Næring på Jæren 5-20

Page 20

GRÜNDEREN 4. Hva var de første skrittene fra idé til oppstart? Eg gjorde kort prosess, og berre bestemde meg for at no skjer det. Sidan eg har verkstad heime, noko eg på det tidspunktet allereie hadde, var det lite praktiske ting som måtte på plass. 5. Hvordan har du jobbet videre med dette? Eg er alltid på jakt etter nye idear, og er merksam på korleis t.d. ulike delar av eit plagg kan nyttast til meir enn «berre» eit stoffstykke, for å nemna noko. Det eg lagar legg eg ut for sal, og i prinsippet designar eg alt eg lagar sjølve. Eg tar difor i utgangspunktet ikkje imot bestillingar, utan at det spesifisert i biletteksten til produktet. Arbeidsdagane er lange, og eg har aldri heit fri, men det er ein del av det å driva eiga bedrift. 6. Hva skal du gjøre fremover? Akkurat no produserer eg med tanke på ei salsutstilling. Stad og tid for denne er ikkje fastsett endå. Eg har og planar om å halda kurs, men ligg litt lågt med dette akkurat no i koronatida. Vidare tenker eg å fortsetja på same måte framover, om det vert på heiltid eller deltid, vil visa seg.

• Navn: Kjersti Skjæveland • Alder: 58 år • Bosted: Nærbø • Bedrift: Hugheil design og redesign, Kjersti Skjæveland 1. Kort fortalt – hva er din gründer­bedrift? Hugheil design og redesign er eit einpersonsføretak. Eg driv mest med tekstil, og produserer alt sjølve. Gjenbruk og det å nytta restar/overskot opptek meg. Difor vil dei fleste av kleda, taskene etc. som eg lagar ikkje verta produserte i fleire identiske utgåver. Alt er ikkje redesign, eg kjøper òg materialar. Likevel vel eg å i liten grad laga fleire heilt identiske plagg etc., Den som kjøper, skal få høve til å ha noko ingen andre har akkurat maken til. Eg produserer gjerne i minikolleksjonar, før eg tar fatt på eit nytt prosjekt. 2. Hvor lenge har du jobbet med dette? Eg starta bedrifta mi for 3 ½ år sidan, men då berre på deltid. Denne hausten har eg tatt permisjon frå lærarjobben, for å forsøker eg meg på fulltid, så får me sjå korleis det går. 3. Hvor kom ideen fra? Idéen har eg nok hatt lenge før eg starta firmaet. Kor han akkurat kom frå, er eg faktisk litt usikker på, men eg veit at visse faktorar har påverka meg. Dette med gjenbruk, og det å utnytta restar av dei fleste materiala ein har i huset, har eg utvilsamt frå mor mi. Ho var aldri gjerrig, men hadde vakse opp under krigen. Kreativ som ho var, såg ho det som ei utfordring å kunna skapa noko av mangt og mykje. Dette vart så forsterka med min eigen bakgrunn frå ulike formingsfag på Rogaland Fylkeshusflidsskule for mange år sidan. For nokre få år sidan tok eg vidareutdanning innan saum, design og redesign på Universitetet i Sør-Aust Norge. Eg kom i kontakt med andre som dreiv med det same, og gnisten til eiga bedrift vaks seg tydelegare fram. 20

N Æ R I N G PÅ J Æ R E N

7. Hva er målet med bedriften på lang sikt? Det langsiktige målet er primært å halda koken som liten bedrift, med eit håp om stadig nye idear og god omsetjing av det eg lagar. 8. Hvilke egenskaper synes du er viktig for en gründer? Gründer kjennes som eit stort ord. Eg er nok primært driven av idealisme. Det er mykje som er viktig, men sjølv kjenner eg på at

• Tanktømming • Fettutskiller • Slamsuging • Sandfangere • Lekkasjesøk • Oljeutskillere

• Rørspyling • Rørinspeksjon • Rørfornying, nytt rør uten å grave • Rotkutting • Tining av frosne rør

Stene Renovasjon på farten 24 timer i døgnet Åpner tette avløp, Tømmer tanker, Rørinspeksjon, • Spyling av kjøkkenavløp Oljetanker, Lekkasjesøk

• Tømming av renseanelgg

24 timers service 51 60 99 00 Stene Renovasjon AS, Larsamyrå 6, 4313 Sandnes Tlf: 51 60 99 00 • Epost: stebjo@steneas.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.