Kulturskulen i Jølster
www.jolster.kommune.no
Kulturskulen 2013-2014 SKULEN
Kulturskulen såg dagens lys i august 1998, og hadde 5 års-jubileum hausten 2003 med eit stort Elton John- arrangement og 10 års-jubileum hausten 2008 med «SATURDAY NIGHT FEVER»-show med glitter og stas og masse publikum ! Hausten 2009 hadde vi «MICHAEL JACKSON» som tema, og våren 2010 «PINK FLOYD». Våren 2011 sat vi opp cabareten «COME AS YOU ARE» saman med Vassenden skule. Skuleåret 2012/2013 har kulturskulen hatt prosjektleiing på «SKAPARKRAFT MIDT I FYLKET», så årets konsert er del av kulturhelga på Ålhus. Kulturskulen er kommunalt drive, og er eigen tenesteeining i kommunen. Det er tilsett rektor som syter for dagleg drift (40 % adm.), samt underviser 60 %. Undervisninga foregår på skulane på Skei og Vassenden, men og i andre høvelege lokale i kommunen.
MÅLSETJING Jølster kulturskule skal ha som mål å gje tilbod til alle interesserte – tilpassa den einskilde sine føresetnader og ønskjer. Alle kunstneriske uttrykksformer er likeverdige; vi har frå starten hatt tilbod innanfor biletkunst, drama/teater, dans og ulike instrument.
ALDER Kulturskulen er i første omgang tenkt som tilbod til barn og unge i grunnskule/vidaregåande-alder, men med mogleg utviding av tilbodet både oppover og nedover i alder. Vi starta opp tilbod for «Småtroll» hausten 2008. Det vil ofte vere ei føremon å starte tidleg å spele, men om eleven sjølv ikkje er motivert, kan ein for tidleg start knekke lysta til å spele. Vi tilrår start ved kulturskulen frå 3. og 4. klasse, men desse aldersgrensene er ikkje absolutte. Vi tek også opp vaksne elevar dersom det er ledige plassar, men då til «sjølvkost», d.v.s. noko dyrare enn elevplassane. Skulen kan og hjelpe til med å starte opp kurs og/eller selge tenester der dette er mogleg.
INSTRUMENT – TILBOD I skuleåret 13/14 har vi desse instrumenttilboda: Fiolin/fele (folkemusikk), piano, klarinett, kirkeorgel, song, gitar, bassgitar.
MEIR OM TILBODA Song: Å bruke songstemma meir er noko mange har eit ønskje om. Har du lyst, har du lov; kryss av på skjemaet. Det er Anja Gulbrandsen som underviser i song. Gitar Skei: Vi har knytta til oss ein god lokal gitarist på gitaropplæring. Han heiter Tor Ivar Flatjord, er ekte årdøling, og har lang band-erfaring. Kort sagt ein «allrounder» på gitar, grip sjansen, og meld dykk på i flokk! Gitar/Bassgitar Vassenden: Gode bassgitaristar veks ikkje på tre, men Rune Molvik kan gjere noko med dette ! Kan hende har nokon av dine venner same interessa? Klarinett: Det er og mogleg å lære seg å spele klarinett på kulturskulen. Anja Gulbrandsen er lærar. Biletkunst: Vi har også i år utøvande kunstnarar som gjerne vil jobbe med barne / ungdomsgrupper. Gruppene er så heldige å ha lokalitet i gamlestova til læraren, Elsa Norunn H. Nydal, ei stove som innbyr til kreativitet! Piano: På Vassenden lærer du å spele piano av Rune Molvik/Anja Gulbrandsen, og på Skei av Anja Gulbrandsen. Drama/teater: Skulen har pedagogisk kompetanse på dette feltet, og ønskjer å gje eit tilbod til både ei barnegruppe og ei ungdomsgruppe om påmeldinga er stor nok. I forfjor hadde vi ei teatergruppe for ungdom som hadde det svært kjekt i lag, og sette opp stykket «Meir» av Maria Tryti Vennerød. Grip sjansen i år, få med deg vener og kjende og meld dykk på i lag! Lærarar: Reidun Støfring/Anja Gulbrandsen. Kirkeorgel: Orgelbrus i kyrkja er mektig flott å høyre på, og vi har ein svært dyktig organist (Rune Molvik) som og kan lære bort denne kunsten! Dans: Vi har 2 dansegrupper, og tek opp nye 3.klassingar som kan starte til hausten. Ingrid G. Årdal er inspirert og sprudlande instruktør, ho er også elev på danselinja ved Firda vgs. på Sandane. Skapande skriving: Dette tilbodet er nytt av året, og resultat av prosjektet «Nynorsk skaparkraft»’, kor 126 elevar frå Skei og Vassenden skreiv dikt og gav ut bok juni 2013. Janne Karin Støylen er engasjert inspirator, så om du har du litt skrivekløe er DETTE noko for deg!
Vi fortset ordninga med å ta opp «nye folkemusikarar», og er så heldige å samarbeide med Indre Sunnfjord spelemannslag om dette, med Knut M. Sandal som instruktør.
Leikarring: Frå hausten 2013 samarbeider kulturskulen med Eikås ungdomslag om leikarring for born frå 1.–6. klasse. Tilbodet held hus på Eikås, og dei har ein dyktig instruktør i Mari Andrea Ness. Magny B. Dahlberg kjem til å halde fram med å tilretteleggje for borna. Det er viktige tradisjonar som her vert halde i hevd.
Mang ein ung spelemann og spelekvinne har her fått opplæring og inspirasjon til å trylle fram vakre slåttar på hardingfela, og dette kan og de ta del i.
Det er diverre ikkje tilbod om KERAMIKK komande skuleår, då Kajsa er litt for oppteken med andre prosjekt dette året. MEN; kanskje neste år?