Naturbruk ved Mo og Jølster

Page 1

Naturbruk

på Mo og Jølser vgs.

mojo.vgs.no

Hefte om vidaregåande opplæring for deg som vil vite meir om ei framtid innanfor naturbruk.

– Ein skule for utvikling og skaparglede!


Natur som leveveg? Likar du natur og dyr då er naturbruk vegen å gå! Det er mange vegare vidare og du får eit annleis studie, med mykje praksis og mange ulike aktivitetar. Skulen tilbyr: VG1 Naturbruk VG1 Naturbruk, med vekt på hest VG2 Landbruk og gartnarnæring VG2 Hest- og hovslagarfag VG3 Landbruk VG3 Naturforvalting (studieførebuande VG3 innan naturbruk) VG3 Allmennfagleg påbygging (Generell studiekompetanse for yrkesfagleg utdanningsprogram) VG2/ VG3 Agronomutdanning for vaksne (fjernundervisning med samlingar). Yrkeskompetanse VG3 Landbruk gir yrkeskompetanse som agronom

Generell studiekompetanse Naturforvalting eller allmennfagleg påbygging gir generell studiekompetanse, noko som opnar døra for høgare utdanning. Skulen tilbyr også – Korte fagkurs – Sertifiseringskurs – Sommarkurs – Seminar- og møteverksemd (Sjekk våre nettsider tidvis for meir info om komande kurs) Naturbruk – for deg som vil ha naturen som leveveg! mvh;) oss på Mo & Jølster vgs.


Landbruk

Grafikk |

(Agronomutdanning) Svært mange yrke i arbeidslivet vil verdsette den praktiske utdanninga ein får på Mo. Du vil sjølv også erfare at du får ei allsidig og god ballast i yrkesutdanninga di, enten du vel å avslutte skulegangen etter Mo eller du vil studere vidare.

Allmenfagleg påbygging

Fag fordelt på VG1-VG3 Naturbruk

Landbruk og gartnerinæring

Landbruk

VG 1

VG 2

VG 3

Naturbruk med vekt på hest

Hest- og hovslagarfaget

Naturforvaltning

Kompetanse og erfaring frå landbruk kan knytast til ei rekke yrkesområde som t.d. driftsleiar, avløysar, maskinkøyrar, rettleiar innan landbruket med meir.

Hest- og hovslagarfag Er du spesielt interessert i hest kan du kombinere ei målretta utdanning med hobbyen din.

du tilgang til ridebane, travbane og hinderløype. Det ligg også føre planar om ein eigen ridehall.

Naturbruk, QR:

Skulen har stallplass slik at du kan ha med deg din eigen hest. Som elev har

Etter to år på Mo har du høve til å gå ut som lærling i Hest- og hovslagarfaget.

Studiekompetanse Meir info: mojo.vgs.no

Mange av dei som går på Mo vel å ta Naturforvalting eller Allmennfagleg påbygging. Dette studiet gir generell studiekompetanse, noko som opnar døra for høgare utdanning på høgskule eller universitet.


Kvifor Mo og Jølster? • Mo har ei 150-års historie innan landbruk, og har opparbeidd solid kompetanse på området. • Skulen har eit unikt miljø for deg som vil dyrke interessa for dyr og gardsdrift. Det er bygd eit nytt fjøs til ku, sau, gris og fjørfe. På garden blir det dyrka potetar og ei rekke grønsaker. Skulen har også gardsutsal og eige foredlingsanlegg for kjøt og fisk, som blir brukt i undervisninga.

– Ein skule for utvikling og skaparglede!

• På Mo kjem elevane frå mange stader i fylket. Dei fleste vel å bu på skulen sitt internat. Her får du frukost, lunsj og middag. I tillegg har du tilgang på eige elevkjøkken. Skulen har fellesareal med TV-rom, peisestove og treningsrom. • Skulen har eit stabilt skulemiljø som er «akkurat passe stort» til at trivsel og fagleg utvikling går hand i hand. • På VG2 kan elevane danne si eiga ungdomsbedrift, og få praktisk erfaring. Skulen har hatt fleire premierte ungdomsbedrifter. • Skulen har internasjonalt samarbeid gjennom elevutveksling med Sverige. Dette er lagt til Vg3 Landbruk. Infohefte om programfaget Naturbruk v/Mo og Jølster vgs.

DESIGN/ PRODUKSJON: Medium og kommunikasjon på Mo og Jølster vgs. TEKST: Mo og Jølster vgs. FOTO: Marte Aleksandra Djupvik Torbjørn Frøysland


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.