2 minute read

Vil ha fleire som Elias

Next Article
Møbelopptur

Møbelopptur

Av: Marius Rosbach

Fleire stader er det kutta i utdanninga som kombinerer skule og arbeidsliv - men ikkje i Måløy. Det er Elias og arbeidsgjevaren hans glade for.

SKULE OG JOBB: Elias Vedvik (19) frå Måløy tok fagbrev etter å ha vore YSK-lærling - som står for Yrkes- og studiekompetanse. Det betyr at han kombinerte skule og arbeid frå starten av vidaregåande.

Elias Vedvik jobbar som industrimekanikar ved Stadyard-verftet i Raudeberg og er ein slik fagarbeidar både politikarar, bedrifts leiarar og fagforeiningsleiarar ønskjer seg fleire av.

Den vidaregåande utdanninga han har tatt, går under fleire forkortingar. Somme kallar den TAF, andre YSK. Felles er at dei kombinerer skulegang og arbeid ute i bedriftene frå første dag.

– Eg var ferdig i sommar og no er planen å jobbe eitt år. Etterpå skal eg gå vidare skule og vil forsøke maskiningeniørstudie, fortel Elias.

VAR USIKKER

Valet til 19-åringen frå Raudeberg er typisk for desse elevane, som i ettertid er svært ettertrakta i den maritime industrien. Og i dag ser han føre seg ei framtid med skipsbygging.

– Eg har ikkje noko anna svar enn at eg stortrivst, svarar Elias på spørsmålet om kva han likar med å byggje båtar på Raudeberg-verftet. Han trekker fram variasjonen med ulike type båtar som noko av det som er kjekt. Det siste dei bygde var to fiskebåtar med hybrid framdrift.

– Eg visste ikkje at det var dette eg ville gjere, og var usikker. Men så prøvde eg og fann ut at dette var noko eg likte, fortel han.

TEK INN FLEIRE LÆRLINGAR

På Sunnmøre har det dei siste åra berre vore tilsvarande YSK-utdanning i Ålesund, etter at linjene i Ulsteinvik, Haram og Molde er lagde ned.

I Måløy er YSK-tilbodet halde oppe. Det set HR-sjef Glenn Paris på Stadyard pris på.

– Vi har vridd om på satsinga dei sist åra, og innsett at det er vanskeleg å få inn fagarbeidarar utanfrå. Difor tek vi inn fleire lærlingar, fortel han.

Verftet tek gjerne inn både «vanlege» lærlingar og YSK-lærlingar, sjølv om dei innser at mange av dei sistnemnde reiser vidare for meir utdanning. Håpet er at dei kjem tilbake.

«Eg har ikkje noko anna svar enn at eg stortrivst»

– Begge deler er flott, og det er viktig for næringa å få inn begge typar fagfolk, avsluttar HR-sjefen.

randstad ålesund din lokale partner når du trenger nye medarbeidere.

Vi hjelper selskaper og organisasjoner å nå sine målsetninger uavhengig av om behovet er i form av en ny fast ansatt, midlertidig arbeidskraft eller profesjonell hjelp når endringer i markedet gir utfordringer.

våre tjenester: • rekruttering til faste stillinger • bemanning til midlertidige stillinger • central sourcing • inhouse services

www.randstad.no // alesund@randstad.no // +47 400 21 400

This article is from: