4 minute read

Trine fann alt i heimbyen

Next Article
Møbelopptur

Møbelopptur

FANN «ALT» HO TRENGDE I HEIMBYEN

Av: Marius Rosbach

I Ålesund fann Trine både draumejobben og utdanninga som tok henne dit.

Trine Gaaseide Aure starta nyleg i jobben som datautviklar ved simulatorsenteret på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.

28-åringen er tilsett i Augment City, dotterselskapet til Offshore Simulator Centre (OSC), men gjer arbeid for begge selskapa. For tida jobbar ho med å utvikle brukargrensesnittet til eit produkt for smartby-løysingar.

– Tittelen er «Unity developer», som viser til verktøyet vi brukar. Enkelt sagt programmerer eg funksjonar som folk kan bruke på ei datamaskin, legg ho til. Undervegs i utdanninga har Trine vore eitt år i Bergen og i Trøndelag, men reiste til heimbyen for å fullføre utdanninga med ein master i simulering og visualisering ved NTNU Ålesund – den einaste i sitt slag i Norge.

JOBBAR MED Å GJERE BYAR SMARTARE

Allereie i 2019 kunne simulatorsjef Joel Mills vise korleis dei kunne nytte verktøyet til å halvere utrykkingstida for brannbilane i byen, ved å endre opningstider på SFO og barnehage. →

SMARTBY-PROSJEKT: Trine Gaaseide Aure er einaste kvinnelege utviklar ved simulatorsenteret på NMK og jobbar mellom anna med verktøy til smartbyarbeidet i Ålesund.

EN LOGISTIKKPARTNER MED PERSONLIGHET

Alle hos Tyrholm & Farstad legger sin stolthet i å få fram forsendelsen din raskt og trygt – hver gang.

• LOGISTIKKTJENESTER OFFSHORE

• BEFRAKTNING/SPEDISJON

• HUB’ER/ LAGER I NORGEOG EUROPA

• AGENTTJENESTER LANGS HELE KYSTEN

• FLYFRAKT

Ålesund kommune har vore aktiv med å trekke til seg slik verksemd. Byen er også vertskap for FN-nettverket, United Future Lab, populært kalla Framtidslaben.

– Det er i vinden å gjere byane smartare mellom anna ved byplanlegging. Vi har utvikla eit produkt som er med å forbetre korleis ein samarbeider med desse verktøya, fortel Trine.

«UTDATERTE» BILDE

28-åringen tok først ein bachelor som dataingeniør i Ålesund, og har vore vand med å vere den einaste, eller ein av få kvinner. Kombinasjonen ho har med masteren i Ålesund, er ho truleg den einaste kvinna her til lands som har.

Trine trur det låge talet på kvinner på NTNU-linja kan ha fleire årsaker. Kanskje utdanninga ikkje er så godt kjend og det er generelt få kvinner som vel teknologiyrke. I botnen trur ho at ulike interesser hos menn og kvinner spelar inn.

– For utviklaryrket trur eg også det heng igjen nokre utdaterte førestillingar om at ein sit på guteromet og programmerer. Slik er det slett ikkje lenger, fortel ho.

På studiet var dei eit internasjonalt miljø med kring halvparten av studentane frå andre land. Dei var ni studentar som fullførde, inkludert ei kvinne frå Myanmar.

IKKJE ALLTID ENKELT

Sjølv om det kjem stadig fleire kvinner til, er det framleis stor skeivfordeling i it- og teknologiyrka. Trine har fleire kvinnelege kollegaer mellom dei nær 40 tilsette på simulatorsenteret. Ho er likevel den einaste utviklaren.

– Her trivst eg veldig godt, påpeikar ho – men legg heller ikkje skjul på at det er ei rolle som ikkje alltid er like enkel. Ho trur mange ikkje heilt veit korleis dei skal handtere det å plutseleg få ein kvinneleg kollega.

– Nokre er redde for å trakke deg på tærne, medan mange er overhjelpsame, fortel ho. Ein førelesar kunne snu seg og spørje: «Forstår dokke dette då jenter?». Ho forstår at det kanskje er godt meint, men vert opplevd som nedlatande.

– Andre igjen bryr seg ikkje, og behandlar deg heilt vanleg. Her har dei vore flinke til å ta imot meg, og eg kjenner meg som ein av «gutta», fortel ho om kollegaene.

«For utviklaryrket trur eg også det heng igjen nokre utdaterte førestillingar om at ein sit på guteromet og programmerer»

TRENG FLEIRE UTVIKLARAR

I 2019 var det kring 50.000 personar med IKT-utdanning i Norge, og behovet er venta å auke stort. Innan 2030 vil det truleg vere behov for det doble. NAV sine framskrivingar tyder på at Norge ikkje vil klare å utdanne IT-folk i eit slik tempo.

Allereie i 2020 var det kring 3.250 ubesette ITK-stillingar her til lands, og mangelen var anslått å vere klart størst blant programvare- og appliksjonsutviklarar, som Trine og medstudentane frå NTNU.

Trine merkar at det er stor bevisstheit hos bedrifter kring å rekruttere kvinner. Sjølv ser ho ikkje vekk frå å flytte på seg seinare i livet, og at det kan «vere gøy å oppleve og bu andre plassar».

VERDSLEIANDE: «Simulatorkula» ruvar godt i NMK-lokala ved Campus Ålesund. Senteret ligg i tet i verda når det gjeld å tilby simulatortenester til krevjande maritime operasjonar.

This article is from: