3 minute read
Møbelopptur
VEKST: Trond Nordstrand blei Bohus Ålesund-sjef i april 2019. På to år har selskapet distansert Skeidar Ålesund i konkurransen om å vere største møbelforhandlar på Nordvestlandet.
Av: Ogne Øyehaug
- Vi har hatt ein gigantisk opptur, seier Bohus Ålesund-sjef Trond Nordstrand - og oppturen varer enno.
Då Nordstrand la budsjettet for Bohus Ålesund 2021 rekna han med at veksten for møbelhandelen var over i denne omgang, og budde seg på ein nedgang i år. Slik har det ikkje gått.
Bohus Ålesund har gått frå 56 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 til 79,2 millionar i 2020. Dermed har dei distansert Skeidar Ålesund i konkurransen om å vere største møbelbutikken på Sunnmøre og i Nordfjord.
Frå magre overskot har lønsemda også gått opp, til 11,7 prosent av resultatet før skatt i høve til driftsinntektene. Det er over gjennomsnittet for møbelbutikkane på Nordvestlandet.
To og ein halv månad før 2021 ebbar ut, ligg salet til Nordstrand og kollegaene godt over 2020-nivået.
SNUDDE ETTER FIRE ÅRS NEDGANG
Bohus Ålesund var ikkje åleine om vekst i fjor.
Etter fallande driftsinntekter år for år sidan 2015, snudde det for møbelhandlarane på Sunnmøre og i Nordfjord i 2020.
DRIFTSINNTEKTER RESULTAT FØR SKATT
2020 2019 2020 2019
Ekornes QM Holding as (K) Wonderland Slettvoll Møbler as Fora Form as Brunstad (K) Langlo as Helland Møbler Formfin as Stordal Møbel L K Hjelle Møbelfabrikk Hovden Møbler Vad Fjordfiesta Furniture as Sitwell Nesje as Tonning & Stryn Rovde Møbel & Design as Stjernemadrassen Feel Free Production Vatne Møbler Jarnes Møbler as Cylindra 3481,7 345,9 207,0 145,9 126,1 115,0 79,6 54,6 46,6 42,3 32,7 21,6 14,0 14,0 11,7 11,2 9,9 7,9 4,1 3,2 2,2 0,2 3169,0 300,9 191,1 181,6 117,7 108,1 75,7 48,6 40,0 35,5 28,3 28,0 12,6 13,0 19,8 10,7 7,7 6,2 5,3 3,3 2,0 0,1 178,1 15,9 34,5 3,6 1,1 4,1 1,4 2,9 0,7 1,7 0,5 -1,8 1,1 0,5 -1,8 0,3 0,2 0,1 -0,2 0,4 0,1 0,03 127,5 11,5 11,7 15,3 -3,0 -2,2 0,2 -4,7 0,6 -4,6 0,8 -0,5 0,4 -1,0 -1,9 -0,3 0,03 0,7 0,5 0,4 0,04 -0,003
4777,4 4405,2 243,4 151,5
Konsernet Slettvoll Møbler omfattar både fabrikk og butikkar Brunstad-konsernet omfattar også fabrikk i Baltikum Helland Møbler og Hovden Møbler sine fabrikkar i Baltikum er ikkje omfatta
Kjelde: Proff.no/Brønnøysundregistra
FLEIRE I FABRIKKANE
Også møbelfabrikkane fekk eit oppsving i fjor, og det er ikkje over ifølgje bransjesjef Egil Sundet i Designindustriens bransjeforening.
Eksporten av norske møblar til utlandet aukar óg i år. Sundet reknar med at veksten i salet til innanlandsmarknaden også er stigande, basert på at produksjonsindeksen stig.
I kraft av storleiken er det Ekornes-konsernet som har betydd mest for å få folk i arbeid, men resten av industrien er også på jakt etter folk. Etter første halvår hadde Brunstad-sjef Ronny Bjøringsøy planar om å tilsette fem til ti personar i produksjonen, etter å ha auka driftsinntektene med 30 prosent samanlikna med første halvår 2020.
Samla hadde møbelprodusentane på Nordvestlandet 8,4 prosent auke i driftsinntektene frå 2019 til 2020. Resultatet i prosent av driftsinntektene steig frå 3,4 til 4,9 prosent. Det er slett ikkje verst.
«- Vi valde å gi full gass i marknadsføringa»
Fasiten blei 13 prosent vekst i driftsinntektene samanlikna med 2019. Lønsemda, målt i resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, steig frå 1,4 til 9,0 prosent. Det er ei god lønsemd i handelsnæringa.
For 2020 er koronaeffekten ein del av forklaringa, meiner Nordstrand. Folk brukte mindre på reiser og restaurant, og det fekk mellom andre møbelbutikkane nyte godt av.
Då koronapandemien kom i mars i fjor, vart det bråstopp og permitteringsvarslar - men berre etter tre veker så snudde det.
- Vi valde å gi full gass i marknadsføringa, seier Nordstrand om avgjerda som blei tatt etter at det første koronasjokket gav seg. Konsekvensen blei at mars 2020 blei den einaste månaden selskapet hadde reduserte driftsinntekter samanlikna med tilsvarande månad i 2019.
MØBELBUTIKKAR PÅ NORDVESTLANDET
Tal i mill. kr
Bohus Ålesund as Skeidar Ålesund as Møbelhuset Blindheim as Møbelhuset Ørsta as Øyehol Varehus as Møbler & Miljø as Slettvoll Ålesund as Skeidar Ørsta as Gangsø Eftf as Boland Vika as Sandane Møbel as Møbler og Utstyr as DRIFTSINNTEKTER
2020 2019
79,2 58,7 27,2 23,6 22,4 22,1 19,4 16,9 16,4 13,5 7,5 7,9 62,1 57,3 25,2 21,2 19,5 18,1 12,0 21,1 14,4 11,3 6,2 7,6 RESULTAT FØR SKATT
2020 2019