2 minute read

Nye studentkoplingar

FULLKLAFF: Nye koplingar mellom studentar og bedrifter under Industrial Design Conference på Giske. Prosjektleiar Mette Skjong (nr. 2 frå høgre) i Momentium får truleg 50 studentar frå arkitekthøgskulen på besøk til neste år.

NYE KOPLINGAR TIL STUDENTANE

Av: Marius Rosbach

Giske-konferanse fekk klaff med studentbesøk og studentar i «sommarjobb» laga berekraftløysing til regional bank.

Bedrifter og bransjar på Nordvestlandet nyttar ulike måtar å knytte til seg studentar, som kan bli aktuelle arbeidstakarar. I samband med industridesignkonferansen – IDC/21 på Giske, var Momentium saman med lokale industridesignbedrifter, vertskap for ei gruppe på 15 studentar frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).

– Vi ønsker å vise fram Ålesund som ein designregion. Mange veit at vi er ein region som kan fiskeri og skipsbygging, men vi har ikkje vore like flinke til å løfte fram kva vi står for innan industridesign og designfeltet generelt, fortel Mette Skjong i Momentium, som har rolla som prosjektleiar for IDC.

Studentane fekk besøke Vard Studio og LK Hjelle, og vere med på workshop, i tillegg til konferansen i Øygardshallen og prisutdeling på Pir.

VIL SENDE 50 STUDENTAR

Responsen etter besøket var så god at skulen har signalisert at dei neste år vil sende rundt 50 studentar til Sunnmøre i samband med IDC-konferansen. Skjong er svært nøgd med at den anerkjende skulen prioriterer besøk til regionen. Ho fortel samtidig at arkitekthøgskulen har opplevd det som ei utfordring at mange av studentane veit lite om næringslivet dei skal ut og jobbe i.

– Studentane som startar opp veit gjerne ikkje kva som finst av industri rundt i landet. Difor må dei få vite at her langs kysten finst det masse moglegheiter og bedrifter i verdseliten, legg ho til.

«Studentane som startar opp veit gjerne ikkje kva som finst av industri rundt i landet»

LAGDE BEREKRAFTSMODELL: NTNU-studentane Karoline Westre, Ane Hoff og Tobias Myrvoll - alle frå Ålesund - laga ein berekraftmodell på «sommarjobb». Sparebanken Møre var så nøgd med jobben at dei vil ta i bruk løysinga. Foto: Sofie Helseth

VELDIG FORNØGDE

Ved NTNU i Ålesund jobbar dei på ulike vis med å knytte studentar og næringsliv saman. Kjersti Kjos Longva er prosjektleiar for Teft Lab, som mellom anna tilbyr «internship».

– I sommar hadde vi 10 dyktige studentar som var «summer interns». Dei jobba med ulike prosjekt for Sparebanken Møre, Stranda Hamnevesen og NTNU, fortel Longva.

Berekraft i finansnæringa var eitt av prosjekta. Då lagde studentane ein berekraftportal som kunne byggast inn i nettsida til sparebanken. Her kan bedrifter raskt sette seg inn i kva dei kan jobbe med, utan å sette seg inn i store mengder informasjon.

– Vi er veldig fornøgde med arbeidet som studentane har gjort, fortel Cecilie Myrstad i Sparebanken Møre.

Faktisk var banken så nøgd at dei tenkjer å ta i bruk løysinga studentane har laga og planlegg lansering før årsskiftet.

PRODUKSJON OG SERVICETJENESTER OFFSHORE - SUBSEA - VANNKRAFT - INDUSTRI ISO9001 - ISO3834-2 - ACHILLES - NCE

I tillegg til å levere egne produkter innenfor vinsjer og håndteringsutstyr, kan I P Huse tilby det meste innenfor produksjon og service av mekanisk utstyr.

This article is from: