Nynorsk skaparkraft

Page 1

Nynorsk

skaparkraft

Mari (19)

BYR PÅ SKAPARKRAFT

i Barnehagen

Temamagasin | sommar 2013

laga av elevar v/Skei og Vassenden UngdomsSkule | Laussal kr 20,-

MATS DANIEL (22)

Jølster inviterer til spennande dagar med kulturfest og elevdag på Ålhus 7.-9. juni. Side 3

Comeback-klare Mats Daniel løftar om kapp med dei sterkaste i verda. Side 12

Om overgangen frå ungdomstrinnet til den vidaregåande skulen. Side 8

Bli med til nye Langhaugane barnehage. Side 6

TIL OSLO PÅ BIEBER-Konsert

Jølsterungdom reiste samla til Oslo for å oppleve tenåringsidolet live. Side 4

2013

Ung i utdanning

UNG PÅ SVALBARD

Om det å vere ung på Svalbard. Side 10


2

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

Slepp laus kreativiten

– i framtidsfylket Sogn og Fjordane Eg går ut av grunnskulen om nokre få dagar, og skal ta til på vgs til hausten. Eg har valt linje, og håpar eg kjem inn der eg ynskjer. Men akkurat no ser det ut til at politikarane har tenkt å snu opp ned på heile vgs-strukturen i fylket vårt, for det skal visst sparast mykje pengar. Vi unge tykkjer det er urettvist dersom skuletilbodet vårt skal raserast! Vi treng ulike linjer rundt omkring i heile fylket for å behalde kreativiteten i oss! Dersom du må reise langt for å gå på den linja du har lyst til, vil færre gjere dette, færre vil vil følgje hjartet sitt og kreativiteten sin, noko sam-

funnet tapar på i det lange løp. Vi treng kreative menneske som tør å satse, og ikkje fleire som berre følgjer straumen og vel den linja som ligg nærmast geografisk, men som ikkje er den du har mest lyst til å gå på. Lyst og læring heng nøye i hop, det har eg lært gjennom 10 år i grunnskulen, så mi oppmoding til alle fylkespolitikarar er: Lat oss få behalde kreativiteten! Og til lokalpolitikarane: kjemp for dette saman med oss! DU kan gjere ein forskjell! Synnøve-Agathe Klakegg, Redaktør

Leiar

Redaksjonen Her er dei medlemmene i redaksjonen: Fra venstre på bildet: Synnøve Agathe Klakegg (redaktør), Lisbet Årdal, Benedicte Mosesen, Karete Dvergsdal, Hildegunn Raftevold, Gunstein Son Bergheim. Takk til lærarar på Skei ungdomsskule og Vassenden ungdomsskule for hjelp med avisa. Takk til alle som har støtta denne avisa!

Mentor frå medielinja på Mo og Jølster vgs: Dovydas Milliauskas og Siv Kristin Eikås Hovland. Trykk: Firda Trykk. Utforming og design: Raw Media UB/medielinja på Jølster.

JØLSTER KOMMUNE


3

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

Inviterer til skaparkraft 7.-9. inviterer m.a. Jølster kommune til arrangementet «Nynorsk skaparkraft» på Ålhus i Jølster.

Her kan ein opplev barne og unge larar, og med kunstuttrykk laga av si skaparkraft gjennom utstillingar barn og unge. og framsyningar på Ålhus. Jølster Programmet for dagane kan du og Sogn og Fjordane si kulturhisto- sjå under: rie gjennom kunnskapsrike formid-

Elevdag på Ålhus 7. juni

Kulturhelg 8. og 9. juni

10.00: Elevane kjem til Borgja. Presentasjon av prosjektet og programmet. Opning v/ordførar Oddmund Klakegg

Laurdag: 11-16: Kafé og utstillingar med elevkunst i Eikaasgalleriet og Borgja. 12-16: Familieverkstad med grafikk (Borgja) 11.00: Offisiell opning på Eikaasgalleriet 11.30: Kåseri om fylket si kulturhistorie v/Hans Jakob Reite (Eikaasgalleriet) 12.00: Omvisning om Ludvig Eikaas v/konservator Ingrid Norum (Eikaasgalleriet) 14.00: Omvising i Ålhus kyrkje og i Audun Hugleiksson sine fotspor v/Yngve Nedrebø 14.00 Lesestund: Barnelitteratur frå Sogn og Fjordane v/Janne Karin Støylen (Borgja) 16.30 Konsert med elevar frå Jølster kulturskule (Borgja)

1.–4. klasse: 10.45: Førebuing til framsyningar 11.15: Matpause 11.45: Vassenden viser teater for Skei. Skei rappar for Vassenden. 13.30: Premierefest og opning av SFO-utstilling på Eikaasgalleriet, rabarbrasaft i stettglas! 5.–7. klasse: 10.45: Går til Eikaasgalleriet. 11.00: Servering av natronkaker. 11.30: Opning av tresnittutstilling og lansering av boka Jølster – mi regnbogebygd 12.15: Matpause 13.00: Skattejakt i Astrup-landskapet 8.–10. klasse: 10.45: Går til aktivitetar/matpause. 12.00: 8. klasse i kyrkja: Omvisning v/Yngve Nedrebø 9. klasse: tur til Kleberfossen. 10. klasse i Bensentunet: Jølstraspringar og Appstruptur v/ Ingrid Søyland, Sigmund Eikås og Tove Haugsbø.

Søndag: 11-16 : Kafé og utstillingar med elevkunst i Eikaasgalleriet og Borgja 12-16: Familieverkstad med grafikk (Borgja 11.00: Gudsteneste i Ålhus kyrkje 13.00: Omvising i Ålhus kyrkje og i Audun Hugleiksson sine fotspor v/Yngve Nedrebø. 13.00: Songar og segner på tvers av generasjonane v/Elin Grytting (Borgja) 14.00: Lesestund: Barnelitteratur frå Sogn og Fjordane v/Janne Karin Støylen (Borgja) 14.00: Den kulturelle spaserstokken: (Påmelding) Rundtur i Astrup sitt rike v/Tove Haugsbø

Sommar, sol og sommarles 2013 Hei til deg som er mellom 6 og 13 år. Biblioteka i Jølster inviterer deg til lesekonkurranse i sommar! Du må lese fem bøker eller 200 sider! Du noterer boktitlane på eit lesekort som du leverer på biblioteket til hausten. Då vert du invitert på fest med is, litt progam og premiering i september. Kom innom biblioteketet på Skei eller Vassenden etter 15. juni og meld deg på! Der får du reglar og LESEKORT.

Kunstnarbesøk til SFO Medan vi ventar på våren, har SFO på Skei og Vassenden hatt besøk av kunstnaren Jorunn Mulen, og laga små bøker forma som sommarfuglar. Elevane fekk vere med å gje nytt liv til avlagde bøker frå biblioteka. Dei små sommarfuglbøkene vart dekorerte og fargelagde, for deretter å bli sette saman til eit større bilde. Nokre vart også sydde saman i lange rekker som kan henge i vindauga (som i biletet til høgre).

Tre «på gata» – om si draumereise Svein Atle Huus

Maryan Mundal

Kjell Nedrebø

Mi draumereise går til Malaysia. Den går dit fordi vi har snakka lenge om å reise dit og fordi Veronica (kona) sin far bur der. Der er og veldig fint.

Draumereisa mi går først til New Orleans, så Hawaii, Påskeøya, New Zealand, Indonesia, Australia, Sør Afrika, Japan og ein tur innom Vietnam, så innom Moskva og så heim att til Norge.Grunnen til dette er delvis barndommens ynskjer; far min var sjømann, og fortalde mykje om spanande reiser han hadde hatt. Dels er det stader eg har lese om undervegs og vorte fascinert av.

Mi draumereise går til Rhodos i Middelhavet. Den går dit fordi der er det alltid sol, masse god mat og drikke og eg slappar heilt totalt av når eg er på Rhodos.

Nynorsk skaparkraft i Jølster

«Nynorsk skaparkraft» har dette skuleåret sett fokus på korleis det nynorske språket og den vakre bygda vi bur i skaper den lokale identiteten vår. Det er her vi høyrer til! Ved å knyte kunstnarane Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas til nynorsk og skaparkraft har alle elevane ved begge grunnskulane i Jølster arbeidd kreativt, både med ord og bilete. Gjennom prosjektet har vi ynskt å gje elevane kjennskap til si eiga bygd og glede over si eiga skaparkraft. Prosjektet «Nynorsk skaparkraft» er finansiert gjennom utdanningsdirektoratet si satsing «kulturskuleløftet», der målet er å gjere kulturskuletilbod tilgjengeleg for fleire.Prosjektgruppa har vore samansett av: Anja Gulbrandsen, Jølster kulturskule. Monica Farsund Nilsen, Jølster kommune. Grete Skaar Sunde, biblioteka i Jølster. Janne Karin Støylen, Nynorsksenteret. Silja Juklestad, Jølster kommune. Lærarane i kommunen har gjennomført aktivitetar i alle klassane, for alle borna, gjennom heile skuleåret. Stor takk til skulane og skulefritidsordningane for det gode samarbeidet!

Skaparkraft midt i fylket Jølster har lange tradisjonar for kunst, kultur og skaparkraft med ei rekkje kunstnarar innan bilete, ord og musikk som har budd og funne inspirasjon her, og ein skule som har samla kreative menneske frå heile fylket. Dei unge som bur i Jølster i dag er del av denne tradisjonen. Gjennom prosjektet «Nynorsk skaparkraft» har 430 elevar laga bok, nynorsk junioravis, skodespel om Jølster si historie og rap-tekstar på jølstramål. Unge kunstnarar har laga tresnitt, sommarfuglbøker og eigne versjonar av Astrup og Eikaas sine motiv. Dette og mykje meir ynskjer vi å vise fram i samband med feiringa avSogn og Fjordane sitt fylkesjubileum. 7.-9. juni vil smakebitar frå barn og unge si skaparkraft bli vist gjennom utstillingar og framsyningar på Ålhus, under tittelen «Skaparkraft midt i fylket». Med kunstuttrykk laga av barn og unge som ramme, kan du oppleve Jølster og Sogn og Fjordane si kulturhistorie gjennom kunnskapsrike formidlarar.


4

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

Inntrykk frå konserten med Justin Bieber i Oslo:

STOR STEMNING: Justin Bieber gav publikum det dei kom for.

På konsert med Bieber Onsdag 17. april skulle vi jølstringane til Oslo på konsert med sjølvaste jente-idolet Justin Bieber. I bilen hadde vi rigga oss til med Biebermusikk, sjølvlaga Bieberplakatar og max Bieberstemning!

Kvar gong vi nærma oss ein tettstad sveiva vi ned vindauga, skrudde opp volumet, plakatane ut av vindauget og song høgt. Så vi kom til Oslo i høgt gir! Utanfor Grand Hotell var det mange beliebers som trudde Justin var der, men det var han ikkje. Dansarane hans derimot, sov der. Det var heilt sjukt å sjå kor mange som hadde venta i fleire timar for å sjå han! Ingen kunne vere sikker på kvar han var, så det var folk utanfor alle hotella. Utanfor butikkar som selde biebereffektar, spesielt «Wow», var det lange køar og det måtte vere politi utanfor som sleppte inn folk. Inne på butikken var det heilt stappa, så om du skulle komme deg i kassa måtte du skvise deg gjennom! På Telenor Arena var det lang, lang, lang kø, og det låg teppe, klede og mat overalt på bakken som folk hadde teke med seg sidan dei sov der, eller kom veldig tidleg. Mange måtte kaste tinga sine, for det var ikkje lov

Foto: Lise Åseruds © Scanpix

å ta dei med inn på arenaen. Det var mange vakter på heile området, men det var nok nødvendig sidan det var såpass mange folk der. Folk hadde venta utanfor i lang tid. Dei som hadde ståplass ved scena ville sikre seg ein god plass, så her var det viktig å passe på plassen sin i køane, elles kunne ein lett bli skubba bakover i køen, og det er jo mildt sagt kjedeleg! For dei som hadde sitjeplassar hadde det ikkje så mykje å seie kor dei sto i køen, men laaaang ventetid vart det uansett. Dei hadde store høgttalarar ute og hadde på P4, bieber-kanalen, så det blei spelt Justin Bieber-songar heile dagen utanfor.

Så begynte heile konserten med ein video. Det var ein video som vart spelt av fleire gongar mellom songane hans under konserten.

Når vi skulle inn var det masse reglar om at vi ikkje fekk springe. Vi måtte gå over store sølepyttar for å komme oss inn. Og om vi prøvde å gå rundt, blei vaktene irriterte fordi det tok for lang tid sidan dei skulle ha inn alle saman før konserten starta. Carly Rae Jespen, som skulle varme opp for artisten, var der ikkje. Det var jo litt surt, vi vart litt skuffa. Men, det var ikkje det viktigaste denne dagen… Når det nærma seg konsertstart hadde vi nedteljing før han kom på scena. Alle talde ned 10, 9, 8, 7 ….

God stemning og ei heilt fantastisk oppleving var det å få sjå ein så verdskjend person. Berre i det heile å vere i same bygning som han var stort! Når han song var det konstant skriking, noko som kunne vere litt slitsamt eigentleg, men også mange som forma hendene som hjarte og heldt dei opp i lufta. Folk eg snakka med hadde i alle fall store forventningar til konserten og var storfornøgd etterpå også, men tykte at konserten kunne gjerne vart lengre. På slutten trudde mange at showet var over, så mange hadde

STOR STEMNING: Justin Bieber gav publikum det dei kom for. Foto: Privat dratt og mange var på veg ut då han plutseleg kom inn att på scena med ekstranummera Baby og Boyfriend! Han vrengde av seg T-skjorta og folk skreik frå alle kantar! I eit par sekund trudde eg at eg hadde fått tinnitus! Etter konserten var det kaos på veg ut av arenaen, folk dytta og pressa seg ut for å komme først til bieberbussane. Så kom Justin i vindauget og alle begynte å skrike. Eller var det Justin? Det var vanskeleg å sjå! Min konklusjon er uansett: Bra konsert med stort show, masse lys og bra lyd! Ei oppleving for livet som eg og venninnene mine aldri kjem til å gløyme. TEKST: Hildegunn


5

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

Språkveke og Jølstramålet I det siste har det vore mykje snakk om nynorsken. Mange meiner at vi bør fjerne han for godt mens andre meiner at vi bør ta betre vare på han. Vassenden skule hadde nyleg språkveke på skulen, der nynorsken og dialekt var plassert i høgsetet. Måndag 04.02.13 hadde dei besøk av forfattaren Jens Brekke som fortalte at dei som pratar nynorsk må vere ”stabukkar” for å halde på språket sitt.

Arild Bruflot Ein som kan gå under kategorien «stabukk» er Arild Bruflot. Han bur på Ålhus og pratar godt nynorsk. Det hender ofte at han må til å forklare ord

frå Jølstramålet, men dette ser han på som lærerikt. Arild meiner det er viktig å prate nynorsk og skikkeleg dialekt. Han oppmodar ungdommen til å halda på si eiga dialekt. Han meiner at det er mykje betre at ungdommen seier at dei blir «øye fjåssne» enn at dei seier at dei blir «dritglade». Du finn fleire likskapar mellom Jølstramålet og andre dialektar. Det er vel inga løyndom at du finn aller flest likskapar i Nordfjord.

Misforståingar Arild fortel at i gamle dagar prata folk fortare enn dei gjer no. Det gjorde at det oppsto nokre problem for dei som ikkje hadde vakse opp der. Det som ofte skjedde var at ein «h»’

JØLSTER ligg sentralt i Sogn og Fjordane, og har både kultur- og språkarv.

forsvann og dukka opp ein heilt annan plass i setninga. Eit døme Arild hadde var at det var ein gong ein dåp i Nordfjord. Då presten kom bort og spurde kva bornet heitte fekk han svar: «’han heiter ans etter na HØyvind’». Slik snakka dei før i tida men nokre gongar gjekk det fortare enn dette også.

Gardsmålet På nokre gardar var det danna eit heilt anna språk som var umogeleg for an-

dre å forstå. Eit døme på dette er at yngste guten i familien kan ha vore ute og traska i marka og fått greie på at det skulle komme elingar utover dagen. og skulle åtvara dei andre som åt nons om dette. Då kunne han seie det slik: «håppa hutti hela splitt, håt å hela huti». Gudmund Bjotveit, Jølstramålet 07.02.13

Leo sitt syn på bygdenorge Leo var sjølv innvandrar, han og famil«Nordmenn er nordmenn, og sånn ien flykta frå Bosnia i 1994, då Leo berre er det berre», fortel Leo Ajkic under «Bulystkonferansen – 2013» var 11 år gammal. Først var familien ei stund på eit asylpå Skei. mottak i Gudbrandsdalen, før dei flytta til Innvandrarar er menneske som flyktar eller flyttar frå eit land til eit anna land på grunn av krig, fattigdom, truslar osv. Nokre plassar blir dei tekne imot med opne armar, og andre plassar ikkje. For mange nordmenn har altfor mange fordommar mot innvandrarar. Tidlegare har det gått eit tv-program på nrk1 som heiter u-landslaget. Programmet handlar om at innvandrarar skal få sjå meir av kva det nasjonale Norge har å by på. Dette fekk programleiaren til å spørje: kva tenkjer innvandrarane om bygda vår?

Bergen. Det var på bygda at Leo opplevde seg som annleis enn sine norske sambygdingar, dette hadde han ikkje gjort i byen.

Meir synlege

Leo peikar på at på byda er det mindre folk, dei bur meir spreidd. Forskjellane vert då også meir synlege. Folk er sosiale på ein annan måte. Dei fleste nordmenn brukar mykje tid i heimen sin og går lite ut, utover arbeidet sitt. Innvandrarar er meir sosiale sjølv om det og er store forskjellar mellom innvandrarar og. Fordommar Leo trur og det er Det er nettopp dette mange fordommar Leo Ajkic programleiar Leo Ajkic blant innvandrarane prøver å få fram. Kva om nordmenn, men er bygdenorge for forskjellige innvandr- dette har gjerne med usikkerheit å gjere. arar? «Som sagt, nordmenn er nordmenn, og ein For innvandrarar er forskjellige, det er er berre nøydde til å akseptere dei som dei ikkje berre eitt folkeslag. Her er det snakk er», seier Leo. om pakistanarar, israelittar, polakkar osv., Med andre ord, innvandrarar må i stor mange er fleirkulturelle. Desse har frå før grad tilpasse seg nordmenn, og ikkje foreit innblikk i kva Norge er, og kva det er for vente at nordmenn skal tilpasse seg innvandrarane. Til slutt påpeikar Leo Ajkic dei. Som innvandrar har Leo Ajkic hatt sine at det hjelper å vere kjend frå TV og ha eit fordommar om Norge, og ser våre utfordrin- kjent fjes, då vert alle svært hyggelege og gar knytt til innvandrarar. «Nordmenn er hjelpsame, noko Leo, med eit stort glis, ser nordmenn, dei kan ikkje noko for det», for- ut til å dra fordeler av. tel han for å forklare at vi ikkje ser den kulturen andre land har og deira oppfatning, derfor kan innvandrarane lett føle seg lite inkludert i samfunnet, samt føle seg unyttige som arbeidskraft og ikkje ein ressurs. TEKST: Synnøve-Agathe og Mats

«Vi er nøydde til å akseptere nordmenn som dei er»

SER PÅ BYGDENORGE: Leo Ajkic. Her under Nordiske Mediedagar. Foto: Jarle H. Moe


6

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

Kunstnarstipend til Sigrid Terese og Gro Marie Sigrid Terese Moldestad og Gro Marie Svidal er tildelt Statens kunstnarstipend 2013, skriv Firda Tidend. – Dette betyr enormt mykje og gjev meg armslag til å arbeide med nye ting, seier Sigrid Terese Moldestad, som vil bruke stipendet til å arbeide med nye prosjekt. Tildeling av Statens stipend for kunstnarar blir gjort av eit eige utval på vegner av Kulturdepartementet. Før helga blei det offentleggjort kven som får tildelt stipend for 2013. På lista var dei to lokale kunstnarane frå Breim og Jølster.

Haustar lovord for diktsamling Marianne Clementine Håheim haustar lovord for diktsamlinga «Bilydar», som fortel ei kjærleikshistorie som rommar fleire kjærleikar, fleire kroppar. «Det som slår meg mest, er Clementine sin finurlege bruk av metaforar og bilete. Dikta kan lesast beint fram, men utfordrar samstundes til undring», skriv Ingrid M. Thorvaldsen, Firda. Boka er gitt ut av Forlaget Oktober, og vert omtalt som lyrikk og dramatikk.

Vennskapsvisitt til Zambia Ruben Skrede og Ingrid Gulbrandsen Årdal frå Jølster ungdomsråd skal i oktober besøke Jølster sin venskapskommune i Mpulungu i Zambia.

SIKKERHEIT FØRST: Langhaugane barnehage er ein ny barnehage, som etter fugleinfluensaen for nokre år sidan satte tryggleiken til barna i høgsete.

Tryggleikshysteri? Den siste tida har det vore mykje fokus på tryggleiken i barnehagane. Media har servert mange saker der svikt har ført til ulykker, rømingar og sjukdom blant barna.

Torsdag 21.03.13 var eg på besøk i den splitter nye barnehagen på Vassenden. Eg ville finne ut om kva dei som arbeider i barnehage faktisk tenkjer og gjer for at ungane skal vere trygge. Langhaugane barnehage er heilt ny, så ein skulle jo tru at alt materiell og utstyr er godkjend og i orden.

Stort og luftig Styraren i barnehagen, Hege

Kjeilen, tok stolt i mot meg i dei nye fargerike lokala. I kjellaren er det flotte kontor og arbeidsplassar for alle dei tilsette. Ho fortalde at barnehagen er bygd for 144 barn, men i dag er det ca. 110 som har plass. Og dei har god plass! Norma er at det skal vere 4 m2 areal inne for alle barn over fire år og 5,5 m2 for dei under tre år. Ute skal det vere 25 m2 per barn. Hege sa at sjølv med full barnehage vil alle desse krava bli oppfylte.

Tryggleik i system Kvar morgon held Hege eit ståande møte der dei fortel om sjukefråveret i barneflokken og eventuelt gjer omfordeling i personalet. Det er nemleg eit krav om at det skal vere ein med pedagogisk

bakgrunn per 18. barn. I tillegg skal det vere ein vaksen per tredje barn under tre år, og ein vaksen per sjette barn over tre år. Ho meinar at bemanninga slik den er i dag er bra. Hege fortalde også at dei har eit strengt og godt system for reinhald og hygiene i barnehagen; dei har dagvask og ei registrering av sjukdomstilfelle blant barna. Viss same barnet får ein sjukdom for andre gong i sesongen, så sett dei i verk pandemiplanen. – Denne planen vart til under den store fugleinfluensaen for nokre år sidan. I slike tilfelle vert utstyr, leikar og dørhandtak vaska med sprit.–I år har det ikkje vore eksempel på dette. Godt reinhald er altså lønnsamt på alle måtar,

MODERNE: Langhaugane er ein moderne og visuelt tiltalande barnehauge. smilte Hege. Når avdelingar er på tur er det heilt eigne reglar og rutinar som gjeld. Alle små og store har refleksvestar og bakarst går ein vaksen med eit spesielt ansvar, nemleg å telle alle ungane med jamne mellomrom. Det er alltid minimum to vaksne på tur.

Fokus i barnehagen Heilt sidan byrjinga av planlegginga av barnehagen har fokuset vore at alle skal ha ein plass å høyre til; det vil seie sin eigen plass, si eiga gruppe, si eiga avdeling og «sine» faste vaksne. Hege fortel derimot at

uhell skjer uansett kor mange tiltak som vert gjort. Sjølv om dei har fått ein større barnehage med betre sikkerheit, har talet på brotskader gått opp. Mot 1 brotskade i fjor har dei gått opp til 4 i år. “Dette er noko vi skal sjå nærare på” sa Hege. Noko av forklaringa kan vere at det har vore ein kald vinter, og at det difor ligg is og hard snø ungane kan skli på. Etter ein dag i den nye barnehagen sit eg igjen med eit inntrykk av at dei tar tryggleik og barnas helse alvorleg. TEKST: Gudmund


7

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

Endeleg teatershow Første show for sal og scene

Etter fem veker med valfag i 8. klasse, er gruppene godt i gang med arbeidet. Gruppa som har valt produksjon for sal og scene hadde denne våre si første framsyning. Vi var innom og kikka då dei øvde i førre veke, og då var ei fokusert og ivrig elevgruppe i sving med sin versjon av Raudhette og ulven. Ein elev vi snakka med sa at det var godt å vere i gang med innøvinga. Han valde faget fordi han likar drama og spenning. Han er no veldig glad for å kunne vise fram sitt første verk. Han oppmoda neste års 8. klassingar til å prøve dette faget.

RAUDHETTE: Raudhette er på veg ut døra.

Dagen i dag! I andre time var det framsyning for 1. og 7. klasse. Det var to grupper som viste kvar sin versjon av dette velkjente eventyret. Dette var fordi alle 15 måtte få kvar si rolle. Framsyninga var basert på mykje humor. Dette fall i smak hos publikum. Det var ei fri tolking av eventyret, men likevel var det lett å kjenne igjen handlinga i det gamle eventyret.

Kulturskulen med Elevane har fått undervisning av lærarane Kirsti og Ingunn. I tillegg har kulturskulerektor Anja Gulbrandsen vore med nokre timar. I går kveld var denne gruppa med på generalprøva til operakomedien Susanna

GRUPPE TO: Gruppe to i aksjon. frå Sunnfjord i Førdehuset. Her fekk dei innblikk i korleis profesjonelle skodespelarar opptrer på scena. Vår skodespelar Imre, fortel at dei fekk mange gode tips om korleis ein skal bevege seg på scena,

og kor viktig det er å få blikkontakt med publikum. Vi la merke til at han var spesielt god til dette. TEKST/FOTO: Johannes og Gudmund

«Ei fokusert og ivrig elevgruppe i sving med sin versjon av Raudhette og ulven.» Johannes og Gudmund

JEGEREN: Nikolai er jeger!

SMÅSNASK Kjenner du Jølstramålet? 1. Kva vil det seie å «aminnje»? 2. Sei med andre ord: «Ek fekk slekt brøs’sjøl» 3. «Abakeleg» vil seie at noko er... 4. Sei med andre ord: «No fekk ek ein fæle tongje» For løysing, sjå side 11


8

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

Tre om 17. mai Vi på medium- og informasjonsgruppa i 8. klasse har bestemt oss for å høyre kva lokalbefolkninga tykkjer om å gjere på 17. mai. Ved å lage ein tre på gata håpar vi å få eit godt innblikk i korleis folk i Vassenden-området feirar 17. mai.

Anne Lise, 58 år Kva gjer du og din familie på 17. mai? – Vi kler oss i finstasen og blir med på det vanlege programmet på Vassenden. Vi er berre på Vassenden. Tykkjer du 17. mai er viktig? Kvifor? Kvifor ikkje? – Eg tykkjer det er veldig viktig, fordi det var denne dagen vi fekk grunnlova vår. Det markerer på ein god måte at vi bur i eit veldig flott land! Trur du 17. mai vil «overleve» i framtida? – Nei, eg trur eigentleg ikkje det, fordi dagens samfunn er så i utvikling. Folk blir berre dårlegare til å ta vare på gamle tradisjonar, og feiringa 17. mai vil berre bli mindre og mindre for kvart år framover. Men eg håpar det sjølvsagt ikkje! Kva mattradisjonar har du og din familie på 17. mai? – Vi et rømmegraut og spekemat.

Ole Andreas, 14 år Kva gjer du og din familie på 17. mai? – Vi går i tog på Vassenden og er med på leikane. Eg et mykje is og pølse. Vi reiser opp til Gjesthalla og er med på loddtrekning. Tykkjer du 17. mai er viktig? Kvifor? Kvifor ikkje? – Ja, det er viktig å markere grunnlova vår. Trur du 17. mai vil «overleve» i framtida? – Ja, for det går ikkje an å gløyme tradisjonar. Kva mattradisjonar har du og din familie på 17. mai? – Vi et rømmegraut til middag, men til kvelds et vi vanleg mat.

Hallvard, ca 50 år Kva gjer du og din familie på 17. mai? – I år jobbar eg med leikane på Vassenden skule, men elles brukar vi å gå i toget på Vassenden og gjere det vanlege. Vi brukar å reise i Gjesthalla på kvelden. Tykkjer du 17. mai er viktig? Kvifor? Kvifor ikkje? – Eg tykkjer det er viktig fordi det vi må markere grunnlova vår på ein bra måte, og det gjer vi! Trur du 17. mai vil «overleve» i framtida? – Ja, fordi det er ein så fast tradisjon at ingen vil gløyme eller bytte det ut. Kva mattradisjonar har du og din familie på 17. mai? – Vi et rømmegraut og spekemat. Eg likar spekematen best!

–Meir fridom, meir Dette er ulikt mellom ungdomsskule og vidaregåande:

Mari Vangen Førde på vg3 studiespesialisering på Hafstad, tok i 1. klasse T-Matte, den vanskelegaste med delkapittel under kvart kapittel. Ho ser forskjellen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande. –Korleis er ungdomsskulen forskjelleg frå vidaregåande? –Det er lengre dagar. Du blir meir sjølvstendig, og lærarane masar ikkje mykje, du må passe på å få gjort ting sjølv. Spesielt matte og naturfag har høgare fagnivå. T-matte er hardt, og mattefaget er meir seriøst. Det er eit stort sprik mellom ungdomsskulematematikk og T-matte på vgs. Lærarane brukar òg mykje meir digitale hjelpemiddel, her er det ein stor forskjell.

Betre eller verre – Er det betre eller verre på vidaregåande? Det er betre, du er eldre. Vidaregåande er ikkje passeleg for ein 9.- eller 10.-klassing. Eg er gammal nok no, men eg kunne ikkje gått ungdomsskulen att. Du får større valfridom. Eg går allmenn, og då får du velje fleire fag sjølv, det blir ikkje berre bestemt for deg sånn som på ungdomsskulen. Men som sagt, du får meir fridom, men du må ta ansvar for å få med deg det som skjer i timane. Ein av lærarane mine skriv ofte på vekeplanen; «A jour», dette betyr at du må ha kome så og så langt til den og den dagen for å henge med i timane. –Kva er dei største forskjellane? Du får meir ansvar for læringa di. Det er høgare fagleg nivå. Det er fleire elevar per lærar. I klassen vår er vi om lag 30 elevar på ein lærar. Det er jo sjølvsagt meir å gjere, ein god del meir. Det svarar seg å jobbe seint ut på kveldane, du får att for det når karakterane kjem. –Har lærarane andre måtar å gjere ting på enn på ungdomsskulen? Som sagt, brukar dei mykje meir digitale hjelpemiddel. Nokre har ein struktur og gir klar beskjed i starten av timane sine og seier at; «no byrjar vi med det, så får de tjue minutt på det, så går vi vidare, og så gjer vi sånn og så får de dei siste ti minutta til dette». Dette vart litt betre etter at vi hadde besøk av PPU-studentar og det

var greitt. Dei kom jo rett frå skulebenken, så dei var fulle av energi. –Kva er bra og kva er dårleg med vidaregåande? Du påverkar kva fag du vil ha og lære om. Interesse spelar inn der, og det er bra. Det som er litt verre, er dei Mari Vangen Førde. lange dagane og at det er mykje å gjere. Viss du bur langt frå skulen, sånn som eg gjer, blir mykje tid brukt på å reise, og når du i tillegg skal gjere lekser, er det litt kjedeleg å komme seint heim. Mari seier også at kantine kvar dag, kjekke fag og det sosiale på skulen gjer ein dag bra.

Gruppearbeid –Heng det saman med humøret eller er det andre ting som spelar inn? Humøret, sjølvsagt. Soving og halvsoving gjer dagen dårleg, også viss du sit attmed nokon som slit med å halde seg vakne. Fagdagar med framføringar går greitt, då blir vi ofte delt opp i grupper, men det blir litt for ofte litt vel mykje gruppearbeid. Noko som er kjekt, er besøk frå eksterne folk. Vi har til dømes att besøk av ein lege, ein NUPI-forskar, Gunnar Staalesen, ein prest og fleire. Dette gir variasjon og perspektiv og det er kjekt med litt andre ting. Variasjon er bra, elles blir det kjedeleg. –Kva gjer at ein time blir kjekk? Engasjerte lærarar som får elevane med i

Rådgjevar: – Andre forventningar – Det er nok annleis å gå på vgs. enn mange trur, seier Magne Peder Svein Aardal, rådgjevar ved Hafstad vgs. –Mange med gode karakterar frå ungdomsskulen får eit lite sjokk når karakterane går noko ned fyrste tida på vidaregåande. Ein jobbar annleis på vgs, det er andre forventningar frå lærarane til sjølvstendig arbeid og arbeidsdisiplin. Elevane blir ikkje «høyrd» i lekse lenger, ein får lekse kapittelvis i staden for «les frå side 13 til side 19». Og det å pugge er UT. Elevane må

tenkje meir sjølvstendig heile vegen.» Aardal seier vidare at karakterane gjerne tek seg opp igjen når dei har vendt seg til dette. – Større valfridom er også ei tilpasningssak, seier Aardal. Mange lærarar tykkjer det er eit uromoment med internett/facebook-tilgang i timane, for det er mange som har for lite sjølvdisiplin til å takle dette. Lærarane går gjerne ikkje og masar om dette, for på prøvene syner det seg jo at det berre er seg sjølve dei lurer om dei ikkje får med seg stoffet i timane.


9

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

ansvar

CUPCAKES: Ferdige og fine Cupcakes tar ikkje lang tid å lage. Ei heller så lang tid å ete,)

Gode vanilje-cupcakes LIVET PÅ UNGDOMSSKULEN: Trygge rammer, men mindre valfridom enn på vgs.

BAK SJØLV

diskusjonar, sånn at dei ikkje sit og ser i veggen. Dette er kjedeleg både for elev og lærar. Og fag du likar, sjølvsagt. –Er det lærarane eller faget som gjer det? Viss du har ein kjedeleg lærar i eit kjekt fag, kan det bli midt på treet, men viss du har ein sprudlande lærar, blir det kjekt. Nokre gongar påverkar lærarane veldig mykje korleis faget blir, så nokon klassar ligg bak andre i same fag.

Har du bursdag eller skal feire noko? Då er det greitt å ha noko å servere. Vanilje-cupcakes er lette å lage og fell i smak til både store og små.

Variasjon eit gode

Muffins

–Kva gjer at ein time blir kjedeleg? At faget er kjedeleg, mykje gjentaking eller med lite eller ingen variasjon. Viss det er på slutten av dagen og du MÅ pugge på ein prøve du skal ha om to veker, er det heller ikkje så kjekt. –Du sa jo noko om halvsoving, kva kan elevar gjere for å «henge med» i undervisninga? Legge seg tidleg. Det er ikkje så enkelt som visse folk trur. Du tullar bort tid på mange ting, og ofte får du ein fin flyt med leksegjering først seint på kvelden. Då kan du jo ikkje berre slutte, og tenke, «nei no må eg legge meg», då er det berre å få gjort det. Før eksamen i fjor satt eg ofte oppe om nettene, eg sat vel ofte til klokka var eitt.

Sett omnen på 175 grader. Ca. 25 cupcakes. Du treng: 250 g smør 4 dl sukker 4 egg 2 dl mjølk 6 dl kveitemjøl 3 ts bakepulver 1 ts vaniljeessens

Lærar må vere rettferdig –Kva kan lærarar gjere for å halde motivasjonen ved like? Dei bør vere flinke å formidle og ha variasjon. Også blir det dumt viss det er du som blir bedømt, og ikkje arbeidet du har gjort, altså bør dei vere rettferdige i vurderingar. Forskjellsbehandling er ikkje bra heller, så lærarane bør jobbe saman og prøve å behandle elevane på eit likt nivå. –Er det veldig store forskjellar på lærarane? Dei kan meir fagleg, det er høgare nivå her. Hafstad har også mange studentar frå Førde på spesielle studium, til dømes på IT-teknologi, Cyber-teknologi, Nano-teknologi på NTNU, eller informatikkstudium. Då kan vi få beskjed om at viss vi vil høyre på dei, er dei i auditoriet i midttimane. Midttimane er frå fem på tolv til kvart på eitt, unntatt på måndag, då har vi basistime, det er sin slags «klassens time» der kontaktlærarane informerer om spesielle ting, og vi tek opp ting vi vil at klasserepresentantane skal ta opp i elevrådet. Noko anna er at vi har elevrådsrepresentantar i kvar klasse, elevstyre og elevråd. Elevane er liksom nedst, så kjem lærarane, så kjem leiinga. Vi ser nesten aldri rektor. Lærarane har kaffiansvarleg på lærarrommet, og ALLE har med seg kaffikoppar til timane, stort sett. I 1. klasse reiste vi på ein sosial tur til Nesholmen og overnatta ei natt for å sveise saman klassen betre, og for at alle skulle få ein god start på vidaregåande. Tekst: Guro

Framgangsmåte: Ha romtemperert smør i ein bolle og tilsett sukker og pisk det til ein luftig smørkrem. Pisk så egga inn, eitt om gangen. Så tilset du vaniljeessensen. Sikt mjølet og bakepulveret

og bland det vekselvis med mjølk. Pisk ikkje lengre enn nødvendig. Fordel deigen i formene, dei skal vere ca ¾ fulle. Steik dei midt i omnen i 2025 min. La kakene kjøle seg av i formene mens du lagar frosting.

NESTEN FERDIG: Framleis gode muffins, men betre med litt digg på toppen.

til ca. 20 stk, treng du: 125 g smør 150 g sukker 2 ts vaniljeessens 1 vaniljestang 300 g melis 2-3 ss kremfløyte

saman med halvparten av melisen. Pisk dette til ein luftig smørkrem. Tilsett så resten av melisen, vaniljeessensen, frø av vaniljestanga og eit par spiseskeier kremfløyte. Pisk kremen til den er lys og fluffy (tillsett eventuelt litt meir melis eller kremfløyte etter behov.) Du kan ta konditorfarge i om du vil setje litt farge på kakene. Tips: Påfør smørkremen med sprøyteposar.

Framgangsmåte: Ha romtemperert smør i ein bolle

Tekst: Jenny

Frosting

Kryssord Vassrett 1. Bilmerke 3. Målmann 6. Land 9. Portveien 2, Sesam stasjon 10. Kreatur 12. Ly 13. Tabbe Loddrett 1. På slede 2. Sladre 3. Fulltreffar 4. Stor, sterk kar 5. Pakke el. sveipe inn 7. Firda Tidend 8. Nr 12, 14 og 4 11. Vokalar

Kryssord der Jølstraord og andre former førekjem.

For løysing, sjå side 11


10

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

TEMA | Svalbards ungdom

Svalbards ungdom I Longyearbyen er det jobb som står i fokus. Både lokale menneske og turistar går gjennom gatene som om det var ein heilt vanleg by. Vegane er snødekte og vatnet er dekt av is og snø, men ein aktivitet mangla. Ungdommeleg aktivitet. Vi såg ingen ungar ute på isen, og veldig få går i gatene eller i butikkane. Kvar er resten? Nede i gata står det eit lite spisshus med nokre store bokstavar på, «UNGDOMSKLUBBEN». Der held dei fleste ungdommane til på onsdags- og fredags kveld. Men det er ikkje før ein reiser litt ut av byen at man såg kva

slags aktivitet ungdommane verkeleg driv med. På breen, som låg ca. 2 km frå byen, er det masse scooterar og ungdommar. Det er nok dei ungdommane som var heldige nok til å ha lappen. For om ein såg ein gjeng med scooterkøyrarar, så merka man fort at alle saman hadde ein scooter kvar. Overalt kan man sjå spor etter scooterar. Og det ein ser er at ung-

dommane ikkje samlar seg ved eit flatt område. Nei, dei held seg oppe på alle skavlar og toppar som finst. Heldigvis fekk vi tak i ein av ungdommane og han kunne fortelje oss litt av kvart.

SVALBARD • På Svalbard finst det ca. 2500 menneske og ca. 3000 isbjørnar • Hovudgrunnen til at menneske slo seg ned der, var på grunn av at fjella kunne gi kol • 14. august, 1925, vart Svalbard offisielt overtatt av Noreg • Hausten 1932 kom den første kvinna dit • Berre i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund bur det menneske • Gruvedrift er ikkje den einaste jobben, no består samfunnet av diverse butikkar og hotell.

Sander Sårheim om livet på Svalbard

Vi stilte elleve spørsmål til Sander Sårheim (15) om livet på Svalbard for dei unge, utdanning og utsiktene til å møte isbjørn. SPØRSMÅL | Intervju

– Korleis ser de på dykk sjølve, bymenneske eller nokre som bur ute på «landet»? Svar: Litt begge delar faktisk. For sjølv om vi bur ganske langt vekke frå andre byar, så likar vi å kalle oss sjølve bymenneske. Men sidan vi er omringa av vill natur, så kjem vi litt bort på det å «bu på landet». Ville nok sett på oss som avsidesliggande byfolk. – Har de blitt påverka frå ein bestemt plass? Svar: Nei, ikkje sånn eigentleg. Om noko har hatt innflytelse på oss, så kjem det frå Tromsø. – Korleis er det med utdanninga? Er det ei linje som alle prøvar å gå på, eller er ikkje det så interessant? Svar: Vel, det er veldig mange som går på same linja, men ikkje same jobben. For her oppe så har vi berre 3 linjer; TIP, Elektro, Allmenn. Om nokon skal ha ei anna linje og utdanning, så må dei ned til Tromsø. Så det å gå på same linja er ganske populært blant mange her. – Sidan de bur her så bør jo dokke ha nokre aktivitetar på fritida, klarer du å nemne nokre? Svar: Ja, eg kan nemne nokre få. Vi pleier jo for eksempel å henge med

kompisar og venninner. Om vi ikkje gjer det så spelar vi som regel fotball eller berre syklar rundt om i byen. – Men det er på sommaren? Svar: Sjølvsagt! Tungvint å spele fotball i meterhøg snø. Om vinteren kan vi enten ake eller køyre snøscooter, men ein må jo ha lappen, då. – Korleis det er å bu her då? Svar: Eg personleg synest at det er kjempeflott. Det er eit veldig roleg miljø her oppe, men av og til er det litt FOR roleg. Det er jo ikkje nokre alvorlege lovbrot som blir gjort her heller, det er i allefall ikkje ofte ein høyrer at nokon er blitt tatt med narkotika her. – Korleis er det her på sommaren og vinteren? Forskjell? Svar: Det er som eg har sagt litt tidlegare. Om sommaren kan snøen smelte og blomstrar kan vise seg, men det er kaldt og varmt på same tid. Varmt nok til å ta av jakka, men altfor kaldt til å gå med t-skjorte. Vi får også litt meir trim på sommaren sidan vi går på fleire fjellturar enn på vinteren. Om vinteren er alt snødekt, og dei einaste framkomstmidla vi kan bruke er snøscooter, bil og helikopter. Bonusen med vinteren er at vi køyrer meir på hyttetur. – Korleis er forløpet i konfirmasjonen her oppe? Korleis det er frå første gongen presten kjem inn døra til han avsluttar i kyrkja? Svar: Hehe, om vi skal ta det ganske kort så kan eg seie at det var eit reint paradis å bli ferdig. For, første gongen han kjem inn døra begynner han å prate om masse rart, og det gjer

KLEDD FOR SVALBARD: Sander Sårheim er ung på Svalbard.

han i nokre månader før vi ender opp med å vente på å komme opp til alteret der han skal ta oss på hovudet, etter at han har gjort det så er det berre å sette seg og vente på at klokka skal ringe. – Er det sannsynleg å møte isbjørn? Svar: Mange trur jo at vi får besøk av isbjørn i byen ofte, men det er jo berre ca. 2 prosent sjanse for at vi mø-

ter ein nært eller i byen. Når man kjem seg ut i villmarka, så kan man møte dei oftare. – Korleis ser dokke på oss som bur i innlandet generelt? Svar: For det første så er det jo ganske varmt nede med dokke, vi kjem jo ned på sommaren. For det andre så har de ein annan livsstil og anna kledestil enn det vi har. – Humør då? Er vi slemme, eller? Svar: Snille så klart. Blir jo alltid tekne imot med opne armar. So får vi alltid svele og saft med bestemor når vi kjem også. Tekst: Karete og Kenneth


11

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

Alle har vel tenkt «alt hadde vore så mykje betre utan vaksne.» Og det er akkurat det som skjer. I Predido Beach forsvinn alle over 15 år. Ingen veit kvifor eller kva som kjem til å skje.

Spenning på sitt beste

«Eg vart heilt oppslukt av boka frå første side og eg leste den ut på to dagar.»

MELDING | Bok

GONE • Forfattar: Michael Grant • Forlag: Schibsted • Sidetal: 575 sider • Sjanger: Ungdom/spenning • Aldersgrupe: Ca. 12-15 år Forvirring og redsel er ord som følgjer deg gjennom heile boka. Etter kvart finn dei ut at dei er innestengd av ein vegg, eller meir ei såpeboble; du kan ikkje grave deg ut og du kan ikkje klatre over. Men ikkje nok med det. Nokre av barna begynner å utvikle ulike krefter. Noko kalt «Mørkret» ligg og lurer i grotta. Dyr muterer, og alt er berre kaos. Kven skal ta seg av dei små barna? Og kva med mat? Og kva skjer på din eigen femtenårs-dag? Den første boka er full av spørsmål som ingen har svaret på. «Gone –forsvunnet» er den første boka i ein spenningsfull serie på seks bøker. Bøkene er originalt skrive på engelsk av Michael Grant, men er omsett til norsk. Dei seks bøkene heiter: «Forsvunnet», «Mørke krefter», «Løgner», «Pesten», «Frykten» og «Lys». Den siste boka, «Lys», er ute no i USA og England, (2. april) men det tek nok litt tid før den kjem på norsk. Michael Grant vart fødd i California og har budd nesten over alt i USA, pluss tre år i Frankrike. Han var t fødd 26. juli i 1954. Han har i alt skrive 150 bøker i mange ulike sjangrar. Han seier sjølv at meininga med å skrive «Gone» var å skremme lesaren, få ho/han til å sitte oppe heile natta og lese. (Noko han har klart…) Sam Tempel som er hovudpersonen eller «helten på skulebussen» som han og blir kalt, får alt ansvaret for byen, noko han ikkje vil. Astrid, som er den smarte personen

Kristine

i byen, og som Sam er forelska i, prøver å forklare alt med fornuft. Astrid sin veslebror lille-Pete, som er autist, er ein veldig spesiell karakter i bøkene nettopp fordi han er autist. Karakterane forandrar seg veldig i boka, dei går frå snille til onde og dei fleste får krefter som utviklar seg. Barna i Perdido Beach var vanlege barn som endar opp som taktikarar som må drepe for å overleve. Boka inneheld mykje tankereferat som gjer at du blir veldig godt kjend med alle dei ulike personane. Alle, absolutt alle personane i boka spelar ei viktig rolle. Til og med dei små ungane i barnehagen spelar ei stor rolle i boka, dette får deg til å få med deg alt og alle. Kvart kapittel startar med f.eks. «KAPITTEL 26. 126 timar og 10

minutt». Spenninga ved kvart kapittel er å sjå nedteljinga på den tikkande bomba som startar ved 299 timar og 54 minutt og sluttar på 01 minutt i det siste kapittelet. I kvar bok er det ei klokke som tel ned til noko som du alltid ventar på skal skje, men du anar ikkje kva! Eg vart heilt oppslukt av boka frå første side og eg leste den ut på to dagar. Den er veldig lettlest sjølv om den er lang, men 575 sider går frykteleg fort. Boka er skrive for dei mellom 12 og 15 år, den er ganske valdeleg og det skjer ein god del dødsfall. Banning er det og

Løysingar

Alt i alt er «Gone -forsvunnet» ei av dei beste bøkene eg har lese. Bøkene har litt av alt, action, fantasy og litt kjærleik. Det som er så fint med desse bøkene er at dei passar for både gutar og jenter. Bøkene gir deg ei veldig god oppleving som er med deg overalt, og du sit igjen og må tenkje: «kva var det?, kva var det det betydde?, kva kjem til å skje?» og vips, så er du heilt oppslukt av boka! TEKST: Kristine

Kryssord Svar på kryssordet frå side 9.

Småsnask Svar på småsnask frå side 7. 1. Å dubbe av, dra over, sove litt 2. Eg kvapp til, vart redd, fekk angst 3. Tungvindt, vanskeleg 4. Eg vart så trøytt, søvnig

Sports-quiz

Ny dagleg leiar Svar: 1) Bradley Wiggins. 2) Brasil. 3) Chelsea FC. 4) 5, 5, 4. 5) Usain Bolt. 6) Alan Shearer. 7. Petter Northug jr. og Marit Bjørgen. 8) Mats Zuccarello. 9) Golf. 10) White Heart Lane.

1. Kven vann Tour de France i 2012? 2. Kvar er fotball-VM I 2014? 3. Kven vann Premier League i 2010? 4. Kor mange gull, sølv og bronse fekk Norge i ski VM 2013? 5. Kven vann 200-meteren i friidrett i OL 2012? 6. Kven har scora mest mål i Premier League si historie? 7. Kven er verdas beste mannlege og kvinnelege skiløpar? 8. Kven er Noregs beste mannlege ishockeyspelar? 9. Kva sport driv Tiger Woods med? 10. Kvar spelar Tottenham Hotspurs heimekampane sine?

mykje av, så for mindre ungar passar denne boka kanskje ikkje så bra. Boka blir skrive i tredje person, noko som eg tykkjer er fint fordi det er fleire parallellhandlingar i bøkene, og då blir bøkene ryddige med tanke på at ein ikkje flyttar fokus frå 1. person til 3. person heile tida.

Rakel Apneseth er no tilsett som ny dagleg leiar for Jølster frivilligsentral, i 75% stilling. For meir info om frivilligsentralen på Jølster, sjekk www.jolster.frivilligsentral.no

Malakoff-festivalen Også i år vert det Malakoff-festival på Nordfjordeid. Årets festival går av stabelen 18.-20. juli. På den lange lista over band, kan nemnast Biffy Clyro, Lido Lido og First Aid kit.


12

Ung i utdanning | NYNORSK SKAPARKRAFT | 2013

SISTE. LATTER. Utenlandske firmanavn Internett gjør det mogeleg å treffe kven du vil, kor du vil, og når du vil. Dei språklege barrierane derimot, dei vil alltid vere der. Derfor plukka vi ut ei liste over firma som bør vurdere namneendring før dei etablerer seg i Norge: 1. Sosialurin (Færøyene) 2. Hotel Guggemos (Tyskland) Godt sagt: 3. Ingen Support (Skottland) – Veit du kva 4. Bøgballe Friskole (Danmark) oljeministeren 5. Grandhotel Pupp (Tsjekkia) i Romania 6. Alkis Travel (Kypros) heiter? 7. Drita Albanian Folk Orchestra (Albania) 8. Auto-Knull (Tyskland) 9. Busemann GmbH (Tyskland) 10. The Raring Corporation (Canada)

ROMPETROL

MARKLØFT – Markløft er ei styrkeøving der utøvaren løftar ei vektstong frå golvet og opp i ståande stilling. – Det er ei teknisk styrkeøving, ikkje heilt ulikt knebøy. – Ukorrekt utøving kan føre til ryggskade.

Vitsar Det sto 17 russ utanfor ein nattklubb så kom ein og spurde: – Kvifor går de ikkje inn? – Jo, svarte den eine. – vi må vere 18 for å komme inn, så vi ventar på ein til. Vi har alle høyrt svenskevitsen om kvifor det er så få svenskar i Norge: – Jo, for når dei køyrer over grensa og ser eit skilt kor det står «Rygge», så gjer dei jo det. Svenskane har ein tilsvarande, endå betre vits: – När norrmännen kommer til Backa, så gör dom det... men sänn kommer den norska kungen körande över gränsen, och han sejer: – Jag vil ju inte backa, för jag är ju kung! Men så kommer han til Kungsbacka, och så måste även han backa. Veit de kvifor svenskane har gardiner på pc’en sin? Svar: Fordi dei har Windows.

Kven stod i midten? Århundrets fotballkamp var slutt, og laget med alle stjernespelarane stilte opp på rekkje og rad for å ta det tradisjonelle gruppebiletet. Ein av spelarane hadde scora alle måla, og det var brei semje om at han skulle stå i midten med fem spelarar på kvar side. – Sett frå fotografen stod Maradona og Rekdal i gruppa til høgre, mens Francescoli og Scifo stod til venstre. – Gullit stod til høgre for Valderrama. – Mykland og Scifo stod på kvar si side av Van Basten. – Mellom Rekdal og Van Basten var det seks spelarar. – Mellom Fjørtoft og Flo var det sju spelarar. – Mellom Van Basten og Mozer var det to spelarar. – Mellom Van Basten og Francescoli var det to spelarar. Kva heitte han som scora alle måla?

Sterke Mats Daniel Mats Daniel Skrede (22) møter oss med eit smil heime på garden. Han har jobba med styrkeløft sidan 2007 og er no berre 20 kg frå verdsrekorden i markløft, likevel har han ingen ynskjer om å bli med på landslaget. – Eg byrja med trening fordi eg var for tjukk og skulle ned i vekt» fortel Mats Daniel og flirer før han fortsett. «Seinare fann eg ut at det var kjekkare å vere sterk» fortel Mats Daniel som no har trena i seks år. – Har du eit mål eller noko spesielt du vil oppnå med treninga? – Eg ynskjer å bli sterkast av alle dopingfrie utøvarar, seier Mats.

– Best utan dop Mats Daniel er klar på sine meiningar om doping i idretten. – Dei som dopar seg kan gjere som dei vil for min del, så lengje dei ikkje konkurrerer, fortel Mats, som sjølv aldri kunne tenkje seg å bruke dop for å yte betre. – Det er mykje kjekkare å løfte tungt utan bruk av dop. Skrede, som for tida jobbar i Nordsjøen får god støtte frå både venner

og familie. – Løftinga er meir som ein jobb utan betaling, enn ein hobby, seier Mats, men gir uttrykk for at han synest det hadde vore kjekt å få betalt for jobben. Mats har ein personleg rekord på 300 kg i markløft, noko som kun er 20 kg ifrå verdsrekorden. Likevel kunne ikkje Mats Daniel tenkje seg og vere med på landslaget. – På landslaget brukar dei utstyr som gjer det lettare å løfte, så det er ikkje noko eg kunne tenkje meg. – Er det juks å bruke slikt utstyr? –Nei, men eg synest ikkje det er like morosamt å løfte med utstyr. seier Mats Daniel.

Klar for NM-comeback Mats Daniel, som no veg 115 kg har hittil vore med på fire stemne og har vunne alle saman. Han trenar 6-7 gongar per veke og er snart klar for comeback i NM i november. Framtida er han usikker på. «Eg veit ikkje heilt kva eg vil bli. Kanskje personleg trenar eller noko liknande.» Vi takkar Mats Daniel for intervjuet før han går av stad, klar for trening. Tekst: Lisbet, Synnøve, Sunniva og Christian


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.