NETT NO - ÅRG 9 / UTG 1 / 2021

Page 64

F U LLKL A FF: Nye koplingar mellom studentar og bedrifter under Industrial Design Conference på Giske. Prosjektleiar Mette Skjong (nr. 2 frå høgre) i Momentium får truleg 50 studentar frå arkitekthøgskulen på besøk til neste år.

NYE KOPLINGAR TIL STUDENTANE Av: Marius Rosbach

Giske-konferanse fekk klaff med studentbesøk og studentar i «sommarjobb» laga berekraftløysing til regional bank. Bedrifter og bransjar på Nordvestlandet nyttar ulike måtar å knytte til seg studentar, som kan bli aktuelle arbeidstakarar. I samband med industridesignkonferansen – IDC/21 på Giske, var Momentium saman med lokale industridesignbedrifter, vertskap for ei gruppe på 15 studentar frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).

generelt, fortel Mette Skjong i Momentium, som har rolla som prosjektleiar for IDC. Studentane fekk besøke Vard Studio og LK Hjelle, og vere med på workshop, i tillegg til konferansen i Øygardshallen og prisutdeling på Pir. VIL SENDE 50 STUDENTAR

– Vi ønsker å vise fram Ålesund som ein designregion. Mange veit at vi er ein region som kan fiskeri og skipsbygging, men vi har ikkje vore like flinke til å løfte fram kva vi står for innan industridesign og designfeltet

64

NETT NO

Responsen etter besøket var så god at skulen har signalisert at dei neste år vil sende rundt 50 studentar til Sunnmøre i samband med IDC-konferansen.

Skjong er svært nøgd med at den anerkjende skulen prioriterer besøk til regionen. Ho fortel samtidig at arkitekthøgskulen har opplevd det som ei utfordring at mange av studentane veit lite om næringslivet dei skal ut og jobbe i. – Studentane som startar opp veit gjerne ikkje kva som finst av industri rundt i landet. Difor må dei få vite at her langs kysten finst det masse moglegheiter og bedrifter i verdseliten, legg ho til.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.