2 minute read
Båtentusiasten i Nordfjord
BÅTENTUSIASTEN
Av: Ogne Øyehaug
PRIMUS MOTOR: I år har den foldbare cruisekaia på Nordfjordeid ligge stille, men neste år er det meldt 70 anløp. John Olav Lefdal var primus motor for etablering av Nordfjordeid som cruisehamn og er største eigar i selskapet som driv cruisekaia.
– Eg har ikkje blitt så veldig rik på å selge båtar, men eg har blitt utruleg rik på opplevingar.
Nordfjordingen John Olav Lefdal stifta Dreamline Yachts i 1999 og har drive sal av det eksklusive italienske lystbåtmerket Riva med stor entusiasme sidan.
Heldigvis for Lefdal har han andre forretningar i botn, som saman med ein god porsjon optimisme har halde båtlidenskapen levande.
No har dottera Miriam etablert seg i Oslo og administrerer kontoret på Tjuvholmen, som er utgangspunktet for både båtsal og charterverksemda i søsterselskapet Riva Italia. Selskapet er medeigar i Riva-forhandlaren i Sverige og vurdere etablering i Danmark. 2020 blir eit rekordår, seier Lefdal.
CRUISE-SATSING
Lefdal vaks opp på Nordfjordeid, bur i Stryn og har familie i Måløy. Han er Nordfjord-patriot på sin hals.
– Dette med Visit Nordfjord med alt i ein fjord, det er eg veldig tilhengar av, seier han. Både Dreamline Yachts og Riva Italia har hovudkontor på Nordfjordeid, men hoved-
Den mest synlege delen av verksemda til Lefdal på Nordvestlandet har i heile 2020 lege samanfolda ved terminalkaia på Nordfjordeid, ei cruisekai som kan strekkast ut i sjøen og sørge for at cruiseturistane kan gå i land og om bord.
Han var primus motor for å etablere cruisekaia og er også største aksjonær i Seawalk Nordfjord.
Så langt sytte koronaepidemien for at kaia berre har vore i bruk i debutsesongen 2019, men neste år er det meldt inn 70 cruiseanløp og Lefdal reknar med at dei kjem.
Og uansett kor raskt koronaepidemien blir tilbakelagt, trur Lefdal den har gitt reiselivet på Vestlandet ein varig positiv effekt.
– Eg trur at det som skjedde med korona, det har fått austlendingane til å få augo opp for Vestlandet – og så kjem cruiseturistane tilbake, seier han.
STARTA MED ØL
For John Olav Lefdal starta livet som forretningsdrivande på eiga hand med at han tok over distribusjonsavtalen for Ringnes i Sogn og Fjordane.
I utgangspunktet var det eit tapsprosjekt, men kom i pluss etter at Lefdal fekk reforhandla vilkåra.
Då lager og distribusjonssentral blei flytta til Stryn fekk han og ein sentral plassering av det økonomisk viktige ølutsalet, som var ein del av verksemda.
I 2010 måtte Nor Drikk ha meir plass, og Lefdal kjøpte det gamle slakteriet på Nordfjordeid, og om lag 8000 kvadratmeter sentrumsnære tomter, ei investering han no meiner har mangedobla verdien, etter oppsvinget Nordfjordeid har fått som handelssenter.
For offshore, energi og oppdrettsnæring
FlowSafe
- Slange- og kabelflyt fra Polyform
polyform.no