avhengige av for å lukkast. Studentane er ein viktig ressurs og kan bidra på område som forsking seier er viktig. –Vi arbeider med forbetring av praksis, og det er viktig at studentane får erfaring med dette i studietida, seier Solheim. Vidare legg ho vekt på at det er interessant å sjå at det nyttar i ein travel kvardag å drive forbetringsarbeid. Dette er eit godt døme på korleis Samarbeidsmidlane er tenkt, nemleg at alle dreg i same retning. Dette er midlar som skal nyttast til samarbeidsprosjekt mellom høgskulen og praksisfeltet. Det ligg også stor eigeninnsats bak. Det er fint at dette prosjektet er konkret og målbart, og ein får erfaring i å arbeide systematisk. Prosjektet varer til november 2013. I eit framtidsperspektiv vil det vere viktig å få prosjektet over i drifta, t.d. ved å kunne hente ut rapportar på ernæringsscreening etter prosjektet er avslutta. Framtidige studentar i grunnutdanninga eller vidareutdanninga kan bruke datagrunnlaget som utgangspunkt for oppgåveskriving, t.d. gjennom å studere risikogrupper, eller korleis arbeide ut mot kommunane. 11
InFoU nr. 2 — 2013
TVERRFAGLIG LÆRING I ASK-PROSJEKTET
ASK-prosjektet (Active Smarter Kids) samlet et vidt spekter av intern og ekstern kompetanse til sitt første faglige seminar i mai.
enorme tverrfagligheten i prosjektet som vi ser som en stor styrke, sier Sigmund A. Anderssen, godt fornøyd etter vel gjennomført program.
Tekst og foto: Ragna Lillevik
Anderessen påpeker at semiASK-prosjektet er utviklet i naret har vært en god anledsamarbeid mellom idretts- og ning til å lære av hverandres helseforskere ved HiSF, med perspektiver på tvers av faggod bistand fra blant annet disipliner. Hvordan de ulike samarbeidende forskere ved fagdisiplinene kan bidra til Norges idrettshøgskole. prosjektets samlede forståelse - Nesten alle som har hatt en av sammenhengen mellom presentasjon på seminaret fysisk aktivitet og skolehar på en eller annen måte en prestasjoner hos barn var fot innenfor ASK, enten tema for flere av innleggene. internt i gruppa eller som Professor Gunn Engelsrud ekstern fagperson i prosjekforeslo at man gjennom ASKtet, forteller Anderssen. studien kan forstå mer av Disse inkluderte professor hvordan læring er kroppslig Ingar Holme, forsker ved gjennom nettopp diskusjon Norges idrettshøgskole avde- mellom kvalitative og kvantilingsleder ved Oslo Universi- tative dataforståelser. tetssykehus. Hans innlegg - Dette er en kompleks studie tok for seg suksesskriteriene med ulike fagretninger som for store RTC-prosjekt som inkluderer alt fra livskvalitet ASK, og satte en høy list for til meget avanserte blodforskningsprosjektet. Foreprøver og elevers læringsdragsholderne for øvrig gjor- utbytte, påpeker Resaland.
ASK-prosjektet skal studere effekten av daglig fysisk aktivitet på skoleprestasjoner hos elever i Sogn og Fjordane. Kompetanse fra et bredt utvalg av landets forskningsinstitusjoner var samlet i Førde da det første faglige seminaret i ASK-prosjektet ble avviklet i mai. Førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Geir Kåre Resaland og professor II Sigmund Anderssener er prosjektledere i ASK og ledet også prosjektseminaret. Programmet bød på faglige innlegg som reflekterte prosjektets tematiske vidde, metodiske mangfold og høye ambisjonsnivå. - Dette seminaret viser den
12
de opp kunnskapsstatus innenfor sine respektive felt og bidro med forskjellige perspektiver på problemstillingen.
InFoU nr. 2 — 2013
HELSE VEST FORSKNINGSMIDLAR 2014
MIDLER TIL HJERTE– OG KARFORSKNING
Det regionale samarbeidsorganet i Helse Vest har lyst ut forskingsmidlar for 2014 med søknadsfrist 15. september 2013.
Søk om midler til hjerte- og karforskning 2014 Nasjonalforeningen for folkehelsen Det norske råd for hjerte- og karsykdommer er en vesentlig bidragsyter i arbeidet for å bekjempe hjerte- og karsykdommer i Norge. I 2013 ble det bevilget 20 millioner til hjerte- og karforskning. Fra og med juni kan du søke på våre midler.
Full utlysningstekst med tilgang til søknadsskjema er tilgjengelig på http:// samarbeidsorganet.helse-vest.no. Spørsmål kan rettast til forskningsmidler@helse-vest.no Senter for helseforsking kan òg kontaktast ved spørsmål.
Rådet støtter prosjekter innen: • epidemiologi og forebygging • klinisk forskning • basalforskning
Informasjonsmøte Torsdag 15. august kl 14.00-16.00 stiller Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking i Helse Vest til informasjonsmøte i møterom Adm 4, 2. etasje, Førde Sentralsjukehus. I tillegg tek Senter for helseforsking del. På møtet vil det bli gode høve til å stilla spørsmål.
Det kan søkes om lønn for stipendiater og et postdoc/forskerstipend, samt driftsmidler for 2014. Databasen for registrering av søknader finner du på denne linken. Søknadsfrist er 1. september 2013 (Databasen stenger automatisk for nye søknader kl 23.59)
Målgruppa for møtet er alle som har planlagt å søkja Helse Vests forskingsmidlar hausten 2013, personar som vurderer å søkja Helse Vest-midlar ved eit seinare høve eller andre interesserte.
Kontakt Fagkonsulent Øivind Kristensen, tlf: 23 12 00 93, e-post: oikr@nasjonalforeningen.no
På informasjonsmøtet vil ein gå gjennom dei viktigaste og mest sentrale retningslinene for søknadsprosessen, inkludert det som er nytt for i år. Til sist vert det gjennomgang av søknad og tips til søknadsskriving.
Søknadsskjema Skjemaer finner du på denne siden.
Etter møtet er det høve til å stilla meir konkrete spørsmål.
13
InFoU nr. 2 — 2013
NY PRIS TIL RIISER
”BEST ABSTRACT”
Oslo universitetssykehus har delt ut forskningspriser til forskergrupper og enkeltforskere ved sykehuset.
Anne Marie Sandvoll, saman med to medforfattarar, vann prisen for beste abstract 2012 ved Universitetet i Agder.
Amund Riiser, som er førsteamanuensis ved Institutt for idrett ved HiSF, og forskningsgruppen ORAACLE fikk prisen for fremragende originalartikkel for:”Does Bronchial Hyperresponsiveness in Childhood Predict Active Asthma in Adolescence?” Artikkelen er publisert i American Journal of Respiratory and Critical Care Medicine, som er det høyest rangerte fagspesifikke tidsskriftet internasjonalt.
Anne Marie Sandvoll er høgskulelektor og stipendiat ved HiSF. Universitetet i Agder skreiv i samband med tildelinga at eit abstract er lesaren sitt første møte med teksten, sjølve "gulrota" som skal fengje lesaren til å lese vidare. Det er derfor viktig at dette samandraget klarer å engasjere lesaren og vekke interesse for prosjektet som vert skildra. Føremålet med ein slik pris er å styrke forskarane si merksemd mot dette skrivearbeidet. I tillegg skal det gje auka kvalitet på denne delen av dei vitskaplege artiklane. Det var tretten ulike vitskaplege artiklar med i konkurransen.
Riiser har påvist at bronkial hyperreaktivitet hos ti år gamle barn gir en økt risiko for å utvikle aktiv astma seks år seinere i livet. Resultatene er basert på en studie av 530 barn og unge som gjennomgikk bronkial hyperaktivitetsmålinger. Amund Riiser har arbeidet med dette temaet i sin doktorgrads-avhandling, som han også mottok Oslo Universitetssykehus’ Voksentopprisen 2012 for. Vi gratulerer prisvinneren!
Anne Marie Sandvoll vann med abstractet i artikkelen ”New quality regulations versus established nursing home practice: a qualitative study”. Kjell Kristoffersen og Solveig Hauge er medforfattarar. Kristoffersen er professor ved Universitetet i Agder. Solveig Hauge er førsteamanuensis ved Høgskulen i Telemark. 14
Arbeidsstipend til Flaten Kirsten Flaten har fått arbeidsstipend frå Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) til prosjektet «Sosial dugleikar og tilrettelagt leikeprogram for tilbakehaldne barnehage-born». Flaten har delt stilling mellom Avdeling for lærar-utdanning og idrett ved HiSF og BUP Sogndal, Helse Førde.
Såkornmidlar til HF HF har fått såkornmidlar frå HV til to kvalitetsutviklingsprosjekt: Metodikk for implementering av kunnskapsbaserte fagprosedyrar i Helse Førde «Fire gode vanar» - klinisk kommunikasjon Kontaktperson: Kari Holvik Furevik, Fag- og utviklingsavdelinga
InFoU nr. 2 — 2013
NY ARTIKKEL OM EINSEMD — EIT ALVORLEG HELSEPROBLEM
Kari Kvaal ved Høgskulen i Hedmark, saman med Kari Kvigne og Anne-Grethe Halding frå HiSF, har studert einsemd hjå eldre. Av: Charlotte Eikefjord Holen
Angelo Morbelli, ”Drøm og virkelighet”, 1905
i personlege faktorar og i situasjonar forbunde med livshendingar, som t.d. tap, sorg og flytting. Studien hadde til føremål å skildre og samanlikne oppleving av sosial støtte i ei gruppe som rapporterte at dei ikkje følte seg einsame med ei gruppe som rapporterte at dei gjorde det.
No har dei publisert den vitskaplege artikkelen ”Social provision and loneliness among older people suffering from chronic physical illness. A mixed-methods approach” i Scandinavian Journal of Caring Seks områda for sosial støtte Sciences. blei undersøkt ved hjelp av På Høgskulen i Hedmark sine spørjeskjema. Desse var nettsider er artikkelen omtala tilknyting, sosial integrasjon, moglegheit til å gje omsorg, av Kari Kvaal. Der står det at bekrefting av eigenverdi og einsemd er å vere utan andre og saman med andre. Einsemd kjensle av å ha nokon å stole vert opplevd som smertefullt på og nokon ein kan få råd og og skamfullt, og har bakgrunn rettleiing hos. I tillegg fortalte
15
dei eldre sine eigne historier og skildringar av einsemd. Av dei 101 eldre med kronisk sjukdom som ble intervjua, opplevde 76 einsemd. Funna viste at 20 % i den gruppa som følte seg einsame også hadde depresjonar. Studien utforskar også kva meining informantane legg i einsemd. Dei dominerande kjenslene var tomheit, tristheit, angst og kjenne seg rastlaus. Denne pasientgruppa utgjer den største gruppa for heimebaserte tenester. Identifisering av behov for hjelp, omsorg og tilrettelegging av tenester er derfor eit viktig område for samhandling mellom spesialist - og kommunehelsetenesta.
InFoU nr. 2 — 2013
TILDELTE FOU-MIDLER VED AVDELING FOR HELSEFAG, 2013-2014 Det kom inn 18 søknader om interne FoU-midler ved Avdeling for helsefag, HiSF, for skoleåret 2013-2014. Disse prosjektene ble tildelt midler: ”Evaluering av pårørendeskole for pårørende til personer med minnesvikt og demens” ved Merete J. Dale.
og Fjordane” ved Joanna Galek.
Råholm, Gro Hovland og Dagrun Kyrkjebø.
”Betre oppfølging av personar ”Skjult pleiepraksis i som lever med KOLS” ved sjukeheim” ved Anne Marie Anne-Grethe Halding. Sandvoll. ”Previsittens betydning for pasientbehandling og pleie” ved Lars Kyte, Ole T. Kleiven og Irene Sjursjen.
”Konsensus på praktisk gjennomføring av ”REI - Research, education, legemiddelhandtering i innovation” ved Maj Britt kommunehelsetjenesten i Sogn
”Sunn framtid” ved Kari Eldal Tvedt. ”Continuity of care and perceived health status after MI” ved Irene Valaker.
SAMARBEIDSMIDLER DELT UT FOR 2013-2014 Avdeling for helsefag mottok øring) ved Helse Førde, mange gode søknader på årets kirurgisk og medisinsk klinikk samarbeidsmidler. ”Oppfølging av Kunnskapsdepartementet og sjukepleiarstudentar - fokus på Helse og omsorgskontaktsjukepleiarane” ved departementet besluttet i 2006 Helse Førde, Psykiatrisk at midler som tidligere ble klinikk, Førde brukt til veiledningshonorar til ”Brukarmedverknad” ved praksisstedene nå skal brukes Helse Førde, psykiatrisk til samarbeidsprosjekter klinikk, Tronvik, post 5 mellom høgskolene og praksisfeltet. Disse samarbeids ”Hospiteringsutbetring på -midlene lyses ut årlig og barneavdelinga” ved Helse utdeles på grunnlag av Førde, barneavdelinga FSS prosjektsøknader fra praksisfeltet. I år mottok avdeling for "La etikken blomstre i praksis" ved Gaular bygde- og helsefag 16 søknader, og følgende prosjekter ble tildelt sjukeheim, sjukeavd. 1 og 2 midler for kommende år: ”Vurdering av ernæringsstatus hos eldre pasientar med "Nye praksismodellar i spesialisthelsetenesta" (videref heimesjukepleie - delprosjekt 3 i EFOS-prosjektet” ved 16
Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane Pasienttryggleikskampanjen "Rett legemiddelbruk i sjukeheim" ved Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane "På skolen gjør vi det slik…" praktisk test som bindeledd mellom praksis og skulen ved Førde kommune, Helsetunet ”Heilskapleg pasientforløp i rehabilitering, Gloppen kommune” ved Gloppen kommune, heimetenesta Sandane I tillegg ble søknader om kurs i veiledning og det å skrive en prosjektsøknad imøtekommet.
InFoU nr. 2 — 2013
Luís Figo og livet som forlagssjef i Open Access-bransjen Av: Lars-Petter Jevnaker Mange hugsar nok EM i fotball 2004 der fleire legendariske midtbane-generalar markerte seg. Me hugsar Nedvĕd på Tsjekkia og Luís Figo på Portugal og får tårer i augo. Men dette var i 2004. Mange undrar seg nok over korleis det gjekk med stjernene frå dette meisterskapet. Heldigvis finst det meiningsfullt arbeid for pensjonerte fotballspelarar etter at proffkarrieren er over. Den svært så kreative Open Access-bransjen er ein stad å byrja. I førre utgåve av InFoU kom redaksjonen med ei lita åtvaring mot ukritisk omgang med Open Access-tidsskrift. Dette gjekk på at det er ein del aktørar her som kan kallast predatorar, det vil seia at dei utnyttar Open Accessmodellen ved å ta seg godt betalt utan å ta seg bryet med fagfellevurdering. Ei rekkje av desse forlaga er no kjende for mange, men fleire verkar seriøse og kan difor vera reine feller. Eit av dei største predatorforlaga er Scientific Research Publishing (SCIRP) som visstnok skal vera amerikansk, men det er vanskeleg å spora kvar desse forlaga eigentleg høyrer heime. Så veldig amerikansk er det nok ikkje.
Frå midtbanen til Open Access:? Foto: Michael Lucan / CC BY-3.0
Luís Figo – ein av heltane frå 2004! Men vent no litt; etter å ha lagt bak seg gode sesongar i Sporting, Barcelona, Real Madrid og Inter, kvifor vel ein då forlagsbransjen? Eg måtte granska denne personen nøyare, og fann etter kvart ut at det var ein kinesar eg hadde funne og slett ingen portugisar. Skuffa måtte eg innsjå at mi nær- Luís-Figo-oppleving var like lite reell som fagfellevurderinga i forlaget sine tidsskrift.
Moralen er difor at det løner seg å fylgja med Ja, vel. Men det var desse fotballspelarane. Kva på internasjonal fotball (som eit minimum), for med dei? Medan eg nyleg var på leit etter in- det gjer det nemleg så mykje lettare å skilja dei formasjon om SCIRP-forlaget kom eg over for- seriøse frå dei useriøse tidsskrifta. lagssjefen sin LinkedIn-profil. Denne tok eg ein Meir informasjon: http://scholarlyoa.com/ tur innom og etter berre kort tid sende han publishers/ meg spørsmål om å knyta kontakt. For ein Vestlending var dette svært smigrande – ikkje minst når eg såg kven redaktøren var: sjølvaste Spørsmål: Ta kontakt med Lars-Petter Jevnaker 17
InFoU nr. 2 — 2013
Å skrive masteroppgåve knytt til eit etablert FoU-prosjekt 15. april fekk studentane ved masterstudiet i samhandling innan helse- og sosialtenester presentert aktuelle forskingsprosjekt både frå høgskulen og eksterne aktørar. Forskingsseminaret vart arrangert for å formidle forsking knytt til samhandling innan helse- og sosialtenester, og skape inspirasjon og idear til studentar og andre sine framtidige forskingsprosjekt. Attraktive fou-prosjekt På seminaret vart studentane inviterte av både høgskulen og dei gode regionale samarbeidspartane til å knyte sine masteroppgåver til eksisterande forskingsprosjekt. Inspirerte forskarar og profesjonelle forskingsleiarar frå Avdeling for helsefag, Avdeling for lærarutdanning og idrett og Avdeling for samfunnsfag synte eit vidt spekter av forskingsarbeid med samhandling som fellesnemnar. Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane, Haugland internasjonale FoU-senter (HIFUS) og Senter for helseforsking la fram sine ulike målretta prosjekt.
Gode tilbakemeldingar Anette Wolff, dagleg leiar for HIFUS, var glad for å bli invitert til seminaret. - Eit slikt seminar er kjempebra for oss som FoU-institusjon, med mange pågåande prosjekt. Vi ønskjer å få eit sterkare samarbeid med høgskulen, og det å prøve å rekruttere masterstudentar til å jobbe med prosjekta våre er med på å styrke denne koblinga, sa ho. Også studentane let vel om seminaret. - Dagen har vore veldig bra, og vi har fått presentert spennande og inspirerande forskingsprosjekt. Det å kunne skrive masteroppgåve knytta til eit allereie etablert fou-prosjekt er veldig positivt, meinte masterstudentane Kari-Anne Tisthamar, Marianne Aasen og Solrun Njøs Amundsen.
SENTER FOR HELSEFORSKING ER: Marit Solheim, forskingsleiar tlf 57 72 25 31 marit.solheim@hisf.no marit.eva.solheim@helse-forde.no
Lars-Petter Jevnaker, seniorrådgjevar HF tlf 915 32 913 lars-petter.jevnaker@helse-forde.no
Ragna Lillevik, førstekonsulent HiSF Ta kontakt med oss dersom du treng hjelp til tlf 57 72 25 79 noko i samband med forskinga di! ragna.lillevik@hisf.no www.helseforsking.no 18