8 minute read

Eit todelt næringsliv

Av selskapa på Nordvestlandet som gjekk i minus i fjor stod ti selskap for nesten 70 prosent av underskotet.

HOVUDTAL FOR SELSKAPA PÅ NORDVESTLANDET

Tal i prosent

ÅR

2019 2018 2017 2016 2015

DRIFTSMARGIN

4,6% 1,9% 3,0% -2,5% 4,0%

RESULTATMARGIN

2,7% -0,5% 1,5% -4,7% -0,4%

Driftsmargin er driftsresultat i prosent av driftsinntekter. Resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftsinntekter. Kjelde: Bisnode Bedriftene på Nordvestlandet fekk eit oppsving både i inntekter og lønsemd i 2019. Dei største tapa er enda meir konsentrerte om eit fåtal bedrifter og bransjar. Og trass i koronaepidemien har store deler av næringslivet klart seg godt hittil i 2020.

– Det var mellom lunsj og middag 12. mars, vi hadde ingen andre val enn å stenge, sa dagleg leiar og medeigar i restaurantselskapet Bro i Ålesund, Ann-Helen Svinø til NETT NO i oktober i år.

Ho og kollegaene lever av at folk møtest. Koronaepidemien og tiltaka mot den, førde til at heile restaurantbransjen blei kasta ut i uvisse. Bro hadde blitt det største restaurantselskapet i Ålesund allereie i sitt første heile driftsår - i 2019. 2020 skulle gi ytterlegare vekst og plussresultat.

FULL STOPP: I starten av koronaepidemien blei det full stopp i deler av næringslivet, og stengde butikkar og ingen kundar som her hos Amfi Moa. Etter kvart kom det ein kraftig rekyl. Foto: Marius Rosbach På kjøpesenteret Amfi Moa var det til tider folketomt, som biletet frå starten av april viser. Frisørar og andre verksemder med fysisk kundekontakt måtte stenge. Andre stengde av smittvernomsyn og/eller fordi kundane uteblei.

KORONABOOM I HAGEN

Nesten umiddelbart etter at store deler av aktiviteten i samfunnet vart stengt, kontortilsette flytta til heimekontor og handspritdispensarar dukka opp over alt, skaut etterspørselen i veret hos trelastleverandørane.

– Det har vore rett i taket i lengre tid, sa Rune Koppen, dagleg leiar og eigar av byggevareselskapet Koppen Industrier i Volda til NETT NO i slutten av april.

Folk som måtte vere heime tok malarkost og hammar fatt, og pussa opp og bygde terassar for harde livet. Litt seinare på våren gjekk Anita Tilseth i Hageland Tilseth i Volda tom for settepotter og jordbærplanter. Etter første halvår hadde Hagelandkjeda ein vekst på 45 prosent, og alt av matvekstar auka enda meir. – Vi har bemanna litt og litt opp, og gjer det framleis. Vi har framleis god aktivitet og det ser jammen santen ikkje så verst ut framover heller, sa administrerande direktør Kjell Norvoll då Nogva Motorfabrikk la fram tala for 2019 i juni i år.

Koronaepidemien og tiltaka mot den, dempa aktiviteten i ein periode, men selskapet permitterte ikkje. Alt i sommar var aktiviteten på veg tilbake til nivået før koronaepidemien kom.

PRODUKSJON I SOMMARFERIEN

I løpet av våren kom varehandelen i gang for fullt, mellom anna i møbelbutikkane - noko som i sin tur slo ut i møbelfabrikkane. Ekornes, som i vår permitterte så mange av Sykkylven hamna på toppen av arbeidsløysetoppen, måtte i sommar be tilsette ta ferie på andre tider for å greie å produsere nok.

Hos Ann-Helen Svinø på Bro blei juli så bra at inntektene fekk selskapet over kneika og sikra likviditet til hausten. Om ikkje nye innstrammingar kom, var Svinø si vurdering i oktober at selskapet no kunne drive i balanse. Ved Hotel Alexandra, ein av dei

Når det er viktig!

Yapril leverer profesjonelle rekrutteringsprosesser basert på et betydelig nettverk til styreposisjoner, leder- og spesialiststillinger.

NY INDUSTRI: Mangelen på munnbind fekk Lars Einar Riksheim og fleire til å starte ein heilt ny fabrikk i Sykkylven. Den syr kirurgiske munnbind, eit produkt som norske helsestyresmakter og private kundar har basert seg på å kjøpe frå Kina. Foto: Ogne Øyehaug

største reiselivsaktørane i regionen, reknar hotelldirektør Richard Grov med at lønnsemda for året blir god nok til at den gir nye investeringsmusklar.

Og ved Kaibutikken i Måløy slo omsetninga alle rekordar.

Frykta for at 2020 skulle bli eit heilsvart år for næringslivet på Nordvestlandet ser ut til å ha blitt gjort til skamme.

Men koronaepidemien er ikkje over, og utover hausten auka smitten i Europa. Før vaksiner er på plass eller epidemien brenn ut av seg sjølv, utgjer den framleis ein fare, både for helse, men også for næringslivet. Nye omfattande nedstengingar er ikkje utelukka.

TØFT I VERFT OG OFFSHORE

I tillegg til reiseliv, kultur og utelivsbransjen er både offshorereiarlaga og skipsverfta, to av dei mest sentrale delane av næringslivet på Nordvestlandet, hardt råka av koronakrisa. Medan dei tre første truleg vil vere i god fart igjen straks koronaepidemien er over, kan dei negative konsekvensane for offshorereiarlag og skipsverft vere meir langvarig.

Databasen som NETT NO får laga til dette magasinet omfattar i alt 2512 bedrifter, kvar med minimum fem millionar kroner i driftsinntekter.

565 av desse hadde eit resultat før skatt i minus i fjor. I alt var underskotet hos bedriftene som tapte pengar på til saman 8,8 milliardar kroner.

Men heile 6,1 milliardar av dette underskotet kom frå berre 10 selskap; Vard, Kongsberg Martime CM (tidlegare RollsRoyce Marine), Havila Shipping og Havila Ships, Ulstein Verft og morselskapet Ulstein Group, Bourbon Ships og morselskapet Bourbon Offshore Norway, Island Drilling Company og Farstad Supply (ein del av Solstad Offshore-konsernet).

I 2018 gjekk 645 bedrifter i minus, med eit samla underskot på 10 milliardar kroner. 6,9 milliardar av underskotet skreiv seg frå dei 10 selskapa som var mest ille ute – langt på veg dei same som i 2019.

Også blant dei 100 største er det blitt færre selskap med minusresultat. 22 i 2019, 32 i 2018.

OLJEBRANSJEN TIL FELLES

Det selskapa med dei største underskota har til felles er at dei er, eller var, ein del av oljebransjen. For Vard og Ulstein sin del var dei ein del av oljebransjen gjennom å bygge offshoreskip, men lukkast å få kontraktar på å bygge cruiseskip då offshorereiarane slutta å bestille nytt.

Både oljebransjen og verfta som har satsa på cruiseskipsmarknaden, er råka av koronapandemien. Den har redusert oljeetterspørselen, mellom anna fordi flytrafikken er kraftig redusert – og drivstoffetterspørselen med den. I staden for eit gryande oppsving i etterspørselen etter offshorefartøy blei det i staden en ytterlegare nedtur.

Smittefaren om bord i cruiseskipa har sendt dei fleste i opplag. Dermed la også cruisereiarlaga nybyggingsplanar på is. Satsinga på å bygge cruiseskip har kosta både Vard, Ulstein og konkursråka Kleven Verft dyrt. Håpet var at lærdomen frå første runde skulle slå ut i at verfta greidde å bygge neste runde med cruiseskip med overskot. No er den runda i beste fall utsett.

Delinga av næringslivet på Nordvestlandet, mellom tungvektarane som slit og underskogen som går i pluss, viser seg også att hos skipsverfta. Dei små og mellomstore greier seg stort sett godt, takka vere brønnbåtbygging, reparasjon og vedlikehaldsoppdrag.

OPNAR TIL VÅREN: Anja Halsebakk skal drifte «nye» Rosenlund på Sandsøya. På sikt er håpet at bedrifta kan bidra til å opne skulen på øya att.

DET HANDLAR OM Å BYGGE EI ØY

Av: Marius Rosbach

Ein halv million per innbyggjar på Sandsøya blir satsa på overnattingsstaden Rosenlund. Men det er ikkje berre fleire turistar som er målet.

I sommar skein sola på Sandshamn ytst i havgapet i Sande kommune. Anja Halsebakk tok i mot ein – etter koronareglane – full hurtigbåt og lokalavisa hadde nettopp fortald nyheita om ei storsatsing frå eigarane av Rosenlund Hamn.

– Vi har store planar og tanken er at vi skal ha plass til 100 personar på overnatting - og vi skal utvide vidare etter kvart, fortalde Anja Halsebakk til NETT NO den gongen.

I første omgang blir det laga 14 familierom, og to av dei er tilrettelagde handikaprom.

HAR RIVE «GAMLEBUTIKKEN»

Eigarane av Rosenlund Hamn er Ronja Capital – investeringsselskapet til verdas største brønnbåtreiar Roger Halsebakk, som er oppvaksen på Sandsøya, og far til Anja.

Roger Halsebakk har aldri lagt skjul på at han er lokalpatriot og investerer mykje lokalt. Då satsinga med Cruise Services missa alle kundane frå cruisetrafikken i sommar, snudde dei til dømes om og starta rute Ålesund-Stad – med stoppestad på Sandshamn.

STORE INVES-

TERINGAR: I tillegg til satsinga på Rosenlund, investerer Sandefisk for tida titals millionar på nytt bygg på Sandshamn.

UTFART: Slike dagar håpar staben ved Rosenlund det blir mange av i tida som kjem.

HENGEKØYE-CAMP: Mange har oppdaga hengekøye-campen «Vind i luggen» rett ved kaia på Sandshamn.

No skal dottera Anja drive det som skal bli ein overnattings- og serveringsstad – med «litt attåt».

Då NETT NO snakka med Anja på hausten er ho rastlaus og vil gjerne kome i gong med nybygget. Den gamle restaurantdelen og «gamlebutikken» er riven, og ho fortel at det har vore «mykje ferie og slikt». I oktober starta tømrarane med å renovere sjøbuda, og fleire planar har kome på bordet.

– Vi har planar om å bygge tre til fem eksklusive hytter som vi ser føre oss ha utsikt mot havgapet, som står i alt frå full storm til nydelege solnedgangar, fortel ho.

EIN PLASS FOLK ELSKAR

I første omgang blir det bygd ein spisesal med plass til 200 personar, og ein terasse med plass til 50-70 spisegjestar. Til saman reknar dei med å kunne ta arrangement på 400-500 gjestar.

EPS er hundre prosent resirkulerbar. Vi jobbar hardt for å få all EPS tilbake i ei sirkulær verdikjede. EPS på avvegar, er ein ressurs på avvegar.

This article is from: